Referat
Kun høydepunkter
Kampen er slutt, og Florø vinn fortent. Dei eigde banespelet og styrte kampen slik dei ville. Førde hadde likevel sine sjansar, men det ville seg ikkje. Begge målvaktene leverte to gode kampar, og får nok klapp på skuldra i sine garderober. Rashad brente straffespark, men gjorde alt godt igjen med to mål på tampen. Takk for følget, og vi ynskjer Florø lukke til på vegen til Ullevaal.
Kamp slutt Slutt (0-2)
90+4'
Begge lag vil heim. Dommaren kan snart blåse.
90+3'
Straks slutt.
90+2'
Hanssen kåra til dagens Førde-spelar av ein lokal jury. Støttar den!
90+1'
Vi er no på overtid.
89'
Stor sjanse for Førde. Og nok ein gong er det Myrkaskog som er frampå. Han lurer seg fri på eit frispark frå Holsæter, men han tek på ryggsekken og bles den over.
85'
Hanssen har storspelt i 80 minutt, men vart nok litt for ivrig i det han skulle ut på 16-meteren der.
80'
Totland er ikkje redd for å sleppe unge lokale gutar til. Det likar heimefansen og gir applaus.
79'
Holsæter held seg til hofta, medan Roti held seg til lysken 15 meter bortafor. Begge har tatt telling nede på matta. Blir det dobbeltbyte?
78'
Og det er mot Førde-målet.
78'
Spel mot eitt mål no.
77'
Savland med saksetakling, men treff ingen. Kunne fort blitt stygt.
76'
Førde køyrer kontring, og Florø er i ubalanse. Gjestene får kontroll.
75'
Frispark i fin posisjon for Florø. Blir slått hardt inn i feltet, men Hanssen knyt nevane og boksar.
74'
Totland si Pepsi-flaske er snart tom. Førde-trenaren er nok spent på om dette held inn.
70'
Florø har snart hatt fleire sjansar enn det Brann hadde i fjor i tilsvarande NM-kamp i Førde.
69'
Aase skyt - får corner.
65'
Florø held fram trøkket.
64'
Hanssen leverer til 9 på Firda-børsen så langt. Fin revansj for sisteskansen som først i år har blitt funne god nok til å vere keeper i moderklubben sin.
61'
Aj aj aj! Gigantisk sjanse for Førde! Myrkaskog kjem aleine med keeper, vippar kula forbi keeper, men der er kjem Reksten Solheim skliande og reddar på streken!
60'
Rashad går i bakken inne i feltet, men dommaren vinkar han på beina att.
59'
637 tilskodarar ser kampen.
58'
Kjempesjanse for Førde! Marius Storevik slår eit fint innlegg til Myrkaskog, som tek ned ballen inne i feltet. Der får han stå heilt aleine, men Jacob Storevik reddar meisterleg!
56'
Florø er lite interessert i ekstraomgangar her. Bruker kort tid ved alle innkast, og vil ha tempoet opp i kampen.
55'
Myrkaskog dreg seg forbi Hove, men avslutninga står ikkje i stil med forarbeidet! Skotet er for laust, og Storevik kjenner knapt ballen gjennom keeperhanskane.
53'
Florø eig kampen no, og dei styrer oppgjeret.
52'
Lindquist viser fram driblekunset som han har lært i Godset. Må likevel slå ein støttepasning.
51'
Myrkaskog blir trakka av skoen, og held seg til foten. Har ilt.
50'
Førde-keeper Hanssen bruker lang tid på eit frispark. Vil nok ha 0-0.
49'
Florø-fansen på tribunen med små lette spensthopp på tribunen. Om det er for å halde varmen, trene, eller støtte laget veit eg ikkje.
48'
Rashad testar skotfoten frå distanse. Utanfor og over.
46'
Eirik Høydal hos Florø er russ. Sender eit blikk i retning Førde-russen før han set seg ned på benken att.
46'
Florø tek avspark.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Dei to tidlegare Førde-spelarane Odd Anders Vie og Thor Jørgen Spurkeland står på tribunen og analyserer første omgang. Er nok glade for at heimelaget heldt nullen til pause.
Laga går til pause på stillinga 0-0. Held det fram slik omgangen avslutta, så er det ikkje lang tid før det smell i nota bak Hanssen.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+2'
Sjanse-bonanza mot Førde-målet! Ny god sjanse. Vik slår ut til Hove som skyt over frå ti meter.
45+1'
Myrkaskog gjennom, men linjemann er oppe med flagget.
45'
Straks pause.
45'
Myrkaskog med fint skot frå 20 meter, men Storevik med FIFA-redning.
43'
Kim Vik med ny stor sjanse! Aase slår igjennom, men Hanssen tek seg av avslutninga på meisterleg vis!
40'
Gjestene som er nærmast scoring her.
40'
Gigantsjanse for Florø! Rashad legg tilbake til Aase som klinkar til frå åtte meter. Skotet blir blokkert!
39'
Indreløper Erlend Hove kjem ofte i avslutningsposisjon. Den gjer han også no, men avslutninga på hovudet går opp på nettaket.
38'
Lindquist skyt - høgt over.
36'
Kjempesjanse for Florø! Gjestene kombinerer fint, og Hove får til slutt ballen. Han skyt frå 16 meter, og keeper Hanssen må ta fram sitt aller beste for å redde. Han ligg heilt flat, og reddar avslutninga nede ved stolperota.
36'
Førde-stoppar Dvergsdal har vore god i lufta så langt. Vunne mange duellar så langt.
35'
Reksten Solheim tek over kapteinbindet.
34'
Runar Hove skal inn på midtstopparplass. Ny skade i Florø-stallen, og trenar Rognsø likar ikkje det han ser.
34'
Florø-kaptein Reksten held seg til baksida av låret. Lukter eit byte her no.
33'
Aase skyt frå død vinkel, og Hanssen reddar med beina.
29'
Rashad set opp turboen, men ballen sprett i alle retningar i det han skal føre ballen. Den store duken som skulle gi gode forhold på graset har førebels ikkje gitt resultat.
26'
Rashad får frisark på midten.
22'
Rotihaug aleine med keeper, men Hanssen reddar! Det er Aase som er arkitekten bak og som spelar spissen gjennom.
20'
Rashad skyt, via eit Førde-bein til corner.
19'
Kvist slår eit frispark frå midstreken rett ut over sidelinja. Du kan betre.
18'
Florø opna best, men akkurat no er Førde fullt på høgde.
16'
Begge lag har hatt kvar sin store sjanse.
15'
Holsæter skyt - via muren og til corner.
14'
Savland får frispark i fin posisjon for Førde. Holsæter og Myrkaskog står ved ballen.
11'
Kampen har roa seg litt ned no.
10'
Rashad slår eit langt innlegg mot Vik på bakerste stolpe, men dagens venstrekant når ikkje fram.
9'
Publikum står framleis i kø ved inngangen. Godt teikn, det!
8'
Roti med Førde sin første sjanse. Skot over frå 20 meter.
7'
Holsæter og Reksten Solheim i løpsduell, men Førde-kapteinen får berre innkast.
7'
Reksten slår Rotihaug gjennom, men keeper Hanssen les spelet godt og avklarar til innkast.
6'
Det er blitt slått mykje langt dei første minuttane av kampen.
4'
Gjestene som festar grepet om kampen.
3'
Kim Vik får ein fin sjanse! Får ballen på 16 meter, men avslutninga skremmer ingen på stadion.
2'
Halvsjanse for Florø! Aase slår gjennom Rotihaug som slår hardt inn i feltet. Der er Dvergsdal på rett plass og avklarar!
1'
Lang ball opp mot Myrkaskog, og Reksten avklarar rett i Holsæter. Han får ikkje skikkeleg kontroll på ballen.
1'
Myrkaskog tek avspark.
Avspark Start 1. omgang
Florø vil ha vinden og sola i ryggen i første omgang, og byter side.
Laga på veg inn på bana. Straks avspark!
Fire unge jenter finn ei opning i gjerdet, og snik seg inn på stadion. Vil nok ikkje bruke sparepengane på denne kampen.
Som vi ser av lagoppstillingane så er Marius Storevik inne på backplass for heimelaget. Reknar med at Flatjord er skyvd over på venstrebacken, for å prøve å matche farten til Rashad.
Sol, men litt vind i Førde i kveld.
Begge lag er i full gang med oppvarming. Stimen frå Florø kjem ruslande inn på tribunen i samla flokk.
Ingen rå start for nokon av desse laga i serien. Førde står med to strake tap i si avdeling i 3. divisjon, medan Florø har 0-3-1 på sine første kampar i OBOS-ligaen.
Gjestene slit med skader i troppen sin, har har 6-8 spelarar frå A-stallen ute. Likevel vil nok trenar Rognsø gi spelarar så langt med lite speletid sjansen i dag.
Florø har hatt eit solid overtak på Førde dei siste kampane. Det står 19-0 i målskilnad dei siste fire oppgjera laga i mellom.
Hei, og velkommen til livedekning av oppgjeret Førde - Florø!