Referat
Kun høydepunkter
Då er kampen slutt. Florø hadde full kontroll og vinn 4-0. Heimelaget har ein lang veg å gå om dei skal overleve i divisjonen. Kunne fort blitt fleire mål i sekken her. No er Kanal 6900 i Florø i gang med sine sigerintervju med Bengten i spissen. Vi takkar for følget og ynskjer velkommen tilbake.
Kamp slutt Slutt (0-4)
90'
Begge lag venter på sluttsignalet.
89'
Slaget om Sunnfjord er straks over. Florø festar grepet som det beste laget i regionen.
86'
Førde-russen har reist, og har starta siste del av si russefeiring på Festplassen.
85'
Florø eig framleis kampen. - No går vi for den femte, ropar Geir Rindheim inn frå benken.
84'
Dino skal inn for Florø.
84'
Førde-trener Madsen meldte på Twitter tidlegare i dag at plan A, B og C var klar. 0-4 var nok ikkje blant dei scenarioa, og plan D er i gang.
83'
Heimelaget har vore tannlause framover i dag, og berre produsert ein målsjanse signert Kvalvågnes.
81'
Sørensen klinkar til og skyt frå 17 meter. Rett på keeper! Får corner.
79'
Over 2500 tilskodarar har vore innom stadion i dag.
79'
Florø-fansen er snart aleine att på tribunen. Heimepublikum vil ikkje sjå fleire baklengs.
77'
Aase får på seg tre mann. Lurer dei med ei hælfinte. Gjestene har full kontroll.
73'
Kupen klinkar til frå 12 meter, men ei god redning frå Bjerke hindrar den tredje i sekken!
72'
Aton dreg seg gjennom Førde-forsvaret. Skyt i steget i det han passerer tredjemann, men avslutninga går i nettveggen.
71'
Rygh er flytta opp på topp for Førde no. Vi kan vente oss lange ballar siste 20 minuttane.
70'
Aase klinkar til, men ballen går via bakhovudet på Kupen. Utanfor.
67'
Florø har lagt om til ein 4-4-1-1 no.
66'
Førde produserer skuffande lite, til å vere ein heimekamp 16. mai.
65'
Aase spelar ballen ut, etter at medspelar Hove får seg ein trøkk.
64'
Iversen med langpasning i retning Kvalvågnes, men stussen hans er det ingen på.
64'
Heimelaget prøver seg men lange ballar mot Myrkaskog, men Førde-spissen blir som oftast aleine.
63'
Dvergsdal slår langt mot Myrkaskog, og Iversen plukkar opp andreballen. Skotet hans går langt utanfor.
62'
Gjestene har vore klart best etter pause.
61'
Førde får sitt første hjørnespark i kampen, etter at Hove klarerer ut.
60'
Isene på Førde-benken er assistentrenar, men også innbytar. Spørst om vi får sjå ein Rekdal-variant frå gamle dager, der snusen blir spytta og fotballskoa blir stramma.
58'
Linjedommar Skjerven i godt humør på sidelinja.
57'
Øy blir lagt i bakken igjen.
56'
Florø leiker seg no. Denne gongen er det Aase som er nære, men skotet blir blokkert.
55'
Nok ein gong er Florø frampå! Kupen skyt like utanfor!
55'
Lund Holm kjem inn. Får håpe spysjuka er over.
54'
Kupen spring rett bort til Stimen, som har nådd kokepunktet på tribunen!
51'
Kvalvågnes slår inn frå høgre, men Florø ryddar unna.
51'
Øy er tilbake på beina, heldigvis.
50'
Øy har vondt i kneet. Også dette dårleg nytt for Sogndal-trener Bakke. Også han er utlånt frå tippeligaklubben.
49'
Førde avklarar til innkast.
48'
Florø får frispark i høgre korridor. Husa skal slå inn.
48'
Bjerke med utspark, rett over sidelinja.
46'
Øy får ballen rett i ansiktet. Dommaren bles av.
46'
Florø tek avspark.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Vi er klare for andre omgang.
Då går laga til pause på stillinga 0-1. Ikkje noko å seie på det resultatet. I tillegg har Kupen og Vik hatt kvar si avslutning i stolpen. Nærmast for Førde var Kvalvågnes tidleg i kampen, men skotet hans gjekk rett på keeper. Uansett, dette blir 45 spennande minutt i andre omgang.
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
45+1'
1 minutt tillegg.
45+1'
Straks pause.
44'
Kupen får ballen på 20 meter. Ufarleg. Du kan betre enn dette.
43'
Florø har førebels lite problem med å forsvare seg mot det Førde har å komme med.
42'
Kvist slår langt mot Savland. Reksten kontrollerer ut.
41'
Husa har vondt og småhaltar litt. Dvergsdal er forøvrig tilbake på bana, til dykk alle som lurer på det.
39'
Florø nærmare 2-0 enn det Førde er 1-1 akkurat no.
39'
Aase viser detaljer. Tek ned på kassa, og slår motsatt mot Vik. Han tek med seg ballen og klinkar til. Rett i tverra!
37'
Førde-trener Madsen har varsla eit meir spelande Førde-lag denne sesongen. Førebels heilt rett. På eigen banehalvdel, vel og merke.
35'
Langt opp mot Myrkaskog, men Gjermdunstad vinn duellen.
34'
Florø-trenar Rognsø har tippa 1-0 siger i denne kampen. Førebels rett.
34'
Kupen distanserer Rygh igjen, vender opp og legg inn. Keepermat.
31'
Dvergsdal ligg nede for telling, etter ein duell med Reksten.
30'
Kjempesjanse for Florø! Husa dreg framover, og finn ein umarkert Kupen som avsluttar like utanfor!
29'
Før kampen har det blitt snakka om farten i forsvaret til Florø. Førebels er det Kvist og Rygh som har hatt størst fartsproblem.
28'
Kupen parkerer Rygh, og stormar mot mål. Han dreg seg inn i feltet, men skotet går i stolpen frå skrå vinkel!
27'
Ryland held seg til hovudet og er tydeleg skuffa med ispose på kneet. Forståeleg nok. Ryk resten av sesongen?
25'
Førde prøver seg, men gjennomspelet mot Savland blir kontrollert inn til keeper av Gjermundstad.
23'
Innlegg frå Dvergsdal, og Rygh vinn duellen. Enkelt for Frenderup.
23'
Savland får frispark. 20 meter inne på Florø sin halvdel.
22'
Det stemmer ikkje for Førde framover. Denne gongen går ein lang ball mot Kvalvågnes, men stussen hans er det ingen som jaktar.
21'
Kvalvågnes skyt. Truar luftrommet meir enn Frenderup der.
20'
Langt Førde-frispark i retning Rygh. Han vinn duellen, men Florø ryddar opp.
19'
Øy får frispark på midten.
19'
Kvalvågnes med feilpasning på tvers. Florø overtek.
19'
Florø styrer spelet no.
18'
Ryland sin skade er i samme kneet som satt han lenge tilbake i fjor. Ekstra kjedeleg for den utlånte Sogndal-spelaren, som kom tilbake til Florø for å spele seg i form att. Han får no hjelp av Førde-fysio Øveraas.
17'
Husa finn nesten Reksten Solheim på bakerste stolpe, men han når akkurat ikkje fram.
14'
Ryland ligg nede for telling og held seg til kneet. Ikkje noko godt å lese for Sogndal-trener, Bakke.
12'
E.Hove slår gjennom, men Kupen startar ikkje. Får høyre det ifrå lagkameraten.
11'
Kampens første sjanse. Kvalvågnes skyt frå ti meter, rett på Frenderup.
10'
Aase prøver å finne Kupen i bakrom. Går heilt inn til keeper Bjerke.
9'
Innlegg frå Aton, men Ryland får ikkje skikkeleg kraft bak hovudstøtet.
8'
Jamn opning på kampen.
8'
Flatjord slår inn frå høgrekanten. Ingen Førde-angriparar er på rett plass inne i feltet.
6'
Lund Holm sit på benken i dag. Ryktene går om at han spydde i går. Så får vi håpe at resten av innbyttarane ikkje blir smitta.
4'
Hove mistar ballen på veg framover. Lagar frispark i det han skal rette opp eigen feil.
4'
Publikum strøymer framleis til Hafstadparken.
3'
Myrkaskog får frispark på midten. Dvergsdal slår opp til Rygh, men han er i offside.
3'
Ryland slår inn frå venstre, men Kupen får ikkje kontroll.
2'
Gjestene vinn eit innkast midt på Førde sin halvdel.
1'
Førde tek avspark.
Avspark Start 1. omgang
Laga på veg ut på bana!
Florø-trenar Rognsø går ut på bana for å ta bilde av fansen sin, Stimen.
Ser faktisk ut som Florø-fansen er i fleirtal på tribunen - i alle fall så langt!
Begge lag i full gang med oppvarming.
Då er lagoppstillingane klare, og vi ser at Florø må klare seg utan Rashad. Inn på laget kjem Aton.
Vi kjem tilbake med lagoppstillingar og meir informasjon når det nærmar seg kampstart!
Denne kampen er flytta til Hafstadparken grunna dårlege banetilhøve på Førde stadion. Her har Førde møtt både Brann og Sogndal til fotballfest tidlegare i år, med opp mot 3000 tilskodarar. Så mange blir det nok ikkje 16-mai, men fest blir det likevel!
Førde står med 0-2-2 på sine første fire kamper så langt, medan Florø står bokført med 3-2-0 på sin sesongstart.
Hei, og velkommen til Firda si livedekning av oppgjeret Førde - Florø!