TV 2 Play
Min konto

Oppsummering

Ein augenblink med lite konsentrasjon i dei bakre rekker avgjer kampen i Florø sinn favør. Overskriftene blir det Kristoffer Ryland som får, men bak resultatet er det ein annan matchvinner. Keeper Christoffer Gjertsen redda Florø ved fleire høve då Førde pressa som villast i andre omgang. For Førde var det mange lyspunkt, men det hjelp ingenting når poenga forsvinn ut byen og til kystbyen. Nå må Førde samle seg, for av 9 moglege poeng denne veka blei det berre 1. Florø kan byrje å tenkje oppover på tabellen. Då gjennstår det berre for oss i bua å ynskje alle ein god 17. mai. Vonar vi ser alle att på Førde Stadion ved neste høve.

Referat

Kun høydepunkter
Gult kort
Fekk kort på slutten av kampen for å hindre ei kontring.
Spillerbytte
Stimen og Florørussen tenner bluss og stormer bana. Voldsomme gledessener på den delen av bana. Førdespelarane går slukøyra av bana, medan Førde j11 får utdelt 5000,- frå Sparebanken Sogn og Fjordane som det beste laget til å stille opp å heie.
Kampen er slutt, og Florø er laget som får slutt på Førde sin kontinuerlige poengfangst på heimebane. Fortent? Nei. Er det fotball? Ja....
Kamp slutt Slutt (1-2)
90+5'
Førde fortsett å prøve, men nå er det eit Florølag som ikkje har nokon kvaler med å drøye tid, og sette seg ned.
90+2'
Mål!
1-2
Ryland er plutseleg gjennom, og åleine med Hanssen gjer han ingen feil. Speler ballen under han når Hanssen satser alt. Godt satt, men i høve andre omgang er det lenge sidan eit mål har vore mindre fortent.
90+2'
Magne Elias Aarøen har, i konkuranse med mange, blitt kåra til dagens Førdespelar. Enorm framgang frå førre kamp, Saman med Bergset har han stått for ekstremt mange brudd.
90'
Vi er på tilleggstid. Florø får frispark på eigen halvdel. Kampen har roa seg nå.
89'
Hjørnespark
Larsen skyt frå 25 via eit Førdebein og til corner. Ufarleg
87'
Spillerbytte
85'
Aamelfot og Hauståker har bytta side, i jakta på mål.
84'
Florø får endeleg eit godt brot, men Hanssen sweeper godt.
83'
Høyvik får gult kort, men det blir omgjort grunna offside. Klipte like fullt ned Hauståker, så kortet kunne fint stått.
81'
Hjørnespark
Nordal klarer corneren frå Førde, men ikkje lengre enn til kast langt in på eigen halvdel.
81'
Nå heng ikkje Florø med.
80'
Hjørnespark
Nok ein corner til Førde i det det er 0 minutt att av ordinær tid. Østvik header, i ryggen på Holsæter og Florø klarer.
79'
Hjørnespark
Tar den kort. Aamelfot drar seg nesten forbi, og blir delvis tatt. Vil ha straffe, men Håkonsen vil ha 5- meter.
79'
Helgheim fyrer, og skuddet drar via ein mann. Keeper med nok ei god redning, heilt i stolperota.
76'
Frispark
Godt slått! KJEMPEREDNING IGJEN. Hauståker får stå heilt åleine på bakre. Header tilbake i hjørnet, men eit tigersprang hindrer scoring. Nå er det Florø som heng i taua. Ikkje til å tru at ein kan gleppe slik i markeringane.
75'
Hjørnespark
Førde beleirer Florø sin 16.meter, og får frispark i god posisjon etter corneren.
75'
Ryland vil ha tilbakespel til Hanssen, men det er optimistisk.
74'
Nå er det berre langt frå Florø, og Førde bryt kvar gang. Litt meir kvalitet på Florø sin halvdel så vil Førde ha gode moglegheitar til å ta dette heim.
72'
Frispark
Aamelfot lager frispark mot Larsen. Heldig der Larsen, for der var han nær å miste ballen ved fleire høve.
71'
Frispark
Slår flatt inn, Larsen klarerer.
71'
1102 betalande tilskuarar i dag. Så spørst det om det blir like mange i 17.maitoget i morgon. Fantastisk kjekt.
69'
Holsæter har sjølv vore veldig anonym etter at han kom inn, men Førdelaget speler denne andreomgangen med ein heilt anna ro. Speler frontleddet i mykje betre posisjonar denne omgongen. Sprer ro i laget, den tidlegare kapteinen.
68'
Fyrste duellen kan vere avgjort snart. Hallstensen ligg nede med krampe, og endå er det over 20 minuttar med fotball, samt tillegg å spele. Førde nektar å spele ut ballen, men til sist får endeleg Hallstensen hjelp til å tøye såre leggar.
67'
Er nokon duellar i kampen nå. Hallstensen mot Svaland. Vik mot Hauståker. Østvik mot Ryland. Blir det mål, eller blir det kort? Tida vil vise.
65'
For ei redning av Florø sin sisteskanse. Førde kjem heilt fri på venstreside, og legg inn på tvers. Der kjem Aamelfot i fullt firsprang, men Gjertsen legg att ei sterk hand og held ballen ute. Knallhardt frå 5 meter. Ikkje til å tru at Førde ikkje tek leiinga.
64'
"Det ender ikkje uavgjort dette her" er kommentaren frå Benny Rivedal i det vi passerer 63 minutt.
63'
Aarøen med omgangens fyrste brudd, og det blir med ein gong farleg. Larsen med ei sugande takling på Bergset som blir rasande på assistendommer når han ikkje får kast.
62'
Florø nesten gjennom til venstre, men Larsen kjem seg akkurat inn i kroppen på Omerovic. Ballen glir inn til keeper.
62'
Savland er sterk, og gir ikkje opp. Stjel ballen frå Hallstensen, og prøver å sleppe gjennom Aamelfot. Heldigvis frå flore stemmer ikkje timinga heilt mellom dei to endå.
60'
Omerovic tek ballen frå Helgheim. I sterk lav sol finn han Høyvik som legg inn, men under sterkt press frå Østvik går headinga frå Nordal enkelt inn til Hanssen.
58'
Frispark
Halstensen jager Savland over halve bana, og djupt inn på Førde sin halvdel lager han frispar. Tungvektsduell det der. Larsen speler attende til Hanssen som slår opp mot Aamelfot.
57'
Frispark
Langt opp, og duellfasen av andre omgang fortsett.
56'
Frispark
Østvik klinker til, og får frispark mot samt gult kort. Omerovic slår inn, men det blir enkelt for Førde som i sin tur frå frispark på eigen halvdel.
56'
Gult kort
56'
Trioen Aamelfot, Savland og Hauståker var dei som spelte treningskampane for Førde. Då blei det mange mål. Synast du ser på spesielt Hauståker at det er godt å komme inn i vante rammer.
54'
Helgheim kjem fri i mellomrommet og prøver eit skot. Frå ein dekka posisjon går skuddet midt på keeper. Gjertsen som har full kontroll.
53'
Andre omgang har ikkje satt seg sikkeleg endå. Mykje trøkk, og lite finspel. Frispaket Bergset får på midten illusterer dette. Livtak de lux.
52'
Gult kort
Får kortet etter duell med Hollevik. Bytta side, Hauståker, etter at Aamelfot har komme inn.
51'
Høyvik (8) prøver å vere tøff i duell med Hanssen, men får smake sin eigen medisin. Flytte fjell er vanskeleg, i alle fall når du går med hovudet fyrst. Blir liggande og må ha hjelp av fysio.
49'
Spillerbytte
48'
Førde sin juvel dei siste sesongane, Sander Aamelfot kjem inn i pausen. Førre gong han spelte fotball var i serieopninga mot nettopp Florø. Der blei det 10 minutt før det small i hamstringen. Blir spanande å sjå om han er 100% fit for fight att.
47'
Offside
47'
Spillerbytte
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Vi er klare for andre omgang. Førde og Florø er klare til å avgjere slaget om Sunnfjord. Førde speler nå mot Jølstra.
07.58.47 er vinnertida på 3000-meteren, og vinnaren var Sinai Fissehatsion. Han får 3000 kroner (for 3000 meter) av Sparebanken Sogn og Fjordane, dagens kampssponsor. Det blei litt tungt for Vedvik, i tunge tilhøve, på ca 08.17 på heimebane.
Det ringast for siste runde i det trenerteamet til Førde kjem inn att på bana.
Dagens pausekommentar kjem frå det vakre nord, i det haren Eivind Øygard frå Jølster gir seg på 3000-meteren. Johan Pettersen, trener til Førde sitt damelag, meiner Førde blei tatt på senga av Florø sitt høge press, og trengte tid til å venne seg til det. Mest truleg har han eit godt poeng.
Håkonsen bles til pause. Florø var klart best dei 12 fyrst minutta og tok også leiinga fortent. Førde viste karakter og tok meir og meir over. Om straffa var billig, noko den gjerne var (sjølv om det var hender involvert), var det fortent at dei fekk seg eit mål. Etter målet var det jamnt, men tendensen er nok på Førde si side. 3000-meteren er i gang, og vi gler oss til å sjå toppidrett medan vi venter på meir lokalfotball.
Slutt 1. omgang Pause (1-1)
45+3'
Skrot det. Helgheim og Førde vinn att ballen og angrip til høgre. To legg følgjer og ved det siste er Vindheim særs nære å få ein fot på den. I staden treff han keeper Gjertsen som blir liggande.
45+2'
Hjørnespark
Ei håplaus klarering ender i corner frå Flrde. Florø klarerer og då er vel omgangen fort over.
45+1'
Frispark
Aase får frispark på midten. Førde etablerer eit lite trykk.
45'
Offside
Ryland er kvikk, men det blir dømt offside. Florøfansen på linja er mindre nøgde med linjedommer der.
42'
Hjørnespark
Bergset header vekk nok ein gong. Cornerane frå Larsen er vel så farlege som dei frå Høyvik. Kan vere vinden som er avgjerande for det?
41'
Hjørnespark
Leander Høyvik slår inn , nok ein gong på fyrste. Får eit nytt forsøk of der kjem Hanssen ut og klinker ned Bergset. Ny corner frå motsett side.
41'
Vi merker oss at 3000-meterløperane som skal underhalde i pausen, med svette og lange steg i jakten på rekorder, er godt i gang med oppvarminga. Blir spanande å sjå kva dei kan klare, men vinden kan spele rekordjakta eit puss.
39'
Frispark
Florø sett etter kvart i gang. Gitt seg med småspelet i bakre rekker, og slår nå ofte langt opp på duell.
38'
Gult kort
Gult kort til Peter Aase, som sjølv får seg ein kraftig trøkk der. Satser alt på at ballen skal komme i ein retning, og når den ikkje gjer det blir det kollisjon.
37'
Frispark
Slår på bakre. Litt flipperspel , men Hanssen fanger.
36'
Gult kort
Gult kort til Helgheim etter ei kraftig takling på midten.
35'
Mål!
1-1
Bergset er sikker, og sender keeper feil veg. Vi er like langt. Fortent etter dei siste 15 minutta.
33'
Gult kort
32'
Straffe!
Vilnes vinker for halding i feltet. Hpkonsen venter lenge med å blåse, men til slutt bryt han spelet. Vilnes får viljen sin og straffe til Førde. Gult kort til Høyvik for protester i etterkant.
31'
Frispark
Aarøen bryt nok ein gong, denne gongen på eigen halvdel, og får frispark.
30'
Håkonsen let spelet gå i nesten 15 sekund etter duellen på midten. Førde er 5 mot 4 inne i Florø sin 16 før han trekk siutasjonen tilbake grunna hovudskade. At situasjonen er reell er det ingen tvil om. Omerovic får seg ein god kakk i duellen med Bergset, men at det skal få gå så lenge... Ikkje rart at det er frustrerte Førdespelarar der.
28'
Hjørnespark
Stussen blir farleg, men ingen Florøspelarar når ballen. Ender med at Førde prøver å kontre, men det blir upresist.
28'
Ryland åleine mot Hanssen, men sistnemnte lukker godt holrommet mellom beina, og Florø må ta til takke med corner.
26'
Frispark
Frispark til Førde i godt posisjon. 25 meter, midt på. Aase og Savland står klare. Førde mykje betre nå, og står opp i duellane. 2 meter over frå Aase.
26'
Aarøen, som ikkje hadde sin beste kamp mot Volda, har nå brudd 3 ballar langt inne på Florø sin halvdel. Den siste kunne blitt veldig farleg, men legget frå Hauståker blir snappa. Godt av Aarøen, som speler veldig offensivt i dag.
25'
Florø prøver seg fra langt hald. Duppen, og vinden, gjer ballen ekkel sjølv om avstanden er lang. Hanssen har nok kontroll.
23'
Frispark
Sterkt av Vindheim som bryt ein laus ball og får frispark djupt inne på Florø sin halvdel. Sett kjapt i gang Savland som skyt frå 18 meter. Gjertsen må gi retur, men tek den att rett framfor beina til Bergset som jager.
22'
Nordal køyrer karusell med Østvik på høgresida til Florø, men ender opp med at Førde får 5-meter.
21'
Helgheim skyt frå 25 meter. Rett på keeper. Ingen ekkel sprett der.
20'
Hjørnespark
Aarøen legg eit kjempelegg, og stussen frå Hallstensen jager russekollega Helgheim. Gjertsen kjem ut og bommer på ball, men forstyrrer nok til at det blir ein corner, då ballen sklir 20 cm utanfor lengste stolpe. Den ender i ingenting.
19'
Sobowale let ballen sprette, og det er farleg. Savland jager, men må sjå at eit humpete tilbakespel bli klarert ut av farleg område. Førde bedre siste 5 minutta.
18'
Savland er sterk og stusser inn i bakrom. Hauståker når nesten ballen, men Larsen får ein fot mellom.
17'
Offside
16'
Hjørnespark
Slår på bakre. Ingen der. Førde tek over.
15'
Frispark
Frispark Florø. Omerovic skyt frå 28 meter, og Hanssen gir til corner. Ikkje verdens vanskelegaste ball, men det er vind og sleipt, så "safety first" er eit godt prinsipp som keeper.
15'
Bergset fyrer frå 20, etter brudd på midten. Gjertsen har kontroll, og demper ned til seg sjølv.
14'
Medan Florø triller ball i bakre rekker merker vi at heile vollen på vestsida av stadion er full, og det samme gjeld sittetribuna på austsida.
12'
Østvik header frisparket på tvers, og på bakre kjem Savland. Header over, under press, frå 3 meter. Det var nære. Florø slepp med skrekken.
11'
Frispark
Førde får eit billig frispark på 40 meter. Aase lemper inn.
10'
Førde må verkeleg opp i taua om dei skal få med seg noko her. Enn så lenge leikar Florø på Førde Stadion.
9'
Enorm sjanse for Florø. Tråkler seg gjennom sentralt, og Ryland fyrer (pressa) frå 16 meter. Rett utanfor høgre stolpen til Hanssen.
7'
Frispark
Sobowale får frispark i duell med Bergset. Samme Bergset som tapte duellen før målet mot nemnte Sobowale. Tak teljing, men etter eit lite minutt er han oppe att.
7'
Kalddusj for Førde, og veldig passivt både på fyrste og andreball i den situasjonen.
5'
Mål!
0-1
Omerovic slår inn og Sobowale header ned. Framfor Hanssen kjem Ryland og tupper ballen opp i nettaket. 0 - 1 til bortelaget.
5'
Frispark
5'
Frispark til Florø, 10 meter inn på Førde sin halvdel.
4'
Vi merker oss litt endringa på Førde i høve det som er stilt opp. Aarøen starter på høgreback, og Hauståker starter på kant. Elles er Vindheim venstre kant, og helgheim indreløpar. Ikkje så mange endringar frå førre heimekamp som ein gjerne hadde trudd. Florølaget har vi truffe bra på, men Liam Høyvik speler med drakt nummer 11.
1'
Florø slår langt, inn til 5 meter. Før dei kjem i høgt, høgt press.
Avspark Start 1. omgang
Spielführer Hanssen og kaptein Omerovic får sine instruksjonar. Florø starter mot Jølstra og Hafstadkleiva.
Det er klart for innmarsj. Storevik gir signal, fanfaren går, og laga kjem inn.
Laga gjer sine siste førebuingar og trakker mot garderoben. 15 minutt til kampstart.
Sola kikker fram over Førde Stadion. Om kampen mellom laga blir like hard som kampen mellom årstidene har vi ein kjempekamp i vente denne maidagen.
"Førdianarane" kjem i hopetal, leia av ein brannbil med blålys og sirener, og i baktroppen med korpsmusikk. På motsett side av bana har "Stimen" stilt seg opp med flagg og ropert. Det er framleis ein halvtime til start, og det er fleire hundre på stadion. Kan vi komme opp i 4 siffer på tribuna i dag?
Florølaget er godt i gang med oppvarminga. Heimelaget nyttar litt lengre tid i garderoben, og berre keeper Frederik Hanssen er på bana, men nå høyrer vi at publikum tek i mot resten av laget som kjem joggande.
Florøtrenar Dan Jøran Hafsås kjem til Førde med det vi trur er ein rein 4 - 3 - 3 formasjon. Her er det spel og motspel. Mykje fart på topp i Ryland og Liseth. Mest truleg har dei sett Førde sin førre kamp i løpet av veka, der Førde tidvis sleit i kontradekninga. Førde på si side har nok ein gong måtte teste seg fram til ei oppstilling som ein vonar skal fungere. Vi trur det ser ut som at Kristian Hauståker skal spele høgreback i dag. Er det også eit motspel for å få meir tempo i bakre ledd? Elles ser vi at Peter Aase og Vegard Savland har spelt på både Florø og Førde. Det har også Kim Vik, som starter på benken for Florø.
Skal du kaste deg rundt å ta turen til Førde Stadion er svaret eit rungande "ja". Bunadsskjorta kan strykast i kveld.
Om det ikkje blir publikumsrekord på Førde Stadion er det i alle fall mobilisert stort frå begge lag. Rykta seier at det er satt opp bussar for Florø ssin supporterklubb "Stimen". Førde Fotball og "Førdinarane" har på si side invitert alle til gratis "førfest" på Scandic Sunnfjord, før ein trener til 17. mai med å gå i tog til stadion. Russen har også mobilisert, og lova underteikna å bidra med godt liv gjennom heile kampen. Toppen på kransekaka er pauseunderhaldninga, der fleire av fylkes beste mellom- og langdistanseløparar skal forsøke å slette rekordar på 3000 meter. Alt ligg difor til rette for ei ramme som fortener meir dekning enn det ein kan få til på Firda-liven. Vi skal like vel gjere eit godt forsøk på å halde dykk oppdatert. Har ein tilgang til eit abonement på Firda kan ein også sjå live-bilete med kommentator frå tårenet over lagleiarbenkane.
I tilsvarande oppgjer førre sesong enda det med 3 - 2 siger til Førde, etter Førdemål av Ntege Cone og to mål av Jacob Bergset. Florø sine mål blei scora av Nelson Correia og Sergio Uolu. Ein kamp som gav oss 13 gule kort, derav 2 førte til det andre gule kortet for Mathias Helgheim og Szymon Walczak.
I den same statistikken ser vi at Florø har vunne 11 av dei 15 oppgjera, medan Førde berre har vunne 2. Så skal det seiast - for ordens skuld - at denne statistikken er frå tida då Florø har vore høgt oppe i norsk fotball, medan Førde fotball har vore i sin djupaste bølgedal. Går vi lenger attende er vinnarstatistikken jamnare, noko som også dei siste 3 åra.
Dommar i kveldens kamp er Yngve Håkonsen frå Fjøra FK. Med seg på linjene har han Kjell August Ytre-Eide frå Stryn T&IL og Vilde Mattevik Vilnes får AHIL. Vi vonar at dei har med seg både myndigheit og ein djup kortstokk, for om vi ser på statistikken mellom desse to laga dei siste 15 offisielle oppgjera har det til saman blitt delt ut 59 gule og 6 raude kort.
Førde Stadion ser ekstremt innbydande ut, med flott grønt gras. I løpet av dagen har det komme ein del vatn på bana, og det er rett og slett "a lovely day for football", med tilhøve for harde taklingar, tøffe duellar, og kanskje til og med eit lite C-moment i ny og né.
Dette er tredje gongen desse laga møtast denne sesongen. I førsesongen spelte dei to treningskampar, der Førde var overlegne i begge, og vann med siffera 6 - 0 og 5 -2. Begge kampane blei spelt i Førde. Den tredje, og teljande, kampen gjek ki Florø i fyrste serierunde. Her vann Florø 2 - 1. Trenden heller difor i favør Florø, medan heimebana taler for Førde.
Førde har dei siste åra gjort Førde stadion til eit fort, og det er mange år sidan ein tapte ein seriekamp på heimebane. Siste tap heime i serien må ein faktisk tilbake til 15. juni 2019 for å finne, då Førde spelte i 4. divisjon og tapte 0 - 1 for Studentspretten i ein kamp dei eigentleg dominerte, men ikkje fekk ballen i mål. Florø på si side har slitt på bortebane i år og står med 0 - 9 i målforksjell og 0 poeng på sine to bortekampar. Fordel Førde med andre ord.
I skrivande stund har Førde 5. poeng, og ligg på ein 9. plass på tabellen. Dette er tredje kamp Førde speler på ei god veke, og førre kamp mot Volda ende 0 - 0. Florø på si side ligg på plassen over, med eit poeng meir. I tillegg har Florø-laget spelt ein kamp mindre enn Førde. Florø har ikkje spelt kamp sidan 08. mai, då dei slo Molde sine nest beste 2 - 0 heime i Florø. Om noko lag kan kjenne litt ekstra på presset, i høve situasjonen, så er det gjerne Førde.
Kampen i dag er omramma frå den opprinnelege teminlista. Eigentleg skulle den vore spelt i starten av august, men då begge klubbar var innstilt på å feire fotballen sin nasjonaldag fekk ein heldigvis flytta kampen til i dag. I denne samanhengen må ein også sende ein ekstra takk til Ham-Kam som gjekk med på å flytte kampen sin mot Florø ut i neste veke.
Hei og velkommen til Firda-Live og ein skikkeleg godbit i vestnorsk fotballsamanheng. På vegne av Førde Fotball, og dagens kampsponsor Sparebanken Sogn og Fjordane ynskjer vi velkommen til Førde Stadion og 16. mai kamp mellom Førde og Florø.