Referat
Kun høydepunkter
Der er kampen slutt og Fana vinn 5-1. Ingenting å seie på at gjestene tek med seg alle poenga. Førde styrer kursen rett mot nedrykk, og sender 219 tilskodarar skuffa heim. Takk for følget.
Kamp slutt Slutt (1-5)
90+3'
Einaste sjansen til Førde i andre omgang var avslutninga til Kvalvågnes som gikk like utanfor. Resten av omgangen har Fana styrt som dei ville.
90+1'
Kristemning på Førde-benken, og heimepublikum er alt komne i bilane.
90'
Førde vart alt for passive på 1-0, og prøvde å forsvare seg til siger etter Lund Holm si scoring.
84'
To Fana-spelarar går ned i feltet etter ein innkast, men dommaren vinkar spelet vidare. Vindheim gir lyd ifrå seg på sidelinja.
83'
Hestetun klinkar til frå 19 meter. Rett i Melhus som må ned for telling.
83'
Skal Førde halde seg i divisjonen må slike kampar vinnast.
81'
Dankertsen driv framover, og skyt. Bjerke gir til corner.
77'
Dyngeland avsluttar frå 16 meter. Høgt over.
77'
Fana som er nærmast ny scoring akkurat no.
77'
Flo får ballen inne i feltet og klinkar til. Rett i blokka!
75'
Simonsen skyt frå 18 meter. Like utanfor! Hadde du kontroll der, Bjerke?
75'
Melhus med frytkeleg støttepasning, og Fana stormar i angrep. Linjemann Skjerven er korrekt oppe med flagget.
74'
Frøholm får smake drikke av Førde-spelarane. Fair play i høgsetet.
72'
Rygh sleivar til corner etter løpsduell mot Flo. Kapteinen gir Tryti noko av skylda. Usikkert om det er rett å gjere.
71'
Innlegg i retning Flo, men spissen får ikkje skikkeleg trøkk i avslutninga. Kvist er også oppe i duellen der.
70'
Flatjord slår inn i feltet, men Fana ryddar unna.
69'
Fana har tre mann i oppvarming, medan Førde-innbytarane framleis kviler på benken. Unnataket er Savland som held seg varm.
68'
Framleis Fana som er det førande laget i Hafstadparken.
68'
Frispark inn i feltet, og Flo er nok ein gong høgst i feltet. Nikkar over denne gongen.
66'
Spurkeland prøver seg frå 20 meter. Rett på keeper. Rett gjort gjort å avslutte der.
65'
Draumestart for Flo i Fana som stanga inn 1-1 scoringa. Nett som far Håvard har gjort hundrevis av gonger tidlegare.
64'
Innlegg frå venstrekanten, og Kvalvågnes nikkar utanfor frå fire meters hald! Vanskelegare å bomme der - enn å score.
62'
Heimelaget vart for baktunge, og klarte til slutt ikkje å stå imot Fana-presset.
61'
Scoringa låg i lufta, og var fullt fortent.
58'
Dyngeland set fart, og bør avslutte. Det gjer han ikkje, og ballen går over dødlinja.
57'
Lang ball mot Myrkaskog, og keeper kjem ut. Sisteskansen er først på kula. Viss ikkje kunna han fort ha sett det raude kortet!
56'
Ryktene seier at Dyngeland gjekk 3 mil for å sikre seg litt Pokemon her i førre veke. Var då oppe på nivå 12.
54'
Stor sjanse til Fana! Avslutning som Bjerke får fingertuppane på.
53'
Flo nikkar til Pokemon-entusiast Dyngeland. Men Førde overtek.
50'
Tryti og Flo med rosa fotballsko. Herleg frekt av Sogndal-duoen.
49'
Fana held fram med å styre banespelet.
48'
Attila riv ned Flo og klart frispark. Sterk i kroppen denne unge Attila. Har tydlegvis gjort ein god jobb på styrkerommat i sommarpausen.
47'
Fana er nære på å spele seg gjennom forsvaret, men linjemann er oppe med flagget.
46'
Førde tek avspark.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Sogndal er representert med andrelagstrenar Halland på tribunen. Han er på plass for å følgje låneopphalda til Tryti og Flo.
Då går laga til pause på stillinga 1-0. Dei opna kampen best, og fekk scoringa i sin beste periode i kampen. Fana tok etterkvart over, og styrer banespelet i Hafstadparken.
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+1'
Spurkeland står ved ballen, Fana har to mann i mur. Får corner.
45'
Myrkaskog får frispark i fin posisjon.
44'
Totland skyt - like over tverra til Bjerke!
43'
Frøholm taklar sin gamle lagkamerat Spurkeland. Rein og fin takling.
39'
Fana som styrer banespelet, men slit med å produsere dei heilt store sjansane.
38'
Rojas slår inn i feltet. Enkelt for keeper.
34'
Totland slår inn i feltet, men Attila sleivar til corner.
33'
Stor sjanse for Fana! Innlegg frå venstre og Dankertsen skyt - like over! Bjerke rasande på forsvaret.
31'
Jamnspelt første halvtime i Førde. Fana har ballen mest no, medan Førde forsvarer seg med mange bak ballen.
23'
Rygh knoter det til i eige forsvar, og Fana stormer mot målet. Får corner.
23'
Fana betre med no, etter at Førde opna best.
21'
Melhus taklar Hestetun hardt. Frispark.
21'
Førde varierer korleis dei ligg i sin formasjon. Alt frå 4-4-2 til 4-5-1.
17'
Skårn får frispark imot, og legg seg oppå ballen. Det likar Hestetun dårleg, og skubbar til nysigneringa.
15'
Lite finspel å sjå så langt. Tøffe duellar har prega første kvarteret.
14'
Lund Holm prøver seg med ein markkrypar frå 25 meter. Keepermat.
11'
Førde som har opna klart best her i Hafstadparken.
9'
Fana trillar ball på eigen halvdel no.
8'
Førde har lagt om til 4-2-3-1, med Attila og Melhus som anker på midten.
5'
Rygh slår langt mot Skårn, men går over sidelinja.
2'
Førde-keeper Bjerke må knyte lissene på nytt. Liten stans i spelet.
1'
Fana tek avspark.
Avspark Start 1. omgang
Førde har i sommar mista Simen Lillevik og Tor Are Dvergsdal. I tillegg er Edin Øy reist tilbake til Sogndal etter at han spelte for Førde i vårsesongen på lån. Klubben har jakta ny venstreback, og dei blinka seg ut Joar Tryti hos Sogndal. I tillegg vart Christoffer Skårn frå Lyn speleklar fredag, og vart dermed Madsen sin niande signering som Førde-trener.
Desse laga møttest også i første serierunde. Den gongen enda det 1-1, etter at Førde utlikna like før slutt.
Fana har henta Sogndal-spelar Fredrik Flo på lån, og det er venta at spissen får speletid i dette oppgjeret. I tillegg er ungguten Totland tilbake etter eit kort opphald i Vålerenga, medan Leutrim Fejzi er henta frå Sotra. Ut portane har Wichne gått, som har reist frå klubben.
Førde står med 2-2-2 på sine seks heimekampar så langt denne sesongen, medan Fana står bokført med 3-3-1 på sine bortekampar i år.
Hei, og velkommen til Firda si liveoppdatering av oppgjeret mellom Førde og Fana!