Oppsummering
Ein nydeleg kamp av Førde avslutter ein heller traurig sesong med sikker plass, i det speaker Hagen plutseleg omtaler som Tippeligaen. Vi får skulde på euforien.
Førde gjekk hardt ut, og fekk straffe tidleg i kampen. Det skulle bli kampen sitt einaste mål, og var sikkert veldig godt for mannen som gav vekk straffespark i førre kamp. Elverum pressa hardt i fyrste omgang, men Førde stod i mot og var gode på kontra. I andre omgang var det klart at Førdelaget var best. Etter kvart som laga bytta blei det kalrt at innbyttarane til Førde haldt minst nivået til dei andre på bana. Nistad, Aamelfot, Kapstad, og Brattreit gjorde ein manns jobb saman med dei som kjempa som løver gjennom kampen. Særskilt backane til Førde spelte seg ekstremt opp i andre omgang, medan Bergset og Hvidsten tok føre seg som gladiatorar. Elverum prøvde, men fekk til lite, og tre-corner-mål er ikkje ein regel i vaksenfotballen.
Ekstremt gledeleg med den 12. mann som mobiliserte i stort monn for å hjelpe heimelaget framover.
"Bua" ynskjer vinteren velkommen og fotballpausen velkommen. Snørr, intervallar, og mangdetrening står for tur, før ein ny sesong venter begge lag i NT-ligaen. Vi får sjå om dei hamnar i samme divisjon.
Tusen takk for kampen, sesongen, og vel heim. Vi sjåast til meir fotball i 2024.
Referat
Kun høydepunkter
Dette resultatet tyder også at Førde 2 blir værande i Kretsligaen, og at Førde 3 held plassen i 5. divisjon. Veldig g ledeleg for utviklingsavdelinga til Førde fotball. Når vi ser ungdommane som får sjansen i dag så må ein sei at det lover veldig godt for framtida. Vi vonar på ei høgare tabellplassering neste år, og nye talent som slår gjennom.
God jul, og godt nytt år, frå "bua", "liven", og "Førde Fotball"
For ordens skuld. Førde Fotball gratulerer Eidsvold Turn med opprykket. Ein imponerande sesong og klart det beste offensive laget som vi har møtt dette året.
Vegen ned ein divisjon må Raufoss 2, Sogndal 2 , og Volda gå.
Som ein har sagt heile året. 26 poeng måtte til for å stå i divisjonen, og siste nedrykksplass gjekk på 25 poeng.
Førde endte til slutt som nummer 10, med 28 poeng, og nydelege +1 i målskilnad. Berre fem lag endte sesongen med plussmål i Norsk Tippling-ligaen avdeling 2.
Vegard Savland blir laget sin toppscorer med 15 mål i ligaen, samt eit i cupen.
Førdekeeper Hanssen held, saman med laget, clean sheet i 7 seriekampar.
FØRDE STÅR I DIVISJONEN, OG VINN SISTE KAMP MOT ELVERUM!
Øvrige kampar i divisjonen ender: Hødd2 6 - 1 Sogndal2, Eidsvold Turn 6 - 1 Volda, FuVo 1- 0 Molde2, HamKam2 8 - 0 Raufoss 2, Hønefoss 4 - 1 Brumunddal, og Spjelkavik 4 - 0 Florø.
Kamp slutt Slutt (1-0)
90'
Aamelfot er i undertal to mot ein, men klarer å tvinge Elverum til å slå heim att. Den pasningen er alt for dårleg, og Kapstad snapper ballen. På ein touch prøver han å få med seg ballen forbi Olsen Hagen, som prøver å blokkere. Ballen treff handa, og både Kapstad og Aamelfot er på veg mot mål. Håkonsen bles av, og meiner at det er nok til at spelaren som var heldig med å ikkje gi Bergset si andre straffe nå skal straffast hardt. Andre gule, og rett ut.
Reprisen viser at Håkonsen argumenter for ein aktiv alboge, som stopper ballen.
90+8'
Innlegg ut til femmeter frå Hanssen. Nå må dette gå mot Førdesiger!
Førdianarane er på beina.
90+4'
Dagens Førdespeler er kåra, i det Nistad fyrer over via ein forsvarer, frå 5 meter.
Speaker Hagen sender heile laget til Peppes Pizza, for å feire ny kontrakt i divisjonen. Kjempekamp av Førdelaget i dag. Godt gjort av Kapstad å halde på ballen der, og vente inn Nistad. Der skal eigentleg kampen vere punktert.
90+2'
Kapstad header over, i tøff duell. God sjanse for Førde, men han blir pressa hardt av Lundemo på bakre. Godt spiss og forsvarsarbeid.
90'
God sjanse til Brattreit. Aamelfot blir spelt gjennom, pg når akkurat ballen. Han legg høgt inn og Kapstad gir ikkje opp. Keeper må flukte ballen vidare, og Brattreit klinker til. 2 meter over, frå 8 meter.
89'
Bergset blir grisetakla bakfrå, og går over ende inn i feltet. Håkonsen trekk frisparket rett utanfor 16 -meteren, og gir kort til stopper Hagen.
Via direktesport, som filmer frå motsatt side, kan vi sjå at haldinga starter utanfor. Men... taklinga på ankelen til Bergset skjer godt inne i 16, og der slepp Elverum verkeleg med skrekken. Soleklar straffe, sjølv om haldinga som sagt er utanfor.
87'
Savland må av, og Kapstad får beskjed om å gjere seg klar. Men her har trenarane og gutane på Førdebenkensove i timen. Ingen er klare, og Savland kjem seg ikkje inn att på bana. Førde i augenblinken med 10 mann. Noko som verken er godt for hjartet til Løseth, Hagen, og Skreien i "bua".
85'
Viktig innvolvering av Hanssen som bokser vekk eit lågt legg. Savland sitt nede, og må ha tilsyn.
Håkonsen vinker inn assistanse frå sidelinja.
84'
Hauståker gjennom i bakrom. Han har berre Eggen att å passere, men eit langt sistetouch øydelegg ein kjempemoglegheit. Hagen gjer ein kjempejobb med å komme på rett side, og takle. Det kunne blitt ei kjempeavskjed i det som mest truleg er Hauståker sin siste kamp i den kvite drakta (for denne gong), før samliv og jobb tek han nordover til Trondheim.
82'
Nå er dette etter kvart blitt ei fortent leiing til Førde. Kjempesjanse.
Nistad gjer ein kjempejobb og bryt ball på midten, fører fram, men forstår at han blir sprunge opp. Speler ein nydeleg Silva-pasning bak forsvarert til Elverum. Hauståker legg på tvers og Bergset legg ballen knallhardt ned i hjørnet der ballen kjem frå. Kjemperedning.
81'
Elverum stjel for mange meter på eit innkast, og Håkonsen bles av. Førde får kastet i staden. Olsen får tilsnakk for å "ekse" seg opp.
80'
10 minuttar att, samt tillegg.
80'
Der er Hanssen litt heldig då han går inn for å skjerme ein ball ut over sidelinja. Det blir ein tøff duell om ballen med Solum, og med litt meir marginer i mot kunne det fort blitt straffespark. Nå ender det opp med femmeter.
76'
Største sjansen til Elverum denne omgangen.
Elverum kjem gjennom til høgre i bana og slå inn. Ballen tek via eit bein, og plutseleg må Hanssen gjere ei kjemperedning med beina på ein ikkje alt for hard ball. I panikken som oppstår etterpå får Flatjord til slutt klarert til corner.
76'
Helgheim ser at klareringa frå Rognebakke ikkje ender på bana. Så han tek steget ut av bana, og stusser over tribuna og inn på neste bane. Artig kynisme.
75'
Både Helgheim og Hvidsten treng 20 sekund tøying.
75'
Nistad prøver lykken på volley etter godt høgt press frå Førde. Ein liten meter utanfor.
74'
Grimeland har spelt seg stort opp i andre omgang, og nå mot Nelsinho på kanten harden unge landslagsaktuelle spelaren full kontroll.
68'
Nelshino kjem til ein kjempesjanse, men avslutnigna er forferdeleg. Førde er i ubalanse og både Rognebakke og Hvidsten er på feil side. Åleine på 14 meter sender han ballen to meter til side for Førdemålet.
67'
Savland prøver lykka, frå 30 meter. Flyg 30 cm over krysset.
67'
Nistad, som nok var skuffa over ikkje å få starte denne kampen, har så langt eit veldig godt innhopp. Spring opp at ein farleg ball i bakrom, og sikrer Grimeland. I neste situasjon går ballen inn til Hanssen og femmeter.
65'
Det er ein jamnare kamp i andre omgang. Meir fram og tilbake enn det var i fyrste, og det er lenger mellom kvar gong Elverum kjem opp i bana.
63'
Det er utseldt i kiosken!
62'
Hauståker, 15 centimeter utanfor!
Fint samspel med Nistad, Bergset, og Savland sender Hausåker gjennom til venstre. God avslutnign med feil fot, men ballen dreg seg til slutt utanfor.
59'
Nydeleg crosser frå Hvidsten til Helgheim. Gjøringbø på overlap, men legget når ikkje Hauståker som kjem inn frå motsatt kant. Eggen går i feltet og vinn ballen.
54'
Helgheim går ned etter ein duell. Held seg til andletet. Eit uhell i duellen med Hilsen, men vondt for det...
Håkonsen bles av. Medan det er stopp i spelet sitt også Gjermundstad nede. Halter stygt, og her går det nok mot eit bytte.
54'
Nelsinho dreg seg inn og skyt. I ryggen på Rognebakke, og ut at.
53'
Hanssen går i feltet. Ikkje ei rein utboksing, men nok til å få ballen vekk frå Solum som har vore veldig anonym i dag. Nå er tendensen meir lik fyrste omgang. Elverum med ball. Førde skal kontre.
52'
Finn Bergset på lengste, men volleyforsøket går fyrst utanfor før han blir avvinka for offside.
To nye mål på Høddvoll. Eit til kvart av laga.
47'
I pausen blei det også dlt ut litt heider til Magnus Kjelsnes Fosstvedt som har vore ballgutt i kvar einskild heimekamp for Førde A-lag i år. Strålande innstats.
46'
Førde starter med ball i andre omgang, speler attende til Hanssen som speler langt. Til slutt heilt inn til Eggen.
Ingen bytter på nokon av laga i pausen.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Dommertrioen kjem på bana, og vi er straks klare for andre omgang.
Kioskarealet er stappfullt, og det spørst om ikkje ein har komme godt ut av gratis inngang på kampen.
500 oppmøtte gir kjemperamme kring kampen.
Om vi skal fokusere på kampen bør Folland finne ut korleis ein skal få litt meir kontroll på backane. Elles har det vore veldig bra, og Førde er misnt like giftige som Elverum på siste 1/3-del.
For bortelaget må ein klarer å vere meir direkte på mål, for Hanssen har ikkje blitt satt på dei store prøvene ut over frisparket som blei klarert på strek.
Då er det pause, og Førde har gjennomført ein solid omgang.
I tillegg er det andre resultat som går vegen for heimelaget. Hødd 2 og Eidvold Turn gjer jobben, og per nå ligg Førde, Hødd 2, og Spjelkavik over streken.
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45'
Gjermundstad stopper Elverum kontant.
45'
Nå er det Førde som køyrer kampen. Bergset gjennom og får nesten ballen til Savland.
Deretter er det Hauståker som nesten er gjennom.
44'
Langt frå Hanssen, og ballen havner hjå Helgheim. Dunderer til på direkten, og Eggen har meir enn nok med å få kroppen bak ballen.
42'
Savland med godt forsøk. Eggen må ned i nærhjørnet å redde opp ein farleg situasjon.
Helgheim vinn ballen på midten, og slepp gjennom Savland osm har gårr på eit godt løp. Olsen kjem seg inn i duellen, og Savland fyrer under press. Godt skudd, endå betre redning.
37'
Førde redder på strek!
Legget går over Hanssen, og det blir ei heading frå 3 meter. Alle trur ballen er inne, men nokon får foten, magen, Via direktesport kan de sjå ut som om headinga går i stolpen, før den treff handa til Hanssen og danser på streken. Der kjem Hauståker og klinker ballen unna. 4 mann i ein knalltøff duell på bakre stolpe der.
Nå heng Førde litt i taua.
35'
Innlegg som tek via Bergset og går i retning Førde sitt mål. Hanssen med kontroll.
35'
Eidsvold Turn har tatt leiinga 2 - 0 mot Volda. Då kviterer "bua" ut Raufoss 2 og Volda. Ein plass att å kjempe for å unngå i divisjonen.
34'
Elverum triller "tidvis ball" i hatt med Førde, langt inne på Førde si halvdel. Særskilt på Førde sine backar blir det ofte farlege situasjonar, men Førde står godt imot inne i eige felt.
30'
Høgresida til Elverum er solid. Rognebakke må gang på gang hjelpe duoen Grimeland/Hauståker med ryddearbeidet.
29'
Elverum med eit veldig optimistisk framspel. Rett til Hanssen. Vanskeleg å finne rom på eit lågtliggande heimelag.
26'
Hvidsten med eit godt brudd på midten, men Bergset klarer ikkje finne Hauståker når han fører mot 16 meter. Den kunne heimelaget gjort meir ut av.
Spjelkavik har tatt leiinga mot Florø. Det er ikkje så gode nyhende for Førde, om det resultatet i denne kampen skulle snu.
23'
Eirik Flatjord!!!! For ein blokk.
Corneren blir slått høgt inn, og etter ein god duell taper Helgheim ballen i returrom. Gjøringbø kjem på etterskudd og må trekke seg. Nelsinho har klar bane til mål og drar til mot lengste hjørne. Både ballen og Hanssen var på veg mot lengste kryss der. Kven som hadde vunne den kampen får vi aldri vite. Ny corner.
21'
Bergset vinn ballen etter godt duellspel av Gjermundstad. Fører framover, og dryler til langs bakken frå 20 meter. Eggen får to hender på den, og tek att den lille returen sjølv. Godt moglegheit for heimelaget.
19'
Helgheim og Bergset trakler seg gjennom. Helgheim får ein arm i ryggen, inne i 16, men legg seg ikkje . Frå dødlinja prøver han ein "frekk ein" i nærhjørnet, men Eggen har kontroll.
16'
Grimeland gir vekk ballen på mindre gunstig måte, og Eleverum kjem til skudd frå 22 meter. Courtrai skyt, midt på Hanssen. Skal ikkje gi vekk slike sjansar, for ofte, heimelaget.
Eidsvoll Turn har tatt leiinga mot Volda, oppskriftsmessig, noko som og passer Førde.
13'
Hauståker på direkten. Godt skuddhald, men nok ei avslutning som går rett på keeper. Kontant angrepsspel frå heimelaget.
12'
Eleverum med si fyrste avslutning. Rundt på venstrekanten, og legg inn. Hanssen bokser ut, men Courtrai vinn ballen i returrommet. Får ikkje dreis på avslutninga, og Hanssen kan plukke enkelt.
11'
Veldig kjekt å sjå heile "parken" full av folk. Meir intim stadion her, noko som gir ei veldig fin ramme.
9'
Førde ligg lågt nå, og let Elverum prøver. Satser på brudd.
Og der kjem bruddet. Savland og Helgheim kombinerer fint, og kjem til ein god sjanse. Diverre går legget bak Savland som er einaste som har komme seg inn i boksen.
9'
Då er premissane lagt for ein lang tidleg ettermiddag, med tendensar for hjarteinfarkt for alle som har sympatiar for Førde.
4'
Petja Cink ser at Bergset blir klinka ned og overprøver Håkonsen som lar lar den gå.
Førde står etter og vinn mange 50/50 duallar på rad. Til slutt ender ballen hjå Bergset som får ein litt lang touch. Han gir dog ikkje opp og strekk seg etter ballen. Han er fyrst på den, og får ei knallhard takling på ankelen av nummer 10 Sandberg.
2'
Nelsinho mot Gjøringbø. Sistnemnte vinn fyrste duellen mellom dei to.
Elverum med ball mot eit lågt Førde.
Optimistisk framspel ender med 5-meter til Førde.
2'
Lovande start for Førde. 3 gonger inn i Elverum sin 16-meter i løpet av det fyrste minuttet. Til slutt får Eggen kontroll.
1'
Elevrum starter med ball, og Førde tek over med ein gong.
Avspark Start 1. omgang
Innmarsjfanfaren går, og laga kjem på bana til haugevis av raude bluss frå "Førdianarane" på bortre langside.
Dommer Håkonsen kaller til seg spielführer Hanssen og skipper Lynum. Førde skal spele mot Hafstadkleiva i fyrste omgang, og vi er straks klare for kamp.
"It's a lovely day for football"
Vi er ti minuttar frå kampstart. Laga har gjort sine siste førebuingar og har traska i garderoben. Elvis Presely runger over stadion, og ambulerande kaffiteneste er godt i gang for å halde varmen oppe hjå publikum som byrjer å straume til.
Laga er godt i gang med oppvarminga, og vi merker oss at Jonas Nistad varmer opp saman med resten av heimelaget. Spekulasjonane byrjar med ein gong i "bua" med tanke på om det kan vere ein skade/kjenning på nokon av dei som skal starte kampen for heimelaget.
Sola har forlatt Hafstadparken for i dag, i det Elverum sine keeperar (og ja... dei er to) er fyrst på bana. Vi har fått stadfesta at det er nummer 01, Eggen, som skal starte kampen.
Elles har Kåre Holsæter gjort ein glimrande jobb med å fjerne rimet frå bana si overflate, og varmekablane ser ut til å virke godt. For oss som hugser siste serierunde i 2016, mot Lørenskog, på Stadion der halve bana var is, og den andre halvdelen var eit gjørmehol, kan det vere greitt at kampen går på kunstgras. Ei heil veke med nattefrost gjer at vi kanskje skal argumentere for ein litt kortare sommarpause i norsk fotball?
Bortelaget har levert ei lagoppstilling utan keeper. Vi voner Eggen, som har stått brorparten av kampane, skal stå i mål. Elles er det ei gåvepakke til heimelaget.
Nokon endringar frå laget som slo FuVo 5 - 1, og den største endringa er nok at "Nelsinho" er attende i lagoppstillinga. Formasjon er litt uvisst, men enn så lenge er dei satt opp i ein 3 - 5 - 2.
Lagoppstillingane er klare!
For heimelaget ser vi at både Kristian Hauståker og Eirik Flatjord er inne i laget etter å ha stått over førre kamp.
Med karatene på Høynes ser vi at Helgheim, som har scora mot Elverum før, kjem inn på kanten. Elles går Rognebakke opp på midten, og Hvidsten tek plassen som indreløper. Både Bergset og Savland, som har hatt litt småplager er i startoppstillinga. Elles har Førde tydeleg høyrt på Rune Rudberg og setter "alle mann til pumpene". 9 mann på benken skal gi dekning for alle senario.
«Liven» skal halde dykk oppdatert på alt som går føre seg på stadion i dag, og du kan følgje kampen direkte med abonnement på alt+ og direktesport. Men? I dag er det ei sterk oppmoing om at alle som kan tek på seg ei ekstra ytterjakke og møter opp i Hafstadparken for å hjelpe heimelaget i kampen om dei siste poenga. Yr melder 7 grader og sol!
Dugnadsgjengen i Førde, har med pallar frå sponsor Hoff og Knutson, bygd ei flott provisorisk tribune til alle som møter opp!
Dommar i kampen er Yngve Håkonsen frå Fjøra FK. På linjene har han med seg Petja Cink frå Sandane T&IL og Anders Paulen frå Breimsbygda IL. Førre gong Håkonsen dømte i Førde var 1 - 5 tapet heime mot FuVo tidleg i juni.
Vårkampen mellom dei to laga enda 4 – 1 til Elverum, etter mål av Øverby, Solum, og Johansen (2). Helgheim scora målet til Førde. I tilsvarande oppgjer førre sesong endte det 1 – 1 på Førde stadion etter mål av Savland og Solum.
Førde manglar to sentrale brikker til denne avgjerande kampen. Magne Elias Aarøen fekk direkte raudt kort i bortetapet (2 - 1 ) mot Brumunddal førre runde, medan Vebjørn Høynes fekk sitt 4. gule kort. Begge må difor bivåne denne kampen frå sidelinja. Frå den kampen kan Førde tenkje seg å få attende superveteran Eirik Flatjord, Kristian Hauståker og Øystein Østvik som begge måtte stå over førre kamp med ulike plager. Kven Førdetrenar Knut Erik Folland til slutt vel til denne altavgjerande kampen blir spanande å følgje med på.
Elverum har - slik vi kan lese det - litt skader i troppen, men har i det siste begynt å rotere meir og meir på mannskapet. I førre kamp mot FuVo fekk mange ungguttar sjansen etter kvart som kampen gjekk i Elverum sin favør.
Elverum kjem til oppgjeret med ein solid 5 - 1 siger heime mot FuVo. Magnus Solum, lagets toppscorer saman med tidlegare Florøspelar Nelson «Nelsinho» Correia (19), scora hat-trick i denne kampen. Ein må tru at dei to kjem til Førde med eit mål om avgjere kampen om kven som blir lagets toppscorer. Nemnte Solum har scora mål i fire kampar på rad, og er ein mann Førdeforsvaret verkeleg må vere observante på.
Skulle Førde vinne kampen mot Elverum kan dei ikkje rykke ned. Til det er målskilnaden for god.
Med uavgjort vil Førde få 26 poeng. Då er ein avhengig av hjelp, men det vil vere mange marginar som skal gå i mot. Uansett resultat i Hødd 2 – Sogndal 2 vil ein ha eit lag bak seg på tabellen, og må då håpe at anten Volda eller Spjelkavik også gir vekk poeng. Med Volda som kjemper mot eit opprykksjagande Eidsvold Turn skal det vere mogleg.
Med tap vil Førde verkeleg slite. Då er ein avhengig av at to av tre kampar går i Førde sin favør. Mest truleg er det at Volda vil tape mot Eidsvold Turn. Så må Hødd 2 slå Sogndal 2, men her skal fyrstelaget til Hødd spele kamp same dag, og det svinger oddsen i favør siger for Sogndal 2. Alternativt må Florø slå Spjelkavik, men Spjelkavik er eit av dei verkelege formlaga mot slutten av sesongen. Om vi også tenkjer på kva rivalisering har å sei i fotball (t.d. Lillestrøm – Vålerenga i veka) trur ikkje underteikna at Førde skal lite på hjelp frå byen vest i Sunnfjord.
Øvrige kampar i denne serierunda er Eidsvold Turn – Volda, FuVo – Molde 2, HamKam 2 – Raufoss 2, Hødd 2 – Sogndal 2, Hønefoss – Brumunddal, og Spjelkavik – Florø.
For heimelaget er situasjonen ein heilt annan, og ein ekstrem godbit for alle som er oppfostra på kaffilukt, tippekupong og studiar av fotballtabellar. Per nå ligg heimelaget over streken med 25 poeng. Ettersom ein også har – 0 – i målskilnad gir det ein 10.plass på tabellen. Det er like fullt slik at heile 5 lag kjemper om å unngå 12. og 13. plassen på tabellen som gjer at ein rykker ned.
Det er Spjelkavik (24), Sogndal 2(25), Volda (25), Førde (25), og Hødd 2 (26).
Bortelaget Elverum kjem til Førde med ein solid sesong i bagasjen. 52 poeng og tredjeplass på tabellen. Kampen i dag betyr lite for Elverum som vil inneha 3.plassen uansett utfall i denne eller andre kampar i dag.
Vonar alle har spart negler, for dette blir (for) spanande.
Førde Fotball, med generalsponsor Sparebanken Sogn og Fjordane og kampsponsor Åsen & Øverlid AS, ynskjer hjarteleg velkommen Hafstadparken og til den 26, og siste, serierunda i Norsk Tipping-ligaen 2024 mellom Førde Fotball og Elverum.