Oppsummering
Kampen er slutt og det blir til slutt stygge siffer for eit heimelag som verkeleg hadde Eidsvold Turn opp i taua til eit stykke ut i andre omgang. Ketchup-effekten er eit oppbrukt omgrep, men den slo verkeleg til kring det 55 minutt.
Hat-trick av Notoane, etter at Bandeh tidvis herja i fyrste omgong på den andre kanten, viste Førdegutane verkeleg korleis ein skal utfordre nedover linjene.
Det var store moglegheitar begge vegar, nesten gjennom heile kampen, men alt i alt er det ein fullt fortent bortesiger.
For Førde er neste kamp borte mot Volda i ein kamp som kan vere altavgjerande for begge lag.
Publikum i Førde kan glede seg til supersøndag, då både Førde 2, 3 og Førde sitt damelag alle speler heimekampar i morgon mot hhv Årdal, Florø 2 og Lyngbø. Vel møtt i Hafstadparken.
For Eidsvold Turn fortsett jakta på nok poeng til å sikre eit opprykk.
Vi takker alle involverte for kampen og ynskjer vel heim.
Referat
Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (3-7)
90+2'
Resignerte nå heimelaget. Kjempa lenge godt, men når Eidsvold Turn fann flyten var det ingen veg attende.
Jacob Bergset blir kåra til Førde sine beste mann i dag.
90'
Vi speler nå på overtid.
Hvidsten og Bergset med nok eit godt brudd på midten. Har vore ein del av dei i dag, men det har blitt lite resultat av dei ut over i omgangen.
82'
Savland gjennom og klinker eit innlegg gjennom feltet. Finn ingen, og ut til kast.
81'
Søgnen gir gult kort, men det er heilt uråd å sjå kven som får det. Ser på Bergset, men viser det i retning av Øy/Sørensen.
Via VAR, eller Benny Rivedal i TV-tårnet blir det stadfesta at kortet gjekk til ein blåkledd. Heller ikkje han ser kven som får det, eller kvifor, men at kortet blir vist i reting Sørsensen/Øy. Dommarrapporten har svaret.
80'
Savland med eit innbitt raid, etter attvining frå Bergset. Blir stoppa i siste ledd. Tydeleg at Førde ikkje har gitt seg.
Skudd frå Helgheim blir blokkert ut att.
78'
Førde får bruke meir ball nå. Så spørst det om ein tek vare på den moglegheita eller om det blir for oppkava?
Trollebø utfordrer til høgre, men blir stoppa.
74'
Helgheim med ein god sjanse etter at Trollebø og Gjøringbø speler seg fram. WIlsgård med beinparade i nærhjørnet, og corner til heimelaget.
68'
Kombinasjonen Notoane og Kaba gjer det nok ein gong. Notoane drag seg nedover og gir til Kaba. Han prøver å legge 45 grader. Der er Flatjord med ein god blokk ,men ballen sprett to gonger mellom beina hans og ligg plutseleg fri på 4 meter. Der har nemnte Notoane, som har sprunge vidare inn i feltet. Opp i nettaket, og bortelaget kan sleppe ned skuldrane.
68'
Kaba nedover kanten, men Flatjord spring opp spissen, og blokkerer legget til eit kast.
Kampbilete frå starten av omgangen er attende.
67'
Legg seg i alle fall ikkje nedpå, bortelaget. Står høgt med tre - fire mann i dei fleste situasjonar.
66'
Østvik heng att med ein fot, og sjølv om han er innom ballen dømmer Søgnen frispark. 30 meter, litt skrått for Bandeh. Litt lengre hald enn sist, men sjølvtilliten harhan nok.
64'
Spanande å sjå kva Eidsvold Turn gjer nå. Skal dei ligge lågt og kontre, eller skal dei få for å punktere kampen, med den risikoen som følgjer med?
63'
Wilsgård på bærtur etter eit forsøk på frispeling. Treff Førde målet der så er det likt att.
62'
Tilsnakk til Østvik for ein situasjon litt tilbake. Ingen situasjon det blei blese frispark på , så uvist kvifor Søgnen tek det opp att.
54'
Etter rop om straffe og hands kontrer heimelaget med Høynes. Dreg seg fint forbi Langås, men legget går over alle.
Var det straffe? Bua ser ikkje, men det var kort avstand mellom ball og mann i situasjonen.
52'
Bandeh med eit forsøk på eit C-moment. Lykkast nesten, men har tre kvite på seg. Høynes, Østvik og Helgheim får vekk ballen, før Eidsvodl kjem att.
50'
Mykje vatn på "bortre" langside. Vanskelege speletilhøve i det Eidsvold prøver seg med tre - fire skudd etter å ha spelt seg fint gjennom midten. Felles for alle? Dei går i blokka.
48'
Hanssen hindrer eit skot frå B. Notoane å gå til corner når det tek via ein kvit fot.
47'
Andre omgang følgjer trenden frå fyrste, Førde ligg lavt, og det blir nesten 6 - 3 - 1.
Eidvold Turn triller ball.
46'
Andre omgang er i gang. Førde speler nå mot Jølstra og Hafstadkleiva.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Laga kjem på bana att. Naglebitinga blir nok ikkje mindre dei neste 45.
Ingen spelarar i intensiv oppvarming i pausen. Tydeleg at begge lag sine trenarar ser mogleheitar med det mannskapet som har spelt fyrste omgongen.
Heimelaget treng meir trøkk i presset, om i det låge presset, medan bortelaget treng litt meir nøyaktigheit.
Dommer Søgnen bles til pasue i det som har vore ein særs underhaldande fotballkamp. Førde starta best, og tok fortent leiinga. Det var derimot ingneting å sei på at bortelaget snudde kampen med to mål etter ein veldig god periode. Førdekeeper Hanssen må dog ta på seg fyrste målet.
Litt tilfeldig får Førde eit nydeleg mål, men etter det er det ganske jamnt. Eidsvold Turn skaper mest, men Førde er farlege når dei klarer å sette saman eit par pasningar.
Resultatet er gjerne greit. Fleire sjansar til bortelaget, men heimelaget har kanskje dei største?
Straffesituasjonen på slutten av omgangen kunne verkeleg gitt ein høgdramatisk andreomgang. Her er det like fullt alt å spele om dei siste 45 minuttane.
Slutt 1. omgang Pause (2-2)
45'
Vi speler på overtid. Sikkert lagt til nokon minutt grunna mål og skader.
45'
For andre gong i dag er forsvaret til heimelaget spelt ut, og Grimeland må klarere på strek.
44'
Vi nærmar oss pause i det Ringstad skyt ein halvmeter over Førdemålet.
42'
SØGNEN KVA GJER DU?
Keeper Wilsgård kjem alt for seint i duellen og klinker ned Bergset som har vunne to duellar i feltet.. Knyttneve rett i naserota. Søgnen bles frispark til keeper. Vi minner om Manchester United mot Wolverhampton Wanderes i fyrste PL-runde. Her treng vi ikkje VAR. Det var kanskje den svakaste vurderinga på lang tid av ein dommer på Førde stadion.
Bua sitt med heilt klar linje til situasjonen, i lik linje med assistendommer. Slike avgjerande situasjonar kan ein ikkje gå glipp av (i ein omgang der dommarane elles har hatt veldig god kontroll).
40'
Kaba header rett over frå 6 meter.
39'
Nå har Førde ein god periode. Både Savland, Hvidsten og Helgheim med gode tilløp i løpet av ein periode på 45 sekund. Men det er heile vegen ein blå fot i vegen.
38'
Rop om straffe for Førde i det Helgheim går i bakken, med mann i rygg. Går nok litt lett ned der og kampleiar Søgnen er bastant når han vifter vekk appellen.
37'
Johan "Nostradamus" Pettersen har så langt prikka inn rett resultat. Så får vi sjå om det held.
I kampen mellom FuVo og Hødd 2 leiar FuVo 2 - 1.
32'
Med unnatak av moglegheitet til Savland så har det berre vore bortelaget dei siste ti minuttane. Førde blir passive i duallane, både i lufta og langs bakken. Fullt fortent at ein har snudd kampen.
26'
Trollebø sitt nede. Fekk seg ein trøkk då han vann ballen i førre situasjon. Får tilsynt av fysio Øverås.
25'
Etter scoringa har Eidsvold Turn fått meir flyt i spelet. Høgresida med Bandeh, Stenseth og Langås har vore farleg gang på gang.
24'
Savland rett utanfor.
Trollebø med ei kjempe attvinning som sender Savland mot mål. Dreg vekk C. Notoane, men skuddet på tvers av mål går ein meter utanfor.
22'
Grimeland reddar så strek.
Nok ein gang Bandeh som legg inn. B. Notoane har komme seg fri på bakre og skyt mot lengste. Ballen passerer Hanssen, Hvidsten, Flatjord, men ikkje Grmeland som får ein livsviktig touch og flukter ballen til corner.
18'
Lite oppfinnsomt frå kaptein Stenseth som speler på fyrstebevegelsen til høgre i bana. Den har i tillegg stoppa opp og Hanssen får nok si enklaste involvering i dag.
17'
Med tanke på at dei blåkledde tidvis slit med feste gjer det nok lite for Førde at det er komme meir regn. Bergset driv framover og slepp nesten gjennom Trollebø.
14'
Øy fyrer frå 25 meter. Ballen er våt, og flakker, og Hanssen slår vekk. Neste bal lblir endå farlegare, og Hvidsten må gi corner på bakre. Der var det to blå som var nære ballen.
12'
Høynes med solid jobb mot Bandeh, som prøver å skyte ballen via Førdeteknikkeren, og ut til corner. Det fungerer dårleg og Hanssen kan hente reserveballen og sparke ut.
10'
Trollebø med ein kjempesjanse.
Vinn ballen saman med Savland. Savland kjem til linja, og slår ut 45. Avslutninga på ein touch snik seg på utsida av næraste stolpen, og heimepublikum er optimistar. "Det er einvegskøyring" høyrer vi gjennom vindauget.
10'
Kaba dreg seg forbi Trollebø, og kjem til avslutning. I nettveggen når han prøver å sette den i nærhjørnet.
6'
Slurv i framspelet gir Førde ein kontringsmoglegheit, men Savland får ikkje satt fart på pedalane. Førde ligg enn så lenge lavt, og Østvik vinn eit frispark i det han skjermer vekk Bandeh.
2'
Tidleg stopp i spelet i det Øy ligg nede og held seg til hovudet. Må ha tilsyn etter berre 30 sekundar av kampen.
Må ta ein tur ut av bama, men går beint fram og vi trur at begge lag sine fysioteam vil sleppe Årdølen inn att på Førde Stadion.
Avspark Start 1. omgang
Spielführer Hanssen og kaptein Stenseth får sine siste instruksjonar av domamrtrioen. Bortelaget Eidsvold Turn skal spele mot Jølstra og Hafstadkleiva i denne fyrste omgongen, og får også starte med ballen.
Laga er klare i "tunellen", Skreien gir signalet, fanfara går, og publikum "går av skaftet" i skikkeleg sunnfjordstil, i det laga kjem på bana. Vi er klare for eit skikkeleg oppgjer i Norsk Tipping-ligaen!
"Førdianarane" heiser flagget. Eit sikkert teikne på at kampstart nærmar seg.
15 minuttar til kampstart, og "Førdepatrioten" sin utskremte reporter, Stig Roger Eide, er også på plass med linsa si.
Laga trekker i garderoben, medan Kenta køyrer i gang med "just idag er jag sterk" på høgtalaren, som om det var Hammarby som skulle speleheimekamp i Allsvenskan.
Trenar for Førde sitt damelag Johan Pettersen tipper 2 - 2.
Vi er klare!
Oppvarminga er godt i gang, og også assistentdommer Ragnar "Raggen" Åmot har begynt å røre på lyskane.
Regnet held seg framleis unna, men tunge skyer truger i horisonten.
Benny Rivedal er på plass i TV-tårnet, og kan tilby dei som er redd for regn live-bilete med kommentator heim i stua eller til telefonen. Vi skal passe på dykk, med oppdateringar her på "liven", men som alltid er fotball best på Stadion. 25 minuttar til kampstart, og lukta av nysteikte vafler begynner å legge seg over Førde Stadion.
Førdekeeperane Hanssen og Johansen er fyrst på graset. Må jo være heilt fantastisk å kunne kaste seg rundt på dette graset.
Resten av Førdelaget, leia av Bergset, kjem joggande etter kvart. Eidsvold Turn har vi sett lite til etter at dei inspiserte bana. Kanskje dei må feste knottane under skoa skikkeleg?
Førde Stadion ser ekstremt fin ut, men den vestre langsida er særs våt. Det skal ikkje komme store skybruddet før det blir overvatn der. Elles er det perfekte tilhøve for ballspel i lengderetning.
Eidsvold Turn må vinne, eller statse på at eit anna lag tuktar Hønefoss på slutten av sesongen. Det blir spanande å sjå korleis heimelaget angrip det utgangspunktet. Blir det spel mot eit mål, og kontringar? Eller skal ein ut å angripe?
Lagoppstillinga er klar, og medan Mark Knopler lokker publikum i Førde går vi gjennom
For Førde ser vi at det er endringar i backrekka.
Svenn-Ove Gjøringbø er måtte kaste inn handkleet med sjukdom, og Andreas Hvidsten tek plassen. Vegard Gjermundstad er ikkje i troppen, men inn kjem superveteran Eirik Flatjord etter eit lengre skadeavbrekk.
På venstrekant kjem Mathias Helgheim inn, og med nokon rokeringar er det Magne Aarøen som må ta plass på benken,
Bortelaget gjer og nokon endringar frå førre kamp.
Krisitan Håkenstad, som scora to mål mot Elverum, er ikkje med til Førde. Han blir erstatta av Christopher Notoane. Simon Stenseth må sette seg på benken. Inn kjem Kara Bandeh.
Uansett så er nummer 77, Kaba, med på topp. Ligaens toppscorer, med 24 mål, skal bli ei handfull for forsvaret til Førde.
Så står det att å sjå om formasjonen vi har sett opp på bortelaget stemmer.
Vi kjem attende frå Førde Stadion, med lagoppstillingar og anna informasjon, ein time før kampstart.
Kampstart er 13.00. Håper vi ser deg der!
Kampen skal dømmast av Jakob Sande Søgnen frå Gaular IL.
Med seg på linjene har han Vilde Mattevik Vilnes frå AHIL, og evigunge Ragnar Åmot frå Jølster IL.
Førre gong Søgnen dømte kamp på Førde Stadion var 0 -0 kampen mot Volda i mai.
Store nedbørsmengder tidleg i veka har gjort det vanskeleg å trene på gras. Nå ser heldigvis bana veldig innbydande ut, men vi må vente oss særs raske tilhøve. Trur ikkje nokon av dei involverte skal ta sjansen på å spele denne kampen med faste knottar. Vonar bortelaget har pakka sikkelege sko.
Kampen mellom dei to laga i vår var noko av det næraste ein kan komme ein massakre i fotballsamanheng. Førde reiste til Eidsvold med mange skadar og ein heilt ny formasjon. Her fekk dei ein fotballeksjon utan sidestykke, i kampen som til slutt enda 6 -1 til dagens bortelag. S. Aamelfot scora bortelaget sitt mål, medan det var 6 ulike målscorarar for Eidsvold Turn.
Kampen var kanskje eit lite vendepunkt for Førde, som etter dette gjekk «back to basic» og har sidan prøvd å vinne kampane med sin kjente 4-3-3 formasjon.
Førre runde var begge lag involverte i særs dramatiske kampar. Førde vann 4 – 5 borte mot Hødd 2 i ein kamp som snudde fleire gonger.
Eidsvold Turn vann sin kamp 4 – 3 mot Elverum, men trengte to mål i kampens siste minuttar for å ta med seg viktige poeng. Dette er andre kampen på rad Eidsvold Turn har dratt inn ein siger i kampens siste minutter. Særs vanskeleg å tolke noko av desse resultata, med tanke på dagens kamp, anna enn at det kan bli mange mål.
Bortelaget Eidsvold Turn er eit av to lag som kjemper om opprykk. Så langt i år har det berre blitt eit tap, noko som gjer at laget finn seg på ein ekstremt solid andreplass. 3 poeng bak Hønefoss. Dei to laga kjemper ein hard kamp om å ta nok poeng, slik at det siste innbyrdes oppgjeret blir avgjerande.
Før kampen i dag ligg heimelaget på ein 7. plass på tabellen, med 22 poeng. Sjølv om posisjonen ser trygg ut er det berre 3 poeng ned til den siste nedrykksplassen. Det er difor ikkje råd å slå seg til ro med poengfangsten så langt. Underteikna trur at 26 poeng er det ein må ha for å vere heilt sikker.
I løpet av dei 6 siste kampane skal Førde møte dei tre laga som per nå ligg øvst på tabellen (Hønefoss, Eidsvold Turn, og Elverum), så poengfangsten kan godt byrje i dag.
Førde Fotball, med generalsponsor Sparebanken Sogn & Fjordane og kampsponsor Åsen og Øverlid AS ynskjer hjarteleg velkommen til Førde Stadion og den 20. runda i Norsk Tipping-ligaen mellom Førde og Eidsvold Turn.