Referat
Kun høydepunkter
Kampen ender 0-0 mellom to lag som hadde lite å spele for. Begge lag hadde sine sjansar til å score, men ingen klarte det. Takk for følget og velkommen tilbake når det måtte passe. Takk!
Kamp slutt Slutt (0-0)
90+5'
Frisparket blir slått inn i feltet. Egersund rydder unna.
90+4'
Frispark til Førde i fin posisjon. Får vi 1-0?
90+4'
Straks slutt på Førde stadion.
90+3'
Keeper stod langt ute, og hadde ikkje kontroll på Flatjord sitt forsøk der!
90+2'
Flatjord med innlegg, som blir tatt av vinden! Rett i tverra!
90+1'
Det blir Lund Holm, rett i muren! Dårleg skot, eller god mur?
90+1'
Lund Holm, Skårn og Rygh står ved ballen.
90'
Taule får frispark i fin posisjon. 24 meter frå mål.
90'
Stor sjanse for Egersund! Langt innlegg i feltet, og Løseth er på bærtur. Der finn han ingenting, for han er eit stykke unna ballen. Skogsrud stussar kula vidare, og ballen går like utanfor!
89'
Lokal jury har kåra Skårn som Førde sin beste spelar. Han vinn pizza for to.
86'
Kvalvågnes har vore frisk etter innhoppet. Får ballen på 16 meteren, vender og skyt. Like over!
84'
Luktar meir og meir 0-0 av denne kampen, naturleg nok.
82'
Perttermo kjem ein mot ein, men der er Rygh best.
81'
Gjestene har vore nærmast scoring i andre omgang. Førde har ikkje produsert noko særleg etter kvilen.
81'
Egersund-frispark inn i feltet, og Skogsrund nikkar utanfor.
80'
Frispark etter ei tøff takling frå Taule.
80'
Roti slår etter Romslo etter ein tøff løpsduell, men dommaren får det ikkje med seg.
78'
Kvalvågnes kjem rundt på venstrekanten, men innlegget går gjennom heile feltet. Melhus plukkar opp og legg inn, men Lund Holm sitt skot er det ikkje fart i. Keepermat.
76'
Dobbelsjanse for Egersund! Rasmussen og Zagurskas med to skotforsøk. Første går i blokka, medan det andre går i nettveggen.
75'
Iversen no som ligg nede for telling. Har vondt.
73'
Madsen ligg nede for telling. Kjem seg heldigvis på beina att, men må nok likevel byte.
69'
Skårn går i bakken, og får eit billig frispark.
67'
Spurkeland gir til Roti som sleivar vidare i feltet. På bakerste stolpe får gjestene avklart til corner.
65'
185 tilskodarar ser kampen.
65'
Melhus i dag på høgreback, men likar seg framleis på midtbana. Etterlet seg store rom på backen gang på gang.
60'
Egersund-sjef Ross er tydeleg missnøgd med dommaren, og gir han nokre gloser om den annulerte scoringa.
59'
Egersund-fansen på to mann har med seg tromme og flagg. Har blitt lite brukt så langt.
58'
Egersund som styrer kampen, og jaktar 1-0. Førde slit med å etablere noko spel i starten av denne omgangen.
56'
Egersund snytt for scoring der, altså.
53'
Skårn skyt - ein meter utanfor.
53'
Egersund stiller opp fire mann i mur.
52'
Iversen får frispark i fin skotposisjon. Skårn gjer seg klar - igjen.
50'
Lund Holm riv ned Marcin. Frispark som ender i corner.
49'
Gjestene festar grepet om kampen no.
49'
Stor sjanse for Egersund! Skot frå åtte meter frå Rasmussen, rett på keeper!
48'
Kvist med feilpasning. Innkast til Egersund høgt oppe i bana.
46'
Førde tek avspark.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Spelarane på veg ut til andre omgang.
Då går laga til pause på stillinga 0-0. Har vore nokre sjansar, men omgangen tok aldri fyr.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+3'
Har dommaren gløymt klokka? Speler langt på overtid, utan at det er grunn til å leggje til noko i denne første omgangen.
45+1'
Egersund-gutane ropar på straffe, men dommaren ristar på hovudet.
42'
Frispark til Førde, og nok ein gong legg Skårn kula til rette. Ufarlig.
39'
Stor sjanse for Egersund! Skot like til side for målet. Er via eit Førde-bein, og gjestene får corner.
36'
Skårn skyt - keeper reddar! Iversen er på returen, men set den over. Like greitt, ettersom han er i offside.
36'
Skårn får frispark i fin posisjon. Samme mann legg ballen til rette. No skal det smelle.
34'
Stor sjanse for Egersund! Skot like utanfor!
33'
Han slår frisparket inn i feltet, men Egersund ryddar unna.
33'
Vertane med frispark i fin posisjon. Skårn står ved ballen.
28'
Førde ligg meget lavt kvar gong Egersund prøver å bygge opp eit angrep. 10 mann langt nede på eigen halvdel, og berre Skårn ligg att på midtstreken.
25'
Fin sjanse for Førde! Det er Flatjord som skyt, og keeper må gi retur. Den bles Lund Holm over!
24'
Jamn kamp så langt. Egersund opna friskt, men no er Førde betre med.
15'
Lang pasning frå Rygh - utan adresse. Keeper overtek.
14'
Egersund-fansen er på plass, med sine to menn. Imponerande, med tanke på den lange reisevegen til Sunnfjord.
12'
Ingen store sjansar så langt her på Førde stadion.
8'
Då er lagoppstillingane klare. Gjestene har opna best dei første minuttane.
1'
Lagoppstillingane kjem om litt.
1'
Kampen er i gang.
Avspark Start 1. omgang
Straks avspark.
Vi kjem tilbake med meir informasjon og lagoppstillingar når det nærmar seg kampstart. Følg med!
Dette er ein kamp der ingen av laga har noko å spele for. Rett nok mangler Egersund i teorien nokre få poeng frå å halde plassen, medan Førde for lengst er klare for nedrykk.
Hei, og velkommen til Førde - Egersund frå Førde stadion!