Referat
Kun høydepunkter
Då takkar vi for følgje. Poengdeling mellom dei to laga i serieopninga. Eit greit resultat ut ifrå kampbiletet. Kampen vart i dag dekka av Hallvard Sommer og Mathias Indrebø. God påske!
Kamp slutt Slutt (2-2)
90+4'
Frispark til Brumunddal, muligens det siste som skjer. Frisparket går like over mål, og dommer bles av kampen.
90+1'
Vi er på overtid i Førde, kven trekk det lengste strået?
79'
Kjempesjanse Førde. Hauståker slår langt og treff bell som vinn sin duell, Bell treff Cone som header ballen centimetera utanfor mål. Fortsatt 2-1.
74'
Stor sjanse til Brumunddal, nok ein gong frå dødball. Ballen går gjennom heile feltet, på bakerste stolpe lurer Finstad, klarar ikkje å setje ballen på mål.
59'
Flipperspill her i starten av første omgang. Begge lag går ut offensivt og vil score. Trøkk i parken no.
56'
Oi oi oi. Magne Aarøen trer igjennom Cone på lekkert vis. Lynvingen til Førde kjem aleine med keeper men klarar ikkje å overlappe keeper. Ballen går til hjørnespark, fortsatt 1-1.
53'
Stor sjanse for Førde bergset skyter fra kloss hold midt mot mål, men keeper beheld roa og får redda ballen over mål. Hjørnespark til Førde.
46'
Andre omgang er starta, følg med!
Start 2. omgang Start 2. omgang
Laga entrer banen, og gjer seg klare til 2. omgang.
Det vert ikkje lagt til noko tilleggstid. Førde leiar endå 1-0 og har stått for det meste av sjansane (i begge endene av bana). Gjestane frå Brumunddal har til tider sett farlege ut, så andre omgang vert svært spennande.
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45'
Her går det unna! Aamelfot vinn ballen høgt i bana, finn Aarøen som lekkert sender igjennom Bell aleine med keeper. Avslutninga ender i nettveggen. Brumunddal heldige at det ikkje står 2-0.
43'
Førde med ny god kontring innlegget langs bakken frå Bergseth vert bittelitt for langt, Bell når akkurat ikkje ballen.
41'
Nok ein god dødball for Brumunddal, spelar nummer 4 får stå umarkert på 5 meter, men headinga går langt til sides for mål.
37'
Stor sjanse for Brummundal. Spiller Finstad vert spelt aleine med keeper,ein god fotparade redder Førde frå utlikning.
35'
Savland, vert tatt av bana for medisinsk tilsyn etter duell med ein Brumunddal forsvarer. Det ser ikkje ut til at han kan fortsette kampen.
32'
Endå ein kjempesjanse for Førde. Sander Aamelfot legg corneren på bakerste stolpe, der står Hauståker, men headinga går midt på mål.
29'
Ny kjempesjanse for Førde. Sander Aamelfot trekk nok ein gang mot sidelinja, å legg igjen til Savland som avsluttar på mål, kjemperedning av keeper. Fortsatt 1-0 til Førde.
22'
Sjanse for Førde, godt innlegg frå Andreas Aarseth, Savland når ikkje heilt opp og ballen går til corner.
20'
Kjempesjanse for Brummundal, men blir blåst for offside. Fortsatt 0-0.
7'
Roleg start på kampen, litt fram og tilbake. Ingen store sjangser så langt.
2'
Då er kampen i gang. Hald dykk fast. Dette vert kjekt!
Avspark Start 1. omgang
Magne Aarøen gjer sin derby frå start i dag for Førde. Den unge mannen er berykta for sine målpoeng, og er verkeleg ein spelar å halde auge med i dag.
Då er begge lag i oppvarming, begge lag ser ut til å vere friske og raske! Det ser ut til å vere opplett til kampstart, og noko sterk vind. Kampen startar om 20 minutt og det ryktes om ein forrykande fotballkamp, følg med!
Det har vore snøvær tidlegare i dag, men det vert allikevel flotte forhold i parken idag!
Hei, og velkommen til serieopning i Norsk Tipping-ligaen avdeling 2!