TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Det er knapt til å tru! 2. divisjonsklubben slår ut Brann. Keeper Bjerke er den store helten, og målvakten stod som ein levande vegg gjennom heile oppgjeret.
Kamp slutt Slutt (0-0)
120'
Førde slår ut Brann av 1. runde i NM-cupen! For første gong sidan 1939 er Brann ute av 1. runde.
120'
Straffemål!
5-4
120'
Straffemål!
4-4
120'
Roleg ned til venstre. Bjerke går motsatt veg.
120'
Straffemål!
4-3
120'
Myrken er iskald! Set den roleg ned til høgre.
120'
Straffemål!
3-3
120'
Horwath er etter kula, men den går i mål!
120'
Straffemål!
3-2
120'
Set den ned til høgre.
120'
Straffemål!
2-2
120'
Savland er iskald!
120'
Straffemål!
2-1
120'
Straffebom!
1-1
120'
Acosta skyt over!
120'
Iversen leverer!
120'
Straffemål!
1-1
120'
Straffemål!
0-1
120'
God straffe av Grønner.
120'
Brann skal starte med første straffe.
120'
Heimepublikum bit negler. For eit nervedrama!
120'
Kven skal ta straffe? Ser ut som Barmen, Grønner, Heltne Nilsen er klare i alle fall. Vega er vel klar også? For Førde skal er nok Haaland Iversen, Myrkaskog, Savland, Spurkeland og Dvergsdal sikre kort frå straffemerket.
120'
Då er det klart for straffespark her i Hafstadparken! For eit drama!
120+3'
Straks slutt!
120+2'
Skot rett på Bjerke.
120+1'
Litt over eitt minutt att.
120+1'
På overtid.
119'
Ikkje lenge att no. Det går mot straffespark-konkurranse!
118'
Nei, ser ut som laga må spele til i morgon for å score i ordinær tid. I alle fall så lenge Bjerke står i mål for Førde.
117'
Artig å sjå alle spelarane med krampe. Ingen går normalt. Ser ut som dei er radiostyrt av Johan Golden!
116'
Lund Holm, Spurkeland og Myrkaskog tøyer alle på krampe!
116'
Bjerke kåra til Førde sin beste spelar av ein lokal jury.
115'
Myrkaskog dreg seg inn i feltet, men blir stoppa i det han skal skyte. Nær 1-0!
114'
Bjerke har stått som ein levande vegg så langt. Ingen av Brann-spelarane vil ta straffe slik Førde-keeperen har vokta buret i denne cupkampen.
113'
Larsen skyt frå 17 meter, og Bjerke reddar - igjen.
112'
Hjørnespark
Kvist avsluttar utanfor.
112'
Sist gong Brann rauk ut av 1. runde i NM var i 1939. Neste gong kan bli 2016.
110'
Stor sjanse for Brann! Vega legg inn til Haugen, som skyt knallhardt på direkten. Ballen går over, og har retning elva.
109'
Hjørnespark
Brann-spelarane vil hands inne i feltet, men dommaren vinkar spelet vidare.
109'
Larsen er oppe på beina att, men går på ingen måte normalt. Rusler ut av bana.
108'
Larsen nede med krampe. Berre å reise deg att, gut.
107'
Nesten for Vega! Men nok ein gong er Bjerke på rett plass. Får corner.
107'
Spurkeland med greitt forsøk frå 20 meter. Over.
106'
Trøytte bein hos begge lag no.
106'
Vi er igang igjen.
Start 2. ekstraomgang Start 2. ekstraomgang (0-0)
Førde er berre 15 minutt unna ei skikkeleg cupbombe her!
Pause Pause ekstraomganger (0-0)
105+1'
Melhus vinn hovudduell mot Haugen. Omlag 30 cm skilnad mellom dei to.
105+1'
Eitt minutt tillegg.
105'
Gult kort
Kjem for seint i duell mot Førde-kaptein Kvist.
104'
Kaldt på fingrane no.
103'
Hjørnespark
Førde får kontroll.
102'
Trener Nilsen er ute å dirigerer mannskapet sitt. Liker ikkje det han ser.
102'
Førde på ein sjeldan visitt. Men blir til utspark frå målet.
101'
Kaldare i Hafstadparken no. Sola har gått ned.
100'
Dvergsdal slår inn i feltet, men keeper held ballen.
100'
Lund Holm blir tatt hardt av Acosta. Slepp unna det gule kortet.
98'
Hjørnespark
Avslutning rett på keeper.
97'
Heimefansen leverer på lik linje med Førde-spelarane. Bra trøkk!
97'
Framleis Brann som styrer. Førde har knapt vore over midtstreken sidan omgangen starta.
96'
Lie Skålevik avsluttar med pannebrasken, men nok ein gong er Bjerke der med keeperhansken sin!
93'
Hjørnespark
Ufarleg.
93'
Kampen held fram slik den avslutta. Brann styrer og eig banespelet. Førde satser på kontringar.
92'
2973 tilskodarar ser kampen.
92'
Vega har vore frisk for Brann, og er ein av få spelarar som får godkjent.
91'
Brann tek avspark.
Start 1. ekstraomgang Start 1. ekstraomgang (0-0)
Straks klart for avspark igjen.
Då vart det 0-0 etter 90 minutt her i Hafstadparken. Vi er straks tilbake!
Straffesparkkonkurranse
Pause Etter ordinær tid (0-0)
90+3'
Førde bruker god tid no. Vil ha ekstraomgangar - eller nachspiel om du vil!
90+2'
Hjørnespark
Keeper bokser ut.
90+2'
Barmen skyt frå 25 meter - rett i tverrliggjaren!
90+1'
Det er lagt til minimum tre minutt.
90'
Keeper Bjerke står fram som kampens beste spelar så langt.
90+30'
Førde-spelarane på veg mot heimefansen. Vil ha 12-mann på sitt lag no!
89'
Det går mot ekstraomgangar her i Hafstadparken.
89'
Melhus skyt - rett i muren!
88'
Myrkaskog blir lagt i bakken på 17 meter! No ligg det 1-0 i lufta?
87'
Barmen skyt frå 12 meter, men Bjerke leverer ei redning i toppklasse!
86'
Førde med alle 11 langt inne på eigne banehalvdel.
85'
Bra trøkk på tribunen. Det har verkeleg vore ein folkefest her i Hafstadparken i kveld.
84'
Hjørnespark
Keeper boksar ut.
83'
Spillerbytte
82'
At det ikkje står 3-3 eller 4-4 her klarar eg ikkje å forklare på denne linja i alle fall.
80'
Hjørnespark
Kvist nikkar i tverrliggjaren!
80'
Lund Holm med stor fart framover, og Brann-benken held seg til hovudet. Dei slepp med skrekken.
78'
Brann har hatt klart flest sjanser så langt, men også Førde hadde fortent nokre scoringer i denne kampen.
78'
Vega gir til Haugen som skyt frå åtte meter. Skotet blir blokkert! Brann-spelarane fortviler no.
77'
Myrkaskog runder keeper, men Vevatne ryddar opp i det Førde-spissen skal sette ballen i ope bur! Større sjanse enn dette får du ikkje!
75'
Gjestene mangler tydleg Karadas inne i boksen. Slike innlegg som det har vore siste 20 minuttane var mangelvare så lenge Eid-guten var på bana.
74'
Brann jakter 1-0. Nytt innlegg inn i boksen, men ingen av Brann-spelarane er på rett plass.
73'
For ein sjanse for Brann! Vega dreg seg fri og legg inn i feltet. Der er Hvilsom to centimeter for kort til å breiside ballen i mål frå tre meters hald.
72'
Gult kort
Sparkar bort ballen. Rutinert - eller urutinert.
71'
Grønner tek med seg ballen framover, og skyt frå 25 meter. Ballen flikkar, og keeper Bjerke rekk ikkje anna enn å bokse.
70'
Iheridg innsats av Førde-spelarane. Trenar Madsen kan vere stolt og kry uansett utfall her.
69'
Straks berre 20 minutt att av ordinær tid.
68'
Større skilnad på laga etter pausen. Brann med litt større balltempo, og meir bevegelse å spore av dei raude draktene.
67'
Spillerbytte
67'
No er det Brann som har god kontroll på kampen.
67'
Hjørnespark
Bjerke får kontroll.
66'
Innlegg frå høgre, og Hvilsom nikkar mot mål. Avslutninga går midt på mål, men der er Bjerke med ei meget god redning!
65'
Vega skyt frå 20 meter. Første forsøket blir blokkert, men han gir seg ikkje. Han lader på nytt, men går utanfor.
64'
Lund Holm stormar inn i feltet, men skyt frå skrå vinkel. Der hadde nok ein pasning til Myrkaskog vore eit betre alternativ.
63'
Barmen skyt - Bjerke reddar! Forsøket frå 20 meter er bra, det er også redninga frå Førde-keeperen.
62'
Brann-trener Nilsen er nok lite gira på ekstraomgangar og trøytte bein her.
61'
Stor jubel blant heimepublikum då dommaren valgte å annulere scoringa.
59'
Annullert mål
Barmen set ballen i mål, men blir avblåst inne i feltet! Like før hadde Brann kampens største sjanse, og det var returen på denne Barmen altså satt i mål. Men annulert.
59'
Førde er opp eit hakk, medan Brann er ned eitt hakk. Bør vel bli 1. divisjonsstandard på kampen, då?
58'
Hjørnespark
Blir rydda unna.
58'
Stor sjanse for Førde! Fin fripsarkvariant, og Øy smell til frå 12 meter. Skotet blir blokkert. Nær 1-0 der!
56'
Spillerbytte
56'
Ny stor sjanse for Brann. Lang krossball, og Larsen slår inn frå dødlinja. Ballen trillar like utanfor streken, men Førde-forsvaret ryddar unna!
55'
Ligg ei scoring i lufta no! Men kva veg? Det er nok berre Snåsamannen som veit.
54'
For ein sjanse for Førde! Aj aj aj! Lang ball mot Savland i bakrom. Han blir pressa hardt, men får ballen likevel med seg. Han skyt i steget frå 18 meter, men keeper held ballen!
51'
Kjempesjanse for Brann! Melhus med feilpasning bakover, og Brann kjem 2 mot 1. Det klarar dei ikkje å utnytte! Larsen og Hvilsom var det vel som knota det til i Brann-angrepet der.
50'
Hjørnespark
Keeper boksar ut.
50'
Gjestene har garantert fått kjeft og pryl i pausen. Har dominert dei første minutta etter kvilen.
49'
Larsen med skot i tverrliggjaren frå 18 meter!
49'
Hjørnespark
Ny corner.
49'
Hjørnespark
49'
Vega klinker frå distanse! Får corner.
48'
Brann har opna friskt dei første to minutta.
47'
Brann stormer rett i angrep! Stor sjanse etter ei Førde-avklaring som går rett i keeper!
46'
Spillerbytte
46'
Kampen igang
Start 2. omgang Start 2. omgang
Vi er straks klare for andre omgang.
Då går laga til pause på stillinga 0-0. Heimepublikum applauderer, for det er Førde som har vore nærmast nettkjenning så langt. Vertene har gjennomført ein meget god første omgang. Brann er mange hakk under pari så langt. Blir nok to ulike pauseprater i garderobane no.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+2'
Brann kombinerer fint. Vega avsluttar, ein meter over krysset.
45+1'
Vi er på overtid.
45'
Dvergsdal skyt frisparket - rett på keeper!
45'
Brann stiller opp fem mann i mur.
45'
Frispark i meget fin posisjon for Førde! Lund Holm som blir lagt i bakken. 20 meter unna målet.
44'
Spillerbytte
43'
Brann speler 11 mot 10 no.
42'
Rygh ser både stjerner og julenisser. Må byte etter smellen mot Karadas.
41'
Kvalvågnes trur han speler mot Jølster, og vil like godt drible seg gjennom heile Brann-forsvaret. Går nesten! Har lagt att respekten i garderoben.
39'
Ser ikkje bort i frå at det kan bli ein sein kveld i Hafstadparken. Ekstraomganger om dette blir uavgjort.
38'
Gjestene har klart mest ball, men Førde er kompakte og trygge bakover.
38'
Johansen legg frå høgre, men blir rydda unna.
37'
Hvilsom er no midtspiss, medan Vega er å finne på kanten.
36'
Spurkeland slår inn i feltet, men blir avklart.
36'
Frispark til Førde i fin posisjon. Åtte meter unna kanten av sekstenmeteren.
35'
Spillerbytte
34'
Både Rygh og Karadas står på sidelinja, men er straks klare for å spele ball igjen.
32'
Gult kort
Rygh er på beina att, og får sjå det gule kortet. Karadas reiser seg også, og sleng nokre gloser til Førde-stopparen.
32'
Begge får hjelp inne på bana.
31'
Rygh skallar til Karadas. Begge går ned for telling. Sjeldan Brann-spissen ligg å vrir seg i smerte i alle fall.
31'
Første halvimen er passert. Jamnt.
31'
Første halvimen er passert.
30'
Hvilsom prøver seg, men dansk dynamitt let vente på seg.
29'
Førde er for alvor med i kampen om avansement her!
29'
Førde har vore friske så langt. Denne gongen er det Spurkeland som set fart framover. Han finn Flatfjord som slår direkte inn til Øy. Han skyt - like utanfor. Mønsterangrep!
27'
Johansen skyt frå 20 meter, og ballen skiftar litt retning. Det set Bjerke ut av spel, men skotet blir blokkert i Kvist. Halvsjanse!
26'
Spurkeland testar skotfoten mot gamle lagkamerater. Forsøket frå 22 meter går rett på keeper.
25'
Tru det eller ei, men Førde har vore nærmare 1-0 enn det Brann har vore.
25'
Kvist får tilsnakk frå dommaren, etter ei takling på midten.
24'
Heimelaget forsvarer seg med 4-5-1, og ligg ekstremt lavt med sin femmar når Brann har ballen. Ikkje enkelt å spele seg gjennom denne muren.
23'
Store rom for Vevatne på venstrekanten. Hvilsom får etterkvart ballen inne i sekstenemteren, men vinkelen er for skrå. Avslutninga går rett på Bjerke som har kontroll.
22'
Førde ryster Brann akkurat no.
21'
Kjempesjanse for Vegard Savland og Førde! Kjem aleine med Horwath, men set ballen rett i den amerikanske keeperen! Returen set han utanfor.
21'
Hjørnespark
Ufarleg.
21'
Hjørnespark
Horwath på delvis bærtur. Førde får ny corner i neste trekk.
21'
Savland stormar framover, og han kjem inn i feltet. Han skyt - får corner.
20'
Øy med hælspark på eigen 16 meter. Dagens frekkaste så langt.
20'
Svært usikker om keeper Horwath hadde kontroll der.
19'
Kampens første store sjanse! Kvalvågnes klinker til frå 20 meter. Like utanfor!
18'
Melhus sentralt på midten tør å halde litt på ballen for Førde. Blir viktig å spele ball, sjølv om det er Brann på motsett side.
18'
Godt med tilskodarar i Hafstadparken i kveld!
17'
Det står 1-2 i corner så langt. Brann med to halvsjanser, og har ballen klart mest.
16'
Vi beklager tekniske problem det første kvartertet. Håper alt er på stell no.
6'
Hjørnespark
Blir rydda unna.
5'
Johansen skyt frå 18 meter. Like utanfor!
3'
Bjerke er i ferd med å rote det til i eige forsvar. Spelar ballen rett i beina på Larsen, avslutninga frå Brann-spelaren frå 16 meter er like svak.
1'
Gjestene stormar rett i angrep, men Førde-forsvaret får rydda unna.
1'
Brann tek avspark.
Avspark Start 1. omgang
Brann-laget er klart, og dei startar med desse 11: Alex Horwath, Dani Hatakka, Bismar Acosta, Jonas Grønner, Viljar Vevatne, Remi Johansen, Sivert Heltne Nilsen, Kristoffer Barmen , Kristoffer Larsen, Azar Karadas og Mads Hvilsom.
Strålande vær i Førde i dag, og vi kan vente oss ein skikkeleg folkefest i Hafstadparken.
Som ein ser av troppen er Kasper Skaanes med i sin første A-tropp for sesongen etter skade. Verdt å merke seg at junioren Halldor Stenevik også er med, og kan få seg etterlengta debut i Brann-trøya på A-lagsnivå i kveld.
Brann velger å spare følgjande spelarar til oppgjeret mot Førde: Vadim Demidov, Ruben Kristiansen, Erik Huseklepp, Jakob Orlov og Daniel Braaten blir alle heime i Bergen for å følgje cupkampen via denne livesendinga. Troppen som kjem til Sunnfjord er dermed desse 18: Alex Horwath, Markus O. Pettersen, Jonas Grønner, Bismar Acosta, Vilja Vevatne, Dani Hatakka, Amin Nouri, Fredrik Haugen, Kasper Skaanes, Remi Johansen, Sivert Heltne Nilsen, Kristoffer Barmen, Kristoffer Larsen, Steffen Lie Skålevik, Azar Karadas, Deyver Vega. Mads Hvilsom og Halldor Stenevik.
Førde håper på 3000 tilskodarar i denne cupkampen. Kan du ikkje følgje kampen i Hafstadparken med eigne auge, håper vi denne liveoverføringa vil bli eit godt alternativ!
Førde-spelar Thor Jørgen Spurkeland vart cupmeister med Brann i 2004. Den gongen var han 17 år og eit stort fotballtalent. I dag kombinerer han spel for Førde i 2. divisjon med jobb i barnehage.
Det er 32 år sidan sist Brann spelte cupkamp i Førde. Den gongen enda det 2-4.
Førde starta sesongen med 1-1 borte mot Fana, etter ei overtidscoring signert Vegard Savland. Brann opna Tippeligaen med 2-2-0 på sine fire første kampar. Dei to siste har enda med siger, og laget kjem til Sunnfjord med god tru om avansement til 2. runde.
Hei, og velkommen til livedekning av 1. runde i NM-Cupen, og til oppgjeret mellom Førde og Brann!