TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Sogndal vinn enkelt 5-0, og vi gratulerer T.A.Flo sine menn lykke til vidare på vegen mot Ullevaal!
Kamp slutt Slutt (0-5)
90+2'
Leander Høyvik går i bakken i feltet, men fell nok litt lett. Dommar Søgnen vinkar spelet rett vidare.
90+1'
Då er vi på overtid.
89'
Nær 6-0, men Sergio får den unna i Florø-forsvaret.
86'
Kruger slår inn - over heile feltet.
85'
Gult kort
Legg Ørjaseter i bakken.
85'
Sogndal prøver seg med eit innøvd frispark variant. Må heim og øve meir. Lykkast ikkje.
84'
1419 tilskodarar såg lokaloppgjeret mot Førde sist. 310 er talet i dag. Skuffande få.
80'
Då har begge lag gjort mange byter. Florø-angripar Nelsinho måtte stå over mot Førde sist, men er tilbakeog får dei siste minuttane her.
79'
Spillerbytte
78'
Fem ulike målscorarar for gjestene i dag. Og det kjem nok kanskje eitt eller to mål til.
77'
Berre eitt lag på bana no.
74'
Spillerbytte
73'
Sogndal-trenar Flo er nok meget nøgd med slik kvelden har utvikla seg. Fått fordelt speletid på troppen sin, i tillegg til at seieren aldri har vore truga.
70'
Micheal ligg nede for telling, men reiser seg ganske kjapt.
69'
Mål!
0-5
Micheal dreg seg fri frå venstrekanten. Legg inn til Kryger som får stå umarkert bak i feltet. Han breisider inn enkelt 5-0.
68'
Spillerbytte
67'
Mål!
0-4
Grønner finn Hoven som er på løp inn i feltet. Han avsluttar på direkten - rett i buret.
67'
Det ser ikkje ut som det blir noko cupbombe her i Florø i år, slik tilfellet har vore fleire gonger tidlegare. Sogndal har god kontroll, og T.A.Flo på benken har vel nær kvilepuls.
64'
Sogndal står høgt med laget sitt, og gjer det vrient for vertene å få til noko som helst her.
62'
Spillerbytte
62'
Spillerbytte
62'
Spillerbytte
60'
Grønner er først på eit innlegg med pannebrasken. Utanfor.
60'
Vertene sin benk tel 9 mann. Framleis ikkje tatt i bruk.
58'
Svensson med tidleg utspark i retning Dia. Men Sogndal får kontroll - igjen.
57'
Spelet er igang igjen.
56'
Sogndal-Lereng ligg nede for telling og det er stans i spelet.
54'
Sogndal gjorde fire bytter i pausen. Fin sjanse å få fordelt speletid i troppen her.
52'
Mål!
0-3
Blir spelt enkelt fri og set inn 3-0.
50'
Naustdal med takling på midten, og lukter på sitt andre gule. Dommaren vinkar spelet vidare og meiner ungguten er på ball. Nja.
47'
Sogndal fekk den avslutningen på første omgang som dei hadde håpa. 2-0 skal vere trygg leiing mot svakare motstand.
46'
Spillerbytte
46'
Spillerbytte
46'
Spillerbytte
46'
Spillerbytte
46'
Då er vi i gang med siste omgangen.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Vi er klare for siste 45 minuttane.
Dommar Søgnen bles av etter første 45 minuttane. Oppskriftsmessig leiing til gjestene. Florø har hatt ein stor sjanse, elles har alt handla om Sogndal her.
Slutt 1. omgang Pause (0-2)
45'
Hjørnespark
Blir rydda unna.
45'
Grønner skyt frå 10 meters hald, men skotet blir blokkert til corner.
44'
Utifra spelet er det fullt fortent at Sogndal doblar leiinga si.
43'
Mål!
0-2
Innlegg mot bakerste stolpe, og der set Nord ballen knallhardt via keeper og i mål!
43'
Skuffande få på tribunen her, med tanke på at Sogndal kjem på besøk til kystbyen.
40'
Fem minutt til pausesignalet. Sogndal framleis det beste laget.
39'
Hjørnespark
Keeper boksar ut - til innkast på motsatt side.
38'
Gult kort
Hindrar ein overgang og får eit gult kjeks.
38'
Nord prøver seg inne i feltet, men blir effektivt stoppa.
37'
Sogndal får frispark i fin posisjon. Kruger vil slå inn.
35'
Hjørnespark
Svensson får kontroll.
34'
Ser ut som Sogndal vil bruke minst mulig krefter her. Trillar ball og har kontroll, men skaper ikkje nok foran Florø-målet.
30'
Spesiell sjanse Florø og Liset fekk der for nokre minutt sidan. Ballen gikk altså rett i tverra og tilbake i ryggen på keeper! Det gir heimelaget håp om at dette faktisk er mogleg.
28'
Hjørnespark
Van der Spa får gå opp heilt upressa. Nikkar likevel like utanfor.
27'
Sogndal-trenar Flo må hjelpe Dia opp på beina att, etter at han går i bakken like utanfor benken. Fin gest!
26'
Vetås finn Liset, og han prøver langskot frå 25 meter! Ballen fyk i tverra, og i rygg på keeper. Ballen trillar roleg like utanfor! Kjempesjanse for Florø ut fra ingenting.
24'
Sogndal slit med å spele seg fram til dei heilt store sjansene. Likevel har dei kontroll på kampen så langt.
22'
Gult kort
Hindrar ein overgang.
21'
Frispark til vertene høgt oppe i bana. Vil likevel ikkje flytte opp luftskyts, og spelar ballen bakover på bana isteden.
20'
Florø spelte meget bra mot Førde sist. Men i dag slit dei med å halde ballen i laget - men så er motstanden også nokre hakk betre.
18'
Sogndal framleis med full kontroll. Ser ikkje heilt korleis Florø skal skape nok til å gi gjestene skikkeleg kamp her.
17'
Hjørnespark
Ufarlig.
17'
Hovland med fint kast heilt fram til Vetås inne i feltet. Får sin først corner.
16'
Sogndal tek ikkje så lett på dette oppgjeret, og stiller eit sterkt lag. Dei har rett nok sluppe til ungguten Sætren i mål.
14'
Florø med kontring, men Sogndal-forsvaret har full kontroll.
13'
Vetås driv oppover langs midtbana, men flikken videre frå Høyvik er ikkje allverden. Sogndal overtek.
12'
Framleis gjestene som har kontroll på kampen, men ikkje dei heilt store sjansene å skrive heim om.
10'
Skuffande få tribunen i dag! Kanskje publikum vart metta 16.mai, der over 1000 var på plass.
9'
Sogndal har opna kampen klart best her.
9'
Gjestene prøver seg igjen, men linjemann er oppe med flagget. Florø overtek.
7'
Mål på straffe!
0-1
Hoven set straffesparket i keeper sitt venstre hjørnet, men Svensson når ikkje opp! 0-1!
7'
Straffe!
6'
Hjørnespark
Får straffespark inne i feltet!
5'
Vi noterer kampens første sjanse til gjestene frå Sogn!
4'
Hjørnespark
Avslutning frå kort hald - like utanfor.
3'
No er det gjestene som tek gradvis over spelet.
2'
Vertane får låne ballen litt i opningsminuttet her.
1'
Florø tek avspark!
Avspark Start 1. omgang
Det nærmer seg kampstart i Florø!
Vi er tilbake med lagoppstillingar når det nærmar seg kampstart på palmekysten.
I 2018 var desse laga også i samme divisjon. Den gongen vann dei kvar sin bortekamp! Slik sett har ikkje Florø vore noko ønskemotstandar for Sogndal dei siste ti åra.
Sogndal gikk på årets første tap borte mot Start sist serierunde. Florø imponerte i sin 16.mai-kamp mot Førde, og vann 2-0.
Desse laga har møttest kvarandre ei rekkje gonger i NM-cupen. I 2012 vann Florø 3-0, med ein rekkje juniorspelarar på laget. Den gongen var dagens Sogndal-trenar Tore Andre Flo på laget, så han har nok ikkje særleg gode minnner når han er tilbake i gjestene sin garderobe i dag. I 2017 vart det på ny ei cupbombe då Florø vann 2-1. I 2021 var det duka for cuprevansje, då Sogndal vann 5-1.
Hei, og velkommen til cupkamp i Florø!