TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Då er det over! Florø vinner mot Viking, som då taper nok ein kamp på naturgras og truleg taper terreng i tetkampen.
Kamp slutt Slutt (3-2)
90+5'
Holder ballen i hjørnet, vinner innkast.
90+4'
Hjørnespark
Florø brukar tid.
90+4'
Himmelslusene har igjen opna seg i Florø.
90+3'
Mykje lemping frå Viking no, har flytta fram midtstoppar Andresson.
90+1'
Lagt til 5 minutt i Florø.
90'
Spillerbytte
88'
Hjørnespark
Blir kontring for Florø som renner ut i sanden.
87'
Spillerbytte
86'
Hjørnespark
Tar den kort til Callaku, som slår eit innlegg som går bak mål.
85'
Hjørnespark
Får eit nytt forsøk.
82'
Mål!
3-2
Innlegg frå Bytyqi finner Høiland ved første stolpe. Han følger læreboka og headar tilbake der ballen kjem frå og får den i mål. Fij hos Florø får ei hand på ballen, men klarar ikkje holde den ute.
81'
Gult kort
77'
Mål!
3-1
Ndour med si første involvering! Ein pasning slått mot eit løp frå Peter Aase finner vegen ut på kanten til Ndour. Han tek den med seg innover i bana og slår ein tunnellpasning inn på 3 meter, der Luc Jeggo kjem springande. Flott mål av Florø.
76'
Spillerbytte
76'
Spillerbytte
74'
Mål!
2-1
No skjer det fort her. Viking køyrer beinhardt på Florø si venstreside, får no betalt. Først er Hove litt seint ute når han prøvar å bryte. Florø får avverga først, men etter kvart finner ballen vegen til Tommy Høiland på 10-12 meter. Han setter ballen sikkert i mål i venstre hjørnet.
73'
Hjørnespark
Blir klarert.
73'
Sjansebonanza her no. Solheim-Olsen med sjanse frå 10 meter, men Wichne slr til med ei kjemperedning og slår til hjørnespark.
71'
Mål!
2-0
Florø holder ballen oppe ved Viking sitt mål. Det ser først ut som dei har køyrt seg fast, men etter kvart får Callaku sjansen på hjørnet av femmeteren og klinkar den i mål med venstrefoten!
70'
Viking med ein veldig kreativ frispark-variant for litt sidan, trenger nok litt tid på treningsfeltet før den sitter som den skal. Fekk dei berre ei kontring i mot ut av den.
67'
Spillerbytte
64'
Florø får ein kanonsjanse ved Solheim-Olsen, som var i offside utan å bli avvinka. Bør klare å få den ballen på mål, men den trillar ein meter eller to utanfor.
62'
Nytt frispark frå ca same posisjon som gav mål i stad, igjen er det Javashvili. Denne gongen plukkar Wichne greit.
62'
Viking og Vikstøl prøvar seg på venstresida, men Fij har kontroll.
58'
Selvmål!
1-0
Eit godt slått frispark frå Javashvili som har retning mot mål, der Nakkim ikkje har heilt kontroll og sender den i eige mål.
57'
Frispark til Florø på ca 30 meter, ute med sidelinja på høgresida. Javashvili legger den mot mål og Markus Lund Nakkim hos viking er sist på den.
56'
Gult kort
56'
I det påfølgande angrepet prøvar Ibrahimaj seg på å gå innover og avslutte med venstrefoten, men skotet blir blokkert.
53'
Hjørnespark
Endar med megasjanse for Solheim-Olsen! Hjørnesparket blir først heada ut av Bjørshol, før ballen kjem inn igjen til Solheim-Olsen. Har får kontroll på 5 meteren, men bommar på ballen når han skal avslutte mot mål.
53'
Moses Dyer setter fart mot 3 forsvararar, men vender heimover og tar med seg Peter Aase som avanserer til 20-25 meter og prøvar seg med eit skot. Wichne reddar fint.
50'
Moses Dyer med eit forsøk på heading for Florø, men treffer ikkje godt nok og får berre stussa ballen utanfor.
49'
Hjørnespark
Blir klarert til innkast.
48'
Tommy Høiland kjem seg innanfor 16 meteren til Florø, fiksar eit hjørnespark.
46'
Då er vi i gang med 2. omgang i Florø, foreløpig med dei same spelarane som før pause.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Pause i Florø, etter ein jamn omgang utan store sjansar. Florø har hatt ein del avslutningar, men bortsett frå eit hjørnespark har alle vore skot frå distanse som har gått over og utanfor. Viking kom meir med i kampen mot slutten av omgangen, men har ikkje fått til nokon skikkelige avslutningar.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
44'
Viking har tatt over litt no, har meir ball, men skapar ikkje veldig mykje dei heller.
43'
Viking med frispark på 30 meter, Furdal legger inn, men igjen blir Viking avvinka for offside, til hordene sin store frustrasjon.
42'
Høiland på veg igjennom, men blir avvinka for offside. Var marginalt.
41'
Furdal står og trippar i 16 meteren, men får ikkje sendt avgårde eit skot.
39'
Gult kort
Småampert eit lite øyblikk. Javashvili skyter ballen i reklameskilta og får gult kort.
31'
Hjørnespark
Endar med utspark frå Fij.
31'
Hjørnespark
Går til nytt hjørnespark.
30'
Tommy Høiland fiksar frispark på 17 meter. Blir skot som går over via muren.
30'
Peter Aase prøvar seg frå 17 meter, ballen trillar 6 meter utanfor.
28'
Det er Florø som er det førande laget, men Viking klarar å begrense dei til langskot.
24'
Aase spelt igjennom, men får ikkje ballen med seg mot mål. Spelar tilbake til Solheim-Olsen som drar til frå distanse, langt over.
22'
Florø med nytt forsøk frå distanse. Callaku denne gongen frå ca 20 meter, men Wichne henger med.
21'
Viking med sitt første skikkelege angrep på ei stund. Endar med at ballen trillar inn til Fij i målet, utan at det blir ei skikkeleg avslutning.
15'
Runar Hove med forsøk frå distanse, går over og utanfor.
13'
Solheim-Olsen vinner frispark 15 meter inn på Florø sin halvdel.
11'
Hjørnespark
Nære for Florø! Hjørnespark frå Javashvili inn foran mål, såg ut som Runar Hove var på den.
11'
Viking pressar høgt når Florø prøvar å spele seg ut bakfrå.
8'
Det var Solheim-Olsen som avslutta for Florø frå ca 17 meter.
7'
Hjørnespark
Ny avslutning frå Florø, går til corner via stolpen. Hjørnesparket blir det ikkje noko ut av.
4'
Runar Hove drar fram sin beste Rune Bratseth-imitasjon! Vinner ball på eigen halvdel og setter fart framover, ingen på Viking klarar å stoppe han, men avslutninga står dessverre ikkje i stil med raidet.
2'
Florø går til verket med høgt press i opninga, vil styre i starten.
Avspark Start 1. omgang
I det vi er klare til avspark opna himmelen seg over stadion. Viking tar avspark i 1. omgang ved Tommy Høiland.
Vikinghordene er representert i Florø og er ganske klare på at dei skal vinne OBOS.
Viking-trenar Bjarne Berntsen har sett litt nervøs ut i tida før kamp. Han er nok veldig klar over at Viking har tapt alle kampar dei har spelt på naturgras i år. I Cupen rauk dei 0-1 mot Bryne og i serien har dei tapt mot Jerv, Nest Sotra og Sandnes Ulf, som alle spelar på naturgras.
På tabellen ligger Viking likt med Aalesund og Mjøndalen på 49 poeng på toppen av tabellen, der dei to øvste plassane gir direkte opprykk til Eliteserien. I den andre enden har Florø 4 poeng opp til kvalifiseringsplassen som Strømmen innehar før dagens runde.
Då er vi snart klare for kamp i Obos-ligaen frå Florø Stadion. I dag er det storklubben og topplaget Viking som er på besøk. Kampen i dag er ein nøkkelkamp for begge laga, som kjempar i kvar sin ende av tabellen. Florø fekk ein resultatmessig opptur sist med 3 poeng borte mot Nest Sotra. Viking slo Sogndal i Stavanger i forrige serierunde og har no tre strake sigrar.