Referat
Kun høydepunkter
Florø vinn fortent 3-0. Dermed held Frenderup nullen bakover i sin sjuande kamp på dei ni siste oppgjera! Tre kampar står att av årets 2. divisjon. Følg innspurten i Firda-liven! Takk så langt.
Kamp slutt Slutt (3-0)
90+1'
Det er lagt til to minutt.
90+1'
Florø styrer mot tre poeng etter nok ein godt gjennomført kamp.
80'
Kjempesjanse for Florø! Husa slår inn i feltet, og Aase får styrt innlegget på mål. Der leverer Falch ei meget god redning.
77'
Frispark til VIF. Stengel skyt frå over 30 meter. Håpløst forsøk.
72'
Florø berre køyrer på, og jaktar bedre målforskjell enn rivalane Nest Sotra.
67'
Aase i bra driv over halve bana. Finn Kupen som avsluttar aleine med keeper, men Falch reddar!
66'
Kupen tek seg sjølv, men svakt utført av målmaskina.
65'
Kupen får frispark i fin posisjon. 22 meter unna målet til Falch.
62'
Florø nærmare 3-0 enn det VIF er 2-1.
60'
1320 tilskodarar ser kampen. Med kampstart 1500! Imponerande!
56'
Nedrebø er lei av at Rashad får herje som han vil. Dreg han i trøya. Nær det gule kortet.
55'
Framleis Florø som har full kontroll på denne kampen. Gjestene har lite å bidra med.
52'
Aase gir til Rashad som skyt. Falch leverer ei meget fin beinparade!
50'
Dette var Kupen sitt 24. mål i 2. divisjon denne sesongen.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Spelarane tilbake på bana. Straks 2. omgang.
Laga går til pause på stillinga 1-0. Fortent utifrå spel og sjansar. Velkommen tilbake om litt.
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+3'
Mot Nest sist helg scora VIF2 like før pause. Skal det skje i dag igjen?
45+1'
Peter Aase dreg seg inn i bana og skyt. Rett i blokka.
45+1'
Det er lagt til tre minutt. Grunna skaden til Runar Hove.
45'
Husa blir att oppe på venstrekanten, og sender Rotihaug ned på venstreback. God grunn til å vere sliten Husa, har jobba meget bra dei første 45.
44'
Nærmar seg pause. VIF forsvarer seg godt denne omgangen.
42'
Solheim Olsen fyrer frå 35 meter. Over! Høgt over!
40'
No sel dei is på tribunen. Sommar i oktober på palmekysten.
40'
Kupen leverer til Rashad som set igang eit dribleraid. Har blir stogga.
39'
VIF har ikkje allverden å komme med akkurat no. Florø har grei kontroll.
37'
Viktig scoring for Florø, som ikkje fekk det heilt til å fungere dei siste 20 minuttane før scoringa.
32'
Vik går over på høgreback, Reksten inn som midtstoppar og Rotihaug inn på venstrekanten.
31'
Midtstoppar Hove legg seg ned, og Rognsø er tvungen til å gjere byte.
28'
Hove haltar endå. Spørst om Rognsø kjem til å gjere eit byte snart. Spår Hollevik inn på høgreback, og Reksten inn som midtstoppar. Alternativt kan vel Vik spele back også.
27'
Blir ingen enkel kamp for Florø dette.
25'
Sittetribunen er no full, og vi har passert 1200 tilskodarar. Meget bra i 2. divisjon!
24'
Rashad slår inn frå høgrekanten, men Kupen når akkurat ikkje fram!
24'
Stor applaus i det Hove bit i seg smertene, og er tilbake på bana!
24'
Midtstoppar Hove hinkar av bana. Tydeleg vondt i høgrefoten.
23'
Runar Hove ligg nede for telling for heimelaget. Har tydeleg vondt.
22'
Kjempesjanse for Florø! Stefan Aase snappar opp heilt nede ved dødlinja. Han dreg seg innover i feltet og slår ut til Rashad som avsluttar frå tre meter. Rett på keeper!
21'
Oppspel til Kupen som flikkar den vidare med hælen. VIF avklarar til innkast.
20'
Etter at Florø opna klart best, har kampen jamna seg ut.
20'
Castro prøver skotfoten, rett på Frenderup.
18'
Husa slår gjennom Kupen, men keeper Falch er raskt ute og får kontroll.
18'
Ikkje dei heilt store sjansane å melde om så langt.
15'
Gjestene får kjenne litt på kula. Florø legg seg lavare i bana.
13'
Reksten klinker til frå 20 meter. Langt utanfor frå høgrebacken.
13'
VIF prøver seg, men Frenderup snappar opp. Keeperen set raskt igang til Husa. Han kombinerer fint med Kupen, men Florø får berre innkast.
10'
Husa slår inn i feltet, men VIF ryddar unna. Heimelaget har opna klart best.
8'
Rashad dreg seg fri inne i feltet og skyt! Ballen går via eit VIF-bein og til innkast.
6'
Heimelaget festar grepet om kampen dei første minuttane.
6'
Kjem gradvis fleire og fleire på tribunen.
5'
Husa med heil volley frå 18 meter. Får ikkje skikkeleg treff, og har retning hjørneflagget.
4'
Kupen får frispark imot. VIF tek det hurtig og slår i bakrom. Der les Frenderup spelet godt, og snappar opp.
3'
Fin sjanse for Florø! Rashad er nære frampå inne i feltet, men VIF slepp med skrekken der.
3'
Kupen legg inn frå høgre, men VIF-forsvaret får ballen unna.
2'
Mykje folk på tribunen i dag. SFO stiller med 250 små og store. I tillegg har mange hundre reist tidleg frå jobb i dag, for å få med seg denne kampen. Nær 1000 totalt vil eg tru.
Avspark Start 1. omgang
Då er laga klare, og vi ser at midtbana og angrepet til VIF er bra. Mange der med fleire kampar for A-laget. I tillegg er keeper Falch ein rutinert herremann på dette nivået.
Florø må klare seg utan Erlend Hove som fekk seg ein trøkk i skuldra i førre kamp.
Gjestene stiller så sterkt som dei kan til dagens kamp. Gårsdagens benk mot Rosenborg sette kursen rett til Florø, for å ta del i dette viktige oppgjeret. Hovudtrenar Rekdal venta til det 80. minutt for å gjere sitt første byte i går. Var det for å spare innbyttarane til i dag?
Hei, og velkommen til FIRDA si liveoppdatering av oppgjeret Florø - VIF 2!