Referat
Kun høydepunkter
Kampen er slutt, og Florø sikrar seg eitt poeng på overtid. Ingen god kamp frå heimelaget, og skal vere nøgde slik oppgjeret utvikla seg. Ingen god stemning på gjestene sin benk etter kampslutt, som hadde tre poeng langt nede i lomma. Takk for følget, og velkommen tilbake!
Kamp slutt Slutt (1-1)
90+4'
30 sekund att.
90+4'
Utpspark frå keeper. Bruker god tid.
90+3'
Kupen prøver seg inne i feltet. Forsøket blir blokkert.
90+3'
To minutt att. Er nok for lite tid for heimelaget.
90+2'
Runar Hove er flytta opp som spiss no.
90+2'
Florø slår langt, men får ikkje avslutningar på mål.
90+1'
Det er lagt til fire minutt.
89'
Aabrekk får sjansen på 12 meter, men skotet blir blokkert!
88'
Florø jakter 1-1 no.
86'
TUIL-trenar Gaute Helstrup har snart mista stemma.
84'
Gjestene kjem tre mot to, men utnyttar det meget svakt. Utspel frå keeper.
83'
Ser ut som gjestene har full kontroll. Florø slit med å skape dei heilt store sjansane.
82'
Husa med eit innlegg som går rett i klypene på keeper. Får nok ikkje skryt frå Høydal på neste middag.
80'
Peter Aase skyt frå distanse. Over!
79'
Heilt stille på stadion no.
78'
Stefan Aase driblar seg ut av eigen sekstenmeter. Får fripsark.
77'
Benmoussa prøver å gå gjennom to TUIL-spelarar. Det er det førebels ingen fotballspelarar som enno har klart.
74'
Gjestene har levert ein god kamp i dag, så ikkje ufortjent at dei scorer.
69'
Aabrekk og Aase skal begge inn for Florø.
67'
Lysvoll skyt frå 11 meter - Frenderup reddar!
66'
Lysvoll har snart stått i ti minutt på sidelinja for å komme inn. Blir vel snart kald, står akkurat i skyggen også.
65'
No er det hiaka-hoaka-fotball utpå her.
63'
Florø pressar på, og er det beste laget akkurat no.
61'
Lysvoll rekk ikkje børskarakter likevel. Synd.
61'
Fin sjanse for Florø! Ndour og Kupen kolliderer, ballen blir liggjande fri. Aase snappar opp kula og slår inn i feltet att. Der avklarar TUIL-forsvaret rett før Benmoussa skal sette inn 1-0.
58'
Håvard Lysvoll skal inn for gjestene. Då rekk du børsen.
56'
TUIL sin reservekeeper Mikkelsen går i garderoben. Må truleg på do.
54'
Lysvoll i offside - igjen.
53'
Peter Aase bryt på midten og stormar framover. Han avsluttar frå 16 meter, men skotet går til side for mål.
52'
Husa med fleire svake innlegg dei siste minuttane. Må heve seg heimelaget om det skal bli deira sjette strake heimeseier.
49'
Hove med feilpasning i eige forsvar. Blir etterkvart redda av Jeggo som legg inn ei takling i feltet.
48'
Hove som fekk gult kort i første omgang må dermed sone neste kamp.
47'
Heimelaget har tydlegvis fått kjeft i pausen. Opnar friskt det første minuttet i alle fall.
46'
Florø tek avspark.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Florø-laget er tilbake på bana. Nærmar seg avspark for dei siste 45 minuttane.
Laga går til pause på stillinga 0-0. Svak omgang av Florø, medan TUIL har vist seg fram frå ei positiv side desse 45 minuttane. Kampen er vidopen - følg difor med også i andre omgang!
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
44'
Stor sjanse for TUIL! Frisparket blir slått inn i feltet, og Ahamed avsluttar med hovudet frå to meter. Frenderup må likevel ut i full strekk for å redde! Corner.
43'
Nærmar seg pause. Er nok i Florø-garderoben det er mest å snakke om.
40'
Lindquist med eit godt innlegg frå høgrekanten, men ingen av medspelarar når fram i tide. Får likevel applause frå heimefansen og trener Rognsø. Bedre takter frå heimelaget no.
39'
Lysvoll blir nok ein gong spelt gjennom. Han vippar ballen over keeper, men ikkje i retning mål. Frenderup får til slutt plukka opp.
36'
Utan tvil Florø sin største sjanse så langt.
36'
Kupen blir spelt gjennom, og spissen vippar ballen over keeper - og i nettveggen!
34'
Husa skyt frå over 30 meter! Keeper slår til corner.
34'
Florø med eit skot på mål så langt denne omgangen, og slit med å skape sjanser mot eit kompakt TUIL-lag.
31'
Husa går ned for telling. Held seg til hvoudet etter knuffing med Ahamed.
30'
Florø betre med no.
27'
Tromsdalen-trener Gaute Helstrup heldt seg til hovudet i det hjørnesparket skulle komme. Frykter tydlegvis Florø på dødball.
24'
Solheim Olsen vippar ballen gjennom, men keeper snappar den opp like foran Kupen! Florø sin toppscorar vil ha fleire slik ballar, for han gir tommel opp for pasningen.
22'
Lysvoll nok ein gong i offside. Denne gongen er linjemann tidleg oppe med flagget, og han får applaus frå heimepublikum for innsatsen.
22'
TUIL har alle sine tre utespelarar i oppvarming.
20'
Dette kampbildet var det nok få som hadde spådd på førehand. Gjestene styrer alt utpå matta her no.
20'
Kupen er på veg gjennom, men midtstoppar Vibe kjem skliande i stor fart og stoppar måltjuven!
19'
Tromsdalen som har opna best i dette oppgjeret.
18'
TUIL-benken er rasande, når linjemann venter 5 sekund før han løfter flagget. Lysvoll heilt aleine med keeper og det ville nok blitt 0-1.
16'
Rashad Mohammed er observert på stadion. Han forlot Florø i sommar til fordel for Sarpsborg.
15'
Ndour med skotforsøk frå 19 meter. Rett på keeper!
14'
Lysvoll blir spelt fri, men er i offside. Nesten der for TUIL.
13'
Framleis gjestene som har mest ball og styrer spelet her i sommarsola.
11'
Ein svær laks er plassert bak målet til Frenderup. Den er nok ikkje ekte.
9'
Florø let Tromsdalen styre mykje av banespelet så langt.
9'
Kjæve plukkar opp ballen på 20 meter og skyt. Rett på keeper Frenderup!
7'
Lang ball i retning Ndour. Han tek ballen ned på brystet inne i feltet, men får ikkje lagt inn før ballen er over dødlinja.
5'
Matland prøver seg med ein krossball, men kula sklir av foten i det han skal slå. Heilt inn til Frenderup.
5'
Kupen er nære på å bli spelt gjennom, men pasningen er for hard. Keeper har kontroll.
4'
Jamn opning på kampen dei første minuttane.
4'
Solheim Olsen med kampens første avslutning. Over frå 20 meter!
1'
Gjestene tek avspark!
Avspark Start 1. omgang
Laga på veg inn på bana!
Publikum strøymer til stadion, men på bortefeltet er alle setene ledige.
Kjem tilbake med lagoppstillingar og meir informasjon når det nærmar seg kampstart.
Verdt å merke seg at Florø står med statistikken 20-2-1 på alle sine heimekampar i perioden 1.juni - 1. november i sesongane 2015, 2016 og så langt i 2017. Til samanlikning er dei tilsvaranda tala frå sesongstart og fram til 1. juni 3-7-3 på desse tre åra. Dei som vil prøve seg på ei tolkning av desse tala kan sende dei til @AsgeirArdal på Twitter!
Sivert Amland er dagens pipeblåsar. Han er den dommaren i OBOS-ligaen med flest gule kort per kamp så langt denne sesongen. Med 55 kort på 13 kampar gir han i snitt over fire gule per kamp. Så gjenstår det å sjå om det kjem til å smelle like mykje her i dag!
Gjestene står med 1-4-5 på sine bortekampar denne sesongen, og einaste seieren kom altså mot Arendal. Som venta er det på heimebane Tromsdalen tek mesteparten av poenga sine. Men i førre bortekamp vart det 2-2 mot Start, noko som kan gi laget håp om å ta alle poenga mot Florø.
Florø opna sesongen på heimebane med 0-3-2 på sine fem første kampar. Dei neste fem har alle enda med seier, og laget frå Palmekysten har blitt den store overraskinga i norsk fotball denne sesongen.
Hei, og velkommen til livedekning frå oppgjeret Florø - Tromsdalen!