Referat
Kun høydepunkter
Oppsummering
Sogndal tek seg lett vidare til 2. runde i NM-cupen. Det var spenning på 0-0 og 1-1. Ellers var det Sogndal som eigde kampen slik dei ville. Fortent utifrå spel og sjansar. Vi takkar for følget og ynskjer gjestene lykke til på vegen mot Ullevaal.
Kamp slutt Slutt (1-5)
90'
Er ingen grunn til å leggje til noko her, sjølv om det har vore ein del spelarbytte. Det blir ingen cupbombe her.
90'
Lereng slår inn, men Brahimi avklarar til innkast. Sogndal held oppe trøkket.
87'
Lite som skjer akkurat no. Sogndal let Florø trille meir ball no enn tidlegare i oppgjeret.
85'
Liset langt nede på eigen banehalvel og køyrer nok kroppsfinter. Spelar seg fint ut der, Florø.
82'
Innbytar Høyvik med fint innlegg, men ingen Florø-spelarar når fram. Berre nesten.
81'
Under 10 minutt att no.
80'
Fint forsøk frå Nelsinho det. Har i alle fall namnet på plass for å lykkast som fotballspelar.
79'
.. like utanfor!
79'
Frispark i fin posisjon for Florø. Nelsinho vil prøve lykken..
78'
Norddal viser seg fram, i det han får ballen på 12 meter. Vender og skyt - like over!
75'
Speaker opplyser om dagens tilskodartal: 325.
73'
Nord med ein fin sjanse for Sogndal! Keeper Raniowski leverer ei flott redning nede i hjørnet på skotet frå 16 meter.
71'
Nelsinho skyt frå 30 meter. Langt utanfor. Fekk lykketreff frå same avstand i ein treningkamp før sesongstart.
71'
Friske bein inn på bana, så får vi sjå om det gir ekstra liv i kampen siste 20 minuttane.
68'
Nelsinho er nære på for Florø, men får ikkje kontroll på ballen når han blir spelt gjennom. Vi noterer ein halvsjanse.
67'
Enok Naustdal skal inn for Florø.
67'
Fin sjanse for begge lag no til å gi fleire spelarar sjansen. Tett kampprogram for Florø i det siste, og ny kamp ventar mot VIF2 på tysdag.
66'
Adams nære frampå, men keeper kastar seg fram i beina på spissen og får kontroll.
63'
Florø-trenar Gonçalo Pereira fekk altså sin første seier i 1. runde i NM-cupen mot Årdal. Har vore ein tung sesongstart for den portugiske trenaren.
61'
Gjerstad må ut på sidelinja, men ser ut som han vil halde fram.
60'
Bjørnebye legg Gjerstad i bakken. Frispark til heimelaget.
57'
Ser ut som Sogndal er godt nøgde med 4-1, og ser nok mest fram til en liten friperiode - før haustsesongen tek til.
55'
Florø får låne kula litt no.
55'
Det blir Makela som tek det, men Sogndal får rydda unna til innkast ved hjørneflagget.
54'
Bjørnebye lagar frispark like utanfor sekstenmeteren. Husa ville nok ha lada venstrefoten her, men det blir anten Makela eller Larsen.
52'
Både Rosø og Liset kom frå Bremanger før denne sesongen. Har vore eit langt steg frå Kretsligaen til PostNord-ligaen for unggutane, men duoen har klart seg bra i dag. Jobbar på!
51'
Svakt utført, og Sogndal overtek.
50'
Solskjær legg Nelsinho i bakken. Frispark i fin posisjon til heimelaget.
49'
Andre omgang opnar slik den første var. Gjestene har ball og styrer spelet.
47'
Kupen liker seg på Florø stadion, men i dag har det ikkje lukkast heilt for den tekniske målscoraren.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Florø skal gjere to byter.
Det er straks klart for 2. omgang.
Der er første 45 minuttane unnagjort. Det blir nok ingen cupbombe på Florø stadion i år. Sogndal har vore klart best, og Florø scora sitt eine på ein corner. Vi er tilbake med siste 45 minutt etter litt kaffi og sjokolade.
Slutt 1. omgang Pause (1-4)
45+1'
Liset viser seg fram og får applaus frå heimepublikum. Dreg seg fint fri på 23 meter, men skotet går dessverre for han og Florø langt over.
44'
Sogndal-benken ser meget konfortable ut på sidelinja no. Liker det dei ser.
43'
Nærmar seg pause her i Florø. Blir nok ikkje lagt til noko her.
40'
Steinset får frispark imot seg på midtbana for heimelaget. Født i 2005, og er dermed kampens yngstemann!
40'
Nok ein gong er Valsvik tøff i ei takling. Også denne gongen slepp han unna det gule kortet.
38'
Hamde slit med å avklare eit innlegg, men keeper Raniowski snappar opp. Florø kan starte bakfrå.
37'
Sogndal har full kontroll på kampen. Trillar ball, gjer som dei vil utpå graset akkurat no.
35'
Bjørnebye og Valsvik som styrer midtbana til Sogndal. Har klart seg greitt begge desse to, i Mannsverk sitt fråvær.
33'
Halvtimen er passert, og oppskriftsmessig er Sogndal i føringa. Fortent, utifrå spel og sjansar.
31'
Sola skin på Palmekysten, sjølv om det bles godt. Jakke og solbriller er rett antrekk no.
30'
Gjestene held fram med å styre kampen. Vil han meir her, Bakke sine menn.
27'
Fin sjanse for Sogndal. Ballen går inn feltet, før Valsvik får sjansen får 12 meter. Han avsluttar, men skotet blir blokkert.
27'
Gjestene får nok betre matching enn dei kunne tenke seg her. Sjølv om Florø ikkje skapar særleg med målsjansar, er det framleis spenning så lenge det står 1-1.
25'
Ser ut som Omerovic skal riste av seg skaden han fekk tidleg.
23'
Framleis Sogndal som styrer spelet her.
21'
Ingen tvil om at den scoringa var etterlengta for Florø-laget som har slitt i serien i år. Heile laget var samla for å feire 1-1 målet.
15'
Vertane har sendt fleire mann i oppvarming. Kan bli vrient for Omerovic å halde fram her.
14'
Sogndal har enno ikkje skapt en målsjanse her. Går nok ikkje lenge før trenar Bakke må heve stemma.
13'
Skuffande få tilskodarar på stadion i dag. Det er ikkje same entusiasmen for fotball i kystbyen no, som for nokre år sidan.
11'
Altså, Sogndal har klart mest ball. Så er det sagt! Men vertane blir på ingen måte spelt ut innleiingsvis.
10'
Er på ingen måte noko stor skilnad mellom laga - enno.
10'
Liset og Florø kjem med kampens første avslutning! Skotet endrar retning, men keeper har grei kontroll.
9'
Framleis usikkert om midtbanegeneralen til Florø kan halde fram kampen. Sit framleis på sidelinja og får behandling.
9'
Trenarane nyttar høve til å gi nokre beskjedar medan Omerovic får hjelp ut av bana.
8'
Omerovic ligg nede for telling, nede ved eige hjørneflagg. Viktig spelar for heimelaget, så får håpe han reiser seg att.
7'
Valsvik legg Makela i bakken. Hadde vore gult etter kvilen denne, men får berre kort tilsnakk.
6'
Makela prøver å finne Liset, men angriparen får ikkje kontroll. Berre nesten for Florø.
5'
Framleis Sogndal som har kontroll på banespelet her. Og fremst er det Kupen som jaktar scoringar mot gamleklubben sin.
4'
Valsvik prøver å finne Hoven i bakgrom, men vertene får kontroll.
4'
Ingen spelarar att på bana frå sist desse laga møttest.
2'
Florø får låne ballen litt, men er for upreise og Sogndal overtek.
2'
Det har blitt vatna på graset før kampstart. Det liker nok gjestene, som dermed kan få litt meir fart på kula.
1'
Sogndal tar styringa med det same. Det er nok slik kampbilete vil bli sjåande ut, vil vi tru.
1'
Kampen er i gang, og det er gjestene som tek avsparket.
Avspark Start 1. omgang
Spelarane på veg ut på bana. Nærmar seg kampstart!
Laga er godt i gang med oppvarminga. Strøken grasmatte ventar spelarane, og temperaturen er rundt 20 grader. Perfekte forhold!
Vi kjem tilbake med lagoppstillingar når det nærmar seg kampstart i Florø.
Florø har henta keeper nummer tre for sesongen. Matias Finnestrand er klar for klubben att, som han var på lån på hausten i 2020-sesongen. I fjor fekk han åtte kampar i Florø-drakta, der han heldt nullen i tre av kampane.
Sogndal gjennomførte treningsøkt på Hafslo på gras i forkant av denne kampen, og tek nok oppgjeret på alvor. Gjestene har ferie i serien til 18. august etter dette oppgjeret, medan Florø allereie på tysdag tek imot VIF 2 her på Florø stadion.
Sogndal har fått mykje omtale den siste veka, etter at Sivert Mannsverk er seld til Molde. Han må difor følgje cupkampen til gamlelaget sitt via denne livesendinga denne gongen.
Desse laga har møttest nokre gonger dei siste åra. I 2012 vann Florø heile 3-0 over Sogndal i første NM-runden, medan dei i 2017 slo ut Sogndal etter 2-1. I 2018 møttes desse laga i 1. divisjon og vann kvar sine kampar på bortebane.
Hei, og velkommen til 2. runde og NM-cup mellom Florø - Sogndal!