TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Det sluttar altså 1-3, der Sandnes Ulf knapt har ei skikkeleg avslutning mot mål, men likevel scorer tre mål. Eit sjølvmål, eit hjørnespark som går rett i mål og ei snapping av eit tilbakespel med påfølgande avslutning var nok. Florø på si side hadde nok av sjansar og forsøk, men klarar ikkje få ballen i mål. Spesielt Solheim-Olsen sin sjanse i starten på 2. omgang var av det store slaget. No skal det nok mykje til for at OBOS-eventyret skal halde fram i Florø.
Kamp slutt Slutt (1-3)
90+3'
Lufta gikk, ikkje heilt unaturleg, ut av Florø etter 1-3.
90+2'
Sandnes Ulf får frispark ved det venstre hjørneflagget til Florø. Brukar det til å hale tid.
90+1'
Spillerbytte
88'
Spillerbytte
86'
Spillerbytte
85'
Mål!
1-3
Reksten bommar på eit tilbakespel, Danso snappar og setter elegant inn 3-1 for Sandnes Ulf!
85'
I det eg skreiv forrige melding brann Florø endå ein stor sjanse, til Rognsø sin frustrasjon.
83'
Runar Hove er flytta fram som spiss for Florø. Dei spelar for livet som OBOS-klubb no.
82'
Florø-målvakt Fij med si første ballberøring på minst 10 minutt.
82'
Husa med heading etter ein dødball, i nettveggen!
81'
Kleppa gjer seg klar på Sandnes-benken.
80'
Fij i Florø-målet sliter med å holde varmen.
77'
Hjørnespark
Blir klarert.
77'
Frenderup får stadig bruke god tid på utsparka sine, til Florø-trenar ROgnsø sin store frustrasjon.
76'
Holmvik raskt inne igjen, men ser ut til å ha det vondt.
75'
Holmvik nede for Ulf, haltar seg utanfor linja saman med medisinmannen til Ulf.
74'
Spillerbytte
74'
Frenderup med ny redning, denne gongen på eit kombinert innlegg/skot frå Javashvili. Det er nesten dansken mot Florø no.
72'
Innkastet spretter inn til Johannesen, som prøvar seg på eit brassespark, men igjen står Frenderup i vegen.
71'
Kristian Brix ligger nede for Ulf, etter at han blei skoten ned på 25 meter. Ballen gikk til innkast, der Florø skal kaste langt.
70'
Ny nesten-sjanse for Florø! Eit innkast blir stussa til bakerste stolpe, der ein forsvarar akkurat får ei tå på ballen før ein Florø-spelar!
68'
Hjørnespark
Over alt og alle og til utspark.
68'
Johannesen med skot frå 16 meter, går via forsvarar til hjørnespark.
67'
Gult kort
Springer avgårde med ballen etter at dommaren har blåst.
67'
At Sandnes Ulf ledar denne kampen er nesten utruleg. Dei har ikkje bidrege med noko som helst i 2. omgang og har gjennom heile kampen knapt hatt skot på mål. Likevel ledar dei 2-1.
65'
Nytt innoverskrudd innlegg frå Javashvili, men verken Solheim-Olsen eller Johannesen når fram til ballen.
62'
Hjørnespark
Slår som Holmvik mot nærmaste stolpe, der det nesten ser ut som ein Florø-spelar hindrar ballen i å gå over linja. Blir iallfall utspark.
62'
Reksten vinner frispark ved sidelinja på 25-30 meter. Javashvili legger den inn rett mot mål. Frenderup får såvidt slått til hjørnespark!
58'
Spillerbytte
57'
Reksten ligger nede for Florø. Vil vere eit stort tap for heimelaget om han må ut, har vore god i dag. Han er på beina igjen!
52'
Solheim-Olsen spelt igjennom! Får avslutte ganske upressa frå 10-12 meter, men ballen trillar utanfor målet til Frenderup!
51'
Reklameskilta går i bakken rundt heile bana no. Friskt vestlandsvér i Florø.
50'
Frenderup får beskjed av dommar om å få opp farten på utsparka sine.
50'
Badou og Johannesen med to dårlige forsøk på avslutning.
49'
Florø vil tvinge Frenderup og Ulf til å måtte sette i gang langt, veit at ballen truleg detter ned på 30-35 meter.
48'
Avslutning frå Solheim-Olsen frå 16 meter, høgt over. Bør kunne klare å få den på mål.
47'
Florø spelr seg fint fram til ein nesten-sjanse for Solheim-Olsen, men førsteberøringa sender ballen utanfor kortlinja og til utspark.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Då er laga på bana igjen. Sidan dei tok pause har også regnet kome på plass på Florø Stadion, så no har vi både regn og vind.
Strømmen har slått HamKam 3-2 i kampen som starta 15.00. Det vil seie at Florø har 7 poeng opp til kvalifiseringsplassen om dei taper i dag.
Og der bles dommaren for pause, etter ein omgang der Florø har styrt det meste, men likevel ligger under 1-2.
Slutt 1. omgang Pause (1-2)
45'
Gult kort
45'
Gult kort
Slepper unna med gult, kanskje noko heldig.
45'
Solheim-Olsen blir takla av Vorthoren. I etterkant oppstår det bråk. Endar med gult kort til begge to.
41'
Florø får frispark på 18 meter. Johannesen legger ballen til rette. Christer Husa har også stilt seg opp. Det blir Johannesen, som sender ballen over, via tverrliggaren. Ein meter lenger bak og det hadde stått 2-2. Godt forsøk frå spissen.
40'
Sterk vind ved Florø sitt mål. Alle reklameskilt bak mål er måst over ende. Ikkje like sterk hos Frenderup på motsett side.
38'
Fij med utspark som blir tatt av vinden. Ballen detter rett ned på 30 meter.
37'
Florø vinner frispark ute med sidelinja på høgresida på ca 20 meter. Aase og Javashvili med ballen. Javashvili sender den over alle og til utspark.
35'
Det er stort sett Danso på venstrekanten som står for det som skjer framover for Sandnes Ulf.
34'
Sæternes vil ha laget sitt høgare i bana, men Florø spelar av presset fint.
33'
Hjørnespark
Igjen mot første stolpe, men Florø får ballen unna.
32'
Johannesen mykje involvert i dag. Nytt oppspel som han vidareformidlar til Solheim-Olsen, men skotet blir blokkert.
30'
Florø står ved enkelte tilfelle veldig høgt med forsvaret sitt, utan at presset på ballførar er veldig bra. Det kan bli farlig om dei ikkje gjer noko med det.
27'
Mål på straffe!
1-2
Setter straffa nede til venstre for målvakt Frenderup.
26'
Straffe!
Johannesen får eit oppspel som han tek med seg ut mot sida. Streifar akkurat innom hjørnet på 16 meteren til Sandnes Ulf, der han blir takla. Etter å ha konferert litt med linjemannen sin peikar dommar Skogsrud på straffemerke.
26'
Ulf forsvarer seg med 10 mann frå 35 meter og inn. Lar Florø styre.
24'
Fryktelig start på kampen for Florø, som har sleppt inn to mål utan at motstandar eigentleg har hatt eit skikkeleg skot på mål.
22'
Mål!
0-2
Holmvik skrur hjørnesparket mot første stolpe og ballen går rett i mål. Får muligens litt hjelp av vinden, men ikkje heilt patent av Fij i den situasjonen.
21'
Hjørnespark
21'
Hjørnespark
Igjen mot første stolpe, der Florø vinner duellen.
21'
Patrik Johannesen har hatt litt problem med å stokke beina og å få kontroll på ball innanfor sektstenmeteren i dag.
19'
Bølgar fram og tilbake her no, Florø med mest ball, Ulf satsar på kontringar med Danso og Kapidzic.
19'
Florø går kontra med Runar Hove i spissen, men Sandes Ulf får henta seg inn.
17'
Hjørnespark
Sandnes Ulf med ei god kontring, der Florø får gitt til hjørnespark. Hjørnesparket tar Holmvik og sender mot bakerste stolpe, der han treffer ein Florø-spelar i beina, før Florø får kontroll.
11'
Gult kort
Stemplar Ulf-kaptein Vorthoren.
7'
Selvmål!
0-1
Sandnes Ulf vinner hjørnespark. Det første blir klarert til nytt hjørnespark, som blir slått inn på første stolpe. Der er Florø-spiller Jeggo først på og sender den bort i hjørnet.
7'
Hjørnespark
5'
På Sandnes Ulf-benken har Bengt Sæternes med seg Bojan Zajic til å styre laget. Hos Florø er det Terje Rognsø og Knut Erik Folland som har kontrollen.
3'
Ulf med dagens første frispark, dryge 10 meter inne på Florø sin halvdel, ute på venstresida. Blir ikkje farlig.
1'
Då er vi i gang. Florø soekar med motvind i 1. omgang.
Avspark Start 1. omgang
Det er småsurt på Florø Stadion i dag, med vind mot vest, noko som fort betyr at eit lag får medvind og eit lag får like kraftig motvind. Blir interessant å sjå om det påvirkar kampen.
Målvakt hos Sandnes Ulf er i dag Niklas Frenderup, som i sommar forlot nettopp Florø fordi han ville heim eller iallfall nærare sitt kjære Danmark. Han kom seg altså ikkje lenger enn til Sandnes og divisjonskollega Sandnes Ulf. Blir spennande å sjå korleis han blir tatt i mot av Florø-publikummet.
Då er vi på plass i Florø til kampen mellom Florø og Sandnes Ulf. Situasjonen før kamp er at Florø ligger som nr 15 med 18 poeng, med 4 poeng opp til Strømmen på kvalifiseringsplassen og ytterligare 3 bak Notodden som ligger på den sikre 13. plassen. Gjestene frå Sandnes ligger litt i ingenmannsland med sine 28 poeng på 11. plass. Skulle dei derimot vinne i dag og andre resultat går deira veg kan dei melde seg på i kampen om kvalifisering til Eliteserien. Før kampen har dei 5 poeng opp til Kongsvinger, som ligger på 6. plassen.