TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Og der kan bortelaget juble for Eliteserie 2019. Gratulerer til Mjøndalen!
Kamp slutt Slutt (0-2)
90+2'
Spillerbytte
89'
Hjørnespark
Denne gongen treffer den eit Florø-hovud, men Husa sender den over.
87'
Spillerbytte
86'
2. omgang har vore veldig prega av at det eine laget er veldig fornøgd med korleis ting ser ut og at det andre laget ikkje har noko å spele for.
82'
Hjørnespark
Denne gongen er det Jansen som klarerer.
82'
Mjøndalen gir vekk eit hjørnespark til Florø.
79'
Eikeng med ein risikabel tversoverpasning på eigen halvdel, men lagkameratane får rydda opp.
75'
Spillerbytte
75'
Erik Eikeng gjer seg klar for Florø.
75'
Venstreback Dragsnes med eit forsøk frå 15 meter, men det blir for lett for Fij.
74'
Mjøndalen med ein lengre periode med ball på Florø sin halvdel no.
70'
Spillerbytte
70'
Blir ei kontring av det innkastet, som William Sell springer ut over kortlinja til Florø.
69'
Callaku med frisparket, endar med eit innkast ute på høgresida, som Husa skal ta og kaste inn i feltet.
69'
Florø får frispark på 25 meter ute på høgresida. Litt knuffing mellom SOlheim-Olsen og Lindseth i etterkant.
65'
Hjørnespark
Også den blir klarert.
62'
Luc Jeggo med eit forsøk frå 18 meter. Bra trøkk i skotet, men den går rett på Bokwe.
60'
Frispark til Mjøndalen på venstresida inne på Florø sin halvdel. Olsen SOlberg står klar. Siktar logisk nok på Occean, men ein Florø-spelar er først på den.
59'
Florø med eit visst trykk no, men skapar ikkje dei store sjansane.
57'
Hjørnespark
Og Occean tar den og.
57'
Hjørnespark
Og igjen, Occean.
57'
Langt innkast frå Husa, endar med hjørnespark.
56'
Callaku sin tur frå distanse, blir blokkert på 15 meter.
54'
Hjørnespark
Igjen er det Occean som vinner duellen inne i feltet. Canadiaren har vunne bortimot alle duellar han har vore i så langt.
54'
Solheim-Olsen med eit godt forsøk frå distanse, Bokwe slår til hjørnespark.
52'
Innlegg frå Husa, Ndour headar over.
50'
Mjøndalen med frispark på 30-35 meter, igjen Olsen SOlberg med ballen. Det blir ein variant til Gauseth, som legger ballen inn frå venstre. Endar med ei avslutning frå spiss vinkel. Fij har kontroll.
49'
Callaku med innlegg mot bakerste stolpe, der er Husa og får til ei slags avslutning, som ikkje blir veldig farlig.
48'
Florø og Reksten traklar seg inn i feltet på høgresida, men det blir ingenting ut av det.
47'
Då er laga på bana og i gang med 2. omgang. Florø med eit byte i pausen, Dino Omerovic gikk ut til fordel for Robert Kling.
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Her har Florø ein jobb å gjere om dei vil avslutte sesongen med stil. Har ikkje hatt ei skikkeleg avslutning i løpet av dei første 45 minutta. Mjøndalen har god kontroll bakover og er veldig effektive framover, så det blir nok tøft for heimelaget også i 2. omgang.
Slutt 1. omgang Pause (0-2)
45'
Gult kort
44'
Gult kort
43'
Hjørnespark
Florø får ballen ut og får etter kvart frispark på 20 meter.
43'
Hjørnespark
Blir nytt hjørnespark frå andre sida.
43'
Occean er i storslag i dag! Endå eit godt forsøk, men Fij får slått til hjørnespark.
41'
Gult kort
39'
Mål!
0-2
Occean lurer på offsidegrensa og blir spelt igjennom av Brochmann. Fij kjem ut og prøvar å avverge, men når ikkje fram og Occean trillar ballen i mål frå 15 meter!
37'
Frispark til Fij etter at Occean prøvar å blokkere utsparket hans på 16 meter.
36'
Frispark til Mjøndalen på ca 30 meter. Olsen Solberg ved ballen. Han gikk for eit innlegg som gikk heilt inn til Fij.
35'
I forkant av målet hadde Jonathan Lindseth eit forsøk frå 16 meter, men det blei ei lompe som trilla inn til Fij.
32'
Mål!
0-1
Mjøndalen spelar seg igjennom og får ballen i mål! Ein fin gjennombrotspasning finner WIlliam Sell, som igjen slår inn til Occean som set ballen i mål frå 8-10 meter. Då er Mjøndalen klare for Eliteserien om dei klarar å holde dette ut.
29'
Hjørnespark
Igjen stanga ut av Occean.
29'
Runar Hove på raid skaffar hjørnespark til Florø.
26'
Veldig sjansefattig i Florø så langt.
26'
Mjøndalen og Gauseth vil ha frispark på hørnet av Florø sin 16-meter, får berre innkast.
24'
Solheim-Olsen blir takla på venstresida av Mjøndalen sin halvdel. Blir eit innlegg som det ikkje blir noko av.
22'
Florø-fansen ropar på straffe etter eit langt innkast, men får ingenting.
21'
Christian Gauseth har blitt meir involvert for Mjøndalen dei siste minutta. Får litt meir rom å boltre seg i når Florø pressar høgt med spissen sin.
18'
Hjørnespark
Stanga unna av Occean.
17'
Frispark til Florø på 20 meter ute på venstresida. Innlegg som går via ein Mjøndalen-spelar og ut til hjørnespark.
17'
Florø prøvar å spele langs bakken, men det stoppar stort sett opp etter dei kjem forbi det første pressleddet til Mjøndalen.
15'
Mjøndalen med dagens første avslutning, men den går utanfor målet til Fij.
14'
Så held Bokwe i Mjøndalen-målet på å rote det til! Blir pressa av Ndour som får ein fot på ballen, men Bokwe klarar å fange den igjen.
12'
Florø prøvar å setje i gang kort bakfrå og har fått litt meir kontroll på ballen no. Mjøndalen legger ned på eigen halvdel.
11'
Ventar stadig på første avslutning i Florø. Mjøndalen har prøvd å slå ein del langt i bakrom utan veldig stor suksess så langt, mykje skal skje frå venstrefoten til Olsen Solberg.
7'
Rolig start, ingen av laga har klart å ta kontroll på kampen.
1'
Vi er i gang!
Avspark Start 1. omgang
Mjøndalen med avspark i 1. omgang.
Overskya, men opphaldsvér i Florø. Ein fin dag for fotball, som Arne Scheie ville sagt.
Verken Stefan eller Peter Aase er med i troppen til Florø i dag, det har nok ikkje skjedd så ofte dei siste 7-8 åra. I staden får ungguten Torje Naustdal ein sjanse frå start.
I Florø er det også klart at Terje Rognsø gir seg som trenar etter årets sesong. Han har trent store delar av stammen i Florø-laget sidan dei var 10-12 år gamle og tatt klubben frå gamle 4. divisjon og opp til nest høgaste nivå.
Då er det ein halvtime igjen til avspark mellom Florø og Mjøndalen i det som kan vere den siste OBOSliga-kampen for begge lag. I forrige runde blei det klart at Florø rykker ned til 2. divisjon, medan Mjøndalen ikkje klarte å sikre opprykket til Eliteserien. Vinner Mjøndalen i dag kan dei feire direkte opprykk, skulle dei tape poeng må dei håpe på at Aalesund gjer det same. Før dagens runde har Aalesund 56 poeng, medan Mjøndalen har 57. Aalesund møter Strømmen på bortebane.