TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Der er kampen slutt! Florø vinner enkelt 5-0. Kupen herja med Mjøndalen-forsvaret i dei 60 minuttane han var på bana. Gjestene sin største sjanse var etter tre minutt, men etter det var det slutt. Vertane festar grepet om ein av kvalik-plassane til Tippeligaen, medan Mjøndalen framleis står utan seier på bortebane. Takk for følget!
Kamp slutt Slutt (5-0)
90+3'
Straks slutt her i Florø.
90+2'
Gult kort
Hindrar Benmoussa på overgang.
90+1'
Vi er på overtid.
90'
Gult kort
Takling på midten.
89'
Ball i retning Pellegrino, men Lindquist får ei tå på ballen. Frenderup avklarar til innkast.
87'
Om dette resultatet held seg, står Florø med 15 poeng og 16-3 på sine siste fem heimekampar. Imponerande! Spesielt etter at dei opna sesongen på heimebane med 0-3-2.
86'
Mjøndalen får låne ballen nokre trekk. Men slår den sjølv ut over sidelinja.
84'
Rotihaug i krangel med Hansen, men får krampe midt i diskusjonane! Må leggje seg ned. Hansen vs Rotihaug 1-0!
82'
Florø knuser Mjøndalen, der ti spelarar frå Sogn og Fjordane har fått speletid. Imponerande!
80'
Spillerbytte
80'
Husa slår inn, og ballen går via Boye og inn til keeper.
79'
Frispark til Florø i fin posisjon. Husa skal slå inn.
78'
Pellegrino lurer Lindquist, og dreg seg inn i boksen. Der blir han pressa, og må ta med seg ballen nokre meter i feil retning før han ladar skotet. Forsøket blir blokkert.
76'
Spillerbytte
76'
Hjørnespark
Blir rydda unna.
75'
Fin sjanse for Florø! Gjestene får ikkje avklart eit innlegg, og Aabrekk snappar opp. Han skyt - og keeper reddar!
74'
Gjestene med to skot på mål gjennom heile kampen.
73'
Husa skyt - like utanfor.
71'
Florø gjer nett som dei vil. Ser ut som Mjøndalen aller helst vil på første fly heim.
70'
Gult kort
Også han legg Peter Aase i bakken.
69'
Hjørnespark
Ufarlig.
69'
Keeper set igang, men Florø bryt. Husa skyt - men keeper reddar. Corner.
69'
Benmoussa skyt - og keeper må gir retur. Den snappar han opp for eiga maskin.
68'
Frispark i fin posisjon for Florø.
68'
Spillerbytte
66'
Bra steming her i Florø. Stimen syng, og publikum storkosar seg.
65'
Hjørnespark
Frispark til gjestene inne i feltet.
65'
Benmoussa skyt frå sju meter, og keeper slår til Florø sitt første hjørnespark.
63'
Mål!
5-0
Husa skyt frå skrå vinkel, og keeper må gi retur. Den snappar Rotihaug opp, og han skyt i det lengste hjørnet. Keeper bør nok ta den, for skotet var ikkje særleg hardt.
62'
Florø har full kontroll på dette, naturlegvis.
60'
Spillerbytte
60'
Spillerbytte
60'
Spillerbytte
59'
Peter Aase skyt frå 20 meter. I stolpen!
59'
Husa skyt himmelhøgt over mål. Skotet var hardt, men var aldri i nærleiken av mål.
57'
Husa og Rotihaug står ved ballen.
57'
Kupen får ballen, vender og set fart mot mål. Blir lagt i bakken og får frispark. Mjøndalen-forsvaret slit verkeleg med Florø sin toppscorar!
55'
Boye skyt frå 17 meter. Utanfor.
55'
Florø er i føringa 4-0, men har framleis ikkje hatt eit einaste hjørnepark så langt. Akkurat der er det Mjøndalen som leiar 4-0.
52'
Hjørnespark
Lindseth er først på ballen, men blir aldri farleg. Ut frå Frenderup.
52'
Frispark til Mjøndalen nede ved dødlinja. Får corner.
51'
1406 tilskodarar ser kampen.
50'
Florø med berre tre baklengsmål på sine siste fire heimekampar. No må altså Mjøndalen ha fire på 45 minutt for å få med seg poeng.
48'
Gult kort
Takling bakfrå på Peter Aase. Var nok mykje frustrasjon i den taklinga.
47'
Peter Aase blir spelt fri, men brenn ballen over frå 11 meters hald!
46'
I skrivande stund er Fardal Opseth (17) og Kupen (13) dei to mestscorande i OBOS-ligaen. Begge frå Sogn og Fjordane - men ingen av dei gode nok for Sogndal.
46'
Boye tek avspark.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Kupen - Mjøndalen 4-0. Det har vore klasseforskjell på laga, og ikkje minst har Kupen vore ein trussel kvar gong han har ballen. Det kan likevel bli mange mål i andre omgang, så følg med!
Slutt 1. omgang Pause (4-0)
45+1'
Lindquist skyt - fem meter utanfor.
45+1'
Fjerdedommar viser opp eitt minutt tillegg.
44'
Boye blir spelt fri, og Frenderup kjem ut. Spissen vippar ballen over keeper, og ballen går i tverriggjaren!
41'
Gult kort
Hindrar Mjøndalen med å ta eit raskt frispark. Unødvendig på 4-0, kanskje?
41'
Heimelaget har full kontroll på dette. Gjestene lengter etter ein etterlengta pause.
38'
Boye i offside. Spissen fortviler.
37'
Ikkje kvar gong ein fotballkamp ser avgjort ut etter 35 minutt på dette nivået, men her nesten tre poeng i boks for heimelaget.
35'
Mål på straffe!
4-0
Knallhardt til venstre for keeper! 1-2-3-Kupen!
34'
Straffe!
Kupen blir lagt i bakken! Hansen som er vel tøff i ryggen der.
34'
Lindseth testar skotfoten frå distanse. Rett på Frenderup.
33'
Husa er med framover, og skyt frå 17 meter. Får ikkje skikkeleg kraft i skotfoten der, og ballen trillar omlag inn til keeper.
31'
Hjørnespark
Gjermundstad får frispark i feltet.
30'
Dette var Kupen sitt 12. mål på 12 kamper frå start for Florø i OBOS-ligaen. Ser ikkje ut som saknet etter Rashad er så stort i kveld i alle fall.
29'
Det gikk rett og slett for fort for Mjøndalen-forsvaret på 3-0. Framleis i svime.
28'
Hjørnespark
Blir avklart.
28'
Kupen har altså scora hattrick på under 25 minutt.
26'
Mål!
3-0
Fantastisk fotball frå heimelaget! Aase finn Solheim Olsen, som flikkar vidare til Kupen. Han skyt ballen i det lengste hjørnet, og det står 3-0!
23'
Benmoussa rotar det til i eige forsvar, og Hansen får plutseleg sjansen. Han skyt i nettveggen frå skrå vinkel!
22'
Solheim Olsen prøver ein tunell på eigen banehalvdel. Mistar ballen, men gjestene maktar ikkje å ta vare på sjansen.
22'
Boye får ballen, men blir effektivt stoppa av Gjermundstad.
19'
Mål!
2-0
For ei scoring! Florø bryt på midten, og Lindquist spelar direkte opp til Kupen. Han tek ein touch forbi Sælid Sell, og parkerer midstopparen på dei neste meterane. Han klinkar til frå over 20 meter, og ballen går i tverrliggjaren og ned!
18'
Fredriksen tek ned ballen på brystet inne i feltet, men Husa pressar han akkurat nok til at avslutninga aldri blir farleg for Frenderup.
17'
Gjestene trillar ball, og Florø legg seg lavt.
16'
Kampen har roa seg ned no, etter en fartsfylt opning første seks minuttane.
16'
Peter Aase prøver eit skot, men får ikkje skikkeleg trøkk i skotet frå skrått hald.
13'
Gjermundstad slår langt mot Solheim Olsen som er på løp. Han kjem til avslutning, men forsøket går over mål. Ufarlig.
12'
Johansen er nøre på å rote det til for seg sjølve - igjen. Sklir, men får ballen med seg likevel.
11'
Runar Hove slår ein fin krossball over til Husa, men dribleraidet hans blir effektivt stoppa.
10'
Heimelaget fekk akkurat den opninga på kampen som dei trengde.
8'
Hjørnespark
Boye med skotforsøk frå 18 meter, roleg utanfor.
8'
Fredriksen prøver eit skot, men forsøket blir blokkert.
5'
Mål!
1-0
Innlegg frå Husa, og Johansen slår i det han skal avklare. Ballen blir liggjande fri i feltet, og der snuppar Kupen opp kula. Denne gongen gjer han ingen feil med Makani, og set inn 1-0!
5'
1-1 hadde vore eit rettferdig resultat i løpet av dei første fem minuttane her.
4'
Så stormer Florø rett i angrep! Frenderup set tidleg i gang, og Kupen kjem aleine med keeper. Han avsluttar - rett på sisteskansen!
4'
Stor sjanse for gjestene! Boye får ballen på 16 meter, og får skyte relativt upressa. Det gjer han, men Frenderup leverer ei meget god redning nede til høgre!
3'
Hos Florø manglar også Stefan Aase. Han slit med ein muskel i låret, i tillegg til ein overtråkk.
2'
Rotihaug skal erstatte Rashad på høgrekanten. Ingen enkel oppgåve for nordfjordingen det.
1'
Pellegrino blir spelt gjennom, men venstrevingen er på feil side av forsvarsrekkja i det ballen blir spelt. Offside.
1'
Kupen tek avspark.
Avspark Start 1. omgang
Heimelaget skal starte med ballen.
Laga er på veg ut på bana! Nærmar seg avspark.
Det er omlag en time til kampstart her i Florø, og det er bekrefta at Rashad Mohammed er solgt til Sarpsborg 08. Han har gleda heimepublikumet frå dag 1 i Florø, men sin ekstreme fart og fysikk. Vi ynskjer han lukke til i ny klubb!
Vi kjem tilbake med meir informasjon og lagoppstillingar når det nærmar seg kampstart.
Mjøndalen må klare seg utan Jibril Bojang som soner karantene for tre gule kort. Hos Florø er Rashad Mohammed på prøvespel i Sarpsborg 08, og har mest truleg spelt sin siste kamp for vertane.
Mjøndalen tok ein fin 2-0 siger over Tromsdalen sist, etter tre strake tap i serien. Mellom der slo dei også Brann ut av NM-cupen. Utifrå dei to siste kampane er nok Mjøndalen tilbake slik vi kjenner dei.
Florø står med 4-3-2 på sine ni heimekampar så langt. Gjestene slit når dei er ute på tur, og er eitt av to lag i serien som ikkje har vunne på bortebane denne sesongen. Det gir fasiten 0-5-4 på sine ni bortekampar.
Hei, og velkommen til Florø - Mjøndalen frå Florø stadion!