Referat
Kun høydepunkter
Då er kampen slutt, og den ender 0-0. Begge lag hadde sin sjansar, men ingen av dei makta å finne vegen til nettmaskene. Vi takkar for følget, og ynskjer deg velkommen tilbake ved eit seinare høve.
Kamp slutt Slutt (0-0)
90+4'
Vi er på over-overtid.
90+3'
Florø-benken nok ein gong rasande, fordi dommaren ikkje bruker fordelsparagrafen. Rotihaug hadde nemleg fri bane mot mål etter at Rashad vart lagt i bakken.
90+2'
Det er lagt til minimum tre minutt.
90+1'
Tønne som skyt - rett i muren!
89'
Frispark til Levanger i fin posisjon! Fire spelarar står ved ballen. Men det blir berre ein av dei som skal skyte, vil eg tru..
89'
Erlend Hove avsluttar på mål med hovudet, men avstanden fram til målet er for lang. Keepermat.
88'
Gjestene i angrep, men Frenderup er som en blekksprut i feltet og avklarar.
88'
Stor Florø-sjanse! Stefan Aase stormar framover, og finn Rashad aleine gjennom. Han velg å vende opp, og levere tilbake til Erlend Hove. Han avsluttar, men får ikkje skikkeleg dreis på skotet.
86'
Frispark til Florø i fin posisjon. Heimelaget er tunge på dødball. Stefan Aase slår ballen inn i feltet, men keeper held ballen i fast grep.
85'
Gjennomspel i retning Stene, men Frenderup snappar opp. Den danske målvakten har vore meget god i dag.
85'
Ny Florø-spelar ropar på straffe. Levanger-benken ropar om filming. Dommaren er usikker og let spelet gå.
82'
Stefan Aase med en hælflikk sjølv Neymar hadde blitt stolt over.
77'
Meget ampert ute på bana no! Peter Aase med ei rein takling, men dommaren bles frispark. Ikkje særleg populær her på Palmekysten, dagens pipeblåser.
76'
Gjermundstad viser rutine, og nikkar tilbake til eigen keeper.
72'
Rashad nesten aleine gjennom, men blir pressa hardt i det han skal skyte - så skotet går over!
70'
Stene går i bakken, men dommaren vinkar spelet vidare. Såg ut som ei rett avgjerdsle.
70'
Gjestene spelar seg fint fri på høgrekanten og innbyttar Strand slår inn i feltet. Der ryddar heimelaget opp, og spelar seg like nydeleg ut av eigen boks.
67'
Framleis heilt open kamp dette. Ligg an til første målet vinner!
66'
Midtstopparen må ut av bana for å få litt meir hjelp, men han går fint på beina i alle fall. Og no er han tilbake på bana.
66'
Innlegg frå Reksten Solheim, og E.Hove stangar saman med midtstoppar Nordberg. Sistnemnde får smellen, og blir liggjande på bakken. Stans i spelet.
60'
Heimepublikum og Florø-benken er rasande etter at Ryland ikkje får straffe når han blir hekta på veg gjennom.
58'
Rashad stormar framover, og får corner.
57'
Måltjuven Stene hos Levanger har fått lite til så langt.
55'
Levanger-trenar Powell har bytta ut dressjakka med boblejakke i andre omgang. Og no set han seg ned på benken. Ikkje berre eg som frys, altså.
53'
Innkast til gjestene høgt oppe i bana.
52'
1510 tilskodarar ser kampen.
51'
Han siktar til Rashad som skal ta frisparket. Forsøket blir svakt, høgt over.
51'
- Stefan, la han få prøve, er beskjeden frå Rognsø.
50'
Rashad blir lagt i bakken like utanfor sekstenmetern.
49'
Florø som festar grepet etter pause no.
46'
Levanger tek avspark.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Det er klart for andre omgang.
Laga går til pause på stillinga 0-0. Gjestene har tatt grep om kampen, og pressar heimelaget bakover på bana. Det går mot 45 spennande minutt i andre omgang. Heng med!
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+1'
Lagt til minimum eitt minutt.
45+1'
Nytt skotforsøk. Denne gongen er det Sørmo som prøver seg. Høgt over.
45'
Nytt frispark imot Rashad. Tek opp begge hendene, og prøver å signalisere at han ikkje gjorde det med vilje.
44'
Rashad blir lagt i bakken, og Aase skal ta seg av frisparket. Han slår inn i feltet, men blir blokkert.
43'
Nytt fripsark imot Florø, denne gangen er det Solheim Olsen som ristar på hovudet over dagens pipeblåser. Trener Rogsnø må også ta seg nokre sekund for seg sjølv bak benken.
39'
Lindquist får frispark imot, og gjestene flyttar opp luftstyrke i feltet.
38'
Husa med Florø sin første sjanse. Klinkar til frå 25 meter, like over!
36'
Heimelaget med sju mann frå start som har Florø som sin barndomsklubb.
35'
Framleis Levanger som styrer banespelet.
32'
Florø slit med å få til det offansive spelet sitt. Er det fordi toppscorar Kupen er å finne på benken?
30'
Astvald prøver seg frå distanse, men skotet går over.
30'
Husa spelar på små marginer i forsvaret, med finter og dragningar som tek pusten i frå heimefansen.
28'
Florø blir pressa bakover, og det er gjestene som styrer kampen.
27'
- Hur han räddar det, spør Powell til resten av Levanger-benken. Redning i verdsklasse frå Frenderup der på den corneren.
25'
Florø stormar rett i angrep, og Rashad avsluttar - men skotet mistar litt fart i det den går via eit Levanger-bein. Keeper held kula i fast grep.
24'
Lindquist med stygg ballmiss i eigne rekkjer. Gjestene får corner.
24'
Han slår inn i feltet, men der er keeper best i duellen mot Hove i luftrommet.
23'
Frispark til Florø. Husa ved ballen.
23'
Sjansefattig så langt. Gjestene har vore mest farlige, med frisparket frå Stene - og skotet frå Nyborg.
22'
Levanger-trenar Powell kastar tyggisen i bossbøtta. Tydelegvis ikkje meir smak på den.
20'
Tønne på dribleraid framover. Han angrar seg, og slår ballen bakover.
19'
Frenderup leiker seg som keeper med ballen i beina. Tar ned kula, dreg av Udo - og leverer til Gjermundstad. Får applaus.
17'
Heilt open og jamn kamp så langt.
16'
Kampens første skot på mål! Det er Nyborg som testar skotfoten sin frå 18 meter, markkrypar rett på keeper.
14'
Innlegg frå Tønne på venstrekanten, som Husa brystar ned til Frenderup - med mann i rygg. Iskaldt.
12'
Frenderup slår tidlig opp mot Rashad, men franskmannen er i offside.
10'
Rashad vinn ballen etter ei avklaring frå Husa. Han stormar framover, men balltouchen hans står ikkje i stil med farten. Levanger overtek, og slår i bakrom til Stene - som er i offside.
9'
Ryland blir lagt i bakken inne i feltet, men dommaren vinkar spelet vidare. Rashad får frisark imot i neste trekk.
8'
Florø held ballen i laget, men slit med å komme gjennom Levanger-forsvaret.
7'
Stene skyt - rett i muren!
5'
Frispark til Levanger i god posisjon! Udo blir lagt i bakken.
4'
Lang ball i retning Stene, men Frenderup snappar opp.
3'
Levanger kontrar, og Udo kjem en mot en! Touchen er for svak, og Hove får avklart til corner.
2'
Ryland får ballen på venstrekanten, utfordrar - og får innkast.
2'
Heimelaget eig ballen det første minuttet.
1'
Florø tek avspark.
Avspark Start 1. omgang
Straks avspark her i Florø, og laga kjem inn på bana!
Vi kjem tilbake med lagoppstillingar og meir informasjon når det nærmar seg kampstart. Følg med!
Til Levanger si eiga klubbside seier trenar Magnus Powell følgjande: - Vi skal tørre og ta ned ballen og styre kampen. Vi møter ett lavt forsvarende lag og vi skal ikke spille på oss enkle overganger så ha god balanse i laget blir nøkkelen her, seier han.
Florø-toppscorar Endre Kupen har slite med skade siste veka, og det er usikkert om han er å finne i startoppstillinga. Trenar Rognsø har uansett ein brei stall, og skal nok finne 11 mann som kan gjere ein god jobb mot Levanger.
Florø har spelt 1-1 både mot Jerv og Strømmen. Gjestene har opna med 2-2 mot Ull/Kisa, medan det vart 0-1 tap mot Sandnes Ulf i sist kamp.
Strålande vær for fotball her i dag. Sol frå blå himmel, og matta der endå betre ut i dag enn for to veker sidan - då Jerv var på besøk.
Hei, og velkommen til Palmekysten - slik Florø-spelarane likar å omtale byen sin. Florø er også kjent som landets vestligaste by, men også etterkvart for eit godt fotball-lag, med svært lokal profil. I førre heimekamp var ni av spelarane frå fylket, derav sju frå eigen stall.