TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Heimepubikum jubler som om tre poeng er sikra. Jerv hadde ballen klart mest gjennom store deler av kampen, men sleit veldig med å produsere målsjansar. Sjansar hadde Florø mest av, men berre Kupen si avslutning etter fem minutt enda i nettet. Vi takkar for følget, og ynskjer velkommen tilbake ved neste høve.
Kamp slutt Slutt (1-1)
90+1'
Gult kort
90+3'
Jerv-frispark på midten. Flyttar opp luftstyrke i feltet. Ufarlig.
90+2'
Bursdagsbarnet Rotihaug får dei siste minuttane her i gåve.
90+1'
Spillerbytte
90+1'
Det er lagt til minimum tre minutt.
90'
Nærmar oss slutten. Er begge lag nøgde med 1-1, kanskje?
89'
Langt innkast frå Solheim Olsen. Erlend Hove vinn første duell i feltet, men Jerv får etterkvart avklart.
88'
Spillerbytte
87'
Vik skal inn for Florø.
87'
Gult kort
Dribla for lenge.
87'
Ryland med dribleserie på venstekanten, får frispark imot - men held fram med å drible seg gjennom forsvaret. Får gult kort for den.
86'
Jerv med halvsjanse. Akintola får ballen på høgrekanten, og skyt/legg inn. To meter over målet til Frenderup.
84'
Jerv som styrer banespelet, og Florø-trenar Rognsø er ikkje heilt nøgd med det som blir levert akkurat no frå heimelaget.
84'
Sit med kjensla om at siste mål i kampen enno ikkje er scora.
81'
Spillerbytte
81'
Hjørnespark
Ryland får ballen på ti meter, men han bles den over.
80'
Rashad går inn som midtspiss, og Ryland går inn på venstrekanten. Dermed skyv han Aase bort på høgrekanten.
79'
No er denne kampen heilt open!
78'
Hjørnespark
Keepermat.
78'
Spillerbytte
76'
Mål!
1-1
Har du sett! Collett kjem inn og set inn 1-1 på eit flott langskot. Han får ballen upressa på 20 meter, og Frenderup når ikkje ut i det lengste hjørnet.
76'
Spillerbytte
75'
Spillerbytte
74'
Collett skal inn for Jerv.
74'
1057 tilskodarar ser kampen.
73'
Stor Florø-sjanse! Aase-gutane set fart framover og innlegget går forbi to medspelarar før Knudsen får avklart rett foran Rashad. Berre tilfeldigheiter som gjer til at innlegget ikkje treff eit Florø-bein.
72'
Lett regn i lufta no.
71'
Jerv prøver seg, men innlegget blir rydda unna. Framleis samme kampbilde som i første omgang. Jerv har ballen mest, men slit med å produsere målsjansar.
70'
Kupen blir takla, men tek eit spensthopp før han treff bakken. Dommar Hauge vinkar spissen på beina att.
68'
Stefan Aase med samba-takter på eigen sekstemneter. Spelar seg fint ut og får innkast ved Jerv-benken.
67'
Begge lag har mange spelarar i oppvarming. Det første bytet kjem nok snart.
66'
Stefan Aase og Kupen kombinerer fint. Innlegget frå førstnemnde er fint, men ingen av Florø-angriparane når fram i tide.
65'
Runar Hove og Akintola stangar saman. Jerv-spissen som får det verste trøkket. Stans i spelet no.
64'
Samme mann slit med innleggsfoten i dag. Neste forsøk går over heile feltet til innkast.
63'
Frustrasjon på Jerv-benken. Denne gongen grunna innlegget frå Berglann som sklir av foten og ut til utspark.
60'
Hjørnespark
Ogungbaro prøver seg med eit brassespark. Ufarlig.
59'
Jerv-frispark i fin posisjon. Akintola skyt frå langt hold - rett i muren som innheld tre mann.
58'
Hjørnespark
Keeper boksar ut.
58'
Jerv stormar i angrep, og nok ein gong vil Sandstø ha straffe til laget sitt. Får berre hjørnespark. Vrient å sjå kven som hadde mest rett av Sandstø og dommar Hauge der.
57'
Rashad utfordrar langs høgrekanten, og venstreback Knudsen kan ikkje gjere anna enn å rive han ned.
57'
Aase-tvillingane jobbar beinhardt for barndomsklubben, og legg ned mange meter. Denne gongen på to returløp.
55'
Akintola med Jerv sin første avslutning mellom stengene, og vi har passert 53 minutt. Frisparket går rett på Frenderup. Ikkje særleg hardt, og duppar i bakken rett før den når den danske målvakten.
54'
Frispark til Jerv i fin posisjon. Kanskje ikkje skothold, men kan aldri vite. Glenn Andersen er ein av dei som vil skyte. Nei, han går unna og lar Berglann og Akintola avgjere.
52'
Stor sjanse for Florø! Rashad set fart framover, og lynvingen tek med seg ballen inn i feltet. Han skrur ballen mot det lengste hjørnet, men der ligg keeper Knutsen i full strekk. Han gir retur, men den ryddar lagkameratane opp i. Nær 2-0 der.
51'
Hjørnespark
Runar Hove ryddar opp - igjen.
49'
Hjørnespark
Kupen avslutter etterkvart utanfor.
48'
Solheim Olsen skyt frå distanse. Over.
47'
Ingen av laga har gjort byter så langt.
46'
Florø tek avspark.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Straks klart for andre omgang.
Laga går til pause på stillinga 1-0 til Florø. Fortent utifrå sjansane til laga, sjølv om Jerv har hatt ballen mest. Heimelaget er giftige på sine overgangar, og spesielt Rashad og Kupen har vist seg fram. Det blir spennande dei siste 45 minuttane her. Følg med!
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45'
Kupen får innkast i duell mot kaptein Andersen. Heimelaget tek det kjapt, men mistar ballen.
42'
Glenn Andersen set frisparket svakt over, og kapteinen får latter frå Stimen som tilbakemelding på at dette var eit svakt forsøk.
41'
Solheim Olsen skal rydde unna, men sparkar istaden til ein Jerv-spelar - og treff han under skoen. Det smell høgt, men begge er oppe på beina att. Frispark i fin posisjon!
40'
Hjørnespark
Gjermundstad ryddar opp.
40'
Alexander Lind har så langt fått lite rom på topp for Jerv. Han har blitt pakka godt inn av Gjermundstad og Hove.
39'
Gjestene har enno ikkje produsert ein stor målsjanse.
39'
Ingen tvil om at Florø høyrer heime på dette nivået, utifrå det vi har sett så langt.
38'
Erlend Hove stormar framover og slår inn til Kupen. Han får ikkje skikkeleg kontroll på ballen, og keeper får kontroll.
36'
Stefan Aase vinn ballen høgt oppe i bana, men dommaren meiner det er brukt ulovlig metode. Jerv får frispark.
35'
Innkast frå Reksten til Frenderup som slår langt mot Kupen. Han vinn luftduellen, men ingen medspelarar går på stussen. Dei hadde vel ikkje rekna med at den vesle storscoraren skal vinne noko duellar i luftrommet..
32'
Gult kort
Etter duellen mot Kupen.
32'
Kupen er på veg gjennom, men blir heldt i trøya og lagt i bakken av Andersen. Heimepublikum vil ha rødt!
31'
Halvtimen er passert. Jerv har mest ball, men heimelaget har vore mest farlige framfor målet.
29'
Vi skriv 2. april, og utifrå datoen er grasmatta i Florø meget bra.
27'
Hjørnespark
Runar Hove stangar unna.
27'
Jerv-innkast høgt oppe i bana. Knudsen kastar kort.
26'
Solheim Olsen er konge i luftrommet, og vinn utsparket frå keeper Knutsen.
23'
Tidvis panikk i Jerv-forsvaret, og denne gongen sleivar Andersen ut ei avklaring til innkast.
21'
Hoel Andersen med frispark inn i feltet, men heimelaget ryddar unna. Rashad får frispark i neste situasjon.
21'
Kupen dreg seg fri langs dødlinja og stormar inn i sekstenmeteren. Han legg ut mot Rashad, men Jerv-spelarane får kula unna.
20'
Hjørnespark
Blir tilslutt avslutta utanfor.
19'
Florø stormar rett i angrep og kjem tre mot tre. Den siste pasningen frå Rashad til Kupen blir blokkert ut til corner. Heimelaget nære igjen!
18'
Hjørnespark
Gjermundstad får etterkvart ballen unna.
17'
Hjørnespark
Ny corner.
16'
Gjestene som har ballen mest no, men Florø ligg kompakt med laget sitt.
14'
Nydeleg kontringsfotball frå Florø! Lang ball over til Rashad som legg inn i feltet. Han finn Kupen som skyt på direkten, rett i ryggen på ein medspelar! Der er Jerv heldige.
13'
Akintola går i bakken inne i feltet, men dommar Hauge vinkar spelet vidare. Jerv-trenar Sandstø rasande på sidelinja!
12'
Jerv som styrer banespelet akkurat no, og Florø ligg lavt med heile laget.
11'
Kupen gir til Rashad som klinkar til. Rett i blokka.
10'
Wembangomo med innkast, men innkastet går langs linja og ut over sidelinja. Du kan betre enn dette.
9'
Keeper kastar langt i retning Akintola, men Reksten viser styrke og spelar ballen inn til keeper.
8'
Hjørnespark
Keepermat.
7'
Sjokkopning for dei gulkledde Jerv-spelarane dette! I fjor var dei berre åtte minutt unna spel i Tippeligaen. No opner dei sesongen på verst tenkeleg vis.
5'
Mål!
1-0
Kupen brukar berre fem minutt på å sende Florø til topps på tabellen i OBOS-ligaen! Lur frispark-variant frå Husa, som Kupen snappar opp. Han trillar ballen iskaldt nede til høgre for keeper.
5'
Rashad set opp turboen og passerer tre mann! Blir felt. Frispark i fin posisjon.
4'
Frisparket går høgt over mål. Svakt.
4'
Jerv-frispark midt inne på Florø sin halvdel. Flyttar opp alt av luftskyts.
3'
Heimelaget har mest ball dei første tre minuttane.
1'
Jerv tek avspark i den første OBOS-kampen i Florø gjennom historia.
Avspark Start 1. omgang
Spelarane på veg inn på bana, til enorm jubel frå Stimen og resten av heimetilskodarane!
Medan Florø-spelarane er i garderoben, er Florø-trenar Rognsø att på benken. Han slår av ein prat med pressen, og seier han er roleg før debuten i OBOS-ligaen.
Fem tilreisande frå Grimstad har tatt turen til Florø. Imponerande!
Spelarane har rusla i garderoben. Nærmar seg avspark i Florø!
Vi kjem tilbake med meir informasjon og lagsoppstillingar når det nærmar seg kampstart i Florø. Følg med!
Jerv er eit gjerrig lag, og har berre 62 baklengs på siste 60 kampane i 1. divisjon. Spesielt på bortebane er dei kjende for å sleppe inn lite mål.
Hos gjestene har trenar Sandstø også nye spelarar i stallen. Wembangomo, Aanonsen, Hoel Andersen, Danso og Akintola (lån) er alle nye i Jerv-drakta.
Florø-trenar Terje Rognsø har trent dette laget opp frå 3. divisjon. Han har vore tydeleg på at spelarane som har spelt dei opp til dette nivået - også skal få sjansen til å vise seg fram her. Difor er det ikkje henta inn allverdens med forsterkningar foran årets sesong. Benmoussa, Lindquist (lån), Hovland og Ndour er nye fjes i garderoben.
Florø vann sin 2. divisjonsavdeling i fjor, og dei debuterer på dette nivået. Jerv vart nummer tre, men tapte mot Stabæk i kvalifisering Tippeligaen.
Hei, og velkommen til Florø - Jerv frå Florø stadion!