Referat
Kun høydepunkter
Vi gratulerer Grorud med tre poeng. Var heldige som fekk med seg alle poenga her, men det er måla som tel. Takk for følget.
Kamp slutt Slutt (1-2)
90+4'
Merkeleg fotballkamp. Florø eigde første omgang 100 %, og hadde full kontroll. Men Grorud har vore svært effektive, og vinn nok med ni mann.
87'
Edvardsen får ballen etter ballmiss av Solheim Olsen. Han skyt, Kvarekvål reddar.
80'
Begge lag har gjort sine tre byter.
72'
Lite sjanser, bortsett frå nokre skotforsøk frå distanse av Florø-laget.
70'
Aase blir felt, slik han har blitt felt over 1000 gonger før på stadion. Frispark langt inne på Grorud sin banehalvdel.
69'
Aase med eit frekt skotforsøk. Fin dupp - like over!
62'
På ingen måte fortent at det står 1-1 her no, sjølv om Grorud har vore kvikkare etter pausen.
53'
Fin ball gjennom til Edvardsen, men Florø-keeper Jensen les spelet godt og snappar opp.
51'
Om dette resultatet held seg, er Florø berre to poeng bak nettopp serieleiar Grorud.
49'
Florø festar grepet om andre omgang, slik dei gjorde gjennom dei første 45.
48'
Callaku skyt over frå 20 meter. Berre nesten frå dansken.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Straks avspark.
Laga går til pause på 1-0 til Florø. Fullt fortent utifrå spel, sjølv om det ikkje har vore noko sjansebonanza dei første 15 minuttane.
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+4'
Toppscorer Edvardsen prøver seg for gjestene, men blir effektivt stoppa.
43'
Frisparket går over alt og alle.
42'
Nytt frispark til Florø utanfor sekstenmeteren. Rett nok på kanten av sekstenmeteren denne gongen.
40'
Veteran Reksten Solheim får ballen inne i feltet. Skyt på halvspretten, like over!
38'
Kurucay skyt - men keeper reddar.
37'
Dyer blir lagt i bakken, frispark i fin posisjon for heimelaget.
32'
Ingen store sjansar til nokon av laga, men vertane har klart mest ball.
24'
Høyland og Kurucay får begge det gule etter slosskampen. Usikker kven som vann den.
22'
Krangling på bana. Dommaren observerer, medan spelarane sjølve må rydde opp i slossing.
17'
Florø som styrer alt no!
15'
Callaku dreg seg inn i feltet, og legg inn. Får corner.
14'
Jamn opning på kampen, med eit lite ballmessig overtak til vertane.
4'
Vi jobber med å legge inn lagoppstillingane. Det passer fint, for lite som skjer ute på bana akkurat no.
1'
Gjestene i gult startar med å trille ball.
1'
Kampen er igang!
Avspark Start 1. omgang