TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Dommaren bles i fløyta, og eg er usikker på kven av laga som er mest glad av det. Faktum er at 7-0 ikkje var for lite. Florø køyrer over Førde gjennom 90 minutt og klatrar til topps på tabellen - på betre målforskjell enn Nest Sotra. Takk for følget!
Kamp slutt Slutt (7-0)
90+4'
7-0 til Florø altså. Spørst om det blir nokre evalueringsmøter komande veke i Hafstadparken.
90+2'
Mål!
7-0
7-0. Rotihaug legg inn til Jeggo som vender og skyt. I tverrliggjaren og ned!
90+1'
Det blir lagt til minimum tre minutt.
90'
Vi er straks på overtid.
89'
Hjørnespark
Blir rydda unna av Kvalvågnes.
88'
Gult kort
Takling på Jeggo.
88'
6-0 fortel det meste om situasjonen i dei to klubbane akkurat no.
85'
Førde-trenar Madsen har satt seg ned på benken. Resignert.
82'
Hjørnespark
Ufarlig.
81'
Hjørnespark
Nytt hjørnespark.
81'
Sjølv om Nest Sotra leiar sin kamp akkurat no, er Florø foran på betre målskilnad.
79'
Selvmål!
6-0
Dette er feige lag. Husa slår inn, og i duell med Rashad er Kvist uheldig og set inn 6-0 i feil nett.
79'
Nest Sotra har snudd kampen mot Lysekloster, og leiar no 3-2.
77'
Gløymde nett å skrive at Rashad var aleine med keeper, men Bjerke leverte ei kjemperedning.
76'
Spillerbytte
76'
Gult kort
Legg Jeggo i bakken.
74'
Spillerbytte
73'
Mål!
5-0
Litt ut frå ingenting scorer Kupen! Får ballen inne i feltet, og berre klinkar til! Ballen fyk rett opp i nettaket og Bjerke må nok ein gong rusle den tunge turen i eige bur for å hente kula.
72'
Nest Sotra ligg framleis under mot Lysekloster. Musikk i øyrene for Florø-trener Rognsø akkurat det!
69'
Spillerbytte
69'
Førde sitt angrep handler berre om Skårn akkurat no. Lange ballar opp mot den tidlegare Lyn-angriparen.
66'
1280 tilskodarar ser kampen. Opprykksfeber på Palmekysten!
63'
Spillerbytte
61'
Hjørnespark
Kort ufarlig variant.
59'
Lund Holm med Førde sin første sjanse i kampen etter frisparket. Frenderup reddar meisterleg!
58'
Skårn får frispark i duell mot Gjermundstad. Førde flytter opp folk.
57'
Rashad stormar framover, men innlegget går over alle i feltet.
56'
Hjørnespark
Blir avklart.
56'
Keeper Bjerke rasande i det Rashad skyt like utanfor. Ikkje nøgd med forsvaret foran seg.
55'
Hjørnespark
Blir rydda unna.
54'
Florø tenker på målforskjellen i kampen om opprykk mot Nest Sotra, og gir seg ikkje her. Jaktar 5-0!
53'
Like før 4-0 scoringa var Rashad aleine med keeper, men Bjerke redda.
52'
Mål!
4-0
Kupen skyt frå 12 meter, Bjerke må gi retur. Den set Hove enkelt i mål!
52'
Roleg start på andre omgang.
50'
Hjørnespark
Kort variant. Får innkast.
47'
Melhus testar skotfoten. Utanfor.
46'
Akkurat no leiar Lysekloster 2-1 over Nest Sotra. Dermed toppar Florø tabellen med tre poeng i skrivande stund.
46'
Florø tek avspark.
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Vertane eig banespelet og har gjort nett som dei vil den første omgangen. Er nærmare både 4-0, 5-0 og 6-0 enn det Førde har vore redusering. Likevel 45 minutt att - følg med!
Det står 3-0 til Florø, og det er ikkje eitt mål for lite.
Slutt 1. omgang Pause (3-0)
45+2'
Kjempesjanse for Florø! S.Aase avsluttar like utanfor!
45+1'
Lagt til minimum tre minutt i første omgang. Grunna skaden til Isene.
45+1'
Lund Holm blir spelt gjennom, men er i offside.
44'
Hjørnespark
Bak mål.
44'
Gult kort
Blir avslørt på farten mot Kupen.
43'
Spillerbytte
42'
Kvist spelar sittefotball. Får tilslutt frispark imot fordi han sit på ballen for lenge..
41'
Førde låg også under 3-0 i førre bortekamp mot Vidar. Den gongen kom dei tilbake til 3-3. Mykje skal til for at det blir reprise på det. Vertane gjer nett som dei vil denne første omgangen.
40'
Melhus får frispark i duell mot Hove. Tek det kjapt - har dårleg tid.
39'
Flatjord skyt frå kanten av sekstenmeteren. Rett på Frenderup.
38'
Isene slit framleis med trøkken han fekk då han la Kupen i bakken inne i feltet. Må truleg byte.
37'
Det er no 38 poeng skilnad mellom Florø og Førde på tabellen.
36'
Mål!
3-0
Kupen er iskald! Set ballen roleg til venstre for keeper Bjerke.
35'
Gult kort
Får gult grunna straffesituasjonen.
34'
Straffe!
Isene blir tatt på farten og legg Kupen i bakken. Soleklart straffespark.
34'
Kupen køyrer karusell med Kvist inn i feltet. Dreg seg fri, men avslutninga går ein meter utanfor. Nære 3-0 der!
33'
Venstreback Husa slår inn, men går bak mål.
31'
Husa limer ballen i krysset, men der ligg Bjerke langflat! Hove er på returen, men set den i nettveggen.
30'
Husa står ved ballen.
30'
Rashad stormar forbi fire Førde-spelarar og blir lagt i bakken like utanfor sekstenmeteren.
29'
Framleis Florø som styrer banespelet.
26'
Rashad får frispark imot inne i feltet.
24'
Iversen med godt forsøk frå distanse. Over.
22'
Mål!
2-0
Kattens leik med musa! Hove lurer Flatjord inne i boksen og slår inn til Kupen. Han bankar inn 2-0 knallhardt opp i nettaket!
22'
Førde med frispark midt inne på Florø sin banehalvdel. Ufarlig.
21'
Husa klinkar til - rett i stolpen frå 30 meter. Bjerke blir ståande, og ser at ingen Florø-spelarane er på returen.
21'
Kvist med gul takling på Kupen. Frispark.
20'
Der hadde Førde fem trekk i laget, men Florø overtek. Sjeldan stor forskjell mellom laga dei første 20 minutta!
19'
Det står no 1-1 mellom Nest Sotra og Lysekloster. Dermed toppar Florø tabellen akkurat no.
17'
Rashad blir spelt gjennom i bakrom, men avslutninga hans går like utanfor!
16'
Feilpasning frå Husa, men Førde mistar ballen etter tre trekk på eigen banehalvdel. Klasseskilnad mellom laga så langt.
15'
Hjørnespark
Blir rydda unna på første stolpe.
14'
Førde blir verkeleg pressa bakover på bana, og har endå ikkje hatt to trekk i laget inne på Florø sin banehalvdel.
14'
Kjempesjanse for Florø! Tryti serverer Rashad som igjen legg ut til Kupen. Han brenn til, men kula går over frå ti meters hald. Der bør det stå 2-0.
12'
Solheim Olsen ser at Bjerke står langt ute og prøver skot frå over 40 meter. Isene får akkurat nikka unna.
11'
To lag på bana - men berre det eine som har ballen.
10'
Hjørnespark
Førde får frispark inne i feltet.
10'
Rashad dreg seg inn i bana og skyt. Via eit Førde-bein til corner.
8'
Mål!
1-0
Kort cornervariant. Slår ut Aase som slår direkte inn til Hove som stangar inn 1-0! Isene når aldri opp i duellen der.
8'
Hjørnespark
8'
Kort variant til Aase som klinkar til. Bjerke slår til corner!
7'
P.Aase får frispark i duell med Flatjord. Fin posisjon for Florø.
6'
Keeper Bjerke med utspark. Tek seg god tid.
4'
Førde-laget ligg lavt med alle sine 11. Florø styrer dei første minuttane.
1'
Kampen i gang.
Avspark Start 1. omgang
Laga helsar på kvarandre.
Då er laga på veg inn på bana!
På Førde er det meste slik vi trudde før kampstart. Julian Madsen har valgt ut Vegard Savland, Eirik Lund Holm og Daniel Kvalvågnes til å danne trioen heilt på topp. Det betyr at Christoffer Skårn, som kom frå Lyn i sommar, må starte sitt første Sunnfjord-derby på benken.
Då er lagoppstillingane klare, og vi ser at Florø-trenar Terje Rognsø kjem med eit par overraskingar. Den eine er formasjonen. Venstreback Christer Husa er flytta høgare i bana enn vanleg, noko som betyr at Florø køyrer tre i forsvarsrekkja. Den andre overraskinga er Peter Aase som startar sin første kamp etter tilbakekomsten til Florø. Aase, som i vår var utlånt frå Sogndal til Åsane, har slitt med skader i store delar av årets sesong. No er han endeleg skadefri, og det er jo perfekt timing for Florø-guten å bli klar til dette lokaloppgjeret.
Vi kjem tilbake med lagoppstillingar og meir informasjon når det nærmar seg kampstart.
Førde må klare seg utan Vetle Rygh og Markus Attila, grunna høvesvis karantene og prøvespel i Ungarn.
Florø kjempar om opprykk til OBOS-ligaen og har saman med Nest Sotra 45 poeng. Førde er tabelljumbo med ti poeng, og alt teoretisk håp om å overleve i divisjonen er snart ute.
Florø har seks strake sigrar, medan Førde har sju strake tap. 35 poeng skil laga etter 18 kampar så langt.
Hei, og velkommen til Florø - Førde frå Florø stadion!