TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Der er det over og Florø vinn enkelt 4-0 over Fana! Før kvilen sprudla heimelaget og leia 3-0 til pause etter to scoringar av toppscorar Endre Kupen og eitt av stopparbauta Vegar Gjermundstad. 2. omgang var mykje meir kjedeleg i forhold, men Florø kontrollerte greitt. Runar Hove fastsette sluttresultatet til 4-0. Dermed stormar Florø vidare på toppen av tabellen, og vil framleis ha tre poeng til gode på Nest-Sotra som i skrivande stund leiar 2-0 til pause mot Sola.
Kamp slutt Slutt (4-0)
90+2'
Det er lagt til fire minutt.
90+1'
Hjørnespark
Mykje fram og tilbake, men ballen hamnar til slutt hos Rotihaug som skyt utanfor fra ti meter.
90+1'
Nissetad boksar unna Brekkhus sitt frispark.
90'
Gult kort
Meiar Rotihaug i bakken like utanfor sekstenmeteren. Brekkhus skal legge inn frå omtrent samme stad som då Husa fann Hove på 4-0-målet.
89'
Den utleigde Brann-spelaren Oliver Rotihaug slår inn, men han finn kun den tidlegare Brann-spelaren Ådne Nissestad som står i mål for Fana.
88'
Sindre Lie skal kaste langt for Fana. Janbu dyttar Reksten i ryggen, og Florø får frispark.
85'
Hjørnespark
Janbu får hovudet på ballen, men den går ufarleg utanfor.
84'
Spillerbytte
84'
Plutseleg er Kupen åleine gjennom, men avslutninga med venstrefoten går høgt over. Det var også det siste Kupen gjorde i dag.
83'
Liseth kjem til ein brukbar avslutning inne i sekstenmeteren, men Frenderup reddar.
82'
Liseth finn Lehland på veg gjennom, men Fana-spelaren har ikkje farten som sin sterkaste side. Husa spring han opp.
81'
Rashad får ballen av Jeggo, og høgrekanten trekk innover i bana før han skyt med venstrefoten frå 17 meter. Franskmannen får elendig treff, og ballen humpar langt utanfor.
80'
Dyngeland skyt frå 16 meter, men ballen går utanfor.
79'
Spillerbytte
77'
Hove er ein meget god fotballspelar, men dansen han serverer publikum i etterkant av målet bør han øve meir på. Den var det ikkje Obos-klasse over!
76'
Mål!
4-0
4-0! Husa svingar frisparket inn i feltet, og der nikkar Runar Hove enkelt inn Florø sitt fjerde!
76'
Rashad vartar opp med eit frekt rabona-forsøk, men innlegget vert blokkert. Han får til slutt frispark.
75'
Rashad set på turboen og utfordrar Sindre Lie. Han glir lett forbi før han bankar til frå skrått hald. Over og utanfor.
73'
Frøholm testar høgreslegga. Brukbart forsøk av førdianaren, men dansken i Florø-buret skjermar skotet utanfor.
71'
Sindre Lie kastar lang mot Fredrik Flo, som forlengar ballen lengre bak i feltet. Men der står kun Frenderup som fangar ballen med hendene.
70'
Kupen legg Janbu i bakken, og Fana får frispark. Eit råtips er at Rognsø byttar ut sin stjernespiss før kampen er slutt då han allereie har gult kort.
69'
Kupen med eit knallhardt innlegg mot Peter Aase, men Florø-spelaren bommar på ballen og Fana får innkast.
67'
Spillerbytte
66'
Hjørnespark
Nok ein gong vert det heada vekk frå ein Fana-spelar.
66'
Heimark går av bana til pipekonsert. Publikum meiner at han burde fått sitt andre gule kort då det oppstod full krangel i etterkant av Peter Aase si stygge takling etter 57 minutt.
65'
Spillerbytte
65'
Gult kort
Stoppar Aase som er på veg fram.
64'
Solheim-Olsen headar unna, og Florø får kontroll.
64'
Akkurat no er det Fana som er best i Florø. No har dei fått eit frispark i grei innleggsposisjon. Dankertsen skal svinge inn.
63'
Fana kontrar og Hestetun og Liseth kombinerer fint. Hestetun prøvar å finne Lehland inne i feltet, men det einaste han treff når han skal avslutte er foten til Husa. Dermed frispark til Florø.
62'
Hjørnespark
Fredrik Flo headar unna på nærmaste stolpe.
62'
Spillerbytte
60'
Terje Rognsø er ikkje nøgd med det første kvarteret av 2. omgang.
59'
Hestetun dreg til på halv volley frå 16 meter, knallhardt og like utanfor! Brukbar Fana-sjanse, det!
58'
Peter Aase får det gule for taklinga, medan Janbu og Kupen får for tumultane i etterkant.
58'
Gult kort
58'
Gult kort
58'
Gult kort
57'
No kokar det på Florø stadion! Peter Aase med ein stygg takling på ein motspelar, og det tenner bortelaget!
56'
920 tilskodarar på Florø stadion i dag.
56'
Etter den meget underhaldande slutten på 1. omgang, er starten på 2. omgang heilt motsatt.
54'
Fana kjem på nytt, og denne gangen endar forsøket i eit skot frå Flo, men det går godt til side for mål.
54'
Fejzi prøvar å tråkle seg gjennom Florø-forsvaret, men Solheim-Olsen stoppar den tidlegare Sotra-spelaren.
53'
Kupen skyt på halvspretten frå skrått hald, men Nissetad har full kontroll på skotet som går utanfor.
51'
Gult kort
Legg Stefan Aase i bakken. Det gulet kortet er det ingenting å seie på.
50'
Lang pasning mot Fredrik Flo som tek ballen ned, men den utleigde Sogndal-spissen vert avvinka for offside.
49'
Høgreback Reksten er med opp i angrep, men rotar ballen over dødlinja. Utspel frå Nissestad.
48'
Kupen prøvar å finne Rashad på løp i bakrom, men pasningen er for svak og Janbu har full kontroll.
46'
Spillerbytte
46'
Då er vi i gang med dei siste 45 tillegg!
Start 2. omgang Start 2. omgang
Då er lage komne på bana igjen. Vi er straks klare for 2. omgang i Florø.
Der er det pause og laga tuslar i garderoben på 3-0 til Florø! To mål av Endre Kupen, hans 22. og 23. for sesongen, og Vegar Gjermundstad sitt første i Florø-drakt, sørga for det. Denne kampen er nok køyrd for lengst, men heng med! Vi kan nærmast love fleire scoringar!
Slutt 1. omgang Pause (3-0)
45'
Mål!
3-0
Og der sit nummer tre! Stefan Aase sender cornaren på hovudet til Runar Hove som forlengar. På bakerste stolpe står Vegar Gjermundstad, og han krigar ballen over streken med panna. 3-0!
45'
Hjørnespark
45'
Hjørnespark
Ny corner.
45'
Nissestad er nede som ein røyskatt og reddar markkryparen frå Husa!
44'
Florø får frispark på 17 meter. Her stinkar det Husa-skot!
43'
Hjørnespark
Nissestad får sovidt boksa ballen unna. Florø gjer som dei vil no.
41'
Mål!
2-0
Kupen held leikestove! Først går Stefan Aase i bakken og vil ha straffespark. Det får han ikkje. Kupen vinn ballen tilbake frå Janbu og kan skyte ved fleire høve. Han vel derimot å drible seg forbi den eine Fana-spelaren etter den andre og puttar til slutt enkelt. For ein prestasjon av nordfjordingen!
40'
Både Kupen og Rashad er nære på å komme til avslutning, men bortelaget får til slutt kontroll.
39'
Skotet til Hestetun er knallhardt, men det går utanfor.
39'
Erlend Hove legg Leo Fejzi i bakken på 25 meter. Frispark til bortelaget.
37'
Florø prøvar seg, men endar berre i femmeter frå Nissestad.
35'
Frenderup leverer ei fin redning, på eit skot frå 12 meter.
33'
Midtstopparen set ballen i mål frå corneren, men dommaren ser eitt eller anna inne i feltet. Annulert.
32'
Annullert mål
1-0
32'
Hjørnespark
32'
Stefan Aase set fart framover og finn Kupen. Han skyt på direkten - rett i blokka. Corner.
31'
Hjørnespark
Keeper boksar ut.
30'
Hjørnespark
Solheim Olsen nikkar i stolpen!
30'
Hjørnespark
Ny corner.
29'
Kampbildet er framleis det samme. Florø styrer banespelet og har god kontroll. Vertane ser botnsolide ut!
26'
I ein kamp mellom Stord og Førde står det no 4-0.
24'
Hjørnespark
Blir avklart.
24'
Heimelaget har framleis god kontroll på kampen. Fana skremmer ingen på heimetribunen heilt enno.
21'
Hjørnespark
Husa nikkar over/utanfor.
19'
Hjørnespark
Lang corner som Kupen snappar opp. Han legg inn til Hove som nikkar over frå seks meter. Midtstopparen vinn duellen mot keeper der.
17'
Florø har god kontroll på oppgjeret så langt. Fana slit med å produsere målsjansar.
16'
Gult kort
Tøff takling på Hove.
15'
Draumestart for Florø. Og nok ein gong er det Kupen som banker den inn for vertane.
13'
Mål!
1-0
Innlegg frå venstrekanten, og Kupen klinker til på halv volley. Rett i kassa!
11'
To sjanser til Florø på kort tid! Først ein innkast som Fana slit med å klarere. Like etter er Kupen nære på å setje inn 1-0 på eit innlegg, men når ikkje heilt fram. Istaden går ballen gjennom beina på keeper, og to meter til side for stolpen.
9'
Peter Aase stormer framover langs venstrekanten. Han skyt i det han passerer sekstenmeter-streken, men skotet går over.
7'
Florø har hatt ballen mest dei først minuttane av kampen.
7'
Rashad prøver seg langs høgrekanten, men innlegget er ikkje presist nok.
3'
Vertane trillar ball. P.Aase får etterkvart eit innkast på midtstreken.
2'
Frispark til Fana i fin posisjon, men blir rydda unna av Florø-forsvaret.
2'
Fana legg seg lavt straks fløytesignalet går.
1'
Florø tek avspark!
Avspark Start 1. omgang
Laga er på veg inn på bana!
Det er venta over 1000 tilskodarar på tribunen til dagens kamp. Fotballfeberen herjar på Palmekysten.
Gjestene gav Florø ei hjelpande hand førre runde. Då vann dei 2-1 over Nest Sotra.
Fana kjempar hardt for å vere topp sju i avdelinga som gir ny kontrakt i 2. divisjon etter divisjonsomlegging. Vertane på si side kjempar om opprykk til landets nest høgste nivå.
Florø har eitt tap i heile år, medan Fana berre har eitt tap på bortebane denne sesongen. Ingen enkel kamp for serieleiaren dette.
Hei, og velkommen til FIRDA si livedekning av oppgjeret Florø - Fana!