TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Kampen er slutt, og den ender 1-1. Begge lag hadde sine sjansar til å score vinnarmålet, men det var gjestene som var klart nærmast alle poenga. Likevel var dei tilfreds med eitt poeng på slutten, medan heimelaget jaga sigersmålet. Slik sett er nok ingen av laga nøgde med eitt poeng i dag. Takk for følget!
Kamp slutt Slutt (1-1)
90+5'
Straks slutt.
90+4'
Stor sjanse for Florø! Innkast frå Rashad til Kupen. Han slår inn, og der kjem Rotihaug stormande. Han er berre centimeter unna å sette inn 2-1.
90+2'
Reksten Solheim spelar Hovland fri, men vinkel blir for skrå. I tillegg treff ikkje sogningen skikkeleg, og ballen går utanfor.
90+1'
Det er lagt til minimum fire minutt.
90'
Straks på overtid.
88'
På tre minutt hadde gjestene annulert scoring, og to store sjansar. Vertane heldige som har 1-1 på resultat-tavla no.
87'
Gult kort
For felling på Rotihaug.
87'
Hjørnespark
Over heile feltet.
87'
Kaos i Florø-forsvaret no!
86'
Ny sjanse til Elverum, og den er meget stor! Cirak kjem aleine med Frenderup, runder keeper, men touchen blir for lang! Ballen trillar ut over dødlinja.
85'
Fin sjanse for gjestene! Innbytar Layoni får sjansen frå to meter, men skotet går utanfor.
83'
Annullert mål
1-1
Cirak set ballen i mål, men er i offside. Såg ut som ei rett avgjerdsle.
83'
Spillerbytte
82'
Litt meir rom i Elverum-forsvaret no. Rotihaug er ein av dei som dreg nytte av det, og dreg seg inn i feltet. Siste touchen er likevel litt for lang, og får frispark imot også.
81'
Heimelaget inne i ein bedre periode akkurat no.
80'
Med Solheim Olsen ut er det no Stefan Aase som er anker på midten.
79'
Reksten Solheim prøver seg med eit innlegg, men går i nettveggen - like til side for stolpen.
78'
Spillerbytte
78'
Frispark til gjestene på midtstreken. Brukar tid, og er kanskje nøgde med 1-1.
73'
Hjørnespark
Cukovic nikkar tilbake i feltet, men der får heimelaget ballen unna.
72'
Aase slår i retning Hove inn feltet, men innlegget er for høgt. Utspark frå keeper.
71'
Måltjuven Kupen har ikkje fått til noko etter at han kom like etter pause. Blitt pakka godt inn.
70'
Gjestene som held oppe eit visst trøkk på Florø no. Heimelaget slit med å flytte opp laget.
69'
Hjørnespark
Blir rydda unna.
68'
Solli har vore meget kvikk for gjestene dei 67 minuttane han fekk spele. Får seg ein ispose på foten.
67'
Spillerbytte
65'
Elverum har reservekeeperen sin i oppvarming. Det er midtstoppar Cucovic som må ta seg av alle utspark no. Tydeleg at 36-år gamle Tervaniemi byrjar å slite med eitt eller anna.
64'
Peter Aase ofrar alt, og vinn ballen på eigen banehalvdel. Får skryt av sjef Rognsø.
63'
Stor sjanse for Florø! Reksten Solheim legg ut til Peter Aase, men han bommar på ballen!
62'
Florø som styrer banespelet akkurat no.
62'
1101 tilskodarar ser kampen.
59'
Solli går og går, heilt til han møter betongveggen Reksten Solheim. Les: Florø overtek.
58'
Rashad og Linquist kombinerer fint. Sistnemnde finn Aase som vender og skyt. Rett i blokka!
56'
Spillerbytte
54'
Kjempesjanse for Elverum! Frenderup leiker forsvar- eller midtbanespelar. I alle fall ikkje keeper. Dansken er på bærtur, og bommar på ballen. Solli snappar den opp, men han får ikkje avslutta skikkeleg. Mange blåkledde mellom forsvaret og keeper der, men der bør det stå 1-2.
53'
Fortent at Elverum får seg ei scoring, slik sett låg den kanskje i lufta.
51'
Mål!
1-1
Der sit utlikninga! Cirak blir spelt gjennom etter frisparket, og han set ballen inn bak Frenderup.
51'
Gult kort
Takling på midten. Ikkje særleg stygt, men nok til å komme i boka.
50'
Gjestene har berre scora eitt mål så langt i sesongen. Dei var meget nære både ein og to scoringar den første omgangen.
48'
Marius Hagen på midtbana for Elverum har vore innom både klubbane Eid og Stryn i starten av si karriere.
47'
Fin sjanse for Florø. Linquist legg tilbake til Stefan Aase som skyt. Like utanfor frå 22 meter!
46'
Monir og Peter Aase har bytta side i Florø-angrepet.
46'
Rashad tek avspark.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Der går laga til pause på stillinga 1-0. Florø har scora på sin største sjanse, medan gjestene har svidd av sine to-tre største moglegheiter. Dette blir ein spennande andre omgang. Følg med!
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+1'
Det er lagt til eitt minutt.
45+1'
Hjørnespark
Runar Hove stangar unna.
45+1'
Applaus på tribunen når speaker opplyser om at Tottenham er i føringa 1-0.
44'
Ny sjanse for Elverum! Innlegg frå venstrekanten som trillar roleg gjennom feltet. Berre tilfeldigheiter som gjer til at det blir eit Florø-bein først på det innlegget.
41'
Mål!
1-0
Aase limer den i vinkelen! Rashad er på veg gjennom, men blir takla som sistemann. Dommar Tennøy viser fordel, for der kjem Aase i stor fart. Han avsluttar frå 16 meter, rett i krysset.
40'
Hjørnespark
Ufarlig.
40'
Kampens første store sjanse! Og den går til gjestene. Innlegg inn i feltet, og Cirak får gå umarkert opp. Han avsluttar med pannebrasken, men der leverer Frenderup ei kjemperedning!
40'
Lang ball i bakrom mot Solli, men Frenderup blir for sterk.
39'
Stefan Aase klinkar til frå 25 meter. Fire meter utanfor.
37'
Elverum kjem på ein fin overgang, men Runar Hove ryddar opp med meisterleg stopparspel.
37'
Hagen og Solheim Olsen i krangel. Begge får sjå det gule. Begge frå Sogn og Fjordane, og begge med draktnummer 23.
36'
Gult kort
36'
Gult kort
36'
Det er nokre ledige seter på hovudtribunen endå, om nokon vurderer andre omgang live på stadion.
34'
Meget viktig kamp for begge lag dette.
34'
Frispark til Elverum, og innbytar Bellhcen skal slå inn. Frenderup boksar ut.
33'
Gult kort
For tøft inne i ei takling.
32'
Reksten Solheim kjem seg fri inne i feltet langs dødlinja, og slår hardt inn i feltet. Ballen treff ingen medspelarar, og eit langt sukk går gjennom heimepublikum.
30'
Florø prøver seg, og det blir Solheim Olsen som avsluttar angrepet. Får ikkje skikkeleg treff, men får med avslutninga si i skotstatistikken.
29'
Enkerud testar skotfoten sin. Utanfor frå langt hold.
28'
Bellhcen går inn på venstrekanten, og skyv Enkerud inn sentralt.
27'
Spillerbytte
26'
Trur det er Moggia som skal ut.
25'
Gjestene må gjere eit tidleg byte. Bellhcen skal inn.
23'
Hjørnespark
Reksten Solheim avsluttar. Vil ha straffespark fordi han blir dregen ned, men får det ikkje. Hadde nok vore på billigsal, eventuelt.
22'
Gjestene med mest ball så langt.
19'
Hove prøver å finne Rashad i bakrom, men pasningen er litt for upresis. Godt tenkt.
17'
Monir er ute ved Rognsø og spør korleis han skal spele.
16'
Peter Aase har spelt indreløper så langt i sesongen. I dag er han på venstrekanten, rett nok i ei meget fri rolle.
16'
Frisparket blir slått inn i feltet, men Hove stangar unna.
15'
Frispark til Solli og Elverum, mellom sekstenmeteren og hjørneflagget. Ti meter frå dødlinja.
15'
Heilt jamn kamp dei første 15 minuttane.
14'
Solli tek Reksten Solheim på farten, og høgrekanten slår inn. Florø får avklart.
13'
Rashad forstår ingenting norsk, men får likevel høyre frå tribunen at han bør gå tøffare til i duellane.
10'
Solheim Olsen får kampens største applaus til no, når han er nede på venstresida og taklar ein Elverum-overgang ut til innkast.
8'
Magnus Pedersen er på lån frå Sogndal til Elverum. Den danske høgrebacken er ikkje å finne på dagens lag, og Nersveen spelar i hans fråvær.
7'
Rashad med kampens første avslutning. Gjestene med feilpasning, og Erlend Hove snappar opp. Han gir til franskmannen som klinkar til på direkten. Skotet sklir av foten hans, og ballen går sju meter til side for målet. Utspark frå keeper.
6'
Frenderup på en delvis bærtur i feltet, men Enkerud klarar ikkje å utnytte glippen frå dansken.
4'
Aase slår ballen inn i feltet. Der kjem Reksten Solheim stormande, men får ikkje foten på kula. Nesten!
3'
Heimelaget får frispark i fin posisjon. Peter Aase står ved ballen.
3'
Linjemann opnar med å gi Florø eit innkast. Det var feil veg.
3'
Runar Hove fører ballen framover frå sin midtstopparposisjon, men pasningen vidare er utan adresse. Utspark frå keeper.
2'
Stuss vidare i feltet, men der er ingen kvitkledde. Florø overtek.
1'
Elverum sikrar seg eit innkast heilt oppe ved hjørneflagget.
1'
Gjestene tek avspark!
Avspark Start 1. omgang
Laga er på veg inn på bana. Nærmar seg avspark her i Florø!
Spelarane har rusla i garderoben, for å gjere sine siste førebuingar til kampstart.
Både Florø og Elverum tok seg vidare til 2. runde i NM-cupen. Gjestene vann 6-0 mot Flisa på onsdag, medan Florø følgte opp dagen etter med 2-0 over Førde.
Florø har spelt 1-1 og 0-0 i sine to heimekampar så langt.
Begge desse er nyopprykka frå 2. divisjon. I fjor hadde Elverum seks baklengsmål gjennom heile sesongen på bortebane. I løpet av dei to første bortkampane i år har det alt blitt sju mål i sekken. Ingen tvil om at det er skilnad på 2. divisjon og OBOS-ligaen.
Hei, og velkommen til liveoppdatering av oppgjeret mellom Florø og Elverum!