TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Der er kampen slutt, og Glimt vinn 2-1. Andre omgang gav valuta for inngangspengane. Då var det tre mål, to raude kort. Glimt hadde ballen mest, og er strålande nøgde med tre poeng her.
Kamp slutt Slutt (1-2)
90+4'
20 sekund att.
90+4'
Florø held oppe trøkket.
90+3'
Hjørnespark
Aton går i bakken, men dommaren vinkar spelet vidare.
90+3'
Florø jaktar 2-2, men slit med å produsere sjansar på slutten.
90+1'
Lindquist jaktar corner, får det ikkje.
90+1'
Det er lagt til fire minutt.
90'
Runar Hove er flytta opp som spiss for Florø no.
88'
Spillerbytte
88'
Edvardsen skal inn for Glimt.
87'
Keeper Friendrich brukar god tid på eit frispark. Lagkamerat Jacobsen gir han beskjed om å raske på.
87'
Klokka tikkar Glimt sin veg no. Florø slit med å sette gjestene under press.
84'
Hjørnespark
Frispark til Glimt i feltet.
84'
Begge Glimt-scoringane er komne etter langskot - og retur frå Frenderup. Siste målet leverer han rett nok ei meget god redning på skotet, der han fistar den i stolpen.
82'
Mål!
1-2
Hauge skyt, og Frenderup fistar ballen i stolpen! Der dukkar kaptein Olsen opp på returen, og set inn 2-1 til gjestene.
81'
Spillerbytte
80'
Fardal Opseth vippar ballen forbi Frenderup, men kaptein Gjermundstad kjem springane og reddar ein meter unna streken!
79'
Glimt ligg lågt i bana no og Florø har ball.
77'
Fardal Opseth nesten aleine gjennom, men blir henta att av Runar Hove! Godt stopparspel der.
75'
Fardal Opseth får ballen på 20 meter, vender og skyt. Utanfor.
74'
La inn en corner, beklagar feilen. Skyldar på linjemann.
73'
Og han har rett. Aase er på beina att.
73'
- Peter reiser seg alltid, er kommentaren frå tvillingbror Stefan her i bua.
71'
Rødt kort
Tofots takling på Peter Aase! Direkte rødt, og laga spelar no 10 mot 10!
70'
Gult kort
Takling på midten.
70'
Glimt trillar ball, og Florø ligg djupt i bana.
68'
Florø spelar 4-4-1 no. Rashad aleine på topp.
67'
Mål!
1-1
Langskot frå distanse, og Frenderup må gi retur. Der er Fardal Opseth våken, og set inn 1-1!
66'
Mest truleg fekk Monir sitt andre gule for munnbruk. Han hadde i alle fall skjorta på gjennom heile feiringa.
63'
To gule kort
Monir får sitt andre gule kort, i etterkant av scoringa - før Glimt har tatt avspark! Får det for å være i overkant provoserende mot Glimt-keeperen i feiringen sin.
63'
Mål på straffe!
1-0
Monir set straffesparket knallhardt til høgre for keeper! 1-0!
62'
Straffe!
Frenderup kastar langt, og Rashad set fart framover. Han vender opp inne i feltet, og blir lagt i bakken.
60'
Spillerbytte
60'
Spillerbytte
60'
Det skal også Hauge.
59'
Jose Angel skal inn for Glimt.
58'
Florø inne i ein god periode, og trykker Glimt bakpå.
57'
Hjørnespark
Glimt får kontroll.
56'
Nær sjølvmål på Florø stadion! Rashad slår inn i feltet, og Jacobsen sleivar ballen like over eige bur!
56'
Aase slår mot Rashad i bakrom, men Glimt får rydda unna - og innkastet.
54'
Gult kort
Taklar Jacobsen i det han skal slå inn.
52'
Hjørnespark
Kort variant, og Hovland får etterkvart sjansen. Avsluttar, men forsøket går til innkast.
51'
Saltnes vil prøve skotfoten sin etter gammalt. Over, og Stimen ler av forsøket.
50'
1258 tilskodarar ser kampen.
50'
Hovland blir klippa ned av Jacobsen. Klart frispark heilt ute på sidelinja.
49'
Glimt festar grepet om kampen no.
48'
Rashad skyt frå kanten av sekstenmeteren - høgt over!
46'
Ingen av laga har gjort byter.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Bengt Solheim Olsen einaste utanom spelarane med shorts i dag. Smell! Kaldt på Palmekysten i kveld.
Straks klart for andre omgang.
'Florø er det laget som har imponert mest denne omgangen. Glimt har vore det førande laget og hatt den største sjansen. Eg trur vi vinn dette', seier ekspert Stefan Aase frå bua.
Laga går til pause på stillinga 0-0. Kampen er vidopen! Kan ende med kva som helst, og berre Snåsamannen veit korleis dette går. Følg med på dei siste 45 minuttane!
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+1'
Vik legg Olsen i bakken, og Glimt får frispark i fin posisjon. Drage slår inn, men Erlend Hove nikkar unna.
44'
Ny sjanse for Florø! Erlend Hove finn Rashad på løp. Franskmannen legg inn i feltet på direkten, og der kjem Hovland. Han stupheadar - men ballen treff ikkje målet!
43'
Peter Aase med skot frå 22 meter! Ballen stryk stolpen!
42'
Rashad og Florø kjem to mot to, men han blir effektivt stoppa i Lode!
41'
Ekspert Stefan Aase sit i bua grunna karantene. Han meiner fleire av taklingane til Glimt har vore av den gule fargen.
40'
Hjørnespark
Keeper held kula.
40'
Rashad får sjansen frå 15 meter på halv volley, og keeper leverer i kjemperedning! Fistar det knallharde skotet like over.
39'
Rashad stormar framover, og blir hindra. Får likevel med seg ballen, men dommaren bles frispark. Trenar Rognsø rasande, som ville hatt fordel der.
38'
Monir og Normann i krangel. Dommaren må gå i mellom.
37'
Hjørnespark
Blir nikka unna.
37'
Leikvoll Moberg går i bakken i duell med Lindquist. Trenar Bjørkan ropar høgt på straffe, men dommaren vinkar spelet vidare.
36'
Florø har framleis ikkje produsert en einaste målsjanse.
34'
Fardal Opseth får to sjansar på rappen, og Florø kan prise seg lykkeleg for at siste sjansen var med høgrefoten. Han bles den over frå ti meter. Der brukar sogningen ofte å score!
32'
Dei gulkledde gjestene har altså hatt flest og størst sjansar så langt. Nærmast var Saltnes då han avslutta i stolpen.
31'
Innlegg frå venstrekanten til Glimt, og Fardal Opseth stussar vidare frå 12 meter. Ballen stryk stolpen!
28'
Bjørnbak står ved kula. Men det blir Normann! Han skyt - rett i muren.
28'
Olsen får frispark i duell mot Rashad. På kanten av sekstenmeteren. Fin posisjon dette!
27'
Innlegg frå høgreback Jacobsen, og Leikvoll Moberg får gå upressa til vers. Han nikkar like utanfor!
26'
Benmoussa skyt eit frispark - rett på keeper frå langt hald.
25'
'Kampbildet er som vi venta på førehand. Glimt har ballen mest, men Florø bør nytte overgangane betre om det skal poeng i dag' seier ekspert Stefan Aase etter første halvdel av denne omgangen.
24'
Rashad prøver å spele gjennom Hovland, men pasningen blir for hard. Inn til keeper.
23'
Olsen legg inn - bak mål.
22'
Sogndal-spiss Martin Ramsland og assistent Marius Bøe er observert glisande på tribunen.
21'
Fleire av spelarane på bana har vore innom Sogndal. Vi nemner Fardal Opseth, Drage, Leikvoll Moberg, P.Aase, Hovland og Gjermundstad. I tillegg har Jacobsen på Florø-benken og Nygård på Glimt-benken begge hatt roller i Sogndal-systemet.
19'
20-30 tilreisande frå Bodø har tatt turen hit. Vi er imponert.
18'
Vertane får applaus frå heimepublikum! Rashad legg knallhardt inn i feltet, men ballen går forbi Erlend Hove som kjem stormande. Nesten.
17'
Glimt står oppført med tre assistent-trenarar på benken. Nokon betre? Nygård, Knutsen og Kolstad.
16'
Florø prøver seg, men den siste pasningen frå Gjermundstad blir for upresis.
14'
Hjørnespark
Normann avsluttar over med hovudet.
14'
Innkast til Glimt høgt oppe i bana. Får corner.
13'
Glimt har hatt eit lite spelemessig overtak så langt.
12'
Hjørnespark
Blir rydda unna.
12'
Normann legg Hovland i bakken. Får frispark - og corner i neste trekk.
11'
Rashad legg inn frå høgrekanten, men innlegget går bak mål. Får likevel applaus frå Florø-benken.
8'
Florø stormar i angrep, og Rashad får ballen. Han skyt frå skrå vinkel - rett på keeper.
7'
Stor sjanse for Glimt! Innlegg frå høgrekanten, og Saltnes nikkar i stolpen! Fine kombinasjonar mellom Drage og Jacobsen der.
7'
Peter Aase skyt - men ballen går via ein Glimt-rygg og inn til keeper.
6'
Florø får innkast. 'Hele ballen skal vere ute', er kommentaren Trond Olsen har til linjemann.
5'
Fin sjanse for Glimt! Olsen slår inn, men innlegget går forbi Fardal Opseth! Nære for gjestene der.
4'
Her bør det vere muligheter, meiner dagens ekspert her i bua, Stefan Aase. Han sikter til at Glimt har vore svake borte, og at vertane har opna fint dei første minuttane.
3'
Lindquist slår mot Hovland, men Florø-spissen får ikkje kontroll på kula. Inn til keeper.
2'
Jacobsen får seg ein smell, og småhaltar litt.
1'
Glimt tek avspark!
Avspark Start 1. omgang
Gjestene skal starte med ballen.
Laga på veg inn på bana. Nærmar seg kampstart her i Florø!
– Det handler om oss på søndag. De har et ok lag, og spiller med stor entusiasme hjemme. Men om vi leverer en god kamp, så får vi med oss poeng hjem, sier Aasmund Bjørkan til Avisa Nordland før kampen.
Jose Angel er tilbake i troppen for Glimt, etter at han sto over med en liten skade mot Ull/Kisa 16. mai.
Nemnde Stefan Aase blir forøvrig med som ekspertkommentator i denne kampen her på Firda-liven. Han vil komme med sine vurderingar undervegs i oppgjeret, inspirert av Kjetil Rekdal og Olav Traaen.
Framleis store skadeplager i Florø-laget. Kristoffer Ryland, Halvor Solheim Olsen, Christer Husa, Andre Reksten og Endre Kupen er alle skada - og alle har til felles at dei har starta ein eller fleire kampar for heimelaget tidlegare i sesongen. I tillegg er Stefan Aase utilgjengelig grunna karantene.
Hei, og velkommen til Florø - Bodø/Glimt frå Florø stadion! Nok eit storlag er altså på besøk på Palmekysten. Førre helg var Start her, og tok med seg tre poeng etter 4-1 siger.