Referat
Kun høydepunkter
Då kampen slutt, og Arendal vinn 1-0. Dei hadde i tillegg nokre enorme sjansar. Slik sett var det fortent at gjestene vann. Vi takkar for følget, og ynskjer velkommen tilbake ved neste høve!
Kamp slutt Slutt (0-1)
90+3'
50 sekund att.
90+1'
Det er lagt til tre minutt.
90'
Innbytar Ness med skot, Frenderup reddar!
90'
Arendal har grei kontroll.
86'
I sist heimekamp scora Florø 1-1 scoringa si i 94. minutt. Skal det skje noko liknande i dag?
84'
Svært viktig scoring for Arendal dette. Dei vann også i vårkampen mot Florø. Skal dei ta seks poeng mot Rognsø sitt mannskap denne sesongen?
80'
Frispark i fin posisjon for Arendal.
79'
Florø som er best og nærmast 1-0 for augneblinken.
75'
Frenderup med to matchvinnar-redningar så langt i kampen.
73'
Kjempesjanse for Arendal! Innlegg inn i feltet, og Christensen kjem stormande på bakerste stolpe. Han avsluttar, men Frenderup reddar på mirakuløst vis!
73'
Benmoussa og Florø kjem tre mot tre, men mistar ball. Rognsø er rasande!
71'
Ekpe slår eit frispark inn i feltet, og Frenderup glipp ballen! Arendal får til slutt corner.
70'
Aabrekk skal inn for Florø.
69'
Solheim Olsen blir spelt fri inne i feltet, men får ikkje lagt tilbake i feltet.
67'
1088 tilskodarar på stadion.
67'
Aase tek med seg ballen framover og skyt. Utanfor. Florø nærmar seg no.
65'
Lindquist driblar seg gjennom Arendal-forsvaret, og skyt frå 11-12 meter. Til side for målet!
64'
Han haltar seg tilbake på bana.
63'
Rnkovic får seg ein trøkk, og må få hjelp på sidelinja.
62'
Aase med stor sjanse for Florø, men skyt over frå ti meter!
61'
Fabian Ness får beskjed om å gjere seg klar om fem minutt for Arendal.
60'
Florø har opna andre omgang best.
56'
Rotihaug med takling bakfrå. Også han slepp unna advarsel.
53'
Benmoussa testar skotfoten frå 20 meter, men forsøket blir blokkert.
52'
Betre tendensar frå Florø no.
48'
Lindquist legg inn i feltet, men keeper plukkar.
47'
Husa skyt - rett på keeper.
46'
Rnkovic klipp ned Kupen på 20 meter. Slepp unna gult.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Straks avspark.
Det er pause på Florø stadion. 0-0. Ingen stor fotballkamp så langt, men gjestene har hatt den største sjansen. Blir spennande andre omgang dette, så heng med!
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+1'
Husa skyt - blir blokkert.
45'
Aase går i bakken i feltet. Rognsø vil ha straffe - dommaren seier nei. Sistenemnde som avgjer.
44'
Florø kontrar og set fart framover. Kupen får ballen ute ved sidelinja og set fart mot målet! Ingen maktar å ta han att, men spissen kjem litt skrått mot mål. Han prøver å vippe ballen over keeper Jørgensen, men sisteskansen let seg ikkje lure!
39'
Høljregn.
39'
Aase får høyre nokre engelske gloser frå Jeggo, etter eit misslukka dribleraid på midten.
37'
Supportarane til Florø, Stimen, har vore best på stadion så langt.
37'
Gjestene er fullt på høgde, og kampen er heilt jevn.
36'
Har vore ein tam førsteomgang så langt. Det er gjestene som har vore nærmast scoring, men ei god redning frå Frenderup hindra nettopp det.
33'
Anders Hella hos Arendal har vore innom Sogndal-systemet tidlegare. Vi ynskjer han ekstra velkommen hit.
30'
Florø-trenar Rognsø tydeleg missnøgd med laget sitt så langt.
29'
Toppscorar Kupen toppar spelarbørsen i avdelinga med eit snitt på 5.80.
24'
Husa kastar langt, og Reksten Solheim får trikse nokre gonger inne i feltet. Arendal-forsvaret får til slutt rydda unna.
22'
Andersen med dytt i rygg på kupen. Arendal-trener Andersson er uenig!
21'
Offisde på Kupen. Høyrt frå tribunen: - Koman dommar, dette er OBOS!
19'
Frispark i fin posisjon for Florø. Husa skyt - rett i muren.
19'
For første gong er det under 1000 tilskodarar her i Florø i år. Nederste delen av sitjetribuna er tom - der det ikkje er takoverbygg.
18'
Andersen og Rnkovic byter på å passe på Kupen. Måltjuven får ikkje rom til å leike seg så langt. Har dei kanskje lese bloggen til Mjøndalen-trenar Hansen?
16'
Trekk tilbake setningen om at det var gode tendensar frå Florø. Har vore slurvete fleire gonger i eiga forsvarsrekkje dei siste minuttane.
15'
Reksten Solheim rotar det til ute på kanten, og bommar på ballen. Berre ei god takling frå Jeggo inne i feltet hindrar nok ein sjanse.
14'
Der bør det stå 0-1.
14'
Kjempesjanse for Arendal! Pepa kjem aleine gjennom og skyt, men Frenderup leverer ei fantastisk redning!
13'
Nordisk preg på Arendal. Tre dansker, en svenske og nokre nordmenn.
12'
Allerede betre tendensar frå Florø laget i dag, enn det var mot Tromdalen i førre heimekamp.
11'
Jeggo testar skotfoten frå 20 meter. Rett på keeper.
11'
Kupen lurer Rnkovic trill rundt, og blir lagt kontakt i bakken. Heimefansen vil sjå det gule kortet, men midtstopparen får berre tilsnakk.
10'
Lang ball i retning Pepa, men Gjermundstad les spelet godt.
9'
Svært våt grasmatte, og ballen skyt ekstra fart på underlaget.
8'
Framleis ingen sjansar så langt.
5'
Regn i Florø i ettermiddag.
4'
Heimelaget festar grepet om kampen.
2'
Florø og Rotihaug er nære på å drible seg gjennom Arendal-forsvaret, men lykkast ikkje. Gjestene overtek.
1'
Gjestene tek avspark.
Avspark Start 1. omgang
Kjem tilbake med meir informasjon og lagoppstillingar når det nærmar seg kampstart på Palmekysten. Følg med!
Arendal må klare seg utan midtstopparane Avni Pepa og Sune Kiilerich til dette oppgjeret. Sistnemnde er lagets kaptein, medan Pepa har to landskampar for Kosovo. Utan tvil to gode spelarar på dette nivået, og det blir interessant å sjå kven som dannar det nye midtstopparparet i dag.
Heimelaget må klare seg utan Runar Hove og Peter Aase i dagens kamp. Mest truleg er det Simen Reksten Solheim og Stefan Aase som kjem inn som erstattarar.
Arendal har tatt poeng i fem av dei siste åtte bortekampane sine. Samstundes står Florø med 5-4-2 på si heimebane, så spørst om Terje Rognsø sitt mannskap blir skremde av den statistikken.
Florø si sigersrekkja på heimebane vart stoppa sist helg mot Tromsdalen. No er det Arendal som står på motsatt banehalvdel. Dei har vore betre på bortebane enn heimebane denne sesongen, sjølv om dei slo Florø i tilsvarande kamp i vår.
Hei, og velkommen liveoppdatering frå oppgjeret Florø - Arendal!