TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Det vart spel mot eit mål i kveld og det vart ein tung kveld for bortelaget. Fjøra var mykje betre i kveld enn det unge Strynelaget. Det vil koma bedre opplevingar for dei enn dette. Det er ikkje meir enn 4 år sidan FFK tapte 12-1 borte mot Stord, for so å slå dei 4-0 heime månaden etter. Det vil garantert bli ei anna oppleving borte i Stryn til hausten for Fjøra. Takk for fylgjet, vel heim til alle og god helg i det flotte maiveiret.
Kamp slutt Slutt (13-1)
88'
Mål!
13-1
88'
Innlegg som Ulrik headar i mål mot barndomsklubben,
84'
Mål!
12-1
Der fekk Stryn eit trøstemål etter flott spel, Hoddevik dunkar ballen i mål frå kort hald.
83'
Spillerbytte
83'
Spillerbytte
80'
Mål!
12-0
FFK kjem 5 mot 2, og det må gå som det må, Hovland sitt første for kvelden.
74'
Mål!
11-0
Skjerven gjer det han er best på, gjennombrotpasning mot Sunde som sett ballen i hjørna.
69'
Spillerbytte
66'
No er det synd på det særs unge bortelaget.
64'
Mål!
10-0
Ball i hatt med bortelaget, Malvin trillar til LO som spring rett igjennom, rundar keeper og to-siffra.
63'
Gult kort
Stoppa eit frispark ureglementert
62'
Spillerbytte
58'
Mål!
9-0
Såg ikkje kven som la inn, men Malvin headar i mål på 5 meter. Dette kan bli særs mykje,
58'
Spillerbytte
57'
Spillerbytte
57'
Spillerbytte
57'
Spillerbytte
55'
Mål!
8-0
Keeper misser eit innlegg, Malvin først på ballen og dermed mål.
51'
Mål!
7-0
Flott pasning frå Skjerven, LO åleine med keeper og rullar inn 7-0
46'
Selvmål!
6-0
Sjølvmål av Stryn, me såg ikkje kven det var, men det skal me få greie på. Keeper var uheldig på eit tilbakespel
46'
Spillerbytte
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
FFK totalt overlegne før pausen, Stryn er heldige som kun ligg under med 5 mål
Slutt 1. omgang Pause (5-0)
45'
Mål!
5-0
Enormt FFK spel, klikk klakk , og på heil volley på eit flott innlegg frå Hovland, der ligg Gjerde stiv i lufta som ein snurrebass i paringstiden og dunkar inn 5-0 på heil volley. Kanskje årets scoring allereie på Campusen.
42'
Mål!
4-0
Fjøra trykker på etter eit kast, innlegg frå M. Flo og Malvin har fremdeles ikkje klyppt tå-neglene sidan mars, og tuppar ballen i mål via keeper.
40'
Gult kort
Halding på Ulrik.
34'
Stryn kjem igjennom, men offside, godt spel i forkant.
32'
Litt bedre frå bortelaget no, avslutning over mål, kome litt høgare i bana.
27'
Stryn må heva seg ellers er eg redd dette kan bli stygt.
23'
Mål!
3-0
Innlegg som bli heada ut på 25 meter, Flo tek tak i ballen, og dreg til, via Strynespelar som set keeperen ut av spel, og 3-0
22'
FFK har vore gode til no.
19'
Mål!
2-0
Flott FFK spel, LO med enormt forarbeid der han forserar forbi fleire spelarar og trillar ballen til Malvin, som trillar ballen roleg i hjørna
12'
Malvin kunne hatt eit hat-trick her, men Stryn er bra på overgangar.
5'
Fjøra kunne ha leda både 2 og 3 null her no, enorme sjansar.
1'
Mål!
1-0
Ikkje spelt mange sekundane. Att og fram i feltet etter corner, kanonade mot Stryn-målet og til slutt endar ballen av Gjerde som set den i mål via stolpen med feil fot.
Avspark Start 1. omgang
Domartrioen er akkurat gått i garderoben, tippar laga snart tek turen og.
Sol ut, sol inne, sol i skinnet men ei om du lys i delar av tribunebygget skal finne. Stor poesi om eg skal sei det sjølv. Sognekraft er på ballen, tommer opp. Men heldigvis skal kampen spelast ute. Akkurat no 13 grader, sol og sur minibris frå dalen. Me er tilbake med lagoppstillingar når det nærmar seg mellom heimelaget og Stryn. Dette blir kjekt. Og so håpar me att me att mange startar helga med kamp på Campusen.