TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Då er cupeventyret over for Fjøra. Dei fekk no i allefall med seg eit mål mot eliteserielaget Sogndal som vinn 6-1. Skotstatistikken vinn bortelaget 23-2. Stig Anders Hauge takkar for seg frå Fosshaugane Campus.
Kamp slutt Slutt (1-6)
90+3'
Traore med knallhardt innlegg. Flo når ikkje fram. God sjanse for fjøra.
90+2'
310 betalande tilskodarar i dag.
90+2'
Njøs med innlegg med Omenås er ute og snappar.
89'
Gult kort
Sparkar bort ballen. Heilt utrulig fantastisk urutinert.
89'
Det nermar seg slutten og det ser iallefall ut som Fjøra vinn sagens floduell. 1-0 til Mathias over Fredrik.
87'
Hjørnespark
Stussast ut av ein fjøraspelar, men Sogndal får ikkje ny corner. Ein av få feil frå dagens dommar Grøtta frå Malmefjorden.
85'
Mål!
1-6
Snurrar rundt med fjøraspelarane på 16 meter før han trillar ballen ned i hjørnet.
83'
Hjørnespark
Flo headar over.
83'
Flo avsluttar igjen. Via ein fjøraspelar og i stolpen.
81'
Fredrik Flo avsluttar over.
80'
Nwakali har vore Sogndals beste i dag. Godt skot no, men ein liten meter utafor målet til Mjelleli.
79'
Hjørnespark
Fjøra klarerar.
79'
Nwakali med fantastisk stikkar til Kjemhus. Åleine med Mjelleli skyt han via keeper til corner. Der skal du chippe Kjemhus. Skuffande!
77'
Mathias Flo får sin og Fjøra sin andre avslutning på mål. Prøver seg på ein lobb, men Omenås er med på den.
73'
Spillerbytte
73'
Spillerbytte
72'
Spillerbytte
71'
Mål!
1-5
Grodås får gå og gå og gå omtrent til han er inni mål. Legg usjølvisk ut til Kjemhus som kan dunke ballen i mål frå fire meter.
69'
Mål!
1-4
Innbytaren punkterer kampen. Birkelund kjem seg fri på kant legg inn til ein umarkert Brekkhus som kontant dunkar ballen i mål. Flott avslutning frå guten frå Bolstad.
67'
Hjørnespark
Fjøra meiar ballen ut.
67'
Framleis spelarar frå a-stallen Bakke satsar på.
67'
Spillerbytte
66'
Spillerbytte
66'
Sogndal trykkjer på og ein fjøraspelar kastar seg ned for å blokkere skotet frå Koomson til corner.
65'
Utvik tilbake på bana. Såg litt stygt ut der for Utvik som har slite med ei vond skulder.
63'
Utvik ligg nede med skade.
61'
Mål!
1-3
Glimrande spel av Fjøra. Skjerven kjem rundt på kamp og får vippa ballen inn i feltet. Der knuser Flo Utvik i duell og Stangar inn reduseringa for Fjøra.
61'
Grodås får god tid litt skrått inni boksen, men hamrar ballen over.
57'
Gult kort
Ettersleng på Birkelund.
54'
Karsten Bjelde med ein herleg hælflikk av ein støttepasning. Behaldninga sålangt i denne omgangen.
53'
Skjer ikkje så veldig mykje av interesse her i starten av denne omgangen.
50'
Andrelagstrenar Halland håpar no å snart få sjå nokon av sine disiplar utpå her. Fredriksen, Helgesen og Flåten sitt framleis på benken for Sogndal.
47'
Langt kast inn i fjørafeltet og Steiring er nære på å sette inn Sogndals fjerde for kvelden.
46'
Fjøra går over til sin sedvanlege 4-4-2.
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Det har heilt klart vore forskjell på Eliteserie og 3.divisjon i dag. Sogndal har styrt det meste og Fjøra har vore tamme. 0-10 i skot og 0-3 i målprotokollen seier det meste.
Slutt 1. omgang Pause (0-3)
45'
Hjørnespark
Steiring stangar ballen utafor.
43'
Mål!
0-3
Innlegg frå Kjemhus som går via ein fjøraspelar og dalar ned på bakerste. Der er Bye og set enkelt inn 3-0 til Sogndal like før pause.
42'
Koomson dreg seg innover i feltet igjen, men avslutninga går rett på Mjelleli.
41'
Innlegg mot Fredrik Flo som blir litt for liten og sender headinga over. Den hadde nok pappa satt i sine glansdagar.
39'
Fjøra sin største sjanse så langt. Klarar å bryte Sogndal og Traore kjem ein mot ein med Utvik. Midtstopparen vinn duellen og Omenås kan ut å plukke. Skulle nok spelt ballen til Flo der Traore.
37'
Koomson skyt i krysstolpen. Sogndal styrer det meste ja.
35'
Hjørnespark
Stanga ut av fjøraforsvaret.
35'
Assistendommar 2 er Erlend Nondal Lereim frå Kaupanger, mens dommar er Marius Hansen Grøtta frå Malmefjorden. Har klart seg bra så langt i dag denne trioen.
34'
Fredrik Flo er nære på å sette inn 3-0, men blir vinka av for offside av dagens assistentdommar 1, Vegard Yndestad frå Eikefjord. Millimeteravgjerd, men var nok riktig den.
31'
Då vert det nok vanskeleg med noko cupbombe her i Sogndal.
27'
Mål!
0-2
Grodås driv framover og legg ut til Koomson som curlar ballen i Mjelleli sitt venstre hjørne.
25'
Hjørnespark
Gå bak mål.
23'
Hjørnespark
Nwakali med ein susar som Mjelleli reddar meisterleg.
23'
Sogndal med fleire pasningsfeil no og det ser ikkje ut som konsentrasjonen er heilt på topp etter det tidlege leiarmålet.
20'
Koomson skiftar side. Det gjer og Fjøra Ørjan Sørflaten, Valdres raskaste fotballspelar ifylgje Halland. Taktisk høgt nivå på det fjøratrenar Håvard Hatle driv med her.
18'
Fjøra yppar seg og sogndalforsvaret har meir enn nok med å få klarert. Litt meir liv i kampen no.
18'
'Mjelleli er nydeli' runga da frå tribunane. Så spørs det om det er keeperen sine feberredningar eller ytre attributtar dei siktar til.
16'
Samtidig har fjørafansen fått støtte frå den lokale russen så no spørs det om spelarane klarar å løfte seg etter den litt tamme starten.
15'
God sjanse for Sogndal. Flo legg inn framfor mål der Bye er millimetarar frå å skli inn eliteserielaget sitt andre for kvelden.
13'
Fjøra har løfta spelet litt, men det gjev og litt større rom for Sogndal offansivt.
10'
Fjøra på ein sjeldan visitt. Spelar seg gjennom i mellomrommet, men klarar ikkje å flytte opp nok folk og ein feilpaning gjer at Sogndal overtek.
8'
Så er Koomson igjennom, men Mjelleli gjer ein glimrande einhandsredning.
7'
Mål!
0-1
Fjøra klarerar eit innlegg ut på 20 meter og der kjem Nwakali og klinkar til. rett i krysset! Eit glimrande mål.
5'
Det meste har sålangt foregått inne på Fjøra sin banehalvdel. Possesion ca 85-15 i bortelagets favør.
4'
Håvard Mjelleli i fjøramålet er son til tidlegare sogndalkeeper Kåre Jan Mjelleli.
3'
Hjørnespark
Mjelleli boksar ut under press.
3'
Fjøra med høgt press i innleiinga her og Sogndal vert pressa til å slå langt. Uansett har bortelaget ein Flo på topp og då sømmer det seg jo å slå langt.
1'
Og der er vi igang. Fjøra med avspark.
Avspark Start 1. omgang
Laga på veg inn på bana til det som nok er 3.divisjon sitt største og mest moderne stadion, Fosshaugane Campus. Straks klart for fotballens festdag, 1.runde i cupen.
Som ekspertkommentator i dag har eg fått med meg Jon Arild Halland, trenar for Sogndal 2. Kanskje ikkje den mest nøytrale i dagens kamp og difor har vi og med Eirik Stedje, skada fjøraspelar og ihuga leedssupporter. Med andre ord høg kompetanse på ekspertane eg har med meg.
Fjøra i ein sylfrekk 3-5-2 frå start. Så får vi sjå om det ikkje blir meir 5-3-2 etterkvart. Time will show! Spanande også med 2xFlo på bana i dag, dog på forskjellige lag. Mathias Flo er son til den gamle sogndalstopparen Jarle Flo, mens Fredrik er son til Håvard Flo som no er sportsleg leiar i Sogndal.
Lagoppstillingane har vore klare ei stund og vi ser at Eirik Bakke ikkje sparar så mange av sine faste spelarar som vi først anntok. Furebotn og Dyngeland på benken og Psyche som ikkje er med er dei einaste tilgjengelege frå helgas kamp som ikkje startar.
Svært mange av Fjøra sine spelarar har ei fortid på aldersbestemte sogndallag samt både 2. og 3. laget til eliteserieklubben. Fleire av spelarane er og på utlån frå nettopp Sogndal, men underteikna trur ikkje det er lagt nokon begrensingar på om dei kan spele dagens kamp.
Sjølv om Sogndal må reknast som store favorittar grunna divisjonsforskjellen så slit dei med store skadeproblem og Eirik Bakke vil nok ikkje risikere fleire skadar no når neste kamp i Eliteserien er allereie på søndag mot Lillestrøm. Frå sist kamp er definitivt Martin Ramsland ute, så får vi sjå kven fleire Bakke vel å spare.
Med tre tap på bortebane denne sesongen burde Sogndal kanskje frykte ein ny bortekamp, men til deira hell så spelar Fjøra på same bane som eliteserielaget. Derimot vert det få kilometer å hente i NFF sitt NM i byråkrati som seinare i cupen bestemmer kven som får heimebane. Dette sjølvsagt dersom Sogndal skulle klare å vinne kveldens kamp.
Fjøra held til i 3.divisjon og har ein siger og eitt tap på sine to fyrste kampar denne sesongen. Eliteserielaget Sogndal ligg på 13.plass etter ein siger, ein uavgjort og tre tap.
Hei og velkomne til fotballens festdag, 1.runde i cupen. Frå Sogndal får de servert lokalderbyet Fjøra-Sogndal live frå Fosshaugane Campus kl. 1800.