TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Då er det over her på stadion, Eirik Stedje takkar for følgjet og vil på vegner av Fjøra fotballklubb ynskja Florø lukka til vidare i Cup-en.
Kamp slutt Slutt (2-2)
120'
Straffemål!
4-5
120'
scorar Florø no er det over....
120'
Straffebom!
4-4
120'
Straffemål!
4-4
120'
Straffemål!
4-3
120'
Straffemål!
3-3
120'
Straffemål!
3-2
120'
Straffemål!
2-2
120'
Florø må scora
120'
Straffemål!
2-1
120'
Florø bommar, kva er det som skjer?
120'
Florø bommar! Kva er det som skjer?
120'
Straffebom!
1-1
120'
Straffebom!
1-1
120'
Straffebom!
1-1
120'
Straffebom!
1-1
120'
Straffemål!
1-1
120'
Florø neste
120'
To missar på kvart av laga
120'
Straffebom!
1-0
120'
Straffebom!
1-0
120'
Ballen ligg spikra i hjørnet!
120'
Straffemål!
1-0
120'
Laga gjer seg klare. Fjøra først ut med Karsten Bjelde
120'
For ein dramatikk, for ein kamp. Denne matchen har alt! Me ventar på straffar...
Straffesparkkonkurranse
120+3'
To gule kort
Får ikkje heilt med meg kva som skjer, men Torje Naustdal får marsjordre. Uansett håplaust!
120+3'
Folk går bananas...... er det mogleg?
120+2'
Mål!
2-2
OJOJOJOJ! Karsten Bjelde scorar etter klabb og babb i feltet!
120+1'
Hjørnespark
OJOJOJOJ! Folk går bananas
120+1'
corner Fjøra
120+1'
For ein moglegheit. Frisparket er perfekt slått, men sklir av panna til kaptein Morten Knudsen
120'
Blir nok det siste som skjer i kampen. Flyttar opp mann og mus.
120'
Frispark til Fjøra i god posisjon
115'
Hjørnespark
Blir Florø utspark av det til slutt
115'
Corner til Fjøra
114'
Blir ikkje noko særleg av frisparket, men Fjøra helde presset....
112'
Gult kort
Kjempefrispark! Meiar Malvin ned langt oppe på Florø sin halvdel, frispark.....
110'
Gult kort
Ber om det gule kortet når han riv ned Sindre Jensen.
110'
Fjøra har ikkje gitt opp. Klinkar til i duellane og hentar fram uante krefter her i sluttminuttane.
109'
ojojoj.... ja, kva skal ein sei?
106'
Mål!
1-2
Har du sett på maken. Kasper Nissen slår ballen inn til Moses Dyer, som ut av ein annan verden hentar fram eit brassespark av verdensklasse. Utagbart for keeper Benjamin og 1-2 til Florø.
106'
Andre ekstraomgang er oppe og rullar
Start 2. ekstraomgang Start 2. ekstraomgang (1-1)
Då er første ekstraomgang over. Stillinga fortsatt 1-1 og det er vanskeleg å sei kven av laga som har initiativet. Begge lag ser godt slitne ut og det er dei som vil det mest som kjem til å trekka det lengste strået i denne kampen.
Pause Pause ekstraomganger (1-1)
105+6'
Hjørnespark
Corneren skruast nesten i mål, men Fjøra spelar headar ut på streken.
105+6'
Florø spelar nesten spelt igjennom, men Sindre Jensen med livsviktig inngripen som sikrar Fjøra eit utspel.
105+3'
No bølgjer det fram og tilbake, spenninga er til å ta og føle på
105+1'
Blir nok lagt til ein del tid her.
105'
Nissen køyrer litt karusell på sida og får lagt inn for Florø. Ballen havnar etter kvart i returrommet og med ein dårleg avslutning sender ein Florøspelar ballen over Fjøra-målet.
102'
Hjørnespark
God innoverskrudd corner der Fjøra har stabla opp rundt keeper. Omsider får Florø avklart.
102'
Corner til Fjøra etter at Malvin vartar opp med ein god prestasjon.
101'
Gjørinbø bryt fint på Florø sin halvdel og sler Malvin. Malvin har moglegheit til å spela Malvin igjennom, men brukar for langt tid og det ebbar ut i ingenting.
99'
Og der vart lyset på igjen, kampen er i gang.
98'
Alt-mogleg-mann Knut Idar Kristoffersen (materiell forvaltar Fjøra) er på saken, då er det berre eit spørsmål om tid før dette er i orden.
96'
Kampen er midlertidig stansa....
96'
Her må det sparast der det sparast kan, so flomlysa dei må vika. Neida, ein hadde vell ikkje rekna med at Fjøra skulle halda Florø til ekstraomganger i denne kampen, men slik som i fjor har dei gjort akkurat dette.
94'
Trøbbel med flomlysa her no, blir berre mørkare og mørkare. Tydeleg det at Sogndal Fotball har stramma inn budsjettet.
92'
Det blir det ingenting ut av og Fjøra tek over.
92'
Florø i angrep, vinn eit kast opp på Fjøra sin halvdel.
91'
Spillerbytte
91'
Spillerbytte
91'
Fjøra med ball
91'
Der er me i gang
Start 1. ekstraomgang Start 1. ekstraomgang (1-1)
Spillerbytte
For ein spenning og nerve det er i denne kampen!
Laga begynn å gjera seg klare....
Pause Etter ordinær tid (1-1)
90+1'
Spillerbytte
90+4'
Gult kort
90+4'
Florø med frispark på Fjøra sin halvdel
90+3'
Ser ut som det går mot ekstraomgangar her, mykje på grunn av eit enormt sjansesløseri siste minuttane.
90'
Hjørnespark
Blir slegen på bakarste der Lerheim Olsen bommar på ballen.
89'
Florø med kjempesjanse. Får ikkje mange større moglegheiter enn dette. Florøspelar skyt over frå 2 meter..... Fjøra slepp med skrekken.
87'
Gult kort
Går for tøft til i ein duell
86'
Kasper Nissen med raid og kjem seg omsider ned til linja, knuser ballen i på bakarste der ein Florøspelar akkurat ikkje kjem på ballen.
84'
Malvin blir spelt aleina igjennom, men ein Florøspelar jobbar seg inn i situasjonen i siste liten. Avslutnigna frå Vossingen blir litt for svak og keeper plukkar enkelt.
83'
Fjøraspelarane er tydeleg inspirerte. Dei som har initiativet no.
82'
Spillerbytte
82'
No skjer det ting her. Mathias Årdal er på ny luftetur og går igjen i bakken. Publikum vil ha straffe, men dommaren vel å vinka det vidare.
81'
Florø i andre enden. Headar i treverket frå 5 meter!
78'
Mål!
1-1
Malvin Gjerde! Vossingen gjer det! Set ballen i venstre-hjørne for keeper som om han ikkje har gjort anna, sikker som banken!
77'
Malvin skal ta det
76'
Straffe til Fjøra! Malvin trer Årdal igjennom, Årdal kjem seg framom og blir fellt av backen. Dette er moglegheiten me har venta på!
73'
Gult kort
Fortjent gult kort til Torje Naustdal. Pratar på seg gult kort, håplaust!
73'
Nummer 8 på Florø blir spelt igjennom, men til Fjøras hell har han pakka mykje i ryggseken og legg kula fint over mål.
69'
Hjørnespark
Publikumsfavoritt Loftesnes vinn første duell på bakarste, ingen Fjøra spelar kjem på ball nummer 2 og Florø tek over ballen.
68'
Spillerbytte
67'
Hjørnespark
Ballen slåast rett ut.
67'
Ikkje mykje å rapportera om akuratt no, Fjøra jobbar innbitt for å komma seg skikkeleg inn i kampen.
64'
Spillerbytte
64'
Florø leikar seg no, trillar ballen fram og tilbake. Fjøraspelarane er alltid eit lite sekund for seine.
61'
Spillerbytte
60'
Skjerven sler eit strøkent innlegg til Malvin som kjem seg fri bak firaren til Florø. Malvin kjem eit tidels-sekund for seit og ballen går til utspark. Det var nærme!
57'
Fjøra spelarane kjempar og slit, men slit fortsatt med å komma noko særleg på ball. Corner til Florø....
54'
Heile stadion trur det er straffe, då Lerheim Olsen luktar eit tilbakespel. Vanskeleg kva som skjer, om det er keeper eller spelar som er først på ball. Trur dommar gjer rett i å markera for femmeter, femmeter og ikkje straffe.
50'
Florø i andre enden. Kjem seg opp på sida og får lagt ut 45-grader, avslutninga treff alt anna enn målet.
49'
Flo sender avgårde eit prosjektil som suser over mål.
48'
Frispark til Fjøra på 30 meter. Flo gjer seg klar.
47'
Florø med Høydal i spissen vartar opp med samba her i innleiinga, leikent!
46'
Spillerbytte
46'
Fjøra start med ball
Start 2. omgang Start 2. omgang
Laga er på bana igjen, Fjøra-laget ser svært tende ut.
Russen har vore bra aktive so langt og har sett seg ut eit par favorittar gjennom Fjøraspelarane Kristian Berg og Sondre Loftesnes som også er russ i år.
Fjøra må opp ein del hakk skal dei få noko ut av kampen. Florø har vore solid i heile førsteomgang og Fjøra slit med å skapa det heilt store. Første 5 minuttane blir viktige, der grunnmuren for resten av omgangen blir lagd.
Dommaren bles til pause og me tek oss ein kaffitår
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
45+2'
Svar på tiltale! Fjøra flyttar laget høgare opp og får etablert seg ei lita stund, men nok blir dei avblesne for offside i det dei prøver seg på eit gjennomspel.
43'
Malvin blir jamnt over litt for aleina oppe på topp for Fjøra. Dei gongene han vinn ballen, har han desverre litt for få alternativ. Fjøra må prøva å få laget høgare opp i bane er konklusjonen frå 'ekspertpanelet' på sidelinja.
38'
Hjørnespark
Keeper Benjamin med heroisk klarering, går diverre hardt utover ein motstandar som får seg ein smell.
38'
Ny stor moglegheit til Florø. Avslutning frå 20 meter etter svak Fjøra-klarering. Ballen går via Fjøraspelar til corner.
37'
Fjøra har parkert bussen i ein lengre periode, Florø gjer som Florø pleier, trillar ball.
33'
Så skjer det i andre enden. Malvin børstar støv av skuddfoten frå omlag 25-meter. Florø keeper plukkar greitt.
32'
Ny dårleg markering av Fjøra forsvaret på frisparket, som blir starten på ein rein kanonande med 3-4 avslutningar på rad og rekkje. Alle skudda går i blokka og det blir ikkje det heilt store ut av det.
30'
Gult kort
kjeks til nummer seks, Håvard Stedje
29'
Morten med Messi takter på eigen halvdel, sler ein Gerard crossar til Stølen som kan utfordra på venstre. Stølen sler tilbake til Skjerven som prøver lykken frå 20 meter, går i blokka....
28'
Florø på kontra etter at Fjøra har vore på luftetur. Kjem 3 mot 3, men Sondre Skjerven tek tilbake intitiativet med ei god takling.
25'
Mål!
0-1
Markeringsvikt i Fjøra forsvaret og Dyer headda upressa bort i hjørne. 0-1 Florø
25'
Hjørnespark
25'
Langskudd frå Florøspelar Halvor som susar i tverra! Såg ut som Benjamin var borti ballen og det blir corner.
23'
Fjøra kontrar. Malvin får kontroll på kanten av seksten og sler eit legg motsatt til Stedje. Stedje legg tilbake, men Florø spelar kjem først på ballen. Beste Fjøra-angrep so langt.
22'
Nytt Florø legg, ein Florøspelar kjem først på ballen og avslutninga trillar til sides for mål.
20'
Morten Knudsen med ein klokkerein takling nede på eigen halvdel. Får velfortjent applaus frå sidelinja.
19'
Fjøra verkar litt rysta....
17'
Hjørnespark
Endar i ingenting.
17'
Florø med frispark på kanten av seksten. Ballen blir slegen godt inn og Fjørakeeper timar ballen heilt feil. Ballen landar nesten på streken, men ein heroisk blokkaring frå Fjøra-forsvaret gjer at ballen på mirakuløst vis går over mål
15'
Fjøra slit litt med presisjonen i innleiinga her. Går ein 3-4 trekk før ballen havnar på beina til ein Florøspelar eller ut over sidelinja.
14'
Florø rullar opp på venstre-sida. Legget kjem og etter ein dårleg Fjøra-klarering landar mnedfallsfrukten hjå ein Florø-spelar på 12meter. Avslutninga går heldigvis for Fjøra, langt over.
9'
Hjørnespark
Corneren går himmelhøgt over alt og alle.
9'
Gjennomgangsmelodien her er Florø med mykje ball. Skapar lite, men vinn ein conrner.
7'
Fjøra klarar å tre seg igjennom, men linjemann vinkar av for offside.
7'
Lo vinn ballen djupt på Fjøra sin halvdel, skaffar seg eit frispark.
5'
Fjøra pressar Florø høgt og får eit par gode bort, får diverre ikkje så mykje ut av det.
1'
Dommaren bles i fløyta og me er i gang.
Avspark Start 1. omgang
Morten Knudsen vinn 'kaptein-duellen' og sikrar at Fjøra spelar med sola i ryggen i første, noko som gjer at dei slepp sola i andre. Trur keeper Benjamin er godt nøgd med dette.
Laga entrar bana og me gjer oss klare til kamp.
Ryktene svirrar, Russen er på veg.... Kan forventa eit godt oppmøte frå den kanten i dag, men det skal godt gjerast å kopiera fjorårets russ og den stemninga dei skapte under forrige oppgjer.
Nyvinningen Sindre Jensen som kom frå Studentspretten før helgas oppgjer mot Brann 2, får sin heimadeby i dag. Spelaren har mange gode kvalitetar og har komme inn som eit friskt pust i dette Fjøra laget. Ingen blir overraska om me får mange gode offensive initiativ frå denne mannen i dag.
Fjøra med ein del 'nye' ansikt i startellervaren i dag. Sondre Skjerven, Simen Stølen, Kristian Berg og Stian Njøs får alle sjansen frå start i dag, og det skal bli spennannde å sjå kva desse spelarane kan tilføra laget.
Då er me snart klare for kamp her på Fosshaugane Campus! Bak tastaturet i dag sitt Eirik Stedje som har fått det ærefulle oppdraget av å dekka denne cup-matchen mellom Fjøra og Florø.
Fjøra på si side har kun ein gang vore i andre runde. Det var i 2007 då Hødd vart slått 3-1 på Kvåle stadion. Arild Underdal gav Fjøra leiinga alt etter to minutt før Frode Kvam auka til 3-0 med to scoringar i det 49. og 72.minutt før Hødd reduserte. I andre runde vart det ikkje overraskande stopp då eit meget godt Stabæk vann 4-0. Me kjem tilbake med lagoppstillingar litt før kampstart kl 20 på Campus!
Dagens kamp mellom Fjøra og Florø går på Campus og ikkje i Sognahallen som først annonsert. Laga møttes også i første runde i fjor og da var Fjøra svært nære å ta seg vidare til andre runde. Heimelaget leda 2-1 til Florø skaffa ekstraomgangar på overtid. Like før andre ekstraomgang var slutt og det gjekk mot straffekonk scora Florø og tok seg vidare til neste runde.