Referat
Kun høydepunkter
Fjøra gjer ein kjempekamp og to tilfeldigheiter gjer at ikkje Fjøra både er vidare eller reddar straffekonk. Florø såg overlegne ut dei første 30 miniutta, men etter det var det i store periodar svært jamnt og på stillinga 2-1 kunne Fjøra lett ha kontra inn sigersmålet. Men som ofte før tikkar marginane det beste laget sin veg og det er berre å gratulera Florø med avansement til 2.runde i cupen.
Kamp slutt Slutt (2-3)
120+2'
Aabrekk sparakr bort ballen og Kristoffersen dyttar han. Aabrekk går teatrealsk i bakken. Pinlig!. Dommaren gjer ingenting. Bra dømmming.
120+1'
Flo opp som spiss no.
119'
Florø trykkjer på, men kalrar ikkje å spele seg gjennom no. Slitne florøværingar.
118'
Florø dunkar opp og Fjøra dunkar ut.
117'
Tikkar mot straffar.
117'
Innlegg som Reksten er høgst på, men avlsutninga går utafor.
116'
Solheim-Olsen får avslutta, men Fjøra blokkerer.
114'
Litt hissigt på benken også no, men det roar seg.
113'
Florø trykkjer, men er best når dei klarer å spele seg inn frå kant og ikkje dei lange innlegga kjem.
111'
Så trur Aabrekk han har avgjort! Solheim-Olsen slår inn og spissen avsluttar, men der er Mjelleli og held ballen. Nære for Florø.
109'
Thue fell lett i ein duell og her og er domamren flink å ikkje blåsa.
107'
Slit Florø også no. Mange feilpasningar og også nokoni blått som er nede med krampe.
107'
Gjøringbø slår ballen gjennom feltet, men der er ingen. God sjanse for Fjøra.
Start 2. ekstraomgang Start 2. ekstraomgang (2-2)
Heilt jamnt dette. No 15 nye spanande minutt.
Pause Pause ekstraomganger (2-2)
104'
No falle florøspelarane litt lett her. Aabrekk legg seg i duell med Hoberg. Bør klare betre dette her Florø.
103'
Bra skot av Bjelde, men Storevik er der.
103'
Salveson eller Bjelde.
102'
Frispark til Fjøra på 22 meter.
98'
Slitne no Fjøra. Ikkje mykje å by på offansivt, men verkar å ha god kontroll deffansivt.
94'
Rullar fint opp Florø, men innlegget er for dårlig.
93'
Florø trillar ball, men har ikkje fått til noko som helst her i innleiinga. Ser til slitne ut florøværingane også.
91'
Solheim-Olsen skyt himmelhøgt over.
91'
Florø sparkar i gang første ekstraomgang.
Start 1. ekstraomgang Start 1. ekstraomgang (2-2)
Fjøra kjema hardt, men får ei kanskje billig straffe mot seg på overtid. No blir det lange 30 minutt for fleire i raudt som har vært nede med krampe.
Pause Etter ordinær tid (2-2)
90+3'
Uvisst kor mykje som er lagt til.
90+2'
For ein nedtur for Fjøra. Ein svært billig straffe sjølv om det nok er ei holding. Rutinert av Solheim-Olsen.
90+1'
Svært billig straffe til Florø. Solheim-Olsen blir holdt. Såvidt!
90'
Blir nok mykje tillegg her.
89'
Aabrekk med avslutning over.
88'
Ny fjøraspelar nede med krampe.
87'
Men Fjøra får ein kjempeovergang. Dårlig ball og Florø tar over.
87'
Power-play her no. Fire minutt pluss kanskje 4-5 minutt tilegg igjen.
85'
Solheim-Olsen blir spelt gjennom, men er i offside. Ganske klar sjølv om florøbenken er ueinig.
83'
Står og vippar dette. Florø styrer sjølvsagt, men Fjøra er ikkje ufarlege.
83'
Russen vil ha inn Salveson. Fornøyd med læraren sin russen.
81'
Fjøra har også Brage Navarsete på benken. Han tok faktisk med seg playstationen sin på treningsleir til Kypros. Uvisst om dette er grunnen til at han sitt på benken.
80'
har trenarane eit ess i ermet her på slutten? Evigunge Salveson på benken til Fjøra kan kanskje være aktuell med sin rutine.
79'
Kjempesjanse for Fjør. Outzen skyt frå seks meter, men Florø blokkerar.
77'
Begge lag ser faktisk litt slitne ut no.
76'
Tør framleis å spele Fjøra. Mange fine kombinasjonar.
74'
Frispark inn i boksen og igjen er det Husa som er nære å stange inn ei scoring.
73'
Flo nede med krampe og dommar stoppar spelet. Ikkje heilt etter regelboka der. Florø var i ferd med å utnytte at Flo låg nede og spele seg gjennom. kanskje ikkje fair, men der blir Florø fratatt ein kjempesjanse.
70'
Høydal skaffar Florø ein corner.
69'
Blitt litt slitne Fjøra i det siste. Spørs om dei har sprunge frå seg i denne kampen.
67'
Rett på Mjelleli.
66'
No kan det bli Husa.
66'
Frispark til Florø på 20 meter. Såg billig ut. Falle lett der florøspelaren.
65'
Florø styrer, men Fjøra ser farlege ut på overgangar. Spanande på Campus her no.
64'
Fjøra med god overgang, men ein dårlig touch av Lereim Olsen gjer at han ikkje kjem åleine gjennom.
59'
Og for øyeblikket er det kun fjerdedivisjonslaget Fjøra frå Sogn og Fjordane som er vidare til andre runde i cupen.
58'
Kva gjer Rognsø no?
56'
Farlig tilbakespel frå Corovic som Storevik når rett føre Gjerde.
54'
Blir Johannesen som skyt via Mjelleli og til corner.
52'
Frispark til Florø på 17 meter. Blir vel Husa dette.
52'
Fjøra vil ha frispark i fleire duellar og får til slutt det. Problemet var berre at Bjelde var på veg gjennom. Irriterte her no Fjøra.
50'
Gjerde i duell med Gjermundstad. Mann mot mus.
50'
Rotar ein god del i bakre rekker her i starten Fjøra. Fleire gode brudd av Florø som lett kunne resultert i mål.
49'
Igjen er Florø frampå. Solheim-Olsen gir til Johannesen som i siste sekund blir stansa av Hoberg.
48'
Stor sjanse for Florø når Coroviv driv fram og legg ballen inn i boksen. Bjelde får til slutt klarert på strek.
47'
Må jo nemnast at Mathais Flo i dag, inntar same posisjon som far hans Jarle i fleire sesongar hadde i Sogndal. Har klart seg bra i dag den omskolerte spissen.
46'
Ingen byter på nokon av laga.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Pause på Campus. Det såg lenge ut til at Florø skulle kjøre over Fjøra, men når vi nerma oss 30 minutt såg vi eit heilt anna fjøralag som gjekk i strupen på Florø. Dette kan fort bli spanande i andre omgang for Fjøra skapar faktisk sjansar og det siste kvarteret kunne det like godt vore fjerdedivisjonslaget som førstedivsjonslaget som scora.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
44'
Johannesen er åleine gjennom, men Flo kjem i ryggen på han. Hadde vært billig om dommaren hadde blåst der sjølv om det var kontakt.
41'
Igjen nære frå Fjøra. Innlegg som Gjerde dempar på kassa, men glir når han skal avslutte.
41'
Sogndal ligg under 1-0. Det betyr at Fjøra no er det laget frå Sogndal som er nærast ein plass i 2.runde av NM.
39'
Faktisk litt spenning i matchen her no. Såg lenge ut som Florø skulle styre alt, men Fjøra har kjempa seg tilbake.
37'
Almås svært aktiv her no. Har fått varma opp gutta sine som no verkeleg begynner å vise seg fram.
36'
I tverra frå Gjerde! Ser at Storevik er langt ute og prøver eit lobbskot som går i tverra og ned.
34'
Heilt klart meir med Fjøra no.
34'
God sjanse for Fjøra. Gjerde blir spelt igjennom og klarar nesten å komme før Storevik.
33'
Bra trøkk på russen bak målet til Mjelleli også. For ein gongs skyld har russen på seg same farge som laget dei held med på ein kamp på Fosshaugane Campus.
30'
Faktisk begynt å fylle seg godt opp på tribuna også. Både med folk frå Florø og Sogndal.
29'
Fjøra har klart å stagge Florø sitt spel dei siste fem minutta. Såg ein periode ut som Florø skulle kjøre over sogningane.
27'
Synd for unge Naustdal dette. Har vore god i starten her for eit fintspelande Florø.
24'
Torje Naustdal ligg nede med skade. Blir nok eit byte.
22'
Spelar fin fotball Florø og trer seg gjennom ledda til Fjøra. Må nok opp eitt hakk på den deffansive strukturen om dette skal halde så mykje lenger.
20'
Heng litt i taumane no Fjøra, men midtstoppar Hoberg har vist seg fram med nokon knallharde og reine taklingar. Blir viktig no den gode stoggaren til Fjøra.
19'
Kling med skot frå 25 meter som treff krysstolpen. Nermare ei perlescoring kjem du ikkje.
18'
Flott innlegg frå Husa som vert stanga like utafor. Florø nermar seg.
16'
Florø rett iangrep der og tek Fjøra litt på senga, men det blir dømt ein hårfin offside på Aabrekk.
14'
Skjerven driv oppover, men vert effektivt stoppa av Corovic. Rutinert der av høgrebacken.
12'
4.divisjonslaget Fjøra er utan tvil ein av favorittane til å rykke opp frå Kretsligaen som divisjonen heiter. Må nok difor ta ut ein del i dag Florø som har ein del førstelagsspelarar på benken dersom det skulle trengast.
10'
Fin ball gjennom til Høydal. Hoberg med ein tå på ballen og får gitt til corner. Sint på Høydal etterpå for han meiner at han prøver å spele seg til straffe.
9'
Innlegg frå Bjelde. Gjerde i duell med Storevik som er høgast og held ballen.
8'
Fint innlegg inn i boks til Aabrekk som står heilt aleine på ein 6-7 meter. Avsluttar rett på Mjelleli som held skotet. Dagens fyrste sjanse.
7'
Lang klarering frå Bjelde ut mot benken til Florø. Rognsø prøver ei demping, men imponerer ikkje akkurat der. Godt han lærer spelarane sine andre takter for Florø viser fine ferdigheiter med ball sålangt.
5'
Husa med eit skotforsøk frå 20 meter, men blir vel meir ein sleiv som Mjelleli lett kan plukke.
4'
Florø naturleg nok med ballen mest her i starten. Har etablert eit visst trykk mot Fjøra som ligg lågt.
3'
Lang ball opp mot Gjerde, men det blir blåst offside noko trenar Almås ikkje er samd i.
1'
Florø med avspark og ein lang ball opp mot Omerovic vert stanga vekk av Flo.
Avspark Start 1. omgang
Litt glissent på tribunane på øvre plan her, men mogleg det er ein del fleire under meg. Eg skimtar i alle fall eit stort florøflagg så Stimen er på plass her i Sogn.
Dagnes dommar Svein Tore Sinnes må ikkje forvekslast med den tidlegare langrennsløpararen med same navn.
Florø likar seg mot lag frå Sogndal. Vi må tilbake til 2009 for å finne sist gong eit lag frå Sogndal slo dei. Det var nettopp Fjøra og dei vann 5-0 i den såkalla Firdaligaen, den tids 3.divisjon. Sogndal Fotball har også prøvd seg mot Florø, men dei to siste kmapane har enda med tap for topplaget frå Sogn. Sist i fjor då Florø slo dei ut med 2-1 i tredje runde av NM
Florø er sjølvsagt kvalifisert til fyrste runde sidan dei spelar i 1.divisjon. I fjor kom florøværingane heilt til 4.runde før dei såvidt rauk for Kristnasund med 1-0. Satsar nok på å gjere det endå betre i år, gutta frå Palmekysten.
Og i siste kvalikkrunde til NM slo Fjøra Førde i ein svært drammatisk kamp. Fjøra, som held til i 4.divisjon etter nedrykk i fjor, kom tidlig under 2-0, men kjempa seg til tilbake til 2-2 før Husabø vart utvist. Mot alle oss klarte sogningane å sette inn 3-2 fem minutt før slutt ved Joar Hoberg og tok seg difor vidare til fyrste runde i cupen.
For Fjøra er det interessant å sjå at spissen Mathias Flo går inn som midtstoppar for Husabø som sonar etter raudt kort i siste kvalikkrunde til NM.
Då har vi laga klare for dykk og som vi ser så skiftar Rognsø ut dei seks framme frå kampen mot Aalesund. I tillegg kvilder Reksten Solheim og Frenderup seg i dei bakre rekker og inn kjem Corovic og Storevik.
Hei og velkomne til cupens fyrste runde. Vi er direkte frå Fosshaugane Campus der Fjøra frå Sogndal tek i mot Florø frå Palmebyen. Lagoppstillingane håpar vi å gje dykk ca. 45 minutt før kampstart. Vel møtt!