TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Fjøra tapar fortjent 1-4 i det som kan oppsumerast som ein frustrerande kveld. Eirik Stedje takkar for følgjet og ynskjer alle ei fortsatt fin helg.
Kamp slutt Slutt (1-4)
90+5'
Rødt kort
Grisetakling! Feiar ned nummer 17 på Djerv og får eit fortjent raudt kort. Håpar det går bra med Djerv-spelaren.
90+1'
Mål!
1-4
Spådommen sler til og der kom 1-4. Corneren blir slegen innoverskrudd og Wergeland er overlegen og stangar inn frå 1 meter.
90+1'
Hjørnespark
88'
Hjørnespark
Memic headar like over.
88'
Djerv spelar ball i hatt med Fjøra-laget. Kjem på avslutning etter avslutning, spørsmål om tid før det står 1-4.
86'
Stor Djervsjanse. Ny avslutning som går i treverket.
85'
Spillerbytte
84'
Hjørnespark
Ufarleg
83'
Hjørnespark
Blir ein ny corner
82'
Spillerbytte
82'
Djerv okkuperar Fjøra sin halvdel.
80'
Kjem ingenting ut av frisparket.....
79'
Djerv med frispark høgt oppe på Fjøra sin halvdel.
76'
Spillerbytte
76'
Fjøra har store problem med å holda på ballen. Har maks 2-3 trekk i laget før ballen skiftar eigar.
73'
Spillerbytte
73'
Fjøra tapar duellane heile vegen og plutseleg er Djerv på blank kasse. Innbyttar Henriques får ein enkel jobb med å setja inn 1-3.
71'
Mål!
1-3
70'
Hjørnespark
68'
Spillerbytte
68'
Djerv med avslutning i treverket. Rapp avslutning som går via nærmaste stolpen og til utspark.
67'
Tiki taka frå Fjøra no....
66'
Og der er det nesten 2-2! LO plukkar ned ein lekker krossar frå kaptein Ness med kassen. Førstetouchet osar klasse, kjem seg framom backen, men avslutninga går i nettveggen.
63'
Mål!
1-2
Memic gjer det igjen. Nytt innleg frå høgresida som Memic stangar i nota. 1-2 Djerv.
63'
Stor sjanse til Djerv. Nummer 14 kjem seg fint opp på høgresida til Fjøra. Innlegget treff Karsten Bjelde som er gjer ein god jobb med å halda ballen utanfor målet.
57'
Hjørnespark
Benjamin reddar Fjøra nok ein gong! Fjøraspelar headar mot eige mål, men Fjøra-keeperen må opp i krysset og reddar før han igjen tek returen. Etter Djerv scoriniga har sisteskansen stått fram som ein viktig spelar.
57'
Djerv med fin sjanse. Rasmussen tek fint ned ballen på 20 meter og klemmer til på halvvolley, men Benjamin i Fjøra-buret vartar opp med ein skikkelig TV-redning.
53'
Hjørnespark
Bit seg fast på fjøra sin halvdel etter corneren, men endar i ingenting.
53'
Begge lag har løfta seg betrakteleg etter første omgang. Denne gongen er det Djerv som er frampå igjen, men Fjøra for klarert.
50'
Mål!
1-1
Morten Knutsen stangar inn utlikninga for Fjøra! Fjøra rullar fint opp på høgrekanten og Malvin Sler eit presist innlegg på panna til Knutsen som står aleine og for ein enkel jobb med å sette inn utlikninga!
49'
Djerv vinn eit frispark om omlag 30 meter, men det er igjen alt for høgt.
48'
Me registrerar ein halvsjanse til Fjøra! Lerheim Olsen dreg seg fint innover langs dødlinja før han legg hardt inn. Føre mål er det ingen med rød drakt og Djerv for tilslutt kontroll.
46'
Malvin Gjerde sparkar igang siste omgang
Start 2. omgang Start 2. omgang
Me finn oss ein kopp kaffi og ser fram til andre omgang.
Då går laga til pause på stillinga 0-1, favør Djerv. Fjøra med flest målsjangsar, og eit par skremmerskudd frå langt hold, blant anna to i tverrliggar. Men Fjøra har ikkje klart å putte ballen i mål, noko Djerv heldigvis for dei har gjort.
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
45+3'
Fjøra rullar opp på høgrekanten og kjem til innlegg, men endar i utspark frå keeper.
44'
Ballen landar på månen....
44'
Gjøringbø går alt for hardt til i duell med Djerv spelar. Djerv med frispark frå 25 meter. kaptein Memic skrittar opp.
42'
Etter strålande forarbeid frå Hovland kjem Gjøringbø på avslutning frå 20 meter. Avslutninga flakkar litt, men keeper plukkar greitt.
41'
Djerv med frispark langt oppe. Halvdårleg klarering frå Fjøra serverar Djerv spelar i returrommet, som treff dårleg på halv-volley. Fjøra slepp med skrekken.
37'
Karsten vinn ballen på eigen halvdel og knuser ballen opp. Fjøra vinn kastet langt oppe på Djerv sin halvdel. Har vore god i dag, Karsten Bjelde.
35'
Djerv kaptein Memic med ny avslutning frå rundt 16 meter. Eit lite sekund trur publikum at ballen er inne, men den går ein liten meter til sides for mål.
33'
Karsten Bjelde med ein kanonkule! Skjerven byr opp Bjelde på 25 meter, som i sin tur bestemmer seg for å prøva lykken. Skotet får ein lei dupp for Djerv-keeperen og susar via tverrliggaren og over, næra!
29'
Sindre Jensen med godt initiativ på venstresida. Prikkar legget med 'skeiva', men treff uheldigvis ingen Fjøra-spelarar. Djerv tydeleg gode i eigen boks.
28'
Djerv spelaren som kom på avslutning ligg nede etter duellen med Fjøra-keeperen. Trenarteamet Nilsen/Almås brukar anledninga til å samla troppane, her må me opp karar!
23'
Hjørnespark
Keeper plukkar ballen enkelt og Djerv køyrer på kontraen. Fjøra kjem seg ikkje på rett side og Djerv kjem 2mot1. Djerv spelaren dreg seg innvover og slepp fint til nestemann. Benjamin rettar opp for feileng sin, gjer vinkelen liten og vartar opp med ein redning i verdsklasse.
23'
Fjøra tråklar seg igjennom på høgresida. Mathias Hovland med eit godt innlegg, men keeper boksar til corner.
20'
Spillerbytte
20'
Stedje nede for teljing igjen, har sett litt svimmel ut siste minuttane etter blokkeringa. Ser ut som om han må byta......
19'
Gjøringbø har vore aktiv so langt, plukkar opp ein andreball og set på turboen framover. Innlegget går rett i klypene på Djerv-keeperen.
17'
Karsten Bjelde dreg opp ein lekker finesse frå hatten med ei god gammaldags 'Zidane-finte', leikent.
11'
Mål!
0-1
Memic skyt frå 20 meter, og i det som ser ut som eit heilt ufarleg skudd er Benjaminn uheldig og glepp ballen inn i eige nett. Ikkje heilt heldig der Fjøra-keeperen.
10'
Fjøra sler til i andre enden! Mathias dreg seg fint inn i mellomrommet og trer Gjøringbø med millimeterpresisjon igjennom, innlegget frå Gjøringbø står i stil til pasningen og Olsen blir servert på 'blank' kasse i feltet. Diverre for Fjøra og Olsen sklir ballen av foten og endar eit par meter til sides for mål. Kjempesjanse!
7'
Hjørnespark
Djerv flyttar fram skytset og det smell godt i duellane i feltet. Fjøra får omsider klarert utan at det blir alt for farleg.
7'
Frisparket er velplasser, men keeper Benjamin er raskt nede og får fista til corner.
6'
Djerv med eit lite press på Fjøra no, skaffar frispark langt inne på Fjøra sin halvdel.
5'
Stedje er ikkje overraskande raskt på beina igjen og Fjøra rullar i gang.
5'
Djerv bryt på veg framover. Får til slutt fyrt av eit skudd frå 20 meter som går rett i blokka. Ein oppofrande Stedje går ned for teljing og må få tilsyn.
3'
Eit nøkkelord i dag blir dødballar. Djerv har vore giftige på dødballar so langt i sesongen, mens Fjøra kan seiast å ha vore i den andre enden av skalaen på akuratt dette. Fjøra manglar i tillegg sin kanskje viktigaste duellspelar i form av Mathias Flo, som må stå over dagens oppgjer på grunn av eit noko ufortjent raudt kort i midtvekas cup-match.
1'
Kampen er i gang, Djerv med ball!
Avspark Start 1. omgang
Djerv har opna sesongen på meistarleg vis med 9 poeng av 9 moglege. Fjøra på si side står med 3 poeng på tre kampar. Dei tre poenga kom i forrige heimakamp mot Valdres, og Fjørene håpar å kunne fortsetja den gode heimeformen med ein ny trepoengar i dag.
Hei og velkommen til fjerde runde i årets 3 divisjon. Kampen i dag spelast mellom heimelaget Fjøra og Djerv 1919.