Referat
Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (8-0)
90+1'
Bremanger på ein sjeldan visitt og skaffer seg ein corner
86'
Litt slappe Fjøra etter 8-0. Skal vi få ein sluttspurt så vi pyntar litt på målforskjellen. Kan bli avgjerande
80'
Heading Malvin, rett på keeper
80'
Fjøra med nokre farlege skotforsøk men Bremangerkeeper har hatt et par flotte redningar
74'
Avslutning Malvin men god redning keeper
73'
Blir tunge siste 20 minutt for bortelaget no som har stått bra på trass mange baklengs
58'
Vart litt trøbbel her då vi mista internettforbindelsen. Det er altså spelt 60 min no og 6-0
51'
Torvanger fossar fram og skaffer Fjøra corner
48'
Malvin bles straffen over og må framleis venta på dagens første
46'
Ingen byter på nokon av laga i pausen
Start 2. omgang Start 2. omgang
Fjøra leiar komfortabelt 4-0 og ikkje overraskande har Tom Wolff teke med seg Mardalen på pub i Roma mens damene shoppar. Det blir rapportert at Tom vart so glad over pauseresultatet til Fjøra og snuoperasjonen til Liverpool at han no unnar seg noko godt og sterkt i glaset mens han følgjer firdaliven. Men Mardal passar på at det ikkje blir meir enn eit glas, tidleg på dagen endå :)
Slutt 1. omgang Pause (4-0)
42'
Litt rolegare utpå her no, lite so skjer
35'
Sunde forserer på venstre, innlegg via ein Bremangerfot og til corner
35'
Malvin prøver seg litt skrått, ikkje skikkeleg dreis på avslutninga og grei jobb for keeper
30'
Stor sjanse Isak flo igjen men keeper avvergar. Isak Flo har vore veldig aktiv sålangt
28'
Sjanse Fjøra. Isak Flo via keeper og like utanfor
24'
Nesten Adam men Bremanger får avklart til kast
23'
Bortelaget jobbar godt og står på men det blir litt tynt foreløpig mot eit bedre Fjøralag
22'
Bremanger på ein liten visitt men gjennomspelet litt for langt og inn til Rutlin i Fjøramålet
18'
Endeleg sat den for heimelaget. Sunde spelar fri Lo på venstre, innlegg på bakerste som Isak breidsidar i lengste
10'
Endar med avslutning frå Brynjar, rett på keeper
10'
Flott forsering av Torvanger på høgre, innlegge i ein Bremangerforsvarar og til corner
8'
Stor sjanse til Fjøra. LO blir spelt fint gjennom av Malin, litt skrått hold, via keeper og i tverra.
7'
Flott forarbeid av Isak Flo på høgrekanten. Går frå midten og ned til linja, legg 45 ut til Kenneth Skjerven, like utanfor
5'
Endar med skot langt over frå Isak Flo og 5meterutspark
4'
Corner Fjøra. Ny corner
4'
Spelet har vore på Bremanger sin halvdel første minuttane
Avspark Start 1. omgang
Dagens dommar er rutinerte Rolf Kåre Almenning og med seg på linjene har han Norill Terese Norheim og Oda Bjelde.
Vår faste skribent er på kjærestetur til Roma i anledning sin 50-årsdag neste veke men me skal prøva å oppdatere det viktigaste og unngå tekniske problem.
Då er det 15-20 minutt igjen til kampstart og laga er i gang med oppvarming. Fjøra store favorittar i dag, men kvar kamp lever sitt eige liv så me får sjå om dei er på frå start. Fjøra uten bl.a Mathias Flo og Rainer Pando medan bortelaget mangler ein god del, bl.a Tore og Eirik Rylandsholm