Oppsummering
Det vart ingen cupbombe her i Sogndal, men Fjøra kunne teke leiinga tidleg med Torvanger. Ei superredning frå Holmen Johansen redda Brann. Resten av kampen var einvegskøyring. Måla rann inn i målet til Fjøra. Spesielt Mathisen og Crone herja på høgresida, og stod for mange av sjansane. Finne kom inn mot slutten, og kunne pynte litt på målstatistikken sin. Brann hadde seks forskjellige målscorarar i dag i tillegg til eit sjølvmål frå Fjøra. Fjøra klarte å få med seg eit mål. Johan Flo stod for det. Mot slutten hadde dei eit par sjansar til, men dei var ikkje nøyaktige nok framfor målet. Det vart rett og slett ei enkel gjennomkøyring for Brann som er vidare til runde tre.
Referat
Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (1-8)
90'
Det er lagt til 3 minutter overtid.
88'
Finne kjem åleine med keeper, men avsluttar utanfor.
87'
Sjanse for Fjøra! Blir blokkert ut til corner.
84'
Hovland prøver seg frå distanse. Går langt over målet.
77'
Børsting får ballen frå Finne. Avslutninga går rett på keeper.
74'
Hjorteseth avsluttar svakt rett på Rutlin.
72'
Sørensen startar med ein Modric-pasning med utsida av foten. Går akkurat ikkje langt nok fram.
69'
Hjorteseth skrur ballen mot hjørnet. Går rett over målet.
66'
Torvanger avsluttar. Keeper tek den lett.
64'
Finne avsluttar i tverrliggar! Nesten for Brann.
58'
Ny rakett frå Torsvik. Denne gongen går den over målet.
55'
Fjøra stormar fram! Lerheim Olsen får ballen til venstre. Slår inn, og det blir heada utanfor.
54'
Mathisen tek i mot eit innlegg. Treff ikkje reint på avslutninga.
52'
Crone og Mathisen har hatt fine kombinasjonar gjennom heile kampen. Ein duo å følgje med på i Eliteserien.
50'
Myrlid avsluttar utanfor.
47'
Brann går rett i angrep. Leiter etter avslutninga.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Det kan sjå ut som at Brann skal gjere nokre byte til 8. omgang. Det same gjeld Fjøra.
Det er ikkje overraskande at Brann leiar til pause. Heile fire mål vart det i første omgang. Fjøra kunne teke leiinga tidleg med Torvanger på ei kontring, men når keeper klarar å ta den, så blir det vanskeleg frå Fjøra. Utanom den har det vore få avslutningar frå Fjøra. Holmen Johansen har hatt kontroll over dei fleste innlegga som heimelaget har prøvd seg på. Så får me sjå om Brann held fram scoringsformen etter pause, eller om dei roar ned.
Slutt 1. omgang Pause (0-4)
45'
Innlegg frå Torvanger. Keeper har kontroll.
45'
Det er lagt til 1 minutt overtid.
43'
Hovland feller Wassberg i farleg posisjon. Slepp kortet.
42'
Wassberg prøver seg frå distanse. Rett på keeper.
41'
Gjerde prøver seg når han vinn ballen. Rett i ein stoppar. Blir berre nesten kvar gong Fjøra får ballen.
39'
Hovland vinn ballen. Leiter etter folk i boksen, men ingen har gått på løp.
37'
Sven Crone prøver seg igjen. Denne gongen tek Rutlin den.
31'
Hovland får slått eit innlegg. Holmen Johansen tek imot.
31'
Mathisen kosar seg ute til høgre i dag. Involvert i det meste som Brann prøver seg på.
28'
Hovland er inne igjen.
26'
1294 tilskodarar i dag! Ny rekord for Fjøra.
26'
Hovland ligg nede etter å ha redda ein stor sjanse. Treng behandling.
25'
Brann har stasjonert seg fint inni Fjøra sin halvdel. Ser ikkje ut som at dei forsvinn med det første. Fjøra får sjeldan tak i ballen.
23'
Myrlid avsluttar utanfor. Går via ein stoppar.
17'
"Vi vil ha Hordaland tilbake" og "Sogn og Fjordane finst ikkje lenger" blir sungen frå bortefeltet.
13'
Tverrliggar frå Brann! Fjøra slit no.
13'
Heltne Nilsen prøver seg. Truar ikkje Rutlin.
9'
Brann har hatt flest sjansar, men den største sjansen var for Torvanger og Fjøra.
7'
Ny redning frå Rutlin. Corner.
6'
ENORM SJANSE FOR FJØRA! Torvanger kontrar. Bra redning av keeper. Det der var veldig nære scoring.
4'
Fjøre prøver seg på ein lang ball. Brann ryddar lett opp.
3'
Rutlin med sin første redning i dag. Hjorteseth som prøver seg frå utanfor boksen.
2'
Mathisen viser seg fram. Innlegget sit ikkje heilt.
1'
Fjøra klarerer ein ball frå eigen boks.
1'
Då er me i gong!
Avspark Start 1. omgang
Sola skin her i Sogndal. Dalatrekken gjer at det blir litt kjølig uansett. Både spelarar og supportarar gjer seg klar til kampen.
Då er lagoppstillingane klare. Brann stiller relativt sterkt. Kaptein Heltne Nilsen startar. Hjorteseth og Myrlid får sjansen slik som i førre runde. Trengereid er også inne. Fjøra stiller akkurat som forventa. Tore Andre Flo sin son, Johan Flo, startar.
Fjøra sin publikumsrekord kom i cupen mot Stabæk i 2007. Då var det 777 tilskodarar. Det er forventa at den rekorden skal bli slått med god margin i dag.
Sivert Heltne Nilsen har vore ein av dei viktigaste spelarane på Brann i år. Fjøra har ein slik type i laget også. Steffen Olsen er på mange måtar Fjøra sitt svar på Heltne Nilsen. Begge er ganske irriterande spelarar å møte, og er ikkje ukjend med å slenge ein kommentar eller to til motstandaren. Til Sogn Avis seier Olsen at han gledar seg til å møte Heltne Nilsen, og er ikkje redd for å gå i krigen mot han om han får sjansen.
Mange er nok spente på kor mange stjernespelarar Brann tek med seg i dag. Blomberg, Sery Larsen, Heggebø og Kristiansen er ikkje med. Ein del andre sentrale spelarar kan også bli henvist til benken i dag. Det er forventa at spelarar som Niklas Castro og Ulrik Mathisen får ein del speletid i dag med tanke på at dei treng kamptrening. Dette er ein stadion som Mathisen kjenner ganske godt sidan han var på utlån til Sogndal i fjor. Der leverte han vedig godt, og klarte å bli ein liten publikumsfavoritt. Prestasjonane hans var så gode at Sogndal ikkje klarte å behalde han, og han tok turen vidare til Brann etter at han gjekk tilbake til LSK.
Dei tilreisande supportarane vil nok merke at det er eksamenstider her på Fosshaugane Campus. I kvar einaste del av stadion vil ein sjå stressa studentar som gjer dei siste førebuingane før eksamen. Med tanke på kor mange av studentane på høgskulen som kjem frå Bergen, er det ganske sannsynleg at ein del av dei tek den korte turen frå grupperomma her på Campus, og ut på tribuna.
I fjor kom Aalesund til Sogndal for å møte Fjøra i første runde i cupen. Det enda med 0-3-tap mot sunnmøringane etter eitt mål frå Isak Dybvik Määttä, og to mål frå Mamadou Diaw. Brann klarte å kome seg lenger enn dette. Dei skulle til slutt klare å kome seg heilt til finalen der dei slo LSK. Den regjerande cupmesteren har nok lyst til å følgje opp dette med å ta endå eit cupgull. Då må dei først ta seg forbi Fjøra som ønskjer å overraske alle i dag.
I første runde spelte Fjøra mot Florø. Der vann laget frå Sogndal heile 4-0! Då skal det også nemnast at Florø speler i ein divisjon høgare enn Fjøra. Brann på sin side hadde ein ganske enkel gjennomkøyring mot Frøya som enda 0-5. Fleire unge fekk prøvd seg i den kampen. Blant anna Elias Myrlid som stod for to av måla. Det er ikkje heilt utenkeleg at det er han som startar på topp i dag også.
Det skal i teorien vere ganske stor nivåforskjell på laga. Fjøra ligg på 2. plass i sin avdeling i 4. divisjon, eitt poeng bak Årdal som har spelt ein kamp meir enn Fjøra. Begge dei laga er forventa å kjempe heilt i toppen i år. Brann er no tilbake i Eliteserien etter å ha vore ned i OBOS-ligaen ein sesong. Dei har hatt ein fantastisk start på sesongen, og ligg no på andreplass bak Bodø/Glimt.
Då er me klare for andre runde i cupen her på Fosshaugane Campus! Det er Fjøra som skal ta imot Brann i dag.