Referat
Kun høydepunkter
Det blir til slutt 2-5 på Fosshaugane, men det var lenge liv i kampen. Åsane leia lenge 0-3, men ei redusering frå Lerheim Olsen rett før pause gav håp til heimelaget. Mathias Årdal utnytta ein tabbe frå Madsen, og då stod det plutseleg 2-3. Åsane var smånervøse lenge fram til Myklebust sette inn ei scoring på straffespark, og sikra dermed hattricket sitt, og Iversen fekk seg også ei scoring. Det vart ingen cupbombe, men Fjøra har framleis ein del ting dei kan vere nøgde over. Åsane går vidare til runde to i cupen!
Kamp slutt Slutt (2-5)
88'
Årdal prøver å utfordre ute til venstre. Blir stoppa av Haga.
87'
Fjøra er slitne no. Det er vanskeleg å prøve på dei same kontringane som dei klarte tidlegare i kampen.
83'
Myklebust prøver på det same igjen, og denne gongen går den også rett på Rutlin.
82'
Myklebust kjem seg til ei avslutning, men den går rett på Rutlin.
81'
Dei to siste scoringane for Åsane har truleg avgjort denne kampen.
77'
Fjøra ropar på straffe, men dommar er ikkje einig. Almås er rasande på sidelinja.
74'
Larsen avsluttar frå distanse. Rett på Rutlin. Kampen lev framleis.
73'
Åsane kjem seg inn i boksen til Fjøra, men kjem seg ikkje til avslutning.
68'
Flatebø stoppar Iversen, og det blir corner.
65'
Røssland gjer tre endringar.
62'
Åsane er smånervøse no. Skal straks gjere eit byte.
57'
Bangoura prøver å utfordre ute til høgre, men rotar ballen ut til utpsark.
54'
Fjøra er smarte når dei vender spelet ut til Torvanger. Innlegget er for svakt, og Madsen har kontroll.
46'
Fjøra vinn ein corner rett frå avspark.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Det står 1-3 til pause. Åsane har god kontroll, men Lerheim Olsen viser at dei kan straffast. Veldig tungt for Åsane å miste Skålevik.
Slutt 1. omgang Pause (1-3)
42'
Åsane speler med ti mann akkurat no.
40'
Plutseleg går Skålevik i bakken når han skal motta ein ball. Ingen var borti han, men han ligg nede med voldsomme smerter. Det signaliserast at han må ut.
40'
Fjøra er framme og prøver seg litt. Kjem til to innlegg, men ingen avslutningar.
39'
Bangoura prøver å skape noko for Åsane, men ballen har vore ute. Skålevik er ikkje einig.
37'
Fjøra klagar p¨å dommaren når dei ikkje får frispark når Torvanger vil kontre.
29'
Skålevik prøver seg frå distanse etter at Årdal rotar vekk ballen. Også denne gongen har Rutlin god kontroll.
27'
Haga dreg seg inn i bana, og avsluttar. Rutlin har god kontroll.
19'
Fjøra slår langt når dei får sjansen. Wollen Steen har brukbart kontroll på bakrommet så langt.
17'
Kjemperedning frå Rutlin når ein Fjøraspelar nesten set ballen i eige mål.
16'
Kallevåg avsluttar inni boksen. Går over målet. Åsane nærmar seg no.
15'
Fjøra viser at dei kan true Åsane på kontringar. Lerheim Olsen og Flo blir nøkkelen for heimelaget.
13'
Svak avslutning får Nygard som prøver seg frå 20 meter.
12'
Det er Åsane som har ballen mest, men dei har ikkje skapt nokre enorme sjansar enno.
11'
Sekkingstad slår langt, men ballen går ut til innkast for Åsane.
7'
Nygard får ballen etter eit litt rotete angrep. Avsluttar utanfor.
4'
Isak Flo vinn eit frispark for heimelaget.
3'
Haga slår inn framfor målet. Ingen er der for å heade den inn.
2'
Tidleg corner til Åsane.
Avspark Start 1. omgang
Sivert Endestad Orheim er dagens hovuddommar. Med seg som assistentar, har han Petja Cink og Vilde Mattevik Vilnes.
I fjor kom Fjøra seg vidare til den andre runden i cupen etter at dei slo Florø i runde ein. I runde to møtte dei dåverande cupmeistrar Brann. Det vart for tøft for laget frå 4. divisjon, og kampen enda 1-8. Åsane kom seg til runde tre i cupen i fjor, men der vart dei stoppa av KFUM Oslo.
Det er ei god stund sidan Åsane spelte kamp. Dei spelte 2-2 heime mot Levanger i serieopninga, men oppgjeret mot Egersund i runde to, vart utsett på grunn av at Egersund legg om frå naturgras til kunstgras på heimebana si. Derfor blir det spennande å sjå kor sterkt Åsane stiller frå start. Spelarane på a-laget treng kamptrening samtidig som at dette er ein god moglegheit for yngre krefter til å vise seg fram. Åsane Tidende melder at det truleg blir fleire rekruttspelarar frå start for Åsane. Andrelaget til Åsane held til i 3. divisjon, og hadde serieopning mot Florø. Den kampen enda heile 7-0 til Åsane 2! Kanskje får ein spelar som Styrk Gullaksen, som scora tre mål mot Florø, sjansen i dag mot Fjøra.
Fjøra måtte ut i ekstraomgangar i begge kampane i kvalifiseringa, men i begge tilfeller køyrde dei over motstandarane. Mot Eid var det 2-2 etter andre omgang, og kampen enda 6-3. Mot Voss var det 1-1 etter 90 minutt, og det enda 5-2. Dette kan vere eit teikn på eit bra trent Fjøralag som taklar fint å spele i 120 minutt.
Velkommen til livedekning av kampen mellom Fjøra og Åsane i første runde i cupen!