TV 2 Play
Min konto

Oppsummering

Årdal sikrar opprykk til 3. divisjon! Dette har vore ein kamp som går inn i historiebøkene. Fjøra tek leiinga på slutten av den første omgangen, og då såg ting lyst ut for heimelaget. Andre halvdel av kampen var prega av høg tenning og tøffe duellar. Det eksploderar på tribuna då Hovland utliknar for Årdal. Det kjem ingen fleire scoringar, og Årdal reiser heim med opprykket sikra. Publikum stormar bana når dommaren bles av kampen. Det blussast og jublast hjå årdølene.

Referat

Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (1-1)
90+6'
Hjørnespark
Corneren går bak målet. No renn tida ut.
90+6'
Corner til Fjøra rett før slutt.
90+5'
Spillerbytte
90+4'
Hjørnespark
Upresist, og ballen går over målet.
90+4'
Mathias Flo får sjansen på overtid, men ballen går rett på keeper!
90+2'
Offside
90+2'
Frispark
Dårleg frispark som blir klarert.
90+1'
I skrivande stund er det Årdal som rykk opp. Fjøra treng scoring.
90'
Det er lagt til 6 minutter overtid.
90'
Knut Almås blir utvist etter å ha fått sitt andre gule kort.
90'
Hjørnespark
Årdal ropar på straffespark, men dommaren er ikkje einig.
89'
Frispark
Frispark lågt i bana. Hovland slår langt, men det ender ikkje med noko spesielt.
88'
Spillerbytte
88'
Spillerbytte
87'
Hjørnespark
Fjøra beheld ballen etter at den blir klarert, men dei klarar ikkje å skape noko.
86'
Offside
85'
Frispark
Ballen snik seg på utsida, og ein spelar står i offside framfor keeper.
85'
Nytt frispark til Årdal.
84'
Frispark
Den går gjennom heile boksen utan at nokon treff den.
84'
Mathias Flo står på bakerste stolpe, og headar ballen rett i ein stoppar.
83'
Spillerbytte
81'
Mathias Årdal ligg nede med smerter i ryggen.
80'
Frispark
Slår inn i boksen, men det er ein Årdalspelar som er først på den.
80'
Spillerbytte
78'
Offside
Får ballen i god posisjon, men står i offside.
76'
Mål!
1-1
Hovland utliknar for bortelaget! Det ekspolderar på tribuna når ballen trillar inn bak Rutlin. Det kjem eit innlegg frå høgre som Hovland luktar. Storscoraren til Årdal leverer når han må.
75'
Frispark
Held ballen i laget.
75'
Mathias Årdal slår inn i boksen, og Isak Flo kjem skliande på bakerste stolpe, men han er akkurat ikkje lang nok.
72'
Dobbelsjanse for Fjøra! Strålande keeperspel frå Hellebø.
71'
Spillerbytte
70'
Spillerbytte
68'
Frispark
Fleire duellar, men Fjøra fpr ballen vekk frå farleg sone.
68'
Mittet prøver seg på eit innlegg, men det er upresist.
66'
Frispark
Prøver å slå inn i boksen, men ballen blir heada vekk før den kjem så langt.
66'
Nytt frispark til Fjøra etter ein duell mellom Lereng og Hovland.
66'
Frispark
Slår langt.
64'
Gult kort
Soleklart gult kort når han sparkar ned Mathias Årdal som dreg med seg ballen framover.
61'
Hjørnespark
Ballen blir klarert på første stolpe.
60'
Skjerven vinn ein corner for heimelaget.
59'
Frispark
Gjerde får kontakt med ballen, men den går ein meter på utsida.
59'
Det er 1233 selde billettar til oppgjeret!
58'
Stor sjanse for Årdal! Ein høg ball kjem mot Lereng på bakerste stolpe, men den er nokre få centimeter for høg til at han kan stange den inn.
58'
Hjørnespark
Pando headar ballen vekk.
57'
Mittet slår inn, og Torvanger headar ut til corner.
56'
Voldsom tenning no på bana. Årdal jaktar utlikning.
55'
Frispark
Ballen blir klarert.
55'
Gult kort
Lagar frispark i god posisjon for Årdal.
55'
Årdal får frispark i god posisjon til å legge inn.
54'
Frispark
Rutlin slår langt, og Årdal vinn ballen.
53'
Gult kort
Går hardt inn i Khamurzayev. Stopparen blir liggande med smerter i hovudet, men kjem seg opp att til slutt.
51'
Frispark
Tek frisparket kjapt.
51'
Frispark
Slår langt.
50'
Gult kort
Furebotn får gult kort høgt i bana.
49'
Hjørnespark
Mittet skrur ballen i stolpen. Hovland sender returen rett i ein Fjøraspelar.
49'
Torvagner headar ballen ut til corner for Årdal.
49'
Lereng prøver å finne Hovland i bakrom, men ballen er ikkje presis nok.
48'
Strålande takling frå Isak Flo som stoppar eit innlegg frå bortelaget.
47'
Gjerde headar rett på keeper. Nesten ein pangstart for Fjøra etter pause.
46'
Dommar Mossestad har teke seg ein prat med begge kapteinane, og den andre omgangen kan starte. Tenningsnivået er høgt i denne kampen.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Fjøra leiar 1-0 til pause etter scoring av Malvin Gjerde. Store diskusjonar mellom laga på veg inn i garderoben. Trenar Knut Almås fekk seg eit gult kort rett før pause. Akkurat no leiar Fjøra Kretsligaen.
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45'
Mål!
1-0
Gjerde sender Fjøra i leiinga! Han tek corneren kjapt, og får ballen tilbake i boksen. Han prøver seg, og ballen går inn bak keeper. No må Årdal jakta scoring.
45'
Hjørnespark
45'
Frispark
Corner til Fjøra.
45'
Frispark
Slår langt, og Fjøra vinn eit nytt frispark.
43'
Frispark
Sentrar tilbake til Sæle.
43'
Gult kort
Fjørastopparen får kampens første gule kort når Årdal får frispark.
42'
Hjørnespark
Prøver å slå mot nærmaste stolpe, men Årdal klarerar.
41'
Johan Flo vinn ein corner for heimelaget.
39'
Trippelsjanse for Fjøra! Johan Flo prøver seg frå distanse, og treff tverrliggaren. Gjerde får to sjansar etterpå, men Hellebø reddar. Veldig nære 1-0.
37'
Årdal har prøvd å slå inn mot Hovland mange gonger, men Rutlin er ute og plukkar ballen kvar einaste gong.
34'
Det har vore ein tøff kamp med mange frispark. Ingen gule kort enno.
32'
Frispark
Slår langt.
32'
Frispark
Tek frisparket kjapt.
31'
Hovland prøver å finne Lereng på bakerste stolpe, men Lereng har bevega seg lenger fram i boksen.
30'
Isak Flo kan kontre, men han rotar vekk ballen.
29'
Furebotn forsøker seg frå rett utanfor boksen, men avslutninga er svak og går rett på Rutlin.
27'
God redning frå Hellebø! Hovland skal setje ballen i mål på ein retur, men keeperen er kjapt nede og reddar.
26'
Hovland er nesten åleine med Rutlin, men han nølar når han skal ta ballen, så Rutlin får sparka den vekk.
25'
Bortelaget har ikkje skapt mykje enno. Stopparparet til Fjøra har grei kontroll på Hovland så langt.
18'
Frispark
Hovland forsøker seg, men ballen går på utsida. Keeper har grei kontroll.
18'
Fjøra får frispark i god posisjon. Kanskje litt for langt ute til å skyte.
16'
Frispark
Nok ein gong er det ein stor sjanse for Fjøra! Khamurzayev dukkar opp på bakerste stolpe, og headar ballen like over målet.
14'
Frispark
Prøver å slå den kjapt til Lerheim Olsen, men kanten reagerer ikkje like raskt.
12'
Frispark
Slår langt mot Gjerde, men Årdal vinn ballen.
10'
Furset forøsker seg frå venstre, men får ikkje nok kraft i ballen.
9'
Frispark
Slår langt.
8'
Sæle slår langt mot Hovland, men Rutlin er ute og plukkar ballen.
8'
Frispark
Held ballen i laget.
6'
Frispark
Ny stor sjanse til Fjøra. Nok ein gong er det Gjerde som dukkar opp på bakerste. Treff ikkje ballen slik som han vil.
5'
Stor sjanse for Fjøra! Lerheim Olsen slår inn mot Gjerde, men ballen er litt for høg. Spissen stod heilt åleine i boksen.
4'
Det er stor jubel kvar gong Årdal vinn ballen.
3'
Frispark
Fjøra klarerar ballen.
3'
Frispark
Slår langt, men Lereng headar vekk.
1'
Fjøra går rett i angrep, men Sæle slår ballen vekk.
Avspark Start 1. omgang
No snør det faktisk på Fosshaugane! Det er kun få minuttar til kampen startar, og me kan allereie høyre publikum ganske godt.
Det nærmar seg kampstart, og lagoppstillingane er klare. Laga er ute og varmar opp medan publikum er på veg inn. Det kan fort bli eit firesifra tal supportarar i dag.
Med ein kamp att i serien har både Fjøra og Årdal 59 poeng i toppen av ligaen. Det er langt ned til Eid på tredjeplass med 42 poeng. Opprykket skal altså avgjerast på Fosshaugane. Årdal har betre målforskjell enn Fjøra, men Fjøra speler på heimebane. Det er altså ingen soleklar favoritt før kampen. Årdal sikrar opprykket med uavgjort medan Fjøra må vinne.
Då laga skulle møtast i mai, vart stillinga 2-2 i Årdal. Julian Lægreid og Truls Hovland scora måla til Årdal. Malvin Gjerde og Johan Flo scora for Fjøra. Laga skulle også møtast til kvalifisering til cupen. Der var stillinga 1-1 etter ekstraomgangar, og Fjøra gjekk vidare etter straffesparkkonkurranse.
Det er klart for det som mange reknar som årets viktigaste kamp i norsk fotball! Fjøra tek imot Årdal for å avgjere kven som skal rykke opp til 3. divisjon.