Referat
Kun høydepunkter
Sebastian Eide takkar med dette for fylgjet. Ha ein fin kveld vidare!
Avslutningar: 3-9. På mål: 1-8.
Manchester City var best i samtlege minutt av kampen, og 4-0 var ikkje eit mål for lite. Stones, Agüero og Jesus sørgja for at engelskmennene leia 3-0 før halvtimen var spelt, og alt etter det blei ei rein transportetappe. Midtstoppar Stones fekk æra av å setje inn sitt andre for dagen etter ein times spel, begge scoringane hans kom etter dødball. Feyenoord fekk ein ille retur til Champions League etter å ha vore ute av det gjeve selskap i mange år. Forhåpentlegvis klarer dei å riste det av seg og kome sterkare attende i neste runde.
Kamp slutt Slutt (0-4)
90+1'
Det blir lagt til minimum to minutt her.
90'
Bernardo blir stempla av ein motspelar og må ta seg ein pust i bakken.
90'
Heimefansen har framleis ikkje gitt opp. Mykje gauling med ein gong Feyenoord får tak i ballen på City sin halvdel.
85'
City trillar og trillar her. Begge laga ventar berre på at domaren skal blåse det heile av.
84'
Ikkje langt unna nummer fem for City. Bortelaget spelar rundt med Feyenoord, men det avgjerande innlegget frå Sane når ikkje fram til ein spelar i lyseblått.
82'
63% ballinnehav i favør City hittil i kampen.
79'
Sterling set fart og prøvar å sleppe ballen igjennom til Jesus, men førstnemnde blir for hard på foten og sender kula utover sidelinja.
77'
Innbyttar Toornstra sender frisparket langt over mål. Har vore svak kvalitet over dødballane til Feyenoord sin nummer 28 etter at han kom inn.
76'
Frispark i finfin posisjon for heimelaget. Like ved hjørnet av sekstenmeteren.
75'
El Ahmadi med eit sjeldant skot for heimelaget. Høgt over målet til Ederson.
74'
De Bruyne trillar fri Sterling på høgresida, men innlegget frå engelskmannen går forbi alle i feltet.
67'
Frispark i god posisjon for City. De Bruyne slår inn, men heimelaget klarer å få rydda unna.
65'
Bra sjanse for City igjen! Sterling blir spelt fri av De Bruyne, men den påfølgjande avslutninga blir flott redda av Jones.
61'
Blir svinga inn i feltet, men City klarerer enkelt.
61'
Frispark til Feyenoord i grei innleggsposisjon.
59'
Nære på at bortelaget tråklar seg igjennom det nederlandske forsvaret. Ei takling blir sett inn i siste liten.
58'
Heilt andre takter frå Feyenoord her. Meir aggressive i presset og større vilje til å angripe. Derimot er det langt mellom sjansane dei skaper.
56'
Raheem Sterling gjer seg klar for å kome innpå for gjestane.
53'
Amrabat slår ballen inn i boksa frå høgresida, men City får reinska unna.
52'
Langt meir innsats frå dei raude og kvite etter kvilen.
51'
Feyenoord har sjansen til å kontre, men eit svakt ballmiss øydelegg.
50'
Nelom får lagt inn frå venstre, men blir avblåst etter å ha forårsaka eit frispark.
49'
Veldig roleg opning på 2. omgang.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Feyenoord har fått ein verst tenkjeleg retur til Champions League. Manchester City stupte i angrep frå start av og leia 2-0 før det hadde gått 10 minutt. Stones og Agüero sørgja for scoringane. I det 25. minutt auka Gabriel Jesus til 3-0, og med det er nok løpet kjørt. Det blir spanande å sjå korleis dei to managarane vel å angripe den andre halvdelen. Forhåpentlegvis får vi sjå endå meir offensiv fotball!
Slutt 1. omgang Pause (0-3)
45'
Gabriel Jesus blir spelt fri, men brasilianaren er i klar offside.
39'
Det påfølgjande frisparket blir slått farleg inn i feltet, men det blir korrekt avvinka for ein offside.
38'
Gabriel Jesus får seg ein smell og blir liggjande.
38'
Det ser ut til å bli ein bra kveld for dei engelske laga også i dag. I tillegg til Manchester City er også Liverpool og Tottenham i føringa i sine kampar.
32'
Nytt innlegg frå City si høgreside. Agüero styrer ballen i nettveggen frå kloss hald. Bra sjanse!
28'
Så kan også City-fansen høyrast på tribunene. Dei vel først og fremst å håne heimelaget enn å hylle sine eigne.
27'
0-3 før halvtimen har blitt spelt i Feyenoord sin retur til Champions League. Det var nok ikkje akkurat dette heimefansen hadde håpa på.
25'
Gabriel Jesus scorar i sin Champions League-debut! Heimelaget klarer ikkje å få klarert etter ein corner, og Mendy får etter kvart avslutta frå utanfor boksa. Jones sender returen rett ut i feltet der Jesus får ein enkel jobb med å styre den i nettet. Feyenoord ropar på offside, men scoringa er korrekt idømt.
25'
Walker får stå heilt åleine på høgresida og spele fri Silva, men den vesle spanjolen klarer berre å få corner.
21'
Så smell det i den andre enden av bana! Feyenoord kontrar hurtig og Kramer får avslutta frå fin posisjon. Eder får redda til corner.
19'
Ny bra sjanse for City! Agüero kjem seg fri inne i boksa og får avslutta frå skrått hald. Jones reddar bra.
18'
Shakhtar Donetsk har noko overraskande teke leiinga i den andre kampen i denne gruppa. Taison er kampens første målscorar i oppgjeret mot Napoli.
17'
Nokre saftige Feyenoord-taklingar har sørgja for at stemninga på stadion har teke seg litt opp.
14'
Berghuis får plutseleg tid og rom i nærleiken av Manchester City sitt mål, men gjestane oppdagar det i tide og får blokkert skotet frå Feyenoord-spelaren umiddelbart.
13'
Heimelaget på ein sjeldan visitt på City sin banehalvdel. Eit innlegg blir enkelt reinska unna.
10'
Det offensive City-laget held fram med å angripe Feyenoord. Kan bli ein vrien kveld for vertane, dette.
7'
Redning på strek! Gabriel Jesus møter eit innlegg og styrer det med pannebrasken over Jones i Feyenoord-målet. Botteghin er derimot vaken og får klarert før ballen går i buret.
7'
Nitrist start på returen til Champions League for Feyenoord sin del, altså.
2'
City tek leiinga umiddelbart! Corneren blir teke kort før Silva får tilbake ballen og slår inn i boksa. Der stig Stones til vêrs og headar mot mål. Feyenoord-spelar Vilhena står derimot plassert ved stolpen for å reinske unna, men utruleg nok klarer han å rote ballen inn mellom beina og i mål.
2'
Silva skaffar eit tidleg hjørnespark for City.
1'
Stor jubel når heimelaget sparkar i gong oppgjeret.
Avspark Start 1. omgang
Fantastisk stemning i Rotterdam!
Begge laga er ute på grasmatta, og vi er få straksar unna avspark!
Kveldens oppgjer på De Kuip er for øvrig det første offisielle møtet mellom dei to laga. Feyenoord møtte riktig nok det andre Manchester-laget i Europa League førre sesong, og då blei Mourinho og co slått 1-0 i Rotterdam etter ei sein scoring av Tonny Vilhena. På Old Trafford blei dei derimot nedsabla med 4-0.
De club van het volk, Folkets klubb, har opna den nerderlandske Eredivisie på strålande vis. Dei fire første kampane har alle blitt vunne, og det med ein målskilnad på 12-3. Manchester City har også byrja bra og har like mange poeng som nabo United etter dei fire første rundene. Sist varta dei som kjent opp med ei skikkeleg nedsabling av Liverpool (5-0).
Pep Guardiola har på si side mange å velje i, med unntak av stopparbautaen Vincent Kompany. Han er nok også glad for å ha Ederson tilbake etter den fryktelege smellen målvakta fekk i oppgjeret mot Liverpool.
Heimelagets manager, den tidlegare Arsenal- og Barcelona-spelaren Giovanni van Bronckhorst, som også både starta og avslutta si karriere som seniorspelar i nettopp Feyenoord, må unnvere blant anna Jørgensen, Haps, Ba
Manchester City er på si side med i Champions League for sjuande sesong på rad. Etter å ha gått ut tidleg i turneringa dei første åra har dei i dei siste sesongane nærma seg. Sist rauk dei ut mot Monaco på bortemålsregelen i sekstendelsfinalene, medan dei året før gjekk ut etter 0-1 samanlagt mot dei påfølgjande vinnarane Real Madrid i semifinalene.
2017 har blitt eit magisk år for Feyenoord frå Rotterdam. I mai blei dei seriemeistrar for første gong sidan 1998/1999, då spelarar som Julio Cruz og Jon Dahl Tomasson herja. Og i dag er dei også tilbake i Champions League for første gong på 15 år etter å ha blitt avspist med sporadisk deltaking i Europa League dei seinare åra.
Hei og velkomen til livedekning av Champions League-oppgjeret mellom Feyenoord og Manchester City!