Referat
Kun høydepunkter
Sebastian Eide takkar med dette for fylgjet. Ha ein fin tysdagskveld vidare!
Avslutningar: 8-21. På mål: 3-12.
Manchester City er i praksis klare for Champions League etter ein enorm maktdemonstrasjon i Bucuresti. Dei scora til slutt fem, men det burde ha vore det dobbelte - minst. Sergio Agüero kom mest i fokus med sine tre scoringar, men argentinaren bomma faktisk på to straffespark også. De Bruyne, Silva, Nolito og Sterling var ein dødeleg kvartett bak tremålsscoraren, og om City klarer å varte opp med dette offensive spelet også mot langt betre motstandarar har dei ein svært god sesong i vente!
Kamp slutt Slutt (0-5)
90+3'
Steaua-spelarane bør nok satse på heftig sightseeing når dei tek turen til Manchester neste veke. Sjølve fotballkampen dei er der for blir uansett berre ein formalitet.
90+1'
Det blir lagt til minimum to minutt her i Bucuresti. Rekk Pep Guardiola sitt mannskap nok eit mål?
90'
3 mål og 2 straffebommar. Spesiell dag for Sergio Kun Agüero på jobben i dag!
87'
Otamendi prøvar å heade utover i feltet, men lukkast ikkje. Gjestane beheld likevel ballen.
87'
Skal City klare å skape noko på dødball også? Nolito og Silva står klare.
84'
Heimelaget med ei langpasning i bakromet. Otamendi stoppar ein eventuell sjanse med ei god blokkering.
82'
Nok ei pen redning av Nita! Nolito blir spelt fri med ei femogførtigraderspasning, men målvakta står i vegen for skotforsøket.
78'
Tredje store sjansen på rappen! Agüero vender seg fri inn i feltet og bankar til, men Nita stoppar forsøket.
76'
Nok eit godt forsøk! City-spelarene bevegar seg på kryss og tvers og plutseleg blir Silva spelt fri. Balleleganten avsluttar like over målet til Nita.
76'
God sjanse for bortelaget! Agüero avsluttar etter bra spel, men Nita gjer nok ei kvalifisert redning. Har vore heimelaget sin klart beste spelar i dag, Florin Nita.
75'
Lite konstruktivt som skjer her no. Ein del frispark og dermed stopp i spelet.
73'
Nok eit bra angrep av The Citizens. Like før Silva kjem åleine med Nita.
66'
Via City-muren og til corner.
65'
Frispark til Steaua i grei posisjon. Stjernespelar Stanciu er sjølvsagt klar.
62'
Ikkje langt unna for City! De Bruyne er arkitekten igjen og speler fri Agüero. Argentinaren klarer derimot ikkje å overliste Nita.
61'
Poba er nære ved å få til noko inne i City si boks, men det blir for mange vendingar på 28-åringen og engelskmennene kan overta.
55'
Blir slått bak City-forsvaret, men Zabaleta får beina den ut til corner.
54'
Heimelaget med dødball i grei innleggsposisjon.
54'
Sergio Agüero med ei rapp avslutning. Til side for målet til Nita.
53'
Nesten igjen for gjestane! Silva speler fri Nolito til høgre, og den tidlegare Celta-spelaren avsluttar hardt i stolpen og ut. City sitt fjerde forsøk i metallet!
47'
Heimelaget er aggressive i starten og vinn ein corner.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Manchester City har éin fotballstøvel i Champions League allereie etter maktdominans og 2-0 etter dei første 45 minutta i Bucuresti. I tillegg til Silva og Agüero sine scoringar har også sistnemnde brent to (!) straffespark, samt at laget har skusla vekk fleire andre store sjansar. Om ikkje Steaua-manager Laurentiu Reghecampf får skikk på laget sitt kan dette bli meget stygge siffer.
Slutt 1. omgang Pause (0-2)
45'
Popa med eit bra forsøk for Steaua! Rumenaren med nummer 77 på drakta får to forsøk på å avslutte, og det siste av dei tvingar fram ei god redning av Caballero.
44'
0-2 står det, men Manchester City burde ha leia med både fem og seks. Om ikkje Steaua Bucuresti presterer betre kjapt kan dette vere over før returoppgjeret i Nord-England neste veke.
40'
Nok ein kjempesjanse til City! Sterling får sjansen frå veldig godt hald, men Nita reddar meisterleg. Corner!
39'
Nære på for City igjen! Kolarov møter corneren ved hjørnet av femmeteren og bankar ballen i stolpen og ut.
39'
Tamas er litt for røff i behandlinga av Nolito og får frispark i mot.
36'
Heimelaget med eit lite initiativ no. City står likevel godt bakover.
29'
Stor sjanse for Steaua! Hamroun kjem åleine med Caballero, men målvakta kjem raskt ut og gjer målet mindre. Reddar med ei god beinparade.
28'
De Bruyne avsluttar etter godt spel av gjestane, men skotet frå belgiaren går utanfor.
19'
Caballero med eit veldig svakt utspel. Har ikkje vore spesielt treffsikker med beina i starten her, argentinaren. Det blir spanande å sjå om Guardiola vil hente inn endå ei målvakt, eller om Caballero og Hart skal dele på jobben.
16'
Fantastisk førearbeid av Raheem Sterling før scoringa. Skal dette vere sesongen der engelskmannen slår til for fullt i Manchester City-drakta?
13'
Agüero går for skot frå langt og skrått hald, men bommar totalt. Utspel frå Nita.
12'
Vi har fått ei veldig god opning på kampen, med to angrepsvillige lag.
11'
Aguero går i bakken inne i feltet, men blir uansett avvinka for offside.
7'
De Bruyne går for eit skot som blir blokkert til corner.
7'
Nolito med kveldens første avslutning for bortelaget. Enkelt for Nita å redde den.
4'
Silva prøvar å tre igjennom til landsmann Nolito, men ballen blir enkelt snappa opp.
2'
Nære på for heimelaget allereie! Nicolae Stanciu får tak i ballen høgt i bana og klemmer til frå distanse. Skotet skrur like utanfor målet til ein urøyreleg Caballero. Den avslutninga hadde målvakta aldri teke om den hadde gått innanfor.
2'
Den italienske domaren Daniele Orsato bles i gong oppgjeret.
Avspark Start 1. omgang
Ros-Albastrii ('Dei raude og blå') har faktisk større trofè i Europa å vise til enn kveldens motstandar City. I 1985-1986-sesongen slo dei nemleg sjølvaste Barcelona i finalen i Europacupen. Anført av ein strålande Helmuth Duckadam i buret vann dei på straffespark etter 0-0 i ordinær tid og ekstraomgangar.
Den rumenske hovudstadsklubben Steaua Bucuresti kom inn i denne kvalifiseringa i førre runde, der dei slo tsjekkiske Sparta Praha 3-1 samanlagt etter 1-1 i Praha og 2-0 i Bucuresti. Éin spelar utmerka seg kraftig her, nemleg kapteinen Nicolae Stanciu med nummer 10 på ryggen (som rett nok vanlegvis er visekapteinen til Mihai Pintilii). 23-åringen scora nemleg alle Steaua sine tre mål.
Josep 'Pep' Guardiola Sala gjer som kjent sin debut i Europa med Manchester City i kveld. Den tidlegare Barcelona- og Bayern Munchen-manageren har vunne den gjevaste europeiske klubbturneringa to gongar allereie, og har nok eit mål om å klare det same også i England. Manchester City har også nærma seg tittelen meir og meir dei siste åra, og førre sesong rauk dei først i semifinala mot Real Madrid etter å ha tapt 0-1 samanlagt. Den einaste tittelen klubben har i Europa er for øvrig den gamle Cupvinner-cupen i 1970.
Hei og velkomen til livedekning av dette kvalifiseringsoppgjeret til Champions League mellom Steaua Bucuresti og Manchester City! Returoppgjeret går i Manchester onsdag i neste veke.