TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Sebastian Eide takkar med dette for fylgjet. Ha ein fin kveld vidare!
Avslutningar: 12-5. På mål: 10-2.
FC København tek alle tre poenga etter ein fantastisk 2. omgang. Før pause var det nokså jamt mellom laga, med gode sjansar begge vegar. Dei siste 45 minutta var det derimot stor forskjell, og Ståle Solbakken sitt mannskap viste verkeleg fram kva slags dugleikar som bur i dei. Dei var konstante truslar på dødballar og innlegg, og i tillegg viste komande Werder Bremen-spelar Delaney fram ein fantastisk skotfot. Danskane gav seg ikkje før det stod 4-0. For Club Brugge held dermed den elendige starten på returen til CL fram. 0 poeng og 0-7 i målskilnad er nokre grusomme tal. Michel Preud'homme har ein god jobb framføre seg om laget skal klare å få til noko ute i Europa.
Kamp slutt Slutt (4-0)
90+2'
Mål!
4-0
Nok eit cornermål! Ballen landar perfekt på femmeteren og der kjem midtstoppar Jørgensen stormande. Kontant i nettet forbi ein altfor passiv Butelle. No er det skikkeleg stygge siffer her. 4-0!
90+2'
Hjørnespark
90+1'
Nære på 4-0! Pavlovic fyrer av frå distanse og ballen går via ein motspelar og like til side for målet til ein utspelt Butelle. Corner.
90+1'
Det blir lagt til minimum tre minutt her.
90+1'
Sjølvsagt berre ei rein transportetappe for danskane no.
88'
Gult kort
Claudemir misser ballen og ser seg nøydd til å drage kraftig i trøya til FCK-spelaren han mista den til. Soleklart gult kort til spelaren som er tilbake på si gamle heimebane.
87'
Den 3. runda av Champions League for desse laga blir 18. oktober. FC København møter Leicester i England, medan Club Brugge tek i mot Porto.
85'
Ingen Tom Høgli på bana for FCK då, altså. Nordmannen har som kjent ei fortid i Club Brugge. 32-åringen var i klubben frå 2011 til 2014.
84'
Spillerbytte
81'
Hjørnespark
Giganten Jørgensen stangar enkelt unna.
81'
Limbombe med eit godt innlegg. Blir stanga unna til corner.
79'
Spillerbytte
79'
Spillerbytte
77'
Bra moglegheit for heimelaget igjen! Cornelius får eit innlegg frå venstre, men klarer berre å heade i bakken og inn i nevane til Butelle. Burde definitivt hatt seg eit mål no, 23-åringen.
75'
Med ei forløpig 1-0-leiing til Leicester over Porto i den andre kampen i denne gruppa ligg FCK på 2. plassen som gir avansement til sluttspelet.
74'
Godt forsøk av heimelaget igjen! Santander speler fri Cornelius med utsida av foten, men den tidlegare Cardiff-spissen treff dårleg og må sjå avslutninga skru vekk frå målet.
73'
Etter ein nokså tam 1. omgang har det altså teke heilt av etter pause. For ein fotball Ståle Solbakken sitt mannskap har vist her etter pause!
69'
Mål!
3-0
No renn måla inn! Corneren frå Augustinsson dett perfekt ned inne i feltet, og frå sju-åtte meters hald bankar Santander kula knallhardt i nettaket forbi ein utspelt Butelle. 3-0 og fullstendig overkøyring her!
69'
Hjørnespark
68'
Nesten 3-0! Cornelius legg igjen ballen inne i feltet til Falk, og sistnemnde avsluttar hardt. Ballen går via ein motspelar og til corner.
68'
Thomas Delaney er altså klar for spel i Werder Bremen etter jul, og det er ikkje vanskeleg å forstå etter den scoringa der. Rett og slett utsøkt frå den store profilen i den danske ligaen.
67'
Spillerbytte
65'
Gult kort
64'
Mål!
2-0
Så doblar plutseleg FC København! Kapteinen får ballen i returromet og kliner til frå nesten 30 meters hald. Ballen skrur nydeleg inn i den høgre vinkelen, via stolpen. 2-0 på fantastisk vis!
63'
Spillerbytte
63'
Delaney kjem altfor seint inn i ei takling, men unngår det gule kortet.
62'
Bom på straffe!
Augustinsson avsluttar svakt nokså midt på mål og Butelle reddar! Rett og slett eit elendig straffespark.
61'
Straffe!
61'
Det er dømt straffe!
59'
Så er det fullstendig kaos her! Santander får eit spark i hovudet i det han skal heade og blir liggjande. Publikum ropar, men det er uklart om det har blitt dømt straffe og/eller gitt kort.
59'
Godt forsøk av vertane! Santander stupar inn i feltet på eit innlegg, men får ikkje heada ballen i mål.
58'
Gult kort
Berører Augustinsson som er på veg framover. FCK-spelaren går veldig lett i bakken, men Vormer blir uansett belønna med det gule kortet.
56'
Gult kort
56'
Izquierdo med eit forsøk i motsett ende etter at han set på turboen og dreg seg forbi FCK-forsvaret. Keeper Olsen kjem derimot ut og gjer målet mindre og får blokkert avslutninga. God sjanse, det!
53'
Selvmål!
1-0
FCK tek leiinga på eit sjølvmål! Ankersen bankar ballen hardt inn framføre mål, men trass i at næraste København-spelar er fleire meter unna klarer han å putte ballen i eige mål. Der bør han klare å ha betre oversikt!
53'
Treff svakt. Blir enkelt stanga unna av bortelaget.
53'
Dødballservitøren Augustinsson gjer seg klar.
52'
Ankersen blir felt i det han er på veg framover. Frispark i småskummel posisjon.
50'
Hjørnespark
Butelle får fista unna før han så får ein enkel jobb med å fange eit slags brassespark frå Santander.
50'
Verbic prøvar å slå inn. Blir blokkert til corner.
49'
Litt høgare tempo i matchen etter kvilen. FCK prøvar å stå høgt og aggressivt.
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Det står 0-0 til pause etter ein nokså tett omgang mellom FC København og Club Brugge. Danskane har hatt eit lite spelemessig overtak, men begge laga har skapt nokre gode sjansar kvar. Heimelaget er mest farlege på innlegg og dødballar, medan Brugge har vore mest farlege når dei har vore direkte i stilen. Vi ser fram til 2. omgang og håpar at vi også får sjå nokre scoringar!
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
44'
José Izquierdo blir spelt fri bak FCK-forsvaret etter bra kortspel av Brugge, men spissen klarer ikkje å få kontroll over kula.
41'
Hjørnespark
Ny stor sjanse! Delaney kjem heilt fri etter ein lur manøver av FCK, men headinga frå kapteinen går like over mål.
40'
Hjørnespark
Nære på! Laga krigar skikkeleg inne i boksa, men Santander klarer likevel å få avslutta med hovudet. Butelle er på plass igjen og får redda til corner.
40'
Ankersen går for skot! Frisparket duppar bra før mål, men Butelle reddar bra. Corner.
39'
Falk blir felt av Izquierdo høgt i bana. Frispark til danskane i grei posisjon. Spørs om det er litt for langt hald til å skyte.
38'
Brugge med innlegg inn i FCK si boks. Keeper Olsen kjem ut og boksar unna kula. Svensken kom på ein overgang frå greske PAOK i mai i år. Før det var han på utlån i klubben.
36'
José Izquierdo jobbar aggressivt høgt i bana, men slit med å få tak i kula. Den 24 år gamle colombianaren har vore i god form i det siste og putta bra med mål for laget sitt.
33'
FCK har sjansen til å ta ein overgang, men spelarane i kvitt kjem seint framover og Brugge rekk å etablere seg defensivt.
29'
Brukbar sjanse for heimelaget! Ballen blir slått inn frå venstre og inne i feltet stig Cornelius til vêrs og får heada mot mål. Forsøket går derimot rett på Butelle som enkelt fangar kula.
27'
Vertane har mykje ball, men Brugge forsvarer seg kompakt og bra.
23'
Etter ei god periode av FC København er det no Club Brugge som har vist seg best fram dei siste minutta.
21'
Stor sjanse til Brugge! FCK klarer ikkje å plukke opp Claudemir på eit innlegg, men frå fem meters hald maktar ikkje brasilianaren å heade ballen i mål mot sine gamle lagkameratar. Den bør han få meir ut av!
20'
Blir slått mot bakerste stolpe av Augustinsson, men Cornleius klarer ikkje å kome høgt nok opp og må sjå ballen bli stussa til utspel. Heller ikkje betryggjande keeperspel av Butelle i den situasjonen. På halvdistanse i det ballen kjem inn i boksa.
18'
Ankersen blir felt ved ein kortsida av Brugge sin sekstenmeter og får frispark. Hjelp bra til sjølv der, men det er defintivt kontakt. Kan bli farleg.
14'
Hjørnespark
Brugge får ordna opp også ved dette hjørnesparket.
12'
Redning på strek! Butelle viste mykje svakt spel mot Leicester, og gjer det også her på Parken. Målvakta kjem ut for å bokse, ombestemmer seg og let i staden Cornelius heade mot opent mål. Heldigvis for Brugge kjem Poulain til og klarerer før ballen går i nettet. Veldig nære 1-0!
11'
Godt forsøk av bortelaget! Brugge speler direkte og hurtig opp på Izquierdo, og spissen avsluttar langs bakken. Skotet snik seg like til side for mål.
8'
Hjørnespark
Blir klarert av bortelaget.
8'
Kaptein Delaney fyrer av på halvvolley. Via ein motspelar og til corner. Kampens første.
5'
24 meters hald frå mål. Litt skrå vinkel. Skotet går ufarleg rett på Butelle.
5'
Vertane får frispark i veldig god posisjon. Ankersen er det som blir felt.
4'
FCK er framme på ein småfarleg visitt, men Brugge-keeper Butelle kjem ut og headar unna ballen.
3'
Ein artig moment i kampen er at Club Brugge sin spelar Claudemir har ei bra fortid i nettopp FC København. Han spelte her frå 2010 til 2015, og var faktisk involvert i dei fire siste møtet mellom desse to laga.
Avspark Start 1. omgang
Begge laga har no kome ut på grasmatta på Telia Parken.
Begge laga er i ganske god form om dagen. FCK har ikkje tapt på 20 kampar og innehar 1. plassen i Superliga, fire poeng framføre Brøndby. Club Brugge har på si side gjort det bra etter smellen mot Leicester. Dei har vunne tre strake i liga og cup, men ligg samtidig nede på 7. plass i Eerste Klasse A.
Kveldens oppgjeret blir det sjette møtet mellom laga sidan 2008. Statistikken over desse er 2-2-1 i favør danskane. I 2012-2013-sesongen avanserte FCK til Champions League på bekostning av Brugge. Etter 0-0 i Parken vann Byens Hold 3-2 på Jan Breydelstadion. Det ferskaste oppgjeret mellom kveldens motstandarar er det derimot Brugge som smile mest over. For to sesongar sidan blei det nemleg ein 4-0-siger i Parken i Europa League. Lior Refaelov scora blant anna hattrick.
Club Brugge, som er i gruppespelet av denne turneringa for første gong sidan 2005-2006-sesongen, gjekk på si side på ein real smell heime mot debutantlaget Leicester. Mahrez og co gav seg ikkje før det stod 0-3 på resultattavla. Det bør derimot nemnast at Brugge-spiss José Izquierdo hadde ein kjempesjanse til å score kampens første mål kort tid etter avspark, men colombianaren bomma åleine med Kasper Schmeichel. Hadde belgiarane scora først kunnne vi ha fått ein heilt annan kamp.
Ståle Solbakken sitt mannskap fekk ei god opning på gruppespelet med eit sterkt 1-1-resultat mot Porto. Otavio sendte portugisarane i ei forventa leiing, men nokre minutt etter pause sørgja Andreas Cornelius for utlikninga. Danskane fekk også ein spelar utvist med over halve den andre omgangen att å spele, men klarde likevel å få med seg det eine poenget.
Hei og velkomen til livedekning av Champions League-oppgjeret mellom FC København og Club Brugge!