Referat
Kun høydepunkter
Der er kampen slutt, og den ender 1-1. Det er nok Førde mest nøgde med, utifrå spel og sjansar. Savland scora på gjestene sin einaste store sjanse i andre omgang. Ingen stor fotballkamp frå nokon av laga, men slik er det vel tidleg på sesongen. Vi takkar for følget, og ynskjer deg velkommen tilbake!
Kamp slutt Slutt (1-1)
90+4'
20 sekund att.
90+4'
Lie står ved ballen. Fire mann i mur. Han skyt, men Bjerke reddar enkelt. Ballen hadde også retning utanfor stolpen.
90+3'
Frispark til Fana i fin posisjon.
90+3'
Under to minutt att av tilleggstida.
90+2'
Frisparket går over heile feltet.
90+1'
Førde stormar på nytt i angrep! Skal det bli 1-2 her?
90'
Det er lagt til minimum fire minutt.
88'
Heimark tek med seg ballen opp til hjørneflagget. Drøying av tid.
87'
Ikkje mange minutt att her no. Tek Førde-trener Madsen større sjanser dei siste minutta i jakta på utlikning?
85'
Frisparket blir slått inn i feltet, men Fana-forsvaret ryddar unna.
85'
Førde får frispark høgt oppe i bana. Flyttar opp luftskyts i feltet.
84'
Heimark legg inn frå venstre, men Bjerke held ballen i fast grep. Set raskt i gang.
84'
Sola kjem fram. Det varmer.
83'
Brytekamp som Iversen taper - men får frisparket.
81'
Myrkaskog testar skotfoten, men forsøket går utanfor.
80'
Savland driv framover og skyt frå distanse. Myrkaskog jakter ein eventuell retur, men gir isteden keeper ein liten kakk. Stans i spelet.
79'
Førde har fått flytta laget høgare opp i bana. Jaktar 1-1, men slit framleis med å produsere målsjansar.
77'
Myrkaskog får frispark imot i hans første involvering etter sitt skade-comeback.
74'
Spurkeland kjem til avslutning, men går utanfor frå 18 meter.
73'
Joda, Førde nærmer seg. Lund Holm får ballen inne i feltet, men skotet hans blir blokkert.
73'
Gjestene har produsert skuffande få målsjanser så langt i kampen. Ingen så langt i andre omgang.
72'
Hestetun kjem seg rundt på venstrekanten, men innlegget går rett i klypene til Bjerke.
71'
Lund Holm prøver seg, men blir effektivt stoppa. Førde-angriparen har vore relativt usynleg i dag.
70'
20 minutt att for Førde. Må opp og fram no om det skal bli poeng heim til Sunnfjord.
68'
Savland bruker ikkje lang tid for å vise seg fram. Førde kontrar, og Savland set fart. Han avsluttar frå 16 meter, men skotet blir blokkert. Han vinn tilbake returen sjølv, men det forsøket går rett på keeper.
66'
Royas får skyte upressa frå 20 meter, men Bjerke leverer ei fin redning. Corner.
62'
Frispark til Fana i god posisjon. Svakt utført, men får likevel corner i neste trekk.
61'
Keeper Bjerke er heilt oppe på midtstreken for å disktutere med dommaren, i etterkant av situasjonen der Melhus fekk eit spark i ansiktet.
58'
Fana stormar i angrep, og Dyngeland legg 45 grader tilbake til Heimark. Han klinkar til, men skotet går over. Vi noterer ein halvsjanse!
57'
Frisparket blir slått inn i feltet, og Attila er høgst i feltet. Dommaren ser noko ureglementert, og vertene får frispark i eigen sekstenmeter.
56'
Hestetun er heldig som slepp unna det gule kortet. Førde får frispark langt inn på Fana sin banehalvdel.
54'
Førde har ballen mest no. Men trillar mest på eigen banehalvdel, og det tek Fana med stor ro.
53'
Melhus viser fram sin teknikk høgt oppe i bana, men blir for liten mot sterke Fana-spelarar. Vertene tek over.
51'
Fana med fin sjanse! Liseth er frampå og lurer Kvist, men det blir ikkje nettsus av avslutninga. Bjerke står i vegen.
49'
Kaptein Hestetun er nede for telling. Den tidlegare Årdal FK-stjerna er heldigvis oppe på beina att.
47'
Førde-fansen prøver å hjelpe laget sitt til poeng. Langt betre enn heimefansen i alle fall.
46'
Vi er i gang med siste 45 minuttane.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Då går laga til pause på stillinga 1-0. Begge lag har i tillegg hatt ei avslutning i tverrliggjaren. Førde har fått kjenne litt meir på ballen siste del av omgangen, men slit med å spele seg til målsjansar. Som regel blir det balltrilling i eige forsvar - før den lange pasningen kjem. Det blir 45 spennande minutt i andre omgang. Følg med - dette er ikkje avgjort!
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45'
Kjempesjanse for Fana! Først er det eit skot som går rett i tverrliggjaren. Returen tek Dyngeland seg av, men brassesparket hans går like utanfor målet til Bjerke. Førde heldige der.
44'
Det nærmar seg pause. Få minutt å legge til i alle fall.
42'
Førde prøver seg. Iversen får ballen inne i sekstenmeteren, vender, men får ikkje skikkeleg kontroll på ballen. Fana får rydda unna.
40'
Fana har hatt ballen mest, men heller ikke dei har vore spesielt giftige den siste tredjedelen.
38'
Førde har ikkje klart å spele seg til nokon målsjansar. Einaste sjansen var etter ein dødball frå Spurkeland, der Kvalvågnes venta i returrommet. Skotet hans gjekk i tverrliggjaren.
37'
Heimark får ein fin moglegheit på 16-meteren, men bommar regelrett på kula.
37'
Rojas og Frøholm kombinerer fint. Den tidlegare Førde-backen ladar skotfoten frå 15 meter, men forsøket går i nettveggen!
34'
Gjestene har hatt litt meir ballinnehav dei siste minuttane. Trillar ball på eigen banehalvdel før den lange pasningen kjem mot Spurkeland. Den er for upresis, og Fana-keeper kan gjere seg klar for utspark.
34'
Førde prøver å slå langt mot Lund Holm. Det lykkast dei ikkje med, og Fana kan overta.
32'
Hiaka-hoaka fotball ute på matta no, slik Jostein Grindhaug ville sagt det.
30'
Gjennomspel til Dyngeland, som kjem forbi keeper Bjerke. Blir for skrått hald, og Fana-spissen prøver å slå inn i feltet. Blir blokkert til corner.
26'
Det står no 1-1 i Florø. Også den kampen kan du følge i Firda-liven.
23'
Så spørst det om denne sjansen tenner håp i Førde-laget.
22'
Stor sjanse for Førde! Spurkeland slår frisparket inn i feltet. Ballen blir avklart ut til Kvalvågnes som tek den på halvspretten frå 20 meter. Den fyk rett i krysstanga! Der var ikkje keeper med på notane!
21'
Frispark til gjestene ti meter frå kanten av sekstenmeteren. Fin posisjon.
21'
Førde slit med å halde ballen i laget, og det er Fana som styrer banespelet.
19'
Frispark til Fana langt inne på Førde sin banehalvdel. Blir slått inn i feltet, men keeper Bjerke tek seg enkelt av det.
18'
Melhus tekker ned i eige forsvar for å få litt ballkontakt.
17'
Førde sine naborivalar Florø har tatt føringa mot Fyllingsdalen. 1-0 står det også der.
15'
Store rom for Frøholm på høgrekanten. Slår inn i feltet, men Førde-forsvaret ryddar unna.
15'
Straks er det første kvarteret unnagjort. Fana med eit lite grep om kampen.
12'
Frispark til Fana i fin posisjon. Liseth blir lagt i bakken.
12'
Fana scora på sin første sjanse i kampen. Einaste så langt i oppgjeret.
10'
I ein kamp tidlegare i dag i denne avdelinga spelte Sola - Frigg 1-1.
9'
Fana-back Frøholm spelar i dag mot gamle lagkamerater. Var nok spesielt å ta del i jubelen mot moderklubben sin.
6'
Blir kasta langt, og Haaland Iversen nikkar utanfor.
6'
Førde-innkast heilt oppe ved hjørneflagget. Dvergsdal skal kaste langt.
5'
Lang ball frå Fana-forsvaret, men Bjerke er langt ute i sin sekstenmeter og held ballen.
4'
Liseth involvert igjen. Denne gongen er han involvert i ei tøff takling med Melhus, men dommaren let spelet gå.
4'
Fana-innkast høgt oppe i bana. Liseth stussar den vidare, men Førde ryddar unna.
2'
Ryktene går om at speidarar frå Brann er på plass for å følge dagens kamp. Onsdag møtes nemleg Førde og Brann i Hafstadparken.
1'
Øy får kampens første frispark. Dytt i rygg på midtstreken.
1'
Fana tek avspark.
Avspark Start 1. omgang
Laga på veg inn på bana. Førde-fansen er på plass, og keeper Bjerke takkar for støtten med nokre klapp over hovudet.
Nærmar seg avspark. Endeleg er sesongstarten her!
Vi har fine debutantar i dagens Førde-lag. Både Bjerke, Attila, Melhus og Øy spelar sine første obligatoriske minutt for sunnfjordingane i dag.
Verdt å merke seg at Øystein Myrkaskog er i Førde-troppen. Målsniken har slite med skade i lengre tid, men startar på benken.
Hei, og velkommen til livedekning av oppgjeret Fana - Førde!