Referat
Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (1-3)
90+2'
Dagens Florø-helt går av bana med krampe. Fortent kvil på Hove no.
90+1'
Vanvittig sløsing av Florø no! Aton kjem heilt åleine med keeper, men spelar til Kupen som berre har å sette ballen i mål. Han sleivar og ballen går utanfor.
90'
At det ikkje er kome flere mål i denne kampen er eit under.
89'
Liseth ligg utanfor bana med krampe, og Fana skal bytte.
88'
- Neeeei, er det mulig?! brøler Terje Rognsø. Og det er lett å forstå hans frustrasjon. Erlend Hove kjem plutseleg heilt åleine etter at Stockinger går i bakken. Sanchez Olsen reddar Hove sitt første skot, medan returen vert beina unna på målstreken! Enorm sjanse!
86'
Sindre Lie med eit langt innlegg. Altfor langt. Utspel frå Frenderup.
85'
Der burde Florø og Kupen avgjort kampen! Han får ballen perfekt servert på ti meter, men Sanchez Olsen leverer ei kanonredning. Returen frå Erlend Hove vert blokkert.
81'
Rashad Muhammed takkar for seg. Har saman med Erlend Hove vore den beste på bortelaget i dag.
80'
Lehland testar skotfoten igjen, men han traff mykje bedre då han utlikna tidlegare i kampen. Enkelt for Frenderup.
76'
No svingar det! Rett etter den enorme sjansen til Bruun-Hansen kjem plutseleg Muhammed ein mot ein mot Frøholm. Franskmannen viser styrke og kjem til slutt åleine med keeper, men Sanchez Olsen leverer ei god redning!
75'
Og der er det nesten 2-2! Christian Heimark kjem rundt på venstrekanten og slår inn. Den går forbi alle og havnar hos Bruun-Hansen som knallar ballen på innsida av stolpen og ut! Utruleg at det ikkje står 2-2 der!
71'
Ny gedigen sjanse for Muhammed! Han tek med seg ballen inn i sekstenmeteren, med Sindre Lie på slep. I det franskmannen skal avslutte frå ti meter kjem Lie akkurat inn og får avverga. Godt gjort av Lie!
69'
Liseth vendar vekk både Hove og Gjermundstad og prøvar å finne Lehland. Dankertsen har imidlertid ikkje fått med seg at Lehland står i god posisjon og prøvar å stjele ballen, men eit dårleg touch endar med at alt renn ut i sanden.
67'
Bruun-Hansen med eit frekt brasseforsøk! Men ballen går nokre meter utanfor.
66'
Nærmare 3-1 er det ikkje mogleg å komme! Rashad Muhammed bankar til på frisparket frå 25 meter, og den ballen susar langs bakken og på innsida av stolpen! Returen havnar hos Erlend Hove som skyter rett i ein Fana-spelar!
62'
Aase svingar eit frispark inn i feltet i retning Aton. Florø-spelaren vert nok pressa av Frøholm til at avslutninga går høgt over.
62'
Lehland og Dyngeland kombinerer for Fana. Sistnemnde prøvar seg mot Vik, men ballen trillar til utspel for Frenderup.
60'
Førdianaren Frøholm ligg nede etter en duell. Fana ropar på frispark, men får berre kast.
58'
Kupen sender først Stockinger på baken med ei finte, og då er det berre Magnus Bruun-Hansen som er mellom han og keeperen. Muhammed kjem også og vil ha ballen, men Kupen prøvar seg på eigahand. Florø-storscoraren er uheldig med eit touch og dermed får Bruun-Hansen kontroll. Den der burde du utnytta betre, Kupen.
56'
Kupen dreg eit par Cruyff-finter før han slår inn, men der er ingen i blått.
55'
Sonen til Roald Bruun-Hansen har entra bana.
54'
Kjemperedning av Frenderup! Sondre Liseth dreg seg inn frå høgre og testar venstrefoten frå 17 meter. Ballen har meget god retning mot krysset, men dansken i Florø-buret vartar opp med ein kanonredning.
53'
Og der er også Lehland nære på å bli tomålsscorar når Frenderup bommar i feltet. Dessverre for Fana går ballen akkurat over hovudet til Lehland.
50'
Florø har dominert totalt i 2. omgang og der kjem målet! Og igjen er det Erlend Hove! Kim Ødegård Vik legg flott inn frå kanten, men målet er på langt nær ferdigscora av den grunn. Omtrent heilt nede på bakken setter Hove hovudet til og overlista Sanchez Olsen frå rundt tolv meter. Ein meget fin prestasjon av Hove!
50'
Hove pressar og stressar Sanchez Olsen, og Fana-keeperen hamrar ballen til skogs.
49'
Rashad Muhammed held fram med å herje med Sindre Lie også i 2. omgang. Det var på denne måten Hove si scoring kom tidleg, men denne gongen er innlegget frå Muhammed for dårleg.
48'
Florø får ein god kontringsmoglegheit, men den vert dårleg utnytta. Svake pasningar frå både Erlend Hove og Kaddu Aton øydelegg rytmen, og dermed kjem Fana-spelarane på rett side.
46'
Stor moglegheit til Florø umiddelbart! Solheim-Olsen slår ein lang pasning mot Aton direkte frå avspark. Ballen endar til slutt opp hos Erlend Hove, men frå god posisjon får han dårleg treff med venstrefoten.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Då er det pause på Nesttun på stillinga 1-1. Florø starta best og tok leiinga allereie etter fire minutt ved Erlend Hove. Fana kom meir med etterkvart og utlikninga kom etter 20 minutt. Det var Skage Simonsen Lehland som satte inn 1-1-målet, og det var ei flott scoring! Etter dette har begge lag vore frampå og skapt nokre småsjansar, Florø dei største. Spenningen lever definitivt og vi er straks tilbake med dei siste 45 her i Bergen.
Slutt 1. omgang Pause (1-1)
45+1'
Heimark går i offside for Fana. Tippar at det er det siste som skjer i denne omangen.
45+1'
Vi er på overtid på Nesttun. Neppe lagt til mykje.
45'
Ståle Tveit ordnar opp i stor stil i forsvaret til Fana no. Han vil gjerne vise at Janbu og Heggland ikkje er sakna.
44'
Reksten smell til frå 20 meter, men Sanchez Olsen får slått unna!
42'
Dyngeland med eit fint innlegg med høgrefoten frå sin venstrekant. Ballen har retning mot Lehland, men han treff ikkje reint i duellen med Reksten. Utspel.
40'
Dankertsen svingar ballen inn i feltet, men går heilt inn til Frenderup.
40'
Solheim-Olsen legg Dyngeland i bakken midt på banehalvdelen til Florø nesten ute med sidelinja. Frispark i bra innleggsposisjon.
39'
Dyngeland prøvar å slå blindt i bakrom mot Liseth, men Runar Hove har kontroll og ordnar opp.
38'
Vik finner Kupen som dreg med seg ballen forbi Tveit. Nordfjordingen skyt deretter frå skrått hold, og det endar nesten med at Aton får foten på ballen på bakerste stolpe. Ballen trillar til femmeter.
35'
Sindre Lie kjem plutseleg ganske åleine inne i sekstenmeteren til Fana. Han vel å legge inn, men der burde venstrebacken skote sjølv! Tydeleg at det var uvant for han å vere i den situasjonen.
35'
Kupen rekker ballen akkurat før den går utover dødlinja og spelar den til Vik. Han legg inn i feltet, eller han prøvar iallfall. Den går høgt over alle.
33'
Ny duell mellom Muhammed og Lie, men denne gong kjem ikkje Florø sin franskmann seg forbi. Men han får corner.
32'
Aase skyt langs bakken, men forsøket vert altfor enkelt for Sanchez Olsen.
31'
Muhammed i bakken på rundt 25 meter. Frispark. Stefan Aase står klar.
30'
Torstein Frøholm er med fram og kjem til innlegg. Corner.
29'
Dermed må Stefan Aase stå over neste kamp mot Sola. Dette var sesongens tredje gule.
26'
Enorm prestasjon av Sondre Liseth som dreg seg forbi den eine Florø-spelaren etter den andre, og mistar også skoen på vegen. Han spelar deretter ballen vidare til Lehland som legg inn mot Heimark. Sistnemnde dreg til på heil volley, men ballen går over. Fint angrep!
24'
Akkurat no er det mykje fram og tilbake, og ballar i lufta. Apropos lufta, det regnar i Bergen.
23'
Ikkje heilt ufortent at Fana utliknar. Florø var best i ein periode, men heimelaget har kome meir med no.
20'
Campos dreg av Solheim-Olsen med ei skotfinte, men går deretter i bakken. Frispark for Fana på 25 meter. Heimark og Dankertsen står med ballen.
19'
Florø har skapt det meste av sine forsøk frå høgre. Sindre Lie på venstrebacken til Fana har slitt defensivt så langt.
18'
Igjen får Muhammed slått inn frå høgre. Ballen går heilt over til Aton som skyt, men får dårleg treff og ballen trillar inn til Sanchez Olsen.
17'
Kupen vendar opp inne i sekstenmeteren og skyt med venstrefoten frå 13 meter. Greit forsøk, men enkelt for Martin Sanchez Olsen i Fana-buret.
16'
Muhammed prøvar å dra tunnel på Dyngeland, men får ikkje anna enn innkast.
16'
Sondre Liseth testar høgrefoten frå skrått hald. Ganske bra forsøk, men ballen snik seg utanfor stolpen. Det såg ut som Nicklas Frenderup hadde brukbar kontroll også.
14'
Fana sin resept er heilt klart å utfordre Florø sine forsvarar på fart. Dyngeland har prøvd seg eit par gonger, men har ikkje lukkast enno.
13'
Stefan Aase prøvar å tre Erlend Hove igjennom, men Sindre Lie les situasjonen og ordnar opp.
12'
Sindre Lie er med fram frå sin venstrebackposisjon. Fana har fire mann i feltet, men innlegget er altfor svakt og går rett i beina til Stefan Aase.
11'
Langpasning mot Sondre Liseth i bakrom, men Fana-spissen har tjuvstarta og vert avblåst for offisde.
11'
Jamn start på kampen, men Florø er hakket sterkare i duellspelet. Spesielt Erlend Hove vinn alt av duellar på midten.
6'
Vik blir først lurt, noko som gjer at Dyngeland får fri bane nedover venstrekanten. Fana-vingen lurer deretter Runar Hove, men så kjem Vik og ordnar opp. Corner.
3'
Stefan Aase prøver seg på eigahand, men det vert for tøft mot Daniel Campos og Sindre Lie.
1'
Stian Dyngeland med dagens første innlegg. Halvor Solheim-Olsen beinar unna.
1'
Då er vi i gang på Nesttun.
Avspark Start 1. omgang
Då er laga på veg inn på bana til tonane av 2.divisjonshymnen. Det er ikkje samme sommarvarmen i Bergen i dag som det har vore dei siste dagane, men for spelarane er det nok perfekt. Rundt 13 grader.
Dagens hovuddommar er Ola Kellerhals frå Vaulen IL-fotball. På linjene går Bjørn Tore Tvedt, Eidsvåg IL, og Trygve Føreland Pedersen frå Kalandseid IL.
Florø svevde på ei sky etter 4-0-sigeren i Førde 16. mai, men kom brått ned på jorda igjen då det blei tap 1-3 heime mot Lysekloster sist. Til dagens kamp ser vi at den faste venstrebacken Christer Husa manglar. Han vert erstatta av Kim Ødegård Vik. Heller ikkje Simen Reksten Solheim er med i dag. Halvor Solheim-Olsen er tilbake frå eksamensperiode i England og rett inn på laget.
Fana starta sesongen veldig sterkt, men har i det siste dabba av litt. Dei har gått tre strake kampar no utan siger. Sist vart det 1-2-tap borte mot Nest-Sotra, noko som i seg sjølv er hakkande gale. I dag stiller heimelaget ganske redusert og manglar stopparane Torgeir Janbu og Fredrik Heggland. Begge sonar karantene. Det samme gjer kapteinen Jonas Hestetun og Patricio Rojas. Fire stykker sonar altså karantene for Fana i dag.
Velkommen til Nesttun Idrettspark og 2.-divsjonsoppgjeret mellom Fana og Florø.