Referat
Kun høydepunkter
Sebastian Eide seier dermed takk for fylgjet for denne gongen. Vi må vente til den 12. for å få sjå meir Premier League-fotball, men i mellomtida kan vi heldigvis trøyste oss med FA-cup og League-cup. Ha ein fin sundagskveld vidare!
Tottenham har dermed tre poeng ned til Manchester United på 5. plassen, medan Everton framleis ligg på 11. Held The Toffees fram med slikt spel som dei viste til tider i dag, vil dei nok avansere fleire hakk etter kvart.
Ein flott fotballmatch enda med 1-1 og poengdeling på Goodison Park. Både Everton og Tottenham ville vinne i dag, og med nesten 30 avslutningar totalt i oppgjeret var det i grunnen altfor lite med berre to scoringar. Begge måla kom før kvilen. Aaron Lennon scora mot gamle lagkameratar mot spelets gong, og på overtid utlikna stortalentet Dele Alli på like flott vis. Begge laga jaga fleire scoringar også etter kvilen, men Howard og Lloris stod i vegen.
Kamp slutt Slutt (1-1)
90+4'
Nesten for Everton! Heimelaget trykkar på, men skotet frå Barkley blir flott stoppa av Lloris.
90+3'
The Toffees kontrar, men skotet frå Lukaku går 2-3 meter over mål. Var under hardt press der, belgiaren.
90+2'
Son prøvar seg frå utanfor Everton si boks. Skotet blir blokkert.
90+1'
Det blir lagt til minimum tre minutt denne omgangen. Blir det Kane eller Lukaku, eller ingen av dei?
90+1'
Nesten at Besic blir spelt fri inne i Spurs sin sekstenmeter. Bortelaget får rydda opp, men Everton beheld kula.
85'
Chadli har fått 5-10 minutt på slutten av dei fem siste Premier League-kampane. Belgiaren har ikkje spelt ein 90-minuttar sidan 13. september.
83'
Barkley kjem i stor fart framover, men den avgjerande stikkaren igjennom til Lukaku blir for svak og når ikkje fram.
81'
Deulofeu slår inn frå høgre nok ein gong, men bortelaget får klarert like framføre beina på 15-mål-scorar Lukaku.
79'
Nære på for The Toffees! Innbyttar Besic bankar til på volley etter ei svak klarering, og Lloris må ut i full strekk for å forhindre ei ny Everton-scoring.
78'
Frisparket blir lempa inn i feltet, men heimelaget får ordna opp, sjølv om Howard ikkje opptrer altfor godt i feltet.
77'
Veteranen Barry lagar sitt n-te frispark i kampen, men slepp unna med tilsnakk frå Oliver nok ein gong.
75'
Dele Alli fyrer av frå langt hald. Rett på Howard som reddar utan problem.
73'
Deulofeu får ein stuss frå Lukaku og prøvar eit skot. Blir blokkert til hjørnespark.
72'
Lamela kjem seg fri frå Besic og legg inn i feltet, men heimelaget får heada unna.
67'
Gerard Deulofeu er nære ved å finne Lukaku med ein crossar inne i boksa. Spanjolen har imponerande seks målgjevande til sin belgiske lagkamerat hittil denne sesongen!
65'
Kampen står veldig og vippar no. Det ligg mål i lufta, men det er vanskeleg å spå i kva slags bur den eventuelle scoringa vil kome.
64'
Lamela får tilsnakk etter å ha kome for seint inn i ei takling.
64'
Eriksen prøvar å chippe ballen utover i feltet, men laget i blått for med naud og neppe ordna opp.
59'
Heimelaget med dobbeltbytte!
59'
Kane går over ende i boksa i det han blir forsøkt heada igjennom. Blir enkelt og greitt berre for veik i den duellen, Kane.
59'
Alli går i bakken inne i Everton si boks. Ropar ikkje på straffe, og det gjer han heilt rett i. Jammen har ikkje den unge mannen haldningane i orden også!
55'
Eriksen får avslutta frå grei posisjon. Dansken får derimot ikkje skikkeleg klem på skotet, og Howard reddar lett.
52'
Stor sjanse for bortelaget! Stortalentet Alli er nok ein gong involvert, i det han dempar ei langpasning ned til Kane inne i boksa. Spissen er derimot under hardt press og klarer ikkje å få avslutta på mål. Harry Kane har fått sin porsjon med lovord tidlegare, så no nøyar eg meg med å seie: for ein spelar Tottenham og England har i Dele Alli!
51'
Kane kjem altfor seint inn i ei takling på landsmann Baines. Er heldig som slepp det gule kortet der, Tottenham sin toppscorar.
50'
Nære på at Coleman rotar vekk kula på eigen halvdel igjen, men også denne gongen klarer han å få ordna opp før ting går gale.
50'
Baines chippar kula inn i boksa, men Spurs får reinska unna.
49'
Dødball til heimelaget i grei innleggsposisjon. 27-28 meters hald.
48'
Barkley stormar framover i bana med ballen og prøvar eit skot, men 22-åringen er i ubalanse og sender avslutninga langt utanfor buret til Lloris.
47'
Vertane prøvar å stå litt høgare med laget no.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Det står 1-1 etter dei første 45 minutta på Goodison Park. Tottenham var klart best, men det var derimot Everton som scora det første målet, ved Lennon. Heimelaget såg ut til å ta med seg leiinga inn i garderobene, men så dukka plutseleg Alli opp og gjorde 1-1. I tillegg har Spurs hatt to i metallet. Ein veldig sjåverdig omgang er dessverre over, men heldigvis kjem det straks ein til!
Slutt 1. omgang Pause (1-1)
45'
Mange stygge ballmiss frå heimelaget no. Publikum er ikkje altfor nøgde med det dei ser til tider.
43'
Coleman misser balansen og ramlar ned den vesle skråninga utanfor bana. Rive med seg lua til ei av vaktene som sit der, gjer han også.
42'
Kone kjem åleine igjennom, men blir korrekt avvinka for offside.
41'
Davies slår inn i boksa frå venstre, men ingen i kvitt når fram på innlegget.
38'
Gjestane frå Nord-London pressar valdsamt på no. Spelarane i blått slit med å flytte beina raskt nok.
37'
Coleman finn Kone inne i Spurs si boks, men ivorianaren klarer ikkje å gjere anna enn å stusse ballen til utspark frå Lloris.
35'
Spurs kjem mykje til på Everton si venstreside. Kone slit med å hjelpe Baines godt nok.
35'
Liten tvil om at Spurs hadde fortent minst eit mål her. Everton har vist eit slapt forsvarsspel, så det er ikkje vanskeleg å forstå at dei har sleppt inn heile 28 mål hittil denne sesongen. Berre seks lag har fleire baklengsmål i Premier League.
30'
Kone slurvar og forærar Spurs ein unødvendig corner.
29'
Mykje fram og tilbake her no. Begge lag er angrepsvillige.
29'
Veldig nære på at Coleman rotar vekk ballen foran eigen sekstenmeter. Iren klarer likevel å få ordna opp.
26'
Lennon har vakna verkeleg til liv, og slår flatt inn til Kone som står i fin posisjon i boksa. Ivorianaren bankar til på direkten, men skotet blir blokkert.
25'
Spurs har vore klart best, og også hatt eit stolpetreff, men det er altså Everton som scorar på si første avslutning i matchen.
22'
Aaron Lennon scorar mot gamleklubben, heilt mot spelets gong! Cleverley startar det effektive angrepet med å slå langt opp mot Lukaku i boksa. Den digre belgiaren vinn den påfølgjande duellen og headar kontrollert ut til Lennon. Everton sin nummer 12 dempar ballen og avsluttar nydeleg i langhjørnet. Lennon vel for øvrig ei svært roleg feiring av målet.
20'
Everton har hatt ingenting å kome med offensivt så langt. Tottenham har vore klart best dei første 20 minutta av duellen.
18'
Lamela skyt i muren og ut til corner.
18'
18-19 meters hald.
17'
Eriksen blir stempla på kneet av Barry like utanfor sekstenmeteren til Everton. Svært farleg hald, dette!
13'
Kampen i dag er elles nokså spesiell for Aaron Lennon, som som kjent har svært mange sesongar i Spurs-trøya. 267 ligakampar for Tottenham enda han til slutt på.
9'
Stolpetreff! Harry Kane sender plutseleg i veg eit overraskande skot frå 20 meters hald, og ballen går på innsida av stolpen før den trillar langs målstreken og ut. Den hadde ikkje Howard nubbesjans på!
9'
Nære på at Lamela og Alli klarer å kombinere seg gjennom vertane sitt forsvar. Spurs klarer å utnytte rommna litt for enkelt i starten her, sett med blå auge.
7'
Det er for øvrig relativt bra med engelske spelarar på dei to laga. Spurs stiller med fem frå start, medan Everton har seks. I tillegg sit dei fleire representantar på innbytarbenken.
4'
Veldig nære for Spurs! Walker slår hardt inn i Everton si boks, og det er ikkje langt unna at ein spelar i kvitt får pirka ballen over streken.
2'
Alli dreg seg oppover i bana med ballen, men blir effektivt stoppa av heimelaget.
1'
Michael Oliver bles i gong kampen.
Avspark Start 1. omgang
Det er flust med profilar å fylgje i oppgjeret, og kanskje mest spanande er spissduellen mellom dei to storscorarane Romelu Lukaku og Harry Kane. Dei står med 15 og 11 scoringar så langt i sesongen.
Begge laga ruslar no ut på grasmatta, og som vanleg er det stor stemning på Goodison Park. Underteikna var så heldig å få vere til stades i oppgjeret mot Chelsea tidlegare i sesongen, og med 3-1-siger til slutt var det eit vanvittig trøkk på tribunene.
Når ein i tillegg tek med statistikken for dei siste møta mellom laga, blir det tydeleg at gjestane frå hovudstaden er favorittar i dag. Everton har ikkje vunne på seks kampar, og har også gått mållause av grasmatta i fire av desse. Oppgjeret mellom laga tidlegare i sesongen enda for øvrig 0-0.
1-3-2 er tala for dei seks siste ligakampane for Everton, så forma er langt frå god, sjølv om dei har scora bra med mål i det siste. Tottenham har til samanlikning 3-2-1 på det same antalet matchar. Dei har tre strake sigrar i ligaen, så Everton skal få litt å bryne seg på i dag.
The Toffees har på si side slite med å avgjere kampar til eigen fordel, noko som har resultert i åtte uavgjortkampar hittil, noko som rett nok er like mange som Spurs. Heime på Goodison Park har det blitt 3-3-4 hittil, noko som vitnar om at det er heime i Liverpool at dei blå har skuffa mest. Martinez sitt mannskap har heller ikkje vunne heime på tre kampar, og står med to strake tap her.
Bortelaget frå Haringey i Nord-London har opna sesongen klart best av dagens to motstandarar. Spurs befinn seg i augneblinken på 4. plass, og med tre poeng i dag kan dei få ei luke på fem poeng ned til Manchester United som ligg hakket bak på tabellen. Borte frå White Hart Lane har det blitt 4-4-1 så langt.
Spurs slo på si side Watfor 2-1 borte same dag, og på grunn av det tette kampprogrammet i det siste gjer også Mauricio Pochettino eit par utskiftingar. Trippier, Rose og Dembele går ut, medan Davies, Walker og Eriksen entrar førsteellevaren.
Begge laga er no ute, og vi ser at Roberto Martinez gjer fleire endringar etter det vanvittige 3-4-tapet heime for Stoke 4. juledag. Galloway, McCarthy og Deulofeu går av til fordel for Baines, Cleverley og Lennon.
Hei og velkomen til livedekning av det som nok vil bli eit svært interessant oppgjer mellom Everton og Tottenham!