TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Sebastian Eide takkar dermed for fylgjet for dennne gongen. Ha ein fin fotballkveld vidare!
Avslutningar: 19-10. På mål: 7-4.
Etter ein fantastisk 1. omgang med fem mål på Goodison Park blei det langt rolegare etter kvile. Everton vinn til slutt komfortabelt 4-2, men lenge bølgja det fram og tilbake her. Everton tok leiinga ved Davies i det 1. minutt, men kort tid etterpå hadde Leicester snudd etter scoringar av Slimani og Albrighton. Men Everton gav seg ikkje, og mål av Lukaku og Jagielka sørgja for 3-2-leiing til Everton i det domar Madley bles til pause. Premier League sin toppscoarar Lukaku scora sitt andre i kampen i det 58. minutt, og etter dette la heimelaget seg meir bakpå. Leicester skapte lite offensivt før Ulloa kom innpå kort tid før slutt, men trass i to store sjansar klarde ikkje innbyaren å få heada i mål. Everton vinn fortent 4-2 og har distansert laga bak seg på tabellen, sjølv om Topp 6 ser vanskeleg ut ettersom Liverpool-laget har spelt fleire kampar enn laga som ligg foran. Leicester ligg på si side framleis på 11. plass, men akkurat no har nok Shakespeare fullt fokus på onsdagens Champions League- kvartfinale mot Atletico Madrid.
Kamp slutt Slutt (4-2)
90+2'
Mahrez avsluttar utanfor, men Leicester blir uansett avvinka for hands.
90+1'
Det blir lagt til minimum tre minutt her.
90+1'
Leicester skal i aksjon borte mot Atletico Madrid på onsdag, så det spørs om ikkje det var hovudgrunnen til at Shakespeare tok av Vardy og Gray så tidleg i kampen.
89'
Hjørnespark
Endar med at Everton kontrar. Lukaku kjem seg inn i boksa med ballen, men glir i det han skal avslutte.
87'
Hjørnespark
Ny stor sjanse! Mahrez med nok ein god innsvingar og nok ein gong kjem Ulloa først på den. Joel reddar meisterleg den harde headinga.
87'
Om dette resultatet står seg har Everton like mange poeng som Arsenal. Einaste skåret i gleda er at Arsene Wenger og co har tre kampen mindre spelt enn Koeman sitt lag. Avstanden ned til West Bromwich på plassen bak er derimot på heile 10 poeng.
86'
Barkley med ei avslutning frå god posisjon. Ufarleg rett på Schmeichel.
82'
Everton med frispark midt på bana. Brukar bra med tid.
81'
Så har plutseleg Mahrez vakna litt til. Driblar seg fri inne i Everton si boks, men klarer ikkje å finne ein medspelar med innlegget.
80'
Mahrez slår hardt inn. Barkley klarerer ved første stolpe.
80'
Frispark til Leicester i finfin innleggsposisjon.
79'
Hjørnespark
Veldig nære for Leicester! Corneren frå Mahrez er presis, men Ulloa klarer ikkje å får headinga i mål frå fem meters hald. Rett på Gana som står på streken.
78'
Spillerbytte
78'
Musa slår inn frå høgresida. Via Baines og til hjørnespark.
76'
Ulloa gjer seg også klar til å kome innpå for Leicester.
75'
Leicester får lov til å ha meir ball no, men Everton har uansett god kontroll defensivt. Vi har sett lite til Musa og Mahrez som kom inn for bortelaget. Spørs kor lurt det var av Shakespeare å ofre formspelaren Vardy.
73'
Spillerbytte
72'
Nære på at Barkley og Lukaku får kombinert seg igjennom Leicester sitt forsvar. Schmeichel får derimot tak i ballen.
71'
Everton har sjølvsagt ingen hast med å angripe no. Held meir på ballen enn tidlegare i oppgjeret.
71'
Albrighton med eit innlegg som dalar ned mot mål. Denne gongen er derimot Joel riktig plassert og får fanga ballen.
69'
Joel og Jagielka går i same duell og ingen av dei får klarert skikkeleg, men heldigvis for dei klarer ikkje Leicester å utnytte misforståinga.
69'
Musa med eit godt innlegg frå venstrekanten. Forbi alle i feltet.
65'
Gult kort
King får det gule kortet etter å ha takla Gana stygt.
64'
Everton kontrar, men Lukaku mislukkast med å tre igjennom ei pasning til Mirallas.
64'
King prøvar å slå på direkten i bakrom, men forsøket blir stoppa. Lenge sidan Leicester har skapt noko no.
61'
Spillerbytte
61'
Spillerbytte
60'
Romelu Lukaku er no oppe i 23 Premier League-scoringar.
60'
Holgate prøvar å slå inn frå høgre, men bortelaget får klarert.
58'
Mål!
4-2
Premier League sin toppscorar scorar sitt andre for dagen! Jagielka får stussa ballen til Lukaku, og belgiaren har få problem med å hamre ballen i nettet frå få meters hald. No skal dette bli tøft for Leicester!
57'
Hjørnespark
57'
Lang ball i bakrom mot Mirallas. Benalouane ordnar opp.
55'
Leicester sin formspelar Jamie Vardy står framleis utan avslutningar i denne kampen. Har fem scoringar på dei fem føregåande Premier League-kampane, engelskmannen.
52'
Hjørnespark
Endar med frispark til heimelaget.
49'
Mirallas prøvar seg frå 17-18 meters hald. Rett på Schmeichel.
48'
Everton med dødball, men den blir teke kort.
48'
Fleire tøffe takling i starten her.
46'
Heimelaget sparkar i gong oppgjeret igjen!
Start 2. omgang Start 2. omgang
Ein fantastisk omgang er over på Goodison Park! Vi har fått sjå fem flotte scoringar og laga har bytta på å ha leiinga. Davies ordna 1-0 i det 1. minutt, men i det 4. utlikna Slimani. Etter 10 minutts spel snudde Albrighton til 1-2, før Lukaku utlikna i det 23. Vi fekk så ei mållaus lita periode, men få minutt før domar Madley bles til pause sørgja Jagielka for 3-2 med sitt andre mål på to kampar. No er det berre å håpe at offensiv fotball står i fokus hos begge laga etter kvilen. Ni mål er det meste vi har fått servert hittil i Premier League denne sesongen, og vi har ingenting i mot at den rekorden blir slått på Goodison Park i dag!
Slutt 1. omgang Pause (3-2)
45+3'
Albrighton snappar ballen midt på bana og prøvar seg med ein frekkis. Langt utanfor målet til Joel.
45+2'
Minimum tre minutt tillegg her. Vi skulle gjerne hatt endå meir, men heldigvis er det endå ein omgang igjen!
45+1'
Hjørnespark
Lukaku er nede i eiga boks og beinar unna ballen.
45+1'
Presist slått frå Albrighton igjen, men heimelaget får klarert. Corner.
45+1'
Frispark i god posisjon for Leicester.
45'
Gult kort
Baines sparkar ned King bakfrå og får det gule kortet.
45+24'
Bra kontring av bortelaget. Slimani blir spelt fri til venstre og prøvar å slå ballen inn foran mål. Forsøket går derimot i ein motspelar og i nettvegen. Corner.
44'
Albrighton lurer Baines på ræva og slår presist inn. Forsøket går like over Slimani.
41'
Mål!
3-2
Jagielka scorar i sin andre kamp på rad! Corneren frå Mirallas er perfekt, og Everton-kapteinen stig til vêrs og nikkar ballen utakbart i nettet forbi ein fastfrosen Schmeichel. The Toffees har snudd det!
41'
Hjørnespark
40'
For ein sjanse! Davies taklar ballen igjennom til Barkley og midtbanespelaren kjem seg neste forbi Schmeichel for å avslutte. Keeperen reagerer derimot lynkjapt og får redda forsøket. Corner.
40'
Hjørnespark
Endar resultatlaust.
40'
Bra forsøk for heimelaget! Gana avsluttar via ein motspelar og like til side for mål. Corner.
37'
Lukaku skjer innover og hamrar til frå 17-18 meters hald. Over målet til Schmeichel.
37'
Barkley prøvar seg med venstrefoten frå distanse, men forsøket blir raskt blokkert.
36'
Hjørnespark
Everton får rydda opp. Ufarleg.
35'
Slimani kjem seg fri på høgresida, men det påfølgjande innlegget endar berre som corner.
35'
Barkley slår ballen flatt ut mot Mirallas, men den når aldri fram.
34'
Baines og Barkley står klare ved ballen.
34'
Slimani er nede og gjer ein defensiv jobb, men endar opp med å felle Holgate nede ved dødlinja.
30'
Huth riv og slit i Mirallas og belgiaren svarer med å ta tak i trøya til Huth. Madley gir begge det gule kortet for oppvisninga.
29'
Gult kort
29'
Gult kort
23'
Mål!
2-2
Så er vi like langt! Barkley er arkitekten med eit meget presist innlegg frå høgre. Lukaku riv seg laus frå Leicester-stopparane og stangar ballen utakbart i nettet frå fem meters hald.
19'
Heile ni minutt sidan førre scoring no. Offensiven frå Everton har dabba litt av.
18'
Baines med innlegg mot Lukaku. Litt for høgt for belgiaren.
16'
Unge Pennington har slitt på Everton sin høgreback i starten her. Leicester og Gray har kome fritt fram her ved fleire høve allereie. Førstevalet Seamus Coleman er som kjent ute med skade.
14'
Godt forsøk av bortelaget! Ein umarkert Gray får stå åleine og avslutte på si venstreside. Joel reddar med ei beinparade.
12'
Hjørnespark
Leicester får klarert, men Everton beheld ballen. Pressar fortsatt kraftig på her Toffees, men det er bortelaget som er mest effektive framføre mål så langt.
10'
Mål!
1-2
For ei scoring! Dei fleste trur at Albrighton skal slå eit innlegg inn i boksa, men i staden skrur ballen forbi Joel og rett i mål. Ikkje sikkert at det var tilsikta frå Albrighton, men ei flott scoring er det i alle fall. Leicester har snudd i løpet av få minutt. 1-2!
10'
Vardy snappar ballen høgt i bana før han blir ulovleg stoppa av Pennington like ved den eine kortsida til Everton si boks.
9'
Heimelaget held fram med å spele i høgt tempo.
6'
Ei fantastisk opning på oppgjeret. Måtte det berre vare!
4'
Mål!
1-1
Uavgjort allereie! Everton med eit massivt press, men så vinn Leicester ballen og set i gong ei kontring. Gray speler fri Slimani som plasserer ballen elegant mellom beina på keeper Joel og i mål. To mål på dei fire første minutta!
4'
Så kontrar Leicester.
4'
Mirallas på farta igjen i det han får ei pasning bak Leicester-forsvaret. Dessverre for heimefansen får ikkje den belgiske spelaren kontroll på kula.
1'
Mål!
1-0
Everton med pangopning på kampen! Mirallas set fart mot Leicester sitt forsvar og passerer fleire spelarar før han blir felt utanfor boksa. Der snappar Davies kula og plasserer den iskaldt forbi Schmeichel. 1-0!
Avspark Start 1. omgang
Robert Madley er dagens hovuddomar.
Dei to kapteinane Jagielka og Schmeichel helsar på kvarandre.
Laga har møttest 21 gongar tidlegare, og heile 13 av desse har enda med uavgjort. Everton har vunne 5, og Leicester 3. Det omvendte oppgjeret enda med 2-0 til Everton etter scoringar av Mirallas og Lukaku.
Craig Shakespeare må på si side klare seg utan Wes Morgan og Nampalys Mendy.
Heimelaget må unnvere blant andre Ashley Williams, Ramiro Funes Mori, Seamus Coleman, James McCarthy, Yannick Bolasie, Muhamed Besic og Aaron Lennon til denne kampen.
Leicester har på si side kome i form igjen etter sparkinga av Claudio Ranieri. Laget står med fem strake sigrar i Premier League, i tillegg til at dei kom seg til kvartfinalene i Champions League etter å ha slått ut Sevilla. I den heimlege ligaen vil dei avansere til 10. plass med tre poeng i dag.
Det er to lag som har vist mykje bra i det siste som møtest til duell på Goodison Park i dag. Everton var svært nære å ta ein sjeldan bortesiger på Old Trafford i midtveka, men ei straffe imot på overtid sørgja for poengdeling. Ronald Koeman har fått sving på The Toffees og Liverpool-laget er det einaste som hengjer med poengmessig med storklubbane på dei øvste plassane. Med siger i dag kan dei kome à poeng med Arsenal, men Wenger og co har rett nok nokre kampar til gode.
Hei og velkomen til livedekning av det spanande Premier League-oppgjeret mellom Everton og Leicester!