Referat
Kun høydepunkter
Det endar 5-0 til Molde. Det heile starta med Leke James som satte inn 1-0. Ulland Andersen satte inn 2-0 før Leke James satte sitt andre for dagen og 3-0. Det stod 3-0 til pause. I 2.omgang roa Molde det ned litt, men det sørga for at Ulland Andersen fikk satt både 4-0 og 5-0. Det endte med to mål av Leke James og tre av Ulland Andersen kor eit av dei kom på straffe. Ein profesjonell gjennomført kamp av Molde som aldri var i fare. Til tross for eit ruskete vær var det mange frammøtte på Eide Stadion idag som laga ein flott cupkamp. Då gjenstår det for meg Magnus Gilleshammer og takke for seg.
Kamp slutt Slutt (0-5)
90+2'
Dagens Eide-spelar blir presentert. Det er keeper Colley som vinn den prisen. Med seg får han 5 kilo reker sponsa av den lokale Rema-butikken.
88'
Ulland Andersen går ned for telling. Han held seg til leggen etter ein duell på midtbana. Molde har brukt opp alle bytta sine og Molde må kanskje fullføre med ti mann.
87'
Det går mot slutt. Molde trillar ball og Eide forsvarar seg godt her i sluttminutta.
85'
Eide-fansen har våkna til liv i det Eide har innkast inne på Molde sin halvdel.
85'
Remmer drar seg innover og finn Leke James. Eide-forsvaret er tett oppe i ryggen på spissen og han klarar ikkje å kontrollere ballen.
83'
Det ser mest ut som Molde vil ha kampen overstått og gå i garderoba. No trillar dei ball fra side til side og tilbake igjen.
80'
Eide slit stort med å få til meir enn to trekk med ballen. Dei vil, men klarar rett og slett ikkje.
78'
Molde har stålkontroll på kampen uten at dei produserar noko som helst i øyeblikket.
75'
Molde held roleg på ball og stressar ikkje med å komme seg framover i bana. Eide ser utslitt ut.
72'
Gabrielsen får ballen på venstresida, slår vidare til Ulland Andersen som legg inn. Ballen blir forlenga og ut til eit innkast.
70'
Tornekrattet syng at dei er på vei til Ullevål. Det er enda ei stund til det, men andre runde i cupen kjem Molde til å spele.
66'
Der skal det stå 4-0! Molde slår eit godt innlegg frå venstresida og Leke James skyt i tverligger!
66'
Eide med frispark på Molde sin halvdel. Flyttar opp folk, men Molde får klarert.
64'
Ulland Andersen står klar. Han går for skudd. Det går for høgt og ut til eit utspark. Burde kanskje valgt eit innlegg.
64'
Molde får eit frispark i god innleggsposisjon.
64'
Molde med full kontroll på kampen og kontrollerar det som dei vil.
62'
Leke James er sterk og held ein mann i ryggen før han legg ballen tilbake til Sjølstad som skyt rett utanfor.
60'
Eide med frispark på eigen halvdel og brukar sjansen til eit pust i bakken.
59'
Remmer legg inn frå høgresida, men ballen blir klarert til corner.
58'
Molde trillar fint ball no og prøvar å få kampen tilbake i sitt spor.
56'
Eide kjem nok ein gong! Tidlig innlegg denne gongen, men der er ingen på enden av innlegget og Craninx plukkar enkelt.
55'
Molde rotar på midten og Eide snappar ballen. Sett fart og får eit innlegg som blir corner.
53'
Hestad får ballen på midten og ser at Colley er langt ute fra streken. Han prøvar seg, men skuddet er for høgt og for hardt. Ingen store problem for Colley der.
51'
Rett i stanga for Molde! Mostrøm slår ein god ball til Sjølstad som tar ein touch før han bankar ballen i stanga! Stor sjanse for Molde!
50'
Molde har ikkje starta like friskt i denne omgangen og Eide er litt meir med.
49'
Leke James vendar flott opp og skyt, men der kjem ei lang Eide-tå og blokkerar skuddet akkurat.
49'
Moldes keeper Craninx får vere bort i ball for ein sjelden gang.
47'
Hestad går på skudd, men det blir blokkert og nok ein corner.
46'
Der er vi i gong med 2. omgang. Eide startar med ball.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Det står 3-0 til Molde til pause. Omgangen kan best oppsummerast med 'lekestue' og hjørnespark. Leke James satte 1-0 før Ulland Andersen satte inn 2-0. Leke James scorte sitt andre for dagen når han satte inn 3-0. Det regnar som berre det, og undertegnande må få ladda PC-en til 2.omgang.
Slutt 1. omgang Pause (0-3)
45+1'
Ulland Andersen får stå på 15 meter og prikke skuddet! Ned i hjørnet ligg Colley og plukkar! God redning av svensken!
44'
Det går mot pause her på Eide Stadion.
43'
Ulland Andersen prøvar seg på frisparket, men ballen snik seg nokre centimeter over mål. Bedre forsøk denne gongen.
42'
Sjølstad ser Aursnes som går på eit sjeldent løp, men pasninga blir for hard og endar i utspark.
40'
Ny corner for Molde.
40'
Molde kjem nok ein gong inn i sekstenmeteren, men den siste pasning blir for lang og Colley plukkar ballen enkelt.
39'
Molde med eit massivt press. Eide klarar ikkje å komme seg over midten og har sjeldent ball i meir enn to trekk.
37'
Colley med ei god redning fra 30 meter som resulterar i corner.
34'
Gabrielsen kjem oppover sida si og skal avslutte aleine med keeper, men litt skrått hold. Keeper kjem ut i stjerne og gjer ei kvalifisert redning.
33'
Han skal sjølvsagt ta det sjølv! Frisparket går rett i muren. Eit dårleg forsøk.
32'
Ulland Andersen blir felt og får frispark i drømmeposisjon.
31'
Molde får corner etter eit klarert innlegg.
30'
Leke James går nok ein gong på løp inn bak forsvaret, pasninga kjem, men han klarar ikkje å dempe ballen og den går ut til utspark.
29'
Ulland Andersen testar skuddfoten nok ein gong, men denne gong blir den blokkert.
25'
Telo signaliserar at ikkje alt er som det skal og han må kanskje ut.
22'
Total overkjøring fra Molde no! Skapar ikkje dei største sjansane, men dei har full kontroll og gjer akkurat som dei vil!
21'
Molde går rett i angrep igjen! Leke James får ein god ball, men klarar ikkje å time løpet. Ballen går inn til keeper.
19'
Molde er frampå og treff tverliggar, men det blir blåst for offside.
17'
Ulland Andersen drar seg oppover sida og slår eit godt innlegg, men Leke James klarar ikkje å få tåa på ballen.
15'
Keeper Colley er med på notane nok ein gong! Denne gong blir det corner.
13'
Aursnes er tøft inne i ein duell med ein Eide spelar og lagar frispark. Ein etterlengta pust i bakken for Eide-forsvaret.
12'
Molde går på skudd fra 25 meter, men keeper Colley er nok ein gong med på notane.
12'
Molde fortsett å presse på, men Eide får klarert.
8'
For ei redning! Leke James trer gjennom Sjølstad som kjem aleine og avsluttar, men der er Colley i Eide-buret. Der burde det stått 0-1!
7'
Sjølstad slår langt på Telo, backen skal slå inn, men innlegget går rett til keeper.
6'
Eide ser langt og kjapt ved ein kvar anledning. Ikkje presise nok i starten.
5'
Molde rotar litt i starten og klarar ikkje å ta ned ballen og spele.
4'
Telo utfordrar på venstresida, men blir skjærma ut av bana.
3'
Molde trer seg framover, men Eide er tøffe i duellane og klarerar godt.
2'
Eide med frispark på midten. Endar med corner.
1'
Der er vi i gong.
Avspark Start 1. omgang
Det er begynt å bli nokon år sidan Molde sist hadde suksess i cupen. 2014 var sist dei vann cupen. Foruten semifinalen i 2017 har cupen vore ein stor skuffelse for Molde i sesongane etter 2014. I fjor rauk Molde ut allerede i andre runde mot 2.divisjonslaget Brattvåg. I 2016 kom ikkje Molde lenger enn tredje runde, kor dei måtte sjå seg slått av Stjørdals-Blink. Med mange signeringar i forkant av årets sesong, i tillegg til ein god sesongstart er det knytta store forventningar til Molde i både serie og cup.
Eide og Omegn sin trenar er ein gammal Molde-kjenning, Odd Berg. Han har både spelt på og trent Molde sitt A-lag. I 1974 vart Odd Berg toppscorar i Norges øverste divisjon med 13 mål.
Eide og Omegn har allerede spelt to kvalifiseringsrunder i cupen for å kunne spele i dagens kamp. Fyrste kvalifiseringskamp var allerede i mars. Eide og Omegn spelte borte mot Tomrefjord og vann kampen 2-1. Etter dette var det Åndalsnes som kom på besøk til Eide, for å spele om retten til ein plass i fyrste runde. Eide og Omegn slo Åndalsnes 3-0.
Eide og Omegn spelar til vanleg i 4. divisjon kor dei etter to kampar står med ein seier og eit tap. Seieren kom i fyrste kamp heime mot Kristiansund FK. Eide og Omegn vann kampen 4-3. Molde har på si side hatt ein svært god start på sesongen og toppar tabellen i Eliteserien. På søndag slo Molde sin største rival Rosenborg 3-0 heime på Aker Stadion.
Det gode vårværet er over og temperaturen har falt. Det samme kan vi vel seie om Molde sin motstandar i kveldens cup-kamp, etter at dei søndag kveld tok imot Rosenborg på Aker Stadion er det i dag klart for Eide og Omegn på langt mindre Eide Stadion.
Hei, og velkomen til fyrste runde i cupen direkte frå Eide Stadion!