TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Molde tek seg fortent vidare til 2. runde av NM etter at det til slutt enda 5-0 mot Eide og omegn. Heimelaget gjorde ein formidabel jobb defensivt, og klarde å parkere bussen utan å sleppe inn mål i ein times spel. Men etter at dei regjerande NM-meistrane først fekk hol på byllen ved Samuel, så kom det raskt fleire scoringar også. Resultatet blei til slutt det same som førre gong dei to laga møttest i 2019. No blir det spanande å sjå kven Erling Moe og co møter i neste runde. Sebastian Eide takkar med dette for følgjet. Ha ein fin kveld vidare!
Kamp slutt Slutt (0-5)
90+1'
Mål!
0-5
Breivik får god tid utanfor boksa og prikkar ballen lågt nede i høgre hjørne. Gujord rekk ikkje hindre den. 0-5.
90+1'
Eide og omegn med innlegg frå høgre. Trillar inn til bakerste mann hjå dei regjerande noregsmeistrane.
90'
Moldensarane kjem på nok ei opprulling, men blir avvinka for offside.
90'
Hjørnespark
Blir slått inn i feltet. Bortelaget klarer å skape litt trøkk, men maktar ikkje å kome til ei skikkeleg avslutning. Molde overtek.
88'
Mål!
0-4
Innbytar Juberg-Hovland ordnar 0-4! Breivik med ein nydeleg stikkar til Molde sin nummer 30. Han plasserer ballen mellom beina på keeper Gujord.
87'
Hjørnespark
Blir teke kort før ballen blir slått inn foran mål. Heimelaget får rydda vekk.
87'
Jensen prøvar seg. Via eit Eide-bein og til corner.
86'
Spillerbytte
85'
Spillerbytte
85'
Nyheim prøvar å plassere ballen frå utanfor boksa, men forsøket går godt til side for mål.
84'
Så prøvar Granaas seg frå utanfor boksa. Heimelaget si målvakt er nok ein gong på plass og reddar.
83'
Skot frå distanse frå gjestane. Gujord reddar unna.
83'
Heimelaget får ha pittelitt meir ball no. Jobben er uansett gjort av Molde.
81'
Posiadala kjem ut og fangar ballen. Er definitivt den med færrast ballberøringar i dag, polakken.
80'
Blir stussa bakover, men Molde beinar ballen unna.
79'
Innkast høgt i bana for heimelaget.
78'
Spillerbytte
77'
Molde held fram med å presse her, slik dei har gjort i samtlege 75 minutt.
76'
Spillerbytte
75'
Mål!
0-3
Nyheim avanserer innover mot feltet med ballen og slepp til Granaas som prikkar den nede i langhjørnet frå 17 meters hald. Flott scoring og 0-3!
73'
Spillerbytte
73'
Spillerbytte
72'
Heimelaget prøvar å drage i gong ei kontring, men Lund ordnar opp med ei solid takling.
69'
Nytt innlegg frå Molde si høgreside. Går forbi alle i feltet og til utspel.
69'
Nyheim får avslutta på mål, men Gujord stoppar forsøket.
68'
Bra sjanse igjen! Stenevik dreg seg innover og får veldig god tid til å sikte. Dessverre går han berre for kraft og sender ballen over mål.
65'
Mål!
0-2
Bortelaget sender eit fantastisk innlegg i boksa, og frå 3-4 meters hald har Nyheim ein enkel jobb med å stange kula i nettet. 0-2!
64'
Spillerbytte
61'
Mål!
0-1
Der sit den til slutt for Molde! Ei heading blir sett i tverrleggaren etter eit bra innlegg, og returen hamnar hos Samuel som pirkar ballen i mål frå kort hald. Nigerianaren sitt første mål for Molde etter overgangen frå Aserbajdsjan.
60'
Bra Molde-sjanse. Avslutning frå kort hald, men Gujord er på plass.
59'
Veteran Halås prøvar å slå i bakrom, men ingen i raudt luktar den.
58'
Eirik Haugan bankar til frå distanse. Høgt, høgt over mål.
55'
Heimelaget vinn ballen høgt i bana, men får frispark imot. Kunne ha blitt farleg, det.
53'
Innlegg frå Løvik frå venstre, men nok ein gong er Gujord ute og fangar ballen. Ein prikkfri kamp hittil frå målvakta. Utruleg at han berre er 18 år.
51'
Gujord kjem ut og plukkar eit innlegg.
51'
Hjørnespark
Går forbi alle i feltet, men Molde beheld ballen.
50'
Frisparket blir slått inn i feltet, men avslutninga går berre rett på Posiadala.
49'
Heimelaget torer å presse litt høgt, og blir belønna med frispark i god innleggsposisjon.
47'
Molde held fram med å trille ball.
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
No står begge laga klare her. Molde skal gjere ei endring.
Det står 0-0 til pause etter første omgang på Eide stadion. Molde har hatt ballen det meste av tida, og heimelaget har så vidt vore over midten. Erling Moe sitt lag har skapt tre gode sjansar, men ein må likevel kunne slå fast at det har vore skuffande det Eliteserielaget har vist så langt. 4. divisjonslaget Eide og omegn har forsvart seg godt, og sisteskanse Joakim Gujord har vore plettfri. Molde har derimot mange sterke namn på innbytarbenken, så om dette held fram varer det nok ikkje lenge før vi får sjå nokre endringar. Vi gler oss til 2. omgang!
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45'
Bakke skyt eit godt stykke utanfor.
44'
Granaas blir felt utanfor boksa. Frispark i god posisjon.
43'
Heimelaget prøvar å presse høgt, men Roaldsøy beheld roa, før han blir takla bakfrå og får frispark.
42'
Vi nærmar oss pause her på Eide stadion. I oppgjeret i 2019 leia moldensarane 3-0 etter dei første 45 minutta.
41'
Ein Molde-spelar taklar eit slags skot som dalar ned i klypene til Gujord.
40'
Stenevik bankar hardt inn frå høgre, men innlegget fyk forbi alle.
39'
Granaas prøvar å spele igjennom Stenevik, men heimelaget sitt forsvar er påskrudde og får rydda opp i situasjonen.
37'
Botten kjem til heimelaget si første avslutning. Posiadala ligg nede og reddar greitt.
37'
Her er det lurt å halde ballen mest mogleg på bakken. Ved fleire tilfelle har vi sett at vindkasta har ført ballen langt av garde.
35'
Hjørnespark
Blir teke kort før Granaas får den tilbake og slår inn. Utanfor.
33'
Rett på Gujord! Samuel skyt frisparket knallhardt rett fram, men Eide og omegn si målvakt står rett plassert og får kula i fanget.
33'
Molde får frispark like utanfor heimelaget si boks.
31'
Hjørnespark
31'
Bakke med innlegg frå høgre, men vinden tek tak i kula og sender den i nevane til Gujord. Har fått mykje ballkontakt hittil, vertane sin keeper.
29'
Ny bra sjanse for bortelaget! Nyheim får eit bra innlegg i boksa, men klarer ikkje å sette headinga forbi heimelaget sin keeper.
29'
Plutseleg skjer det litt i Molde si boks i det heimelaget kjem på ein sjeldan visitt. Ein sleivete klarering går i brysthøgde til keeper Posiadala, og den polske debutanten bommar skikkeleg på klareringa. Dessverre for Eide og omegn får Molde rydda opp.
27'
Stor sjanse for Molde! Bakke blir spelt fri bak Eide og omegn si forsvarslinje, men avslutninga går rett på Gujord.
25'
Roaldsøy skjer innover og avsluttar, men forsøket går rett på målvakt Gujord.
24'
Hjørnespark
24'
Ny hard takling på ein Molde-spelar, og like utanfor boksa. Domar Kringstad nøyar seg med å gje corner i staden. Har lagt lista høgt.
23'
Hjørnespark
Ballen dett ned rett framføre mål, men heimelaget får rydda unna. Dei prøvar å flytte etter for å kontre, men Molde vinn enkelt ballen tilbake.
23'
Hjørnespark
Blir klarert til ny corner.
23'
Haugan prøvar seg med eit skot. Blir blokkert til corner.
20'
Bra powerplay frå Eliteserie-laget, men samtidig brukar Molde-spelarane mange berøringar og tempoet er ikkje altfor høgt.
19'
Hjørnespark
Blir teke kort, før heimelaget får klarert.
18'
Molde rullar bra opp og slår inn frå høgre. Heimelaget gir til corner.
17'
Bra sjanse for bortelaget! Granaas prøvar seg frå utanfor boksa, men forsøket snik seg over mål.
16'
Hjørnespark
Endar nok ein gong utan ufarlegheiter.
16'
Molde ropar på straffe etter at målvakt Gujord kjem ut og taklar både ball og mann. Domar Mathias Kringstad let uansett spelet gå.
14'
Ny chip i bakrom frå bortelaget. Gujord kjem raskt ut og plukkar ballen.
11'
Raudtrøyene er oppe og yppar seg litt, men dei regjerande meistrane ryddar opp utan altfor mykje stress.
10'
Så kjem det eit innlegg frå Molde si venstreside. Langt utanfor farleg område.
9'
Øyvann chippar inn i boksa, men avslutninga frå bortelaget går over mål. Kampens første forsøk, det.
7'
Så prøvar vertane å kontre, men Sæther blir stoppa raskt.
7'
Heimelaget ligg med alle mann på 19-20 meter og inn.
6'
Småskummelt innlegg i Eide og omegn si boks. Raudtrøyene får blokkert, men Molde held fram med å presse.
5'
Stenevik trillar ball inn frå høgre, men målvakt Gujord plukkar lett.
3'
Hjørnespark
Vertane får klarert.
3'
Innlegg frå høgre blir blokkert. Corner.
3'
Heimelaget legg seg djupt og let Molde trille ball. Eit ungt og nykomponert Molde-lag i dag, men innbytarbenken luktar det svidd av.
Avspark Start 1. omgang
Molde ligg på si side øvst på Eliteserie-tabellen, etter 4-0 mot Strømsgodset i 1. runde og 1-0 borte mot HamKam i helga.
4. divisjon har ikkje starta opp for Eide og omegn endå, men i kvalifiseringa til NM har dei i alle fall fått vinnarkjensle og putta bra med mål. Åndalsnes blei først slått 6-4, før Dahle blei slått 3-2.
Namnet til Eide og omegn sin hovudtrenar ringer nok også mange bjøller for dei med Molde-hjarte. Ole Bjørn Sundgot var ein av dei tre S-ane som herja på 90-talet, i lag med Solskjær og Stavrum. I 1994 vart han også noregsmeister med klubben.
Ole Martin Halås starta kampen i 2019 på midtbana for Eide og omegn, slik han gjer også i dag. Eide sin nummer 8 er nok som ei ekte klubblegende å rekne, og han er no inne i sin 11. sesong på rad for klubben. Han har faktisk vore innom Molde også, der han enda opp med kampar for Molde 2 og Molde U-19.
Desse to laga møttest i 1. runde også i 2019, og den gongen måtte Eide og omegn gje tapt med 0-5. Framføre 1010 tilskodarar fekk heimepublikummet sjå Leke James og Eirik Ulland Andersen score henhaldsvis to og tre mål kvar.
Vesle Eide og omegn får storfint besøk av regjerande NM-meistrar Molde i kveld. Eide kunstgress i Hustadvika er klart for fotballfest, sjølv om vêret set ein liten dempar på det. I skrivande stund er det meldt frisk bris og vindkast på 19 meter i sekundet, i følgje yr.no.
Hei og velkomen til livedekning av oppgjeret mellom Eide og Omegn og Molde. Det er duka for 1. runde av Noregsmeisterskapet på Eide stadion!