TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Tre poeng til Eid etter en kamp som nok er jamnare enn det resultatet tilseier. Full pott på to kampar, medan gjestane frå Vik har fått ein langt tyngre start på årets kretsliga. Neste helg er det nok ein duell mellom Nordfjord og Sogn på Eid Idrettspark, då Årdal kjem på besøk.
Kamp slutt Slutt (3-0)
90+5'
Plutselig stor sjanse for Mussie. Kjem åleine med rutinerte Hovland. Avslutninga går rett i hanskane på keeper.
90+3'
Haugen trer igjennom Lefdal som skyt over. Eid har grei kontroll på dette
90+1'
Spillerbytte
90'
Nok eit langdistanseforsøk frå Vik, men igjen er det enkelt for Eid-keeperen.
88'
Saglien med monstersjanse, men Lund med dagens takling får avverga. Får eit ublidt møte med landinga til Vikspissen etterpå, men kjem seg på beina igjen.
87'
Eid med bra angrep. Henriksen avsluttar like til side for mål
84'
Spillerbytte
83'
Jackson skyt rett i muren.
83'
Nok eit frispark til Vik like utanfor Eidfeltet. Innanfor sirkelen på 16-meteren. Hovland skrik at nokon må ta retur og at ikkje det kan vere 4 som skal skyte frispark.
80'
Mål!
3-0
Alle gode ting er tre! Vedvik rundar Hovland og set ballen enkelt i det tomme målet.
80'
Holen fyrer av gårde et bra frispark, men Frislid får slått fint unna. Nok ei god redning
79'
Gult kort
Vik får frispark i farlig posisjon
78'
Åsebø blir riven ned framfor Vik-feltet. Dommar køyrer en fin fordel ettersom ballen går igjennom til Vedvik. Hovland boksar unna innlegget.
76'
Spillerbytte
75'
Spillerbytte
75'
Litt betre utpå her no. Heimelaget finn kvarandre litt oftare. Det gjer Vik også. Saglien blir funnen i feltet, tek ned ballen og får avslutta. Haugen får hindra han såpass at avslutninga går over mål
73'
Vik går i angrep. Nære på redusering, men Lund ofrar seg og får blokkert.
71'
Mål!
2-0
Vedvik briljerer. Startar opprulling med luke på en Vikspelar. Ballen vidare til Lefdal og Årskog. Årskog dryler av gårde ei kanonkule som Hovland ikkje klarer å avverge. Via stanga og til Vedvik som er på plass på returen.
69'
Spillerbytte
68'
Rutineduell på midtbana. Saglien feller Haugen som må ta ei lita telling.
67'
Vik-corner no. Småskummelt med dei store Vik-stopparane og Saglien i feltet. Heldigvis for Eid er presisjonen på corner sjokkerande dårlig.
66'
Tore chippar igjennom storebror Kristian som forsøker kjempe seg til ei avslutning. Hovland nok ein gong nede og har kontroll.
65'
Eine Vikstopparen stiller i nikkers. Legendarisk fotballplagg frå fotballens glansdagar på harde grusbaner før i tida.
63'
Padeltennismatch i Eidfeltet etter Vikcorner. Ballen sprett innom et par haud, før Saglien får avslutta med bakhaudet. Via en eidar til corner.
61'
Tore Årskog dreg seg fint forbi høgrebacken til Vik. Slår inn til Lefdal som avsluttar på mål. Hovland med på leiken og parerer fint.
60'
Corner til Eid. Ballen flyg over alt og alle. Eid vinn eit innkast utan for Vik-feltet.
56'
Nesten for Eid. Eit par fine kombinasjonar, men nok ein gong luggar det på siste ball. Hovland ropar at Vik må opp eit hakk. Det har han rett i .
55'
Spillerbytte
55'
Henning Haugen med et youtube-moment av ei vending på midtbana. Lurer to vikjer opp i kioskvogna. Hadde berre gjennomspelet etterpå vore av samme kvalitet.
53'
Ein kan begynne å lure på kva som har blitt drukke i pausen, for no var det fryktelig med feilpasningar frå begge lag. Litt ruskete start på andreomgangen.
52'
Vik skal ha skryt for å ikkje vere skotredde. Med et snev av meir presisjon kunne det blitt farlig og. Mange avslutningar i retning mål.
50'
Kristian Årskog drar seg innover i bana men får kraftig sjøgang i avslutningsøyeblikket. Sleivar langt til side for mål
47'
Aarvik med dagens høgaste. Skikkelig lompeavklaring som går ut til innkast
46'
Spillerbytte
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Då har spelarar og dommartrio fått lada opp til nye 45 minutt. Et par bytter på Eid før start på 2. omgang.
Dommar Skjerven bles av til en velfortjent pust i bakken. Er ikkje kremfotball så langt, men tidvis bra spel frå heimelaget. Vik heller ikkje ufarlige, så det ligg nok fleire mål i vårlufta i dag. Lite servering i bua i dag. Vi får gnage på en pappkopp med kaffi, så er vi tilbake med andre omgang om litt.
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+1'
Gult kort
Hindrar igangsetting
45+1'
Vik frampå like etter. Gamlekarane bak assistentdommar er klare på at det skal vere offside, men han som bestemmer er ikkje einig. Utspel frå keeper.
44'
Vedvik spelt igjennom på venstrekanten, rundar ein utrusande Hovland som bommar på taklinga. Blir litt for spiss vinkel og Vik får slått unna innlegget.
41'
Spillerbytte
41'
Ein skikkelig strekk i rekninga for Eid. Balsnes må ut.
40'
Eid med gyllen overgangsmulighet. Tre Eidspelarar er på rett side av offsidelinja i det gjennomspelet går, men assistentdommar vinkar dessverre av.
39'
Vik frampå, men Balsnes blokkerer som et cruiseskip på tvers i Eidsfjorden. Ingen avslutning kjem forbi blokka.
37'
Eid farlig frampå igjen. Nok ein gong Vedvik, men blir denne gongen avvinka for offside. Eid fortsetter å prøve å få opp tempoet i kampen.
35'
Mål!
1-0
Og der sitter den for Eid! Kristian Lefdal sender av gårde eit skot som Hovland ikkje klarer å holde. På returen kjem Joakim Vedvik først og setter inn 1-0
35'
Eid med frispark midt på banehalvdelen. Slår inn mot Balsnes som grusar Hovland i duellen. Men Vik får avverga
34'
Lefdal med gjenvinning høgt på Vik sin banehalvdel. Forsøker tre igjennom Vedvik, men litt for lang
33'
Eid skal ta innøvd cornervariant nummer 2. Denne går inn i feltet, men ingen Eidarar er på ballen.
29'
Saglien glir igjennom Eidmidtbana som kniv i varm gamalost. Ballen går til ein lagkamerat som får inn eit godt skot frå distanse. Eidkeeper får brukt hanskane og slått til corner. God redning!
28'
Ser ut som Frislid har fått seg nye keepervottar. Skin godt i sola. Ein grunn til at Eidforsvaret bør yte litt ekstra, så han slepp å slite ut hanskane allereie i første heimekamp.
26'
Vi blir beskutt. Klarering treff speakerbua. Alle like heile
24'
Den blei ikkje alt for godt utnytta. Innøvd variant som Eid må øve litt meir på.
24'
Årskog blir spelt igjennom mot ein utrusande Hovland. Keeperen vinn duellen og det endar med corner til Eid.
23'
Vedvik med et nesten soloraid igjennom Vikforsvaret, men møter sin overmann like før han får avslutta.
23'
Hafsås ikkje heilt happy med dommaren.
22'
Eid ropar på frispark etter ei litt vel hard takling på Lefdal. Spelet går vidare og Vik får eit litt billigare frispark i staden.
21'
Jackscon med nytt skotforsøk. Like til side for mål. Heldigvis solide reklameskilt på idrettsparken.
20'
No er Eid trykt bakpå og briljerer med forsvarsspel teke rett ut av læreboka frå Old Trafford om dagen.
19'
Jackson med avslutningsforsøk, via ein eidar og på panna til Saglien. Heading i metallet. Ballen dansar på streken, men Eid får avverga. Svært nære 0-1.
18'
Aase får sleppe lett igjennom Eidforsvaret. Godt gjennomspel, godt nedtak, men ikkje like god avslutning. Eid får sette igaang med utspel igjen .
17'
Eit slags avslutningsforsøk frå Vik frå langt hold, men Frislid er sikker i klypa og har full kontroll.
17'
Vik sin tur til å gå i offside. Eid forsøker å dra opp tempo, medan Vik syns det er greitt med eit litt jamnare sig på kampen.
16'
Merkelig stille frå keeper Hovland så langt, men er svært mykje med i spelet. Playmaker i grønt.
15'
Årskog veltar i feltet. Ingen ropar på straffe, så det var heller ingen forsøk på å lure dommaren
13'
Ser at Hovland har spelt futsal tidlegare. God med ball i beina. Også god i feltet der han snappar eit innlegg like framfor Åsebø. Nok ein gong Møll som er avsendar av eit bra innlegg.
12'
Eid på ny i offside. Bølgar fram og tilbake no.
11'
Saglien med brasseforsøk. Spenstig forsøk, sjølv om det gjekk litt i slow motion
10'
Åsebø spring i offide. Lite å klage på der
9'
Eid nok ein gong med fint initiativ i angrep, men pasninga gjennom blir for upresis. Hovland gjer seg klar til nok eit langt utspoel.
8'
Hovland med lange utspel mot tanksenter Saglien kan bli ei farlig oppskrift for Vik.
8'
Møll kjem seg fint fri på høgresida og slår inn til Vedvik, som ikkje får heilt treff på headinga.
7'
To lag som er gode på gjenvinning og balltap i starten. Jamn opning.
6'
Eid med fin opprulling. Åsebø vender fint på midtbana, men Eid køyrer seg fast på høgrekanten.
5'
Eid får kjempa seg ut og går i angrep. Blir ikkje stort ut av dette
3'
Speakerlegenda Arild Heggen er komen på kamp og får akkurat med seg Svein Erik Saglien forsøke å chippe over Eidkeeper frå 50 meter. Frislid lettare i sjokk og fomlar ballen til corner.
Avspark Start 1. omgang
To rutinerte kapteinar på bana i dag. Haugen og Hovland gjer opp om myntkastet. Laga skiftar side før avspark, så Eid skal spele vekk frå sol og sentrum i første omgang.
Fanfaren går og Eid kjem fashionably late til innmarsjen. Straks kampstart. Trafikken har forøvrig løyst seg opp, men spelarane må igjennom ei hinderløype på veg inn på bana. Eid har gløymt å opne porten inn på idrettsparken. Kjekt med utfordringar i kvardagen
Storbonden på Myklebust har henta seg eit lass med kalk og lagar kø i trafikken. Det nærmar seg fanfare og kampstart. Publikum strøymer til, om ikkje i strie straumar, så iallfall i lett surkling.
Vik hadde lagt ut lagoppstillinga frå sist kamp. E ikkje så enkelt med sånn EDB. Satsar likefullt på at infoen vi har skrapa ihop stemmer sånn nokonlunde.
Heftig revolverintervjuvirksomhet i speakerbua før kamp. Har Vik tatt ein taktisk vri og lagt ut feil lagoppstilling? Det ryktast at evigunge Saglien skal starte på topp.
Kaptein kabelmann har no fått plugga i popanlegget igjen så teknikken er på plass. No har til og med dommartrioen teke turen ut for litt oppvarming. Då er vel alle aktørar på plass.
Endelig på plass etter litt papirarbeid med å fylle ut bingolottoskjemaet med draktnummera og lagoppstillingane til laga. Laga er ute og luffar lett rundt på kunstgrasmatta. I dag held det nok med passiv oppvarming i solsteiken.
Dommaren i dagens kamp kjem frå Kaupanger i Sogn, og må vel vere frå den ypperste dommarslekta i gamlefylket? Jonny Skjerven skal leie oppgjeret og har med seg junior Simen Solbakken Skjerven og Therese Figved som assistentar.
Eid fekk ikkje æra av å bli solbrune på knea i første runde ettersom dei måtte spele inne i en hustrig hall på Skei. Etter en tett og spennande kamp drog dei i land 1-2 og tre poeng. Spørs om dei gulkledde kjem ut som ein gjeng våryre kalvar eller om dei sprekk som troll i sola. Det finn ein ut om ein tek turen og ser spennande lokalfotball på Eid Idrettspark klokka 15. Eller følger kampen her på Firda Live.
Vik hadde ein tøff start heime mot Årdal i første runde, og måtte sjå seg slått med heile 5-0. For vikjene kan ein jo håpe det berre var ein litt tregstarta motor etter vinterdvalen, så det blir spennande å sjå kva dei kan stille opp med i dag.
For en fantastisk dag for fotball! Endelig serieopning på heimebane og utandørs for Eid sine Kretslagsspelarar. Dagens motstandar har teke den lange reisa frå Vik i Sogn og skal møte eit heiltent heimelag som endelig skal få boltre seg med ball ute i sola.