Referat
Kun høydepunkter
Håkonsen bles sin siste trudelutt i fløyta for dagen! Då tek Speakerbua helg! Takk for oss!
Kamp slutt Slutt (2-0)
88'
Kristian Årkog brenner til, like utanfor
84'
Ihor freistar lukka frå langt hald. Midt på Hovland, men bra trøkk i skotet
80'
Spillerbytte
80'
Gigantisk sjanse til Eid! Vedeld kjem seg fri på høgresida, legg inn langs bakken til Kristian Årskog som på uforklarleg vis klarar å bomme på ope mål frå ein meter
79'
Hovland svarer på det gule kortet med ei solid sklitakling på 25 meter. Vi er alle eininge om at vi hadde trekt oss frå den duellen
77'
Gult kort
Hovland ser ting innanfor Eid sin 16-meter som vi andre ikkje ser. Ropar på seg eit gult kort
71'
Godt å ha gamle kommunelegen på tribuna på stadion att. Vi treng litt rop og heiing!
71'
Årskog spelar gjennom Vedeld som kjem åleine gjennom. Kjente nok pusten til Vikspelar i nakken for skotet blei ikkje av det spektakulære slaget. Utanfor på skrått hold
69'
Hovland viser brystkassa til Vedeld. Godt han hadde eit smil om munnen
68'
Det blei for mykje energi i ladinga og ballen forbi alt og alle
67'
Lefdal lagar innleggsfoten
66'
Gult kort
Stygg takling på høgresida av 16 meter.
65'
Ups! Feilbytte i Speakerbua!
62'
Vik har tatt over spelet etter Eid sitt mål
62'
Frispark på hjørnet av 16 til Vik. Frislid vippar ballen over til corner
60'
Stor sjanse til Vik! Stadheim med godt skot som stryk like utanfor
55'
Ligg eit mål og ulmar i lufta no.
54'
Årets fyrte kveps i bua er faretruande nær!
54'
Frislid Vedvik brenner til, men rett i ein Vikspelar
53'
Scott Kroken Karlsen har vist seg å slå meget farlege hjørnespark! Farleg, men framleis null hull på byllen
53'
Frislid Vedvik tråklar seg gjennom innanfor 16-meteren. Avverga og corner
51'
Stor frustrasjon i bua over mangelen på livdekning frå kampen mellom Sandane og Studentspretten
50'
Innlegg frå Rosø. Vedvik får ballen på volley, men Hovland reddar enkelt.
47'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Laga entrar bane til 2.omgang
Laga tek pause. Ikkje den penaste omgangen med fotball som har blitt spelt på stadion i år
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45'
Ny sjanse! Vingen Vedeld, som forøvrig er spiss og ikkje ving, headar ein meter over
41'
Endå ein stor sjanse! Vingen Vedeld har vakna! Åleine gjennom, Kristian Lefdal tek over og legg ballen via ein vikspelar og over. Corner
40'
Stor sjanse! Litt klikk, klakk og plutseleg er Holmøyvik gjennomspelt og legg ballen like utanfor stolperota. Kanpens største sjanse!
39'
Nydeleg vending av spelet av Åsebø. Det vil vi sjå meir av!
36'
Frislid ser ut som han har vore ute ei vinternatt før. Boksar rutinert ut innlegg frå Vik.
33'
Vingen Vedeld klarer å tråkle seg nesten heilt igjennom etter eit langt oppspel. Stromplar til slutt i sine eigne føter
31'
Kristian Lefdal brenner til frå 25 meter. Hovland strekk seg så lang han er. Like utanfor vinkelen
30'
Skot frå 20 meter av Vik. Gikk omtrent like langt over som avstanden var
27'
Oppe og går att etter ein liten smell i juvelane
26'
Hovland nede for teljing etter corneren
26'
Corner blei til stor sjanse. Vedeld headar like utanfor
26'
Innlegg frå Eid. Hovland slår til corner
24'
Stopp i spelet. Oliver Holmøyvik nyttar høvet til å ta seg ein velfortent sup av drikkeflaska
22'
Dårleg tilbakespel mot Hovland som må delje ballen ut til kast
21'
Vik med skot mot eidamålet, men avblåst for offside
20'
Varmt på bana. Dommar må tørke svetten
18'
Høg steming på tribuna! Tre høge rop på Eid!
18'
Treff ein vikar, men headar langt utanfor
17'
Hovland klar for å måke frispark frå eigen halvdel
17'
Pent småspel av Eid, men kjem ikkje mange meter framover
16'
Frispark midt på keeper. Ufarleg for rutinerte Hovland
15'
Frispark til eid frå 30 meter. Dommarfagleg ekspert, Ståle Sandal tykkjer lista ligg litt lågt for frispark
13'
Grusom feilpasning frå Skrede. Fører til ein småfarleg sjanse til Vik
12'
Lite å skrive om akkurat no Vik har ballen litt meir enn i starten av kampen, ifølge analytiker Sveinung Alværn
12'
Og plutseleg er værmeldinga korrekt. Sola skin og yr tok nok kritikken til etteretning
9'
Frispark rett i muren
9'
Billig frispark til Vik på 20 meter
8'
Ballen i nota, men annulert etter at ballen hadde vore utanfor daudlinja
7'
Dagens fyrste rop frå Hovland! "Keeper" høyrest heilt til Magnifikk
4'
Vanskeleg for skribent å konsentrere seg med spurskamp i bakgrunnen og kretsliga i levande live. Vi satsar på å ikkje blande Kulusevski med Kristian Årskog.
3'
Duskregn på stadion i dag. Ikkje heilt etter Yr sine meldingar
3'
Hovland boksar rutinert ut
2'
Frispark til Eid på hjLefdal stiller oppørnet av 16 meteren
1'
Eid legg trykket mot Vik frå fyste spark
1'
Rosø, Oorshot og Skrede redebuterer på eid Stadion i dag
Avspark Start 1. omgang
Spanande å sjå kva kapteinane har kome fram til i samtale med dagens hovuddommar!
Fanfaren ljomar over stadion og spelarane entrar bana på eit aldeles spektakulært vis!
Vik kjem til Eid etter ein liten på tygga førre serierunde. Eid kjem til kamp med 9 kampar på rad utan tap. Solid sjølvtillit på karane i Eidsbygda med andre ord
Eid Stadion badar i sol og vi ynskjer velkomen til kamp: Eid-Vik!