TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Eit lite antiklimaks etter cupkampen, men Eid tek likevel ein oppskriftsmessig seier heime mot Studentspretten, som for første gong i år går av bana utan å score mål.
Kamp slutt Slutt (3-0)
90+1'
Sindre Årskog spring i offside.
89'
Corner til Studentspretten. Liten sluttspurt før dei skal returnere ned alle dalane til Sogn
88'
Håvard Holmøyvik nesten med ufrivillig assist. Klarerer ballen skyskraparhøgt i eige felt. Landar hos ein blåkledd som avsluttar rett på keeper.
87'
Gult kort
Innbyttarpuls og gult kort i første involvering for Haus.
87'
Spillerbytte
87'
Eid har ballen i mål, men Åsebø blir avvinka for offside.
85'
Gult kort
Sein takling på Lefdal. Godt dømt av dommar, som avventar og køyrer fordel i situasjonen.
84'
Lefdal spelar igjennom Felde, men ypperlig backspel frå Kveum stoppar angrepet. Kast til Eid.
83'
Spillerbytte
83'
Innbyttar Haroun har gitt Eid-forsvaret litt å bryne seg på. Bør vere ein kandidat til startoppstillinga i neste Studentsprettkamp.
78'
Innbyttar Haugen nærmar seg jubileum i det han kjem inn til sin 349 kamp for Eid. Respektabelt!
78'
Spillerbytte
77'
Spillerbytte
77'
Gult kort
Klassisk nedpløging på midtbana. Klink gult!
77'
Close for Studentspretten! Haroun jagar fram ei feilpasning i Eid-forsvaret. Frislid på halvdistanse og blir forsøkt lobba. Men ballen like til side for mål.
75'
Spillerbytte
71'
Spillerbytte
69'
Spillerbytte
69'
Simen Lefdal til Vedvik til yngste Årskog til Årskog med sveis og skot mot mål, men rett på keeper. Fint angrep frå Eid.
66'
Mål!
3-0
Ketchup på Eid. Vedvik gir parkeringsbot til heile Studentspretten-forsvaret, noko dei sikkert er vant til frå Sogndal sentrum. Set ballen til side for ein utrusande keeper og i mål.
65'
Mål!
2-0
Supersub Holmøyvik finn målsnik Lefdal med ein stikkar. Sikker som sponsoren på draktene til Studentspretten åleine mot keeper,
63'
Spillerbytte
62'
Eid sin tur til å rote godt inne på eigen halvdel. Får til slutt kontroll på ballen og set fart framover. Lefdal blir takla etter å ha slått pasning. Får frispark, men her skulle det vel vore meir bestrafning på Spretten-spelaren?
60'
Lefdal legg inn rett i armane på keeper Hamre, som er sikrare med henda enn med beina.
60'
Mykje sprett på studentane no, der ballen går i alle retningar. Frispark til Eid godt inne på halvdelen til Spretten no.
58'
Hamre med no look klarering godt ut over sidelinja
58'
Engelsen legg an til skot og skyt frå 20 meter. Skotet går godt til side for mål
55'
Mål!
1-0
Der rakk Årskog fram på innlegget frå Vedvik og styrer inn 1-0 i motvind.
55'
Holmøyvik sender crossball utan adresse og nokre gloser som egnar seg godt seint på kvelden på Vonlund Grendahus
54'
Lefdal er på beina igjen og tilbake på bana. Viktig for Eid, det.
53'
Gult kort
Får gult for den hardhendte behandlinga av Lefdal.
52'
Stygg sak på midtbana. Simen Lefdal blir most mellom to Studentspretten-spelarar som går hardt til verks. Luktar kort her, spent på farge.
51'
Fekk ikkje med oss i farta at Sindre Årskog også hadde ei avslutning i stolpen.
51'
Eid har starta andre omgang litt som i første. Dominerer banespelet
50'
Gult kort
Litt for tøff i følge dommar
48'
Åsebø finn Vedvik ute på venstrekanten. Slår eit godt innlegg framfor mål. Kristian Årskog kjem flygande i eit forsøk på å nå ballen, men rekk ikkje fram.
46'
Spillerbytte
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Handyman Håvard Holmøyvik har sprunge intervallar i motvind i pausen og er klar til å komme innpå.
Laga går til pause etter første omgang. Ser ut til at keeper Frislid er kald. Har ikkje hatt veldig mykje å gjere. Det har egentlig ikkje Studentspretten sin keeper heller, men han har hatt litt meir å henge fingrane i. Eid har hatt klart mest ball, men manglande presisjon på siste tredjedel har ført til få sjansar. Satsar på eit finjustert lag som kjem ut etter kvilen.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+2'
Keeper blir midlertidig lemen og fresar mot dommaren. Hevdar å bli hindra på hjørnesparket, som Sindre Årskog headar like over mål
45+1'
Tre corner skal vere straffe etter dei gamle løkkereglane, så då skulle Eid hatt ei no. Åsebø sin tur til å slå inn.
45'
Eid med nytt hjørnespark. Kristian Lefdal skrur innover, men litt for kort. Får ein sjanse til
44'
Corner er ikkje mål, for den enda i ingenting.
44'
Simen Lefdal nok ein gong i flott driv framover. Spelar til Vedvik som ikkje er noko dårligare. Slepp ballen til Kristian Lefdal, som for søker skot, men litt for sein på avtrekkaren og bortelaget får avverga til corner.
43'
Simen Lefdal har studert Casemiro og chippar igjennom til Vedvik. Lekkert framspel! Vedvik avsluttar få millimeter utanfor lengste stolpe. Der kunne Eid sikra leiing til pause.
42'
Bellen tilbake på bana. Kan ha vore ilt i knitti
41'
Bellen nede for telling. Må nok minst ha is eller plaster, så medisinmannen må inn på bana.
39'
Gult kort
For ei takling som stoppar overgang for Studentspretten
39'
Ei vindkule held på å blåse innlegget i mål, men keeper Hamre får enda ein gong boksa unna.
39'
Eid frampå igjen. Solberg sklir innlegg til corner for Eid.
38'
Landøy på farta igjen. Skikkelig duell på høgrekanten mot Sindre Årskog, som til slutt blir teken Lote-tunnel på og rundtlurt. Avslutninga blir blokkert.
37'
Eid med tendensar til positiv angrepsfotball! Kristian Årskog kjem åleine mot keeper, men klarer ikkje overliste Hamre i buret.
34'
Corner til Eid. Flatebø høgast i feltet, men nok ein gong får studentane heada unna. Ballen går til Tore Årskog som forsøker eit skot. Avslutningsforsøket blir ein kjempesleiv
33'
Taklingsforsøk frå Landøy sender ballen igjennom til Vedvik som får ein stor sjanse, men ei pansertakling frå stoppar Solberg hindrar mål.
31'
Bellen med avslutningsforsøk, men går rett i det faste grepet til keeper Frislid.
30'
Sindre Årskog misser litt på takling og får tilsnakk av dommar. Ingen protestar på den.
27'
Landøy driblar av tre Eid-spelarar og blir hindra. Midtbanespelaren har starta kampen godt.
26'
Flatebø får frispark på midtbana i det Eid er igang med ein skikkelig overgang. Missa litt på fordelsparagrafen der, dommar.
25'
Holmøyvik har vore på Feldes takleskule og pløger ned ein Sogning. Rein takling og Eid set fart i angrep igjen. Nok ein gong manglar siste pasninga
24'
Eid får frispark på 20 meter. Åsebø bestemmer seg for ein rask variant, men er for upresis i avleveringa.
24'
Første halvsjanse til Eid. Sindre Årskog med kreativt dribleforsøk på venstrekanten. Kjem seg forbi Søvold på høgrebacken og slår inn til Åsebø, som får vendt opp og avslutta. Uheldigvis står ein midtstoppar i vegen.
22'
Blei en kort variant. Bles godt på stadion, men Eid har ikkje klart å utnytta medvinden.
21'
Sindre Årskog skal ta en Rory Delap og hive ballen inn i feltet.
20'
Eller Kristian Lefdal har vel aldri skrive julekort. Eid på farta igjen. Nesten heile laget inne på Spretten sin halvdel, men får ikkje til den siste touchen gjennom.
19'
Studentspretten får frispark på eigen halvdel. Kristian Lefdal har ikkje dommaren på julekortlista si idag.
14'
Studentspretten litt for hissige på laurdagsgrauten på eit gjennomløp og blir avvinka for offside.
14'
Eid spelar seg fram til hjørnespark. Kristiano Lefdal skal forsøke treffe midtstopparkjempe Flatebø på hovudet. Dei gamle lagkameratane i Spretten handterar Eid-spelarane greitt og får avklara.
12'
Gode bevegelsar i angrep for Eid. Lefdal, Lefdal og Vedvik kombinerer fint, før sistnevnte forsøker tre igjennom til Kristian Årskog som kjem i galante klyv på høgrekanten. Hitland får ei lang tå på ballen og stoppar forsøket.
9'
Simen Lefdal blir tatt tøft, men dommar køyrer ein fornuftig fordel. Kristian Lefdal blir så klipt ned i feltet, men dommaren vil ikkje vere med på den. Litt misnøye i Eid-leiren
8'
Eid har starta kvassast, men er ikkje skapt ein einaste sjanse enda. Simen Lefdal i elegant driv i det mor kjem ikledd ei praktisk gul regnjakke. Han på bana blir kontant stoppa av ein student
6'
Ser ut som det er bubiltreff i Hunvikja i helga, for det gjekk akkurat ei kolonne med saktegåande kvite køyretøy forbi.
5'
Tre blad Årskog på bana for Eid i dag. Den mest markante må vere Tore på midtbana som har anlagt ein sveis som hadde gått rett inn i ein tvilsom 80-talsfilm. Lekkert!
4'
Vedvik på dribleraid langs venstrekanten. Vinn eit innkast høgt i bana, men Eid rotar det vekk igjen med eit feilkast.
3'
Nokre spenstige valg av Eid-trenar Aarvik i dag. Ein av cupkampens store profilar, Johan Felde er benka. Håpar ikkje det betyr at det er overgang på gang. Inn kom scoringsmaskina og golftalentet Oliver Holmøyvik.
Avspark Start 1. omgang
Regnar friskt på stadion og vi merkar at vi savnar vindu i den renoverte speakerbua vår. Får prøve å oppdatere litt mellom regndropane. Raggen har vore ute ein ruskedag før og har kledd seg i stillongs og topplue.
Publikumsantallet er oppe i tosifra i det dommartrioen leiar spelarane inn på bana i taktlaus marsj. Vi håpar lufta ikkje har gått like mykje ut av heimelaget som av heimepublikummet før kampen.
Uten sofadommarar stoppar fotballengasjementet, og utan ekte fotballdommarar stoppar lokalfotballen heilt. I dag også er det heldigvis ein trio med autoriserte karar med fløyte og flagg som skal lede kampen på stadion. Jakob Søgnen frå Gaular bles, medan dommarlegenda Ragnar Åmot frå Jølster og talentfulle Anders Paulen frå Breimsbygda skal forsøke å holde kontroll på offsidelinjer og flaggføring i vinden på stadion.
Studentspretten kjem frå eit heimetap mot Stryn i sist runde, så vi mistenker at eksamensperioden har starta for fullt i saftbygda. Kanskje har det vore høgsesong i våryr øltesting på Meieriet, eller så er det heilt andre grunnar til at laget gjekk på ein heimeskrell mot gjengen frå fagre Stryn. Dagens bortelag har uansett scora i alle seriekampane i år, så Eid skal ikkje lett på motstandaren i dag.
Etter folkefesten og cupduellen mot Eliteseriemotstand frå Jugendbyen i midtveka, er det i dag tilbake til dei harde realitetane for Eid. Mange er spent på om opplevinga onsdag har tappa laget for energi, eller om det er eit overenergisk heimelag som i dag skal ta i mot Studentspretten på Eid stadion.