Referat
Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (5-2)
90+2'
Gult kort
90+2'
Corner frå Eid. Blir nikka til side for mål av Henden.
86'
Spillerbytte
78'
Lefdal skyt frå skrått hald. 2 meter over
76'
Sola bryt såvidt gjennom skydekket, og Speakerbua ser litt lysare på livet.
75'
Eidspelar og Studensprettenspelar nede for teljing etter duell. Låkt i hovudet begge to
73'
Farleg frispark som blir slått høgt framfor mål. Ballen kom inn med snø på. Ingen som klarte å ekspedere den i mål. Corner.
71'
Gult kort
Det klarast gule kortet i dag.
65'
Spillerbytte
65'
Godt friskark frå Kristian Lefdal, nede i målmann sitt høgre hjørne. Målmann får handa på ballen
64'
Eidfrispark frå 20 meter etter at Haugen blir felt.
62'
Gult kort
Gult kort for ein liten dult på Felde.
62'
Graset rundt stadion er klart for slått. Vi håpar storbonden på Myklebust kan kome og hjelpe. Sandal meinar det må kvervast
61'
Studenspretten med farleg skot frå 20 meter. Til side for Frislid og målet bakom han.
59'
Eit litt forvirrande lag, Studentspretten. Fleire med ulike shortsar!
58'
Ingo med fin gjennombrotspasning til Trosdahl, men han når akkurat ikkje fram
50'
Bolletid i Speakerbua. Taust som i graven medan vi nyt det gule fyllet i bollane frå Bakehuset. Melis i munnvikane til alle i Speakerbua, med unntak av glutenallergiker Lefdal.
48'
Lefdal åleine gjennom mot Studenspretten sin målmann. I fyrste omgang redda, Vedvik plukkar opp returen og bles den 8 meter over mål.
47'
Henden prøvar seg på heil volley frå 18 meter. Godt forsøk, men to meter over mål.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Laga entrar bana til 2.omgang i duskregnet!
Pause på Eid Stadion. Spelarane går i garderoben, Speakerbua går i kiosken!
Slutt 1. omgang Pause (3-2)
45+3'
Mål!
3-2
Frislid ute i feltet og prøvar å fange ballen. Bommar og Studenspretten sin Landøy set nedfallfrukten i ope mål.
45'
Fint spel innanfor Eid sin 16-meter. Til slutt avblåst for offside.
41'
Balsnes nede for telling i feltet. Får trøyst av Strømstad på Studentspretten.
40'
Frispark til Eid heilt nede ved cornerflagget. Nesten corner!
35'
Mål!
2-1
Søvold får stå åleine på skothald inne i Eid sin 16-meter. Legg ballen fint i venstre vinkel.
34'
Keeper til studentspretten ned efor teljing etter duell i feltet. Kjem seg på fotane att.
33'
Ballen i nettet, men avblåst for offside. Ballen blir trekt tilbake for frispark til Eid. God bruk av fordelsparagrafen av dommar.
33'
Ny stor sjanse til Eid, men avblåst for offside idet Trosdahl prøvar å klinke ballen i mål
31'
Studentspretten prøvar å knipe seg fast på Eid sin halvdel, men mistar ballen etter eit lite minutt.
30'
Stig Høynes frå Haugenfotball.no med fin chip inn att på bana.
26'
Kjempesjanse for Eid! Lefdal kjem skliande mot ballen på bakerste stolpe. Målet er ope, men Lefdal når ikkje fram.
25'
Studentspretten ropar på straffe etter at Søvold blir felt åleine gjennom av Sindre Årskog. Tvilsom situasjon som blei løyst til beste for heimelaget.
23'
Gult kort
Uforståeleg gult kort på Dahl etter at han lagar frispark til heimelaget.
21'
Fluge i bua!
21'
Vedvik med fint forsøk på 16 meter. Rett i klypa på målmann
19'
Tamt på stadion no. Graset mellom innbyttarbenkane bør klippast, ser vi.
18'
Eidtrenar Hafsås bommar på mottak på sidelinja. Det der hadde Rolf Lefdal klart med ei appelsin, seier han sjølv.
16'
Corner er nesten mål! Henriksen med fin corner som Lefdal stussar vidare. På bakerste står Balsnes og bommar såvidt.
13'
Karane i speakerbua byrjar å bli tyngre. Det knirkar og knakar i stolane.
12'
Kristian Lefdal åleine gjennom, slår ei dårleg pasning mot Vedvik som bortelaget snappar opp.
10'
Tilsnakk til Henriksen etter takling på midten av bana
6'
Nytt gjennomspel for Eid! Trosdal kjem åleine gjennom og blir felt av keeper. Straffe!
4'
Henriksen med nydeleg gjennomspel til Vedvik på Eid sin venstrekant. Vedvik ladar børsa, men klarer ikkje å overliste keeper.
2'
Mykje innkast i starten
2'
Ta og føle kvarandre litt på tennene i starten
1'
Ståle Sandal gjer foreløpig ein god jobb som speakar
Avspark Start 1. omgang
Kapteinane har helsa på kvarandre, og laga er klare for kvar sitt kamprop. Ganske likt resultat på dei ropa.
Laga entrar bana til øyredøvande jubel frå dei ca 63 oppmøtte tilskodarane.
Dagens dommar er Hegatheesan Jeikishan frå Florø SK. Med seg på linja har han Torleiv Straume frå Hyen IL og Sindre Stø Hobber frå Syril IL.
Ole Andreas Aarvik er på plass på tribuna og vinkar til heimefansen!
Eidspelarane går varme og gode i garderoba. Det nærast dampar av hete og kamplyst! Studentspretten følgjer etter
Sist Eid og studentspretten møttast, var under stygge pandeminen. Då delte laga poenga. Det kan informerast om at ingen blei skada eller smitta under den kampen.
Speakerbua er på plass på Eid Stadion. Studentane frå sjølvaste Sogndal er på besøk. Vi håpar dei er trygt i hamn med alle eksamenar og at dei slipp å ha det for mykje i bakhovudet når dei no skal bryne seg mot staute eidarar.