Referat
Kun høydepunkter
Det er berre å gratulere Stryn med tre velfortjente poeng, ein fullt fortjent siger og fjerdeplass i årets Kretsliga. I dag var det laget som ville mest, kjempa mest og spelte best, så ingenting å sei på at alle poenga tek turen innover i fjorden. Eid endar på tredjeplass etter ein bra sesong som ikkje fekk heilt den avslutninga ein hadde ønska.
Takk for i år og gratulerer til Årdal med opprykket!
Kamp slutt Slutt (0-4)
90+2'
Vedvik forsøker dra seg fri i feltet, avsluttar men Stryn får blokkert til corner.
90'
Ørjasæter på farten igjen. Balsnes stoppar han med rutinen sin
90'
Haus med ny corner. Balsnes forsøker styring på første stolpe.
88'
Hjørnesparket går gjennom feltet. Rosø forsøker langskudd på første klarering. Går i blokka og ut til Haus. Innlegget sklir av panna til Vedeld og angrepet renn ut i sanden.
86'
Eid speler seg fram til eit hjørnespark. Stryn litt meir avventande no. Har kontroll og kjem til å vinne dette greitt.
81'
Vedvik veltar i feltet, men Skjerven syns ikkje det er nok til å gi straffespark. Dommaren hadde nok heilt rett i det.
78'
Var ikkje voldsom høg odds på at Balsnes skulle få gult kort i dag.
76'
Haus med godt innlegg mot Vedeld, som dessverre ikkje treff skikkelig i avslutnintga
71'
Vedvik driblar seg fri i feltet og kan pynte på resultatet, men avsluttar over mål
70'
Tjellaug med sjanse, men avslutninga like utanfor mål.
69'
Fænn viser at bortelaget har kriga hardast i dag. Ligg nede med ei kraftig krampe og må gå trillebår ut av bana
68'
Stor sjanse for Eid. Vedeld spelt igjennom og brukar litt lang tid før han avsluttar. Blir ein blanding mellom innlegg mot Vedvik og skot, så keeper får snappa forsøket
66'
Men det cornerforsøket kjem ikkje inn på årskavalkaden.
65'
Eid får hjørnespark. Haus skal skru den inn på pæra til ein lagkamerat
61'
Nok eit hjørnespark til Stryn. Har vore farlige på dødballane i dag. Denne går litt for høgt.
61'
Dommar oppdaga at Eid ikkje hadde kaptein på bana, så Vedvik måtte ut og få på seg et bind.
58'
Skot i stolpen frå Stryn. Hopland i offside på returen.
57'
Ein ser ganske tydelig forskjell på viljen til laga utpå. Stryn jublar for innkast. Eid ser ut til å vere meir klar for lagsfest enn fotballkamp
56'
Haus med innleggsforsøk som nesten landar i mål. Går like over tverrliggaren
53'
Hjørnespark til Stryn igjen og nesten 4-0! Heading like utanfor stolpen.
46'
Då er vi litt mindre kaffitørste, pissetrengte og kalde og klare for andre omgang.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Og der bles dommar til pause. Stryn ledar fullt fortjent og har vore det klart mest aggresive og påskrudde laget i første omgang. Eid litt meir med utover i omgangen, men må kraftig opp om det ikkje skal bli det første tapet mot Stryn sidan 2018
Slutt 1. omgang Pause (0-2)
45+3'
No kan Skjerven godt blåse til pause, for vi fryse i bua.
45+1'
Kristian Lefdal vinn ball i stryneboksen og avsluttar. Vedeld akkurat litt for sein på bakerste stolpe. Bra forsøk frå Eid
44'
Kjempesjanse til Eid. Kristian Årskog spelt igjennom av Beitveit, men får ikkje stokka beina åleine med keeper og sleivar ballen til side for mål.
43'
I det Fjøra går i føringa i Sogn, får Stryn nok eit hjørnespark her på Eid.
40'
Første skikkelige sjansen for Eid. Kristian Lefdal finn nok ein gong Vedvik i feltet. Tek ein spinn som tatt rett ut av Skal vi danse og skyt mot mål. Keeper får så vidt redda, men gir ein farlig retur. Vedeld avvinka for offside.
38'
Kristian Årskog med avslutning som går i retning Eid sentrum
38'
Vedvik og Kristian Lefdal kombinerer fint. Vedvik forsøker å komme seg forbi Stryne-stopparen, men kjem seg ikkje forbi.
32'
Espeland ladar kanona frå 20 meter
32'
Stryn kjem 3 mot 2. Litt dårlig pasningsvalg av Hauge, men Ørjasæter klarer likevel å skape ein sjanse ut av det. Holmøyvik med ein solid inngripen og avvergar scoring.
30'
Litt meir med no, Eid. Kristian Årskog vinn duellar og finn Vedeld på høgrekanten. Innlegget får keeper Hauge kontroll på
29'
Kristian Årskog med langt innkast. Navnebror Lefdal vinn ballen i feltet, men får ikkje vendt opp på avslutning.
28'
Hauge spelt igjennom og kjem åleine mot keeper. Igjen kjem han litt for langt ut, så avslutninga går utanfor
25'
Ørjasæter leikar seg med Eidforsvaret og kjempar fram nok ein strynecorner.
24'
Hjørnespark til Stryn. Godt slått innlegg som går over keeper, men Sindre Årskog ryddar opp i bakkant
20'
Holmøyvik er litt i vaktmestermodus og somlar med oppspel. Hauge vinn ballen, men den går rett ut til utspel for Eid
19'
Hauge prøver å skru ballen i lengste kryss, men blir for baktung og skyt godt over mål.
18'
Stryn med frispark på 20 meter. No er det som ei klassisk Visit Nordfjord-reklame i gamle dagar, der alt handlar om Stryn.
17'
Hauge får ein stor sjanse, men stromplar i avslutningsøyeblikket. Får ein sjanse til, men då har Henriksen kontroll.
17'
Eid på ein liten visitt no. Holmøyvik bryt godt og forsøker spele igjennom Vedvik. Fænn skjer av pasninga og det blir kast til Eid.
15'
Sindre Årskog headar ut og Eid kan reorganisere
15'
Ny corner til Stryn.
14'
Stryn med hjørnespark. Tjellaug på sidelinja fornøgd med trøkket. Gjestane klart mest påskrudde og er først på omtrent alt av duellar
13'
Stryn rundspelar Eid. Tjellaug, den yngre, viser fin nærteknikk i Eid-feltet og får avslutta. Henriksen slår ballen over mål.
10'
Hopland spelt igjennom og kjem til avslutning. Skotet går rett på Henriksen,som reagerer kvikt og reddar fint.
9'
Speakeren er happy med asisstentdommaren frå Breim som vinkar av ein stryning for offside.
8'
Håvard Holmøyvik har sett opp ei blokk før, og stoppar både eitt og to forsøk. Eid får avklara
7'
Stryn med frispark i farlig posisjon.
7'
Hopland vidarefører ein stolt Stryne-tradisjon og ragar høgast i lufta mot Skrede. Finn Hauge som kjem litt skrått på mål og får ikkje avslutta
6'
Det var ganske lurt å kle seg opp med sju lag ull i dag. Litt mindre smart å sette seg opp i eit tårn. Dette er småkaldt.
5'
Kristiano Lefdal slår eit litt slapt frispark inn i feltet, men Eivind Skrede klarer utrulig nok å få til ei akrobatisk avslutning mot mål. Keeper og Stryn får til slutt kontroll
4'
Fint av Ørjaseter på venstrekanten. Lurer Rosø og legg eit farlig innlegg inn i Eidafeltet, men Skrede får heada unna
2'
Høyrest ut som vi er i skogen med mykje brunstmoden kronhjort. Voldsomt til brøling i starten av kampen
2'
Stryn går aggressivt til verks og får fram kampens første avslutning. Henriksen slår greit unna
1'
Skjerven set i gang moroa og det er Eid som tek avspark
Avspark Start 1. omgang
Fanfaren har tona ut, speaker har lese opp lagoppstillingar og laga er klare til avspark
Er fleire søskenduellar i kampen i dag. Eid startar med tre Årskog som truleg skal kjempe om å legge ned flest kilometer eller takle flest stryningar. Samtidig har vi også ein søskenduell mellom Jepsens, med reservekeeper Anton på Eid og Jesper på Stryn.
Det nærmar seg tresifra publikumstal og avspark. Fjordabladet ledar kampen om dagens største kamera og Tjellaug kjem inn med nyblanda Strynesaft. Det er klart til kamp!
Dagens kampleiar har varma opp så mange gongar før at han tek det litt piano i dag. Skjerven med assistentar tek turen ut frå den varme garderoben no tjue minutt før avspark. Rutinert dommar med to up and coming assistentdommarar skal lede oppgjeret
Strynesjef Tjellaug er skeptisk til vindfanget i speakerbua i dag. Vi får sjå om vi blir ufrivillig innbytta i løpet av kampen
Fotballekspert Arild Heggen er på plass og viser fin ballbehandling på sidelinja
I dag er det berre å gi blaffen i dårlige Merseyside-derby, for det er straks kampstart i eit like legendarisk Nordfjord-derby. Solstrålane kjempar om plassen mot den sure Strynevinden, så i dag går det an å bli både solbrent og frostskadd på samme tid. Dei første publikummarane har teke plass i bakken på idrettsparken og spelarane er ute og luftar buffar og boblejakker i oppvarminga.
Eid har statistikken på si side før dagens match. Heimelaget har ikkje tapt mot eit anna Nordfjordlag sidan 16. oktober 2021 då dei tapte 4-1 mot Måløy. Sist Stryn klarte å overliste Eid i serien er heilt tilbake til 1. september i 2018, så det er nok eit svært revansjelystent lag som kjem utover nordfjorden på dei rosa traktorane sine i dag. Statistikk avgjer som kjent ikkje fotballkampar. Vi kjem tilbake med fyldig referat frå Idrettsparken seinare. Kampstart 1500. Vi oppmodar absolutt alle fotballinteresserte til å komme seg på kamp i dag og støtte sitt lokale lag!
Det har vore mykje vind på sørvestlandet i dag og det er forventa at det blir en del blest rundt fleire av kampane seinare også. Sjølv om mykje er avgjort på tabellen, er det mange klassiske naboduellar i siste runde.
I tillegg til den store opprykksfinalen på Fosshaugane og fjordhestbygda mot fagre Flo-pasningar på Eid, er også kystbataljen mellom Måløy og Bremanger og jordbruksoppgjeret mellom Jølster og Sandane to oppgjer som har vore gjenstand for mykje temperatur i mange år.
Då var dagen endelig her: siste serierunde der dei siste brikkene i årets Kretsligapuslespel skal leggast. Mest spenning er det knytt til seriefinalen i Sogn mellom Fjøra og Årdal, men også på Eid Idrettspark ventar vi eit spennande prestisjeoppgjer mellom to gode naborivalar.
Eid er uansett sikra ein fin tredjeplass i årets serie, medan Stryn endar på plassen bak så lenge ikkje dei taper på Eid og Høyang vinn sin bortekamp mot Førde 2 i dag.