Oppsummering
Ein spennande og tett kamp i folkehavet på Eid stadion er over. Heilt fantastisk å sjå oppslutninga blant nordfjordingane og endelig få oppleve ein skikkeleg 16. mai-duell igjen.
Stryn kvassast før pause og leda fortjent etter første 45. I andre omgang åt Eid seg inn i kampen og var langt giftigare offensivt. Anført av ei aggresiv midtbane og en god Joakim Vedvik på topp, fekk gultrøyene kjempa fram to straffespark og var farlig frampå ved fleire anledningar. Eid klarte også å få betre kontroll defensivt og oppsummert kan ein heimepatriotisk seie at det var fortjent at heimelaget tok alle poenga til slutt.
Referat
Kun høydepunkter
Det er berre å gratulere Eid med ein solid siger i nabooppgjeret mot erkerivalen frå fagre Stryn. I dag er det nok fagrast å vere Eidar. Solid andreomgang sikra tre poeng. Ein kan forstå frustrasjonen til stryningane, som var klart best før pausen. Heldigvis for Eid varer kampane i 90 minutt. Herlig med 16. mai og lokalderby igjen. Ha ein god 17. mai!
Kamp slutt Slutt (3-1)
90+6'
Eid forsøker seg på ei klassisk uthalding av tida ved hjørneflagget, men der var ingen til å skjerme ballen.
90+6'
Kroken på farta, men treff ikkje med innlegget. Hopland ristar oppgitt på haudet.
90+5'
Blir nok folksomt inne på bana straks dommar bles av. Russen står klar til å storme bana på sidelinja. Sikkerhetsvaktene får litt å stri med i jakta på russekort.
90+4'
Eid vinn frispark og kan roe ned litt.
90+4'
Intern surning i Stryne-laget no. Hopland misfornøgd med corneravleveringa. Ny corner og nytt forsøk på å blidgjere spissen.
90+2'
Stryn forsøker å svare umiddelbart. Kjempar seg til en corner. Like etter sender Håvard Kroken pulsen til speakerbua opp mot maks med ei avslutning like over mål. Frislid har full kontroll, sikkert.
90'
Speakerbua kårar Ingo da Silva til dagens eidspelar. Han svarer med å hive seg i nok inn i ei oppofrande takling. Har lagt ned nokre meter idag og gjort ein kjempejobb som ballvinnar på midten.
89'
Nok eit stryneangrep. Nok ein gong Aarvik i vegen. Mange som står og tøyer no. Ser ut som en gruppetime på Hamna Trening ute på bana.
88'
Hopland forsøker finne spisskollega Wdowiak . Aarvik står i vegen.
85'
da Silva sender Vedvik igjennom på venstrekanten. Vinner en corner.
81'
Paulsen ute i full strekk og får boksa unna avslutnignsforsøk.
80'
Aarvik flyg igjennom lufta og får heada ut. Balsnes nede for litt bøy og tøy. Krampe i begge bein. Tungt å spele på gras, tydeligvis.
79'
Stryn framme på hjørnespark. Nok ein gong Øvreberg som skal skru ballen inn.
77'
Nok ein løpsduell mot Fænn. Denne gongen Trosdahl som er på farta. Kjempetakling av stryningen som endar med krampe og ei kjapp yogaøkt.
76'
Felde i fullt firsprang i løpsduell mot Fænn. Midtstopparen får ei tå på ballen som sender den mot eige mål. Keeper får avverga.
75'
da Silva strubla i ei av torvene speaker etterlot seg då han klipte bana.
74'
Stryn frampå igjen. Sender Frislid ut i full strekk i motlyset. Keeperen får slått til corner. God redning.
73'
Beitveit med knallgod gjennvinning på midten. Slår igjennom til Felde som finn Trosdahl i feltet. Får ikkje stokka beina heilt og det blir en ny omgang med flipper.
71'
Aarvik viser at han har bestått førstehjelpskurs i plastring og emosjonell førstehjelp. Beitveit på beina igjen.
69'
Hjørnespark til Stryn. Trøsken med et litt uheldig karatespark på Beitveit og frispark til Eid. Beitveit nede for telling og får tilsyn. Vi får satse på det går bra med leigesoldaten frå Selje.
67'
Vedvik igjennom igjen. Konstant trussel i andreomgangen. Denne gangen får keeper og stryneforsvaret rydda unna uten å lage straffespark.
66'
Raggen har dårlige siktforhold i motlyset, men får godt med seg at ballen er ute over sidelinja. Ser framleis som ei ørn, ringreven.
65'
Tenninga og intensiteten stig. Kroken med en light wrestling bevegelse for å stoppe Beitveit.
61'
Henriksen skyt midt i en Stryneknoll.
60'
Leirgulen og Vedvik i løpsduell. Førstnevnte pløger opp bana, tek ball og stoppar angrepet kontant. Effektivt!
59'
Lødemel sin tur til å svinge rundt med Eidforsvaret. Dreg seg fint forbi og får slått inn. Corner til Stryn.
57'
Beitveit ryddar unna i feltet. Gjer opp for seg greitt der.
57'
Beitveit lagar frispark til Stryn i farlig posisjon. Skal slåast inn mot duellsterke stryningar.
56'
Stryn farlig frampå. Lødemel sikkert litt svimmel etter svingomen med Vedvik enda. Får ein god sjanse, men blir for baktung i avslutninga og ballen langt over mål.
55'
Vedvik på nytt raid på høgrekanten. Tek med Lødemel på en skikkelig svingom. Heit kandidat til neste års skal vi danse eller dansegalla i Strynehallen.
53'
Drama på stadion. Dommar bles og må sjekke linjene på 16-meteren. Straffe til Eid? Diskusjonar mellom dommarane og penalty is given!!
52'
Hjørnesparket går over alt og alle. Trosdahl vinn tilbake ballen på venstrekanten og slår inn igjen. Stryneforsvaret får heada til Beitveit som forsøker seg på ei avslutning. Over og ut
46'
Så vidt vi klarer å sjå, ingen bytter på laga. No startar også dei andre kampane i kretsligaen for laga som har litt seinare leggetid
Start 2. omgang Start 2. omgang
Vaffeljerna har fått køyrt seg i pausen, men no er laga og publikum klare for andreomgang
Trur det må vere publikumsrekord i nyare tid på Eid Stadion i dag. Kjekt å sjå så mange prioritere lokalidretten i vårsola.
Tett og jamn førsteomgang, men ingenting å sei på at Stryn ledar til pause. Er kvassare i angrep mot eit Eidforsvar som har famla litt i periodar. Heldigvis 45 minutt igjen, så mykje kan skje enda. To gule kort til kvart av laga og nok av sjansar til å putte fleire mål begge vegar. Det skal ikkje stå på underholdninga sjølv om det ypperste av finspel manglar.
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
45'
Flipperspel i Eidfeltet igjen. Endar med ei avslutning over mål.
44'
Enda ein corner som landar på hovudet til Balsnes. Headinga litt mindre presis enn postleveringa, så keeper plukkar enkelt.
43'
Hjelper tydeligvis å nevne at Eid ikkje er i angrep, for no vinn dei nok ein gong ein corner.
43'
Plutselig snappar Trosdahl ballen frå Stryneforsvaret og set fart mot mål. Får nok ein gong ein litt for lang touch, så angrepet ebbar ut i ingenting.
42'
No strevar Eid voldsomt med å kome seg over midten.
41'
Stryn nære på igjen! Eidforsvaret nok ein gong med akutt stressutslag. Klarerer i ryggen på medspelar. Frislid får heldigvis for Eid tak i kula
38'
Tajik forsøker seg på ei avslutning frå langt hold. Like over mål.
36'
Kristian Årskog langar ut på et soloraid på venstrekanten. Spring frå det meste som bevegar seg langs både bane og riksveg
32'
Eidforsvaret må nok til med et stressmestringskurs. Lettare paniske avklaringsforsøk
30'
Trudde et øyeblikk vi var på Old Firm no, når russen dreg i gang heiaropa på tribuna. God stemning!
28'
Lefdal blir takla på midtbana. Dommar køyrer fin fordel. Innlegg mot Trosdahl som tar ballen fint ned i feltet og sender av gårde ei bra avslutning. Paulsen nok ein gong med på leiken og held ballen i pol.
24'
Dommaren på veg i lomma for å gi gult kort til Eid. Nøyer seg fornuftig nok med tilsnakk. Det er jo tross alt lokalderby
23'
Lefdal med skotforsøk. Litt vått krutt i saluttkanona, så til side for målet.
23'
Farlig! Vedvik får stussa hjørnesparket mot mål, men like utanfor. Eid langt meir med no. Luktar mål
22'
da Silva frampå igjen. Rundar strynebacken og får slått inn. Stryneforsvaret nok ein gong i vegen. Corner til Eid.
22'
Så smell det! Trosdahl spelt igjennom på venstre kant. Slår inn i feltet til da Silva som ser ut til å vere så vidt først på ball. Blir takla kontant av Leirgulen, som får avverga. Eid ropar på straffe, men dommar løftar ikkje fløyta.
18'
Godt forsøk frå Eid. Vedvik forsøker tre igjennom Lefdal, men Trosdahl kjem i vegen. Endar med corner til Eid.
18'
Langt oppspel mot Hauge. Frislid viser sprintegenskapar og er først ute på ballen.
16'
Kroken ladar skotkanona, men gløymer stille siktet. Ballen langt til side for målet.
15'
Eid får corner i mot, noko dei ikkje akkurat er heilt enige med assistentdommar i.
15'
Eid med et angrep der alle pasningar er i kategorien lett sleivspark. Ballen går likefullt gjennom til Trosdahl som forsøker utfordre. Sikkert litt prega av jetlag etter heimreisa frå nord og får en for lang touch.
13'
Eid forsøker bite seg fast. Fin spelvending av Beitveit over til Seljekompis da Silva. Godt innlegg mot Vedvik, men midtstoppar Trøsken vinn duellen.
11'
Stryn har vore klart best i opningsminutta. Eid baktunge og får ikkje spelt seg ut på graset.
10'
Corneren treff Balsnes, men han kjem ikkje over ball. Stryn får avklart
9'
Eid frampå like etter. Corner skal skruast innover frå Henriksen.
9'
Feit sjanse til Hauge. Får stå merkelig åleine i Eidfeltet, men Frislid vartar opp med ei refleksredning
7'
Nære på for Stryn. Avslutning som Sindre Årskog så vidt får avverga etter litt klabb og babb.
4'
Vedvik med fint innleggsforsøk mot Trosdahl, men Paulsen er fint ute og plukkar
3'
Henriksen kjempar til seg ball og forsøker slå igjennom til den heimkomne Trosdahl. Ein Strynestoppar får skore av gjennomspelet.
2'
Stryn startar med ei klassisk Flo-pasning opp. Eid slit litt med å få avklara.
Avspark Start 1. omgang
Laga har unnagjort sine krigsrop og Stryn får æren av å ta avspark.
Solid publikumsoppmøte på stadion i dag. Fantastisk ramme rundt kampen i det spelarane entrar grasmatta. Straks avspark!
Gongongen har slått. Fanfaren rungar ut over eit solfylt stadion. Dommartrioen ventar på to lag som kjempar om å vere best på å komme fashionably late til innmarsjen.
Speakeranlegget fungerer. Homle i undebrokja ljomar ut over høgtalarane. Eimen av tigerbalsam sig ut frå garderobane. Siste kvess på stålknottane og laga kjem straks trippande inn til fotballfesten.
Sist laga møttest på 16. mai var tilbake i 2019. Stryn er nok ivrige på å revansjere det som vart ein blodraud affære i Stryn med to utvisningar og 1-5 i sekken.
Årets første heimekamp på gras for Eid. Ser på oppvarminga at spelarane er gode på leggispasningar og demping på halvspretten. Bana ser meget bra ut på avstand, men er nok som alle grasbaner litt humpete no på vårparten.
Russen har stilt manns- og kvinnesterke i bakken. Ser ut som dei fleste går relativt beint enda på det som også er ein skikkelig festkveld for russen.
Dommar i dagens kamp kjem frå den eksotiske sognebygdi Veitastrond. Han har med seg dommarlegende og rutine i tusenvis på sidelinja i Ragnar Åmot frå Jølster ein noko mindre rutinert, men sikkert like dyktig assistent i Jørgen Fure frå dommarfabrikken Breimsbygda IL.
Eid tek i mot Stryn til ein av dei virkelig store klassikarane i lokalfotballen. Eid-Stryn er nok på nivå med Boca Juniors mot River Plate, Galatasaray-Fenerbache og Rangers-Celtic, berre på eit noko breiare nivå. Vi ser fram til ein spennande batalje på ei strøken grasmatte på Eid stadion.
Alle klare for fotballens festdag på en alldeles strålande maidag! Her er det kom mai du skjønne milde, fager kveldsol smiler og no livnar det i lundar på ein gong!