TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Og det blei det siste som skjedde i kampen. Fullt fortent seier til Eid som tek alle poenga. Jølster får ein tøff jobb med å sikre seg nok poeng til å overleve i kretsligaen, medan heimelaget heng bra med på øvre halvdel av tabellen. No er det berre å komme seg heim for å få varmen i seg igjen.
Kamp slutt Slutt (4-1)
90+2'
Tunge bein og seine taklingar i Eidforsvaret no. Tveit kjem til avslutning, men ballen går utanfor.
90+1'
Gult kort
Timar taklinga si rimelig dårlig og får eit greitt gult kort av kampens gode dommar Almenning.
90'
Haugen i fint driv framover på midtbana, trer igjennom til Sindre Årskog på høgresida. Årskog avanserer inn mot mål og avsluttar. Over og utanfor.
87'
Ingenting ut av hjørnesparket, men Eid bit seg fast. Aarvik skyt, keeper reddar. Eid vinn retur og får slått inn framfor mål. Nok ein gong litt for seine på avtrekkaren framfor mål, så Jølster slepp med skrekken igjen.
86'
Eid angriper igjen og vinn nok ein corner. Åsebø skal slå inn.
85'
Mål på straffe!
4-1
Sikker straffe frå Halland og redusering for Jølster.
84'
Straffe!
Haugen taklar Kvellestad i skotforsøket og dommar peiker på krittmerket.
83'
Hjørnespark til jølster. Litt tunge bein ute på bana no. Viss det hadde vore hingsteutstilling her i dag, ville det neppe blitt mange sløyfer utdelt etter pause.
82'
Taklo finn Trosdahl på venstrekanten, som slår inn framfor mål. Der kjem Haugen litt for seint for å nå fram til avslutning.
80'
Taklo vinn ballen på midten, men vender rett i ein jølstring. Jølster set fart framover. Kvarme spring i offside.
78'
Spillerbytte
78'
Trosdahl frampå på venstrekanten nok ein gong. Og nok ein gong går avslutninga i nettveggen.
77'
Jølster i krigen igjen. Ballen går til Kvarme i feltet, som får vendt opp og sendt av gårde ei avslutning. Frislid har ikkje fått med seg poengtapet til Liverpool og er fokusert nok til å ha full kontroll.
74'
Holmøyvik testar høgreslegga. Litt slark i avslutninga, så skotet er ufarlig.
72'
Spillerbytte
72'
Gult kort
Får innvilga søknad om gult kort etter to etterslengarar på rad.
70'
Trosdahl på raid igjen. Gir parkeringsbot til Jølsterforsvaret, men kjem litt skrått på mål så avslutninga går i nettveggen.
69'
Mål!
4-0
Såg ut som frisparket gjekk forbi alt og alle og rett i mål.
68'
Frispark til Eid på hjørnet av Jølstrafeltet.
68'
Bølgar veldig frå side til side no i det vergud-ferievikarane har sendt ei regnbyge over stadion. Sikkert for å sikre at publikum skal få frose litt ekstra.
66'
Spillerbytte
66'
Frispark til Jølster. Sjølv med oransje sko klarer ikkje Sunde å overliste Frislid.
65'
Kristian Årskog blir spelt igjennom og set i full galopp mot mål. Avslutninga blir garfjøs og langt til side for mål
63'
Angrepet endar med at Jølster får frispark etter at Trosdahl kjem litt for seint i en duell med en Jølsterforsvarar.
63'
Taklo driblar av ein Jølstring og spelar ballen rett til ein motspelar. Eid vinn kjapt tilbake ball og set fart i angrep.
61'
Spillerbytte
61'
Spillerbytte
60'
Kvarme snurrar rundt med Eidforsvaret, men snurrar seg sjølv ut over dødlinja også.
59'
Aarvik med solid blokk når Kvarme utfordrar han på fart. Legg også merke til at Eid-stopparen har funne fram vottane. Greitt bilde på sommarvarmen på Eid i dag.
57'
Spillerbytte
57'
Spillerbytte
52'
Eid oppe i angrep med ny corner. Blir ingenting ut av denne.
51'
Småkaldt i august, så keeper Frislid må springe rundt på eigen halvdel for å halde varmen.
48'
Jølster har også gjort tre bytter i pausen, men ikkje heilt enkelt å sjå kven som har gått ut.
47'
Spillerbytte
46'
Spillerbytte
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Laga ruslar inn til pause etter ein omgang der Eid ledar fortjent. Ledelsen burde nok vore enda større med straffemiss og fleire store sjansar brent for heimelaget. Jølster forsøker, men får ikkje til allverdens. Bør bli tre poeng igjen heime på Eid stadion, men først skal andreomgangen spelast.
Slutt 1. omgang Pause (3-0)
45+1'
Kristian Lefdal gjer nesten alt rett. Drar seg forbi to grønkledde og skal egentlig berre sette ballen forbi keeper, men nok ein gong står Sundal .i vegen. Jølster sin klart beste i første omgang, den unge keeperen!
44'
Jølster krigar seg til ei avslutning. Via ein Eid-forsvarar og til corner.
42'
Eid med nytt forsøk like etter. Kristian Lefdal prøver seg igjen, men skotet går rett i hanskane til Sundal.
42'
Jølster farlig frampå. Tveit med avslutning som går utanfor mål
41'
Nok en feit sjanse. Total overkøyring igjen no! Kristian Årskog med avslutning, men nok ein gong klarer Jølsterkeeperen å stoppe Eid.
39'
Mål!
3-0
Årskog får pirka med seg ballen inn i feltet og fyrer av eit skot som snik seg under Jølsterkeeperen.
38'
Ny sjanse til Eid. Keeper Sundal med god redning på avslutningsforsøket frå Trosdahl.
38'
Felde blir spelt fri på høgresida. Tre Eidspelarar kjem stormande framfor mål, men innlegget blir ein hybrid mellom av avslutning og innlegg.
34'
Kristian Lefdal dryler til frå 30 meter. Keeper gir en bitteliten retur men får kontroll før Eid rekk fram til ballen.
33'
Halvsjanse til Jølster. Skot rett på keeper Frislid som får kontroll.
30'
Plutselig kom sjansane til Eid like tett som laksen under Skipenesbrua. Fullstendig overkøyring i nokre minutt no.
28'
Bom på straffe!
Ei løfsete innsidepasning til keeper som reddar enkelt.
27'
Straffe!
Trosdahl på hogget enda en gang. Blir felt og dommar peikar sikkert på straffemerket.
26'
Mål!
2-0
Jølster gløymer heilt markering og Trosdahl får en halv banehalvdel å springe på. Gjer ingen feil åleine med keeper og set inn sitt andre for dagen.
23'
Mål!
1-0
Og ut av nesten ingenting scorar Eid! Trosdahl og Årskog kombinerer fint før førstnevnte sett ballen sikkert til side for keeper og i mål.
23'
Frisparket blei utført med bæremeis og full oppakning, for skotet gjekk ca 13 meter over mål.
22'
Frispark til Jølster i farlig posisjon no. Haugen feller Eikås like utanfor feltet.
20'
Jølster har ete seg godt inn i kampen siste minutta. Eid slit med å skape noko. Det har forsåvidt ikkje Jølster klart heller. Nesten som nokon har trykt på en slow-motion knapp.
16'
Jølster spelar seg ut bakfrå gang på gang. Klarer dette imponerande godt.
16'
Spelarane ber litt preg av landslagspause. Luggar litt utpå grasbana og er mykje nesten frå begge lag.
14'
Frispark til Eid på midtbana. Dommar Almenning briljerer med tilsnakk og påfølgande lekkert hælspark.
13'
Evigunge Haugen på raid på venstrekanten. Forsøker innlegg med utsida av foten, men det blei nok hakket for avansert.
11'
Hjørnespark til Eid. Trosdahl slår inn mot Tore Årskog. Heading over mål.
9'
Litt liggande wrestling på midtbana. Gjesdal Eikås i fribryting med to Eid spelarar på rad, og får greitt frispark mot seg.
7'
Simen Lefdal vinn ball på midten, finn bror Kristian og Eid stormar i angrep. Nok ein gong klarer Jølster å skjere av angrepsforsøket. Eid klart best i starten her.
6'
Trosdahl på farten igjen. Slår ein liten Lote-tunnell på Jølsterforsvarar og legg ut 45. Ingen postmann Balsnes på bana i dag, så leveringsadressa var ikkje heilt presis.
4'
Trosdahl spring i offside. Jølster set kjapt i gang, men ballen går rett på bryustkassa til Felde. Venstrekanten forsøker seg på en lobb, rett i klypene på keeper Sundal i Jølster-målet.
3'
Eid manglar og midtbanemotor Henriksen i dag, så det er Tore Årskog som har fått i oppdrag å springe sokkane av seg.
2'
Simen Lefdal blir spelt fri på høgrekanten av Felde. Skjerer innover i bana og løyser skot. Ei Jølsterræv kjem i vegen og bortelaget får avklara.
1'
Eid tek avspark og jølstringane går aggresivt til verks for å vinne tilbake ballen.
Avspark Start 1. omgang
Dei verste vaffelabstinensane blant publikum er stilt, kampropa i garderoben er ropt og laga er klare til å marsjere inn til fanfare og festfotball
Vårens oppgjer i hallen på Skei enda 2-1 til Eid etter mål av Kristian Lefdal og Ove Balsnes. Sistnevnte fekk forlenga ferie etter å ha fått gult kort og suspensjon i kampen mot Måløy før ferien, så det er andre som må ta ansvar framfor mål i dag.
Jølster har gjort spådommane til Speakerbua Eid Fotball til skamme. Etter påstandar om at klubben ikkje ville ta poeng i heile år, har dei faktisk kara til seg 2 poeng. Oppgjeret i serieopninga var ei jamnare affære enn det tabellposisjonane seier, men jølstringane har ikkje hatt marginane heilt med seg så langt i år. Eid må uansett tåle å vere store favorittar i dag.
Eid med ein litt annleis start-ellevar i dag. Gledelig comeback frå midtbanemaestroen Simen Lefdal og ein spennande nykommar på benken i Øystein Mostad, storscorar frå Averøykameratane 2.
Dagens dommartrio er leda av rutinerte Rolf Kåre Almenning frå Florø. Han har med seg Torleiv Straume frå båtbyggarbygda Hyen og Jørgen Fure frå hestejazzens mekka Breimsbygda. Dagens dommar vart kåra til årets dommar på Eid i 2019, så kampen skulle vere i dei beste hender også i dag.
Fleire med bemanningsproblem i sommar. Både fjord1 og vergudane har trøbla litt. Sistnevnte ferievikarar stiller i dag med strålande vestlansk sommarver. Gradestokken har så vidt klatra opp på tosifra, sola held på å bryte igjennom eit tjukt skylag og det bles ein lett bris over stadion. Vinden er sterk nok til å frakte lukta frå dei nysteikte bollane til Bakehuset mot stadion, men er svak nok til at ein framleis kan pisse i motvind. Speleforholda er med andre ord heilt perfekte!
Fotballferien er omsider over og det er klart for haustsesongens første duell på Eid stadion.